Digital basar er nødvendig for frivilligheita

Rogaland KrF sitt fylkesstyre uttalar at ein vil stå på frivilligheita si side i ei vanskeleg tid og opne opp for digitale basarar. I dag fjernar lovverket moglegheitene for frivilligheits-Noreg å samle inn pengar til viktig arbeid. Rogaland KrF uttalar ar det er både mogleg og nødvendig å opne opp for digitale basarar.

Leder av Rogaland KrFU Torkel Johannes Bjuland fikk med seg fylkesstyret i Rogaland KrF for å vedta uttalelsen om digitale basarer.

12. januar i år kom lotteritilsynet med ein presisering om at digital basar ikkje lenger er lov. Basar er ein utbreidd måte for mange frivillige og ideelle organisasjonar å samle inn pengar til viktig arbeid. Lovverket og presiseringa som gjeld i dag rammar ei gruppe som allereie har blitt ramma hardt. Frivilligheits-Noreg har ikkje hatt moglegheit for å samlast fysisk, som er viktig for samling av pengar, og samtidig har kompensasjonsordningar ikkje vore like tilgjengelege for alle. Digitale basarar har vore ein moglegheit for frivillige lag og organisasjonar til å samle inn pengar til gode formål, og overleve denne tida, forutan om hjelpen frå statleg hold. Rogaland Kristeleg Folkeparti meina presiseringa av lovverket på basar frå Lotteritilsynet må kunne endrast slik at det ikkje går utover frivillige lag.

Kulturdepartementet argumenterer mot ein oppmjuking i lovverket ettersom deira utgreiing viser at ei oppmjuking i interaktive trekningar er vanskeleg utan å liberalisere lotterimarknaden. Rogaland KrF meina det er mogleg å opne opp for ideelle digitale basarar ved å også krevje ein eigen løyve for digitale plattformer der basaren skal vere. Slik at det ikkje kan utviklast andre digitale konsept som Lotteritilsynet ikkje har kontroll på. Det finnes nemleg allereie eitt unntak i dag frå einerettsmodellen på nett, og det er bingoaktørar som med løyve ifrå lotteritilsynet kan tilby hovudspelet sitt på nett.

Einerettsmodellen er viktig for å beskytte spelavhengige, men det er mogleg å leggje til eit unntak for ideelle basarar i denne krevjande tiden. Så lenge ein har kontrollregulert formål og omfang gjennom løyver som normalt, samtidig som ei ny løyve for å regulere godkjende plattformar, så treng altså ikkje lovverket å fjerne frivillige basarar i ei krevjande tid. Større bingoaktørar sine hovudspel får unntak frå einerettsmodellen i ei kontrollert form. Rogaland KrF uttalar at det skulle berre mangle at frivillige lag og organisasjonar får vera med på det same unntaket så lenge me lev i unntakstilstandens- tid.

Rogaland KrF vil:  

  • Opne opp for ideelle basarar på digitale plattformar
  • Ha ei ny løyve for digitale plattformar ideelle lag og organisasjonar arrangerer basarar digitalt på, regulert av lotteritilsynet