Budsjettet i fylket: Nye løft for skule, psykisk helse, fylkesvegar og frivilligheit

Portrettbilde av Solveig Ege Tengesdal
Solveig Ege Tengesdal er gruppeleder for Rogaland KrFs fylkestingsgruppe.

Det nye budsjettfleirtalet aukar midla til samferdsel og opplæring med respektive 31 og 11 millionar kroner i forhold til rådmannen sitt forslag. I tillegg vert det sett av 6,2 millionar meir til kultur, frivilligheit og næringsutvikling.

KrF er særs nøgd med at budsjettfleirtalet saman med Ap, H, Sp og Venstre legg inn ekstra pengar i drifta til samferdsel, opplæring, kultur og frivilligheit, i tillegg til at det også vil skje ei rekke store investeringar i fylket i åra som kjem. Totalt skal 3 milliardar kroner investerast i mellom anna skulebygg, fylkesvegar, tunnelar, bruer og gangstiar berre neste år. 2022 er elles frivilligheita sitt år, noko mellom anna friluftsråda vil merka i fleirtalspartia sitt budsjett.

– Me er opptekne av å finne smartare måtar å driva utbygging og vedlikehold av fylkesvegane på.  Det handlar om å få meir veg for pengane. For oss er satsinga på sykkel- og gangvegar ein veldig viktig del av samferdselssektoren i Rogaland, seier Reid Ivar Dahl, som er nestleiar i samferdselsutvalet.  Saman med de andre partia i fleirtalet styrkar me rammeområdet samferdsel med 10 millionar gjennom omdisponering og med tilføring av ekstra middel. Desse skal øyremerkast tiltak på tvers av avdelingane for å gje ein auka produksjon av tiltak som ikkje krev ny reguleringsplan.

KrF er tilfreds med at rassikring Rv. 13 Rødsliane – Lovraeide er omtala spesielt både i tekst og i midlar til forskuttering.  Rogaland fylkeskommune er i kontakt med staten for å få framskunda oppstart av prosjektet. Om nødvendig skal ein i denne samanheng avklara moglegheita for at Rogaland fylkeskommune saman med Suldal kommune og andre aktørar kan forskuttera for middel til prosjektet.

Sist, men ikkje minst er det stor glede heilt sør i fylket over at gang- og sykkelvegen mellom Leidland og Skadberg på nordre Eigerøy er tilbake igjen i budsjettet med investeringer over dei neste tre årene. 

KrF er glad for at fleirtalspartia har sette av 5 millionar til å vidareføra styrkinga av tiltak innan psykisk helse på vidaregåande skule, i tillegg til å auka midla til kontaktlærarressursar med 4 millionar.

– Kontaktlæraren speler ei avgjerande rolle i å hindra at elevar sluttar på skulen. Alle elevar i vidaregåande opplæring skal også ha eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Eit viktig bidrag til dette er den kommunale skulehelsetenesta. Kor mykje ressursar kommunane set av til dette vekslar, og påverkar såleis tilgangen på dei enkelte skulane. KrF er difor opptatt av å få til ein tettare dialog med kommunane for å avklara moglegheitene for ei styrking av ressursane der skilnaden mellom tilbod og behov er store, seier Ege Tengesdal, som også trekker fram satsinga på samferdsel.

I budsjettet er det òg uttrykt vilje til dialog med friskulane i fylket om dimensjonering av skuletilbodet.   Den offentlege skulen er berebjelken i den vidaregåande opplæringa i Rogaland. Samstundes utgjer friskulane eit viktig supplement og eit alternativ til det offentlege tilbodet med eit anna pedagogisk eller religiøst grunnlag. Det er viktig at fylkeskommunen har god og jamn dialog med friskulane der óg dimensjonering av skuletilbod kan sjåast i samanheng. Dette vil vera særs viktig sett opp mot elevtalsutviklinga.

Innanfor kultur vil vi nemne spesielt det auka tilskotet til Dalane folkemuseum sitt vitenmuseum i Jøssingfjord som opnar i 2022.  Auka investeringsramme til regionale idrettsanlegg bidreg til at nokre av dei som har venta lengst på finansiering gjennom spelemiddelordninga no kan få kjærkomne middel til eige finansiering.

KrF er óg nøgd med å ha fått med eit punkt om å få utarbeida ein strategi for e-sport og gaming og ber no fylkesrådmannen om å fremja ei sak om korleis Rogaland kan ta ein tydelegare posisjon innanfor e-sport og gaming. E-sport og gaming kan vera viktige tiltak for å hindra utanforskap og fremja god folkehelse.

Nokre konkrete satsingar i 2022-budsjettet:

Rehabilitering og utviding av Godalen vidaregåande skule fortsett for fullt i 2022. Totalt blir det sette av 194,6 millionar til prosjektet neste år. I tillegg er det lagt inn store beløp til oppgraderingar og nybygg på dei vidaregåande skulane Haugaland, Hetland, Skeisvang, Sola, St. Olav, Ølen og Åkrehamn.

Det blir i planperioden sette av middel til utvidinga av Flyhistorisk museum på Sola. Tilskota til Dalane folkemuseum sitt vitenmuseum i Jøssingfjord og Vestnorsk jazzsenter vert også auka, og det blir sette av pengar til Friluftsrådet vest sitt friluftshus. I tillegg får Jæren friluftsråd middel til ny lastebil, og det blir ei generell prisjustering for alle friluftsråda. Dette gjer mellom anna at Jæren friluftsråd kan fortsetja det gode arbeidet med å rydda strender og friluftsområde for søppel. For Flyhistorisk museum på Sola betyr 1,5 millionar frå fylkeskommunen at prosjektet er fullfinansiert at og bygginga kan komma i gang.

Det har vore eit stort etterslep i utbetalingar av fylkeskommunalt tilskot til regionale idrettsanlegg, noko som fører til at mange må venta i fleire år på å få utbetaling, samtidig som det ikkje har vore mogleg å gi støtte til nye anlegg. No blir det tatt eit skippertak med auka utbetaling i 2022, slik at køen og ventetida blir redusert med fleire år.

Fleirtalspartia løftar gang- og sykkelvegen frå Leidland til Skadberg langs Fv. 65 Ytstebrødvegen på Nordre Eigerøy tilbake i budsjettet med 10 millionar kroner allereie frå 2022 slik at arbeidet med den etterlengta gang- og sykkelvegen kan starta. Det vert deretter sette av 38 millionar i 2023, 10 millionar i 2024 og 55 millionar i 2025 for å fullføra prosjektet.

Les Solveig Ege Tengesdals innlegg her: