KrF krev betre breidband til heile landet

KrF krev at regjeringa satsar stort på digitalisering av alle deler av offentleg sektor og gjennom det, utvikling av nye offentlege tenester på nett.

Bilde av PC med kraftig lys

Utan gode breibandtilbod i heile landet får vi eit svært uheldig digitalt skilje i Norge.  KrF ber difor regjeringa legge fram ein eige breidsbandsplan.

Tilgang til breiband av god kvalitet og med tilstrekkeleg kapasitet er ein føresetnad for digital deltaking og for at alle innbyggarar skal kunne nytte grunnleggande offentlege tenester. 

Neste generasjon breiband er teknologinøytralt, og som hovudregel definert som minimum 100 mbps for både nedlasting og opplasting for både næringslivet, offentleg sektor og hushald. Den nye velferdsteknologien er eit døme på ein viktig del av dette, ikkje minst i eldreomsorgen. I særlege tilfelle med svært høge kostnader kan mellombelse løysingar med noko redusert  kapasitet aksepterast.

Digital infrastruktur er og ein viktig føresetnad for andre typar kritisk infrastruktur. Det er viktig at breibandet har god driftstryggleik og oppetid i beredskapssituasjonar. Svikt i telenettet kan føre til store negative samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar. I beredskapssituasjonar er det særs viktig med tilgang til tele- og datanettet ved ei rekkje kritiske lokalitetar i fylket. 

Statsstøtta har variert siste åra, fram til 2013 vart delar av kompensasjonsmidlane frå den differensiert arbeidsgjevaravgifta brukt til formålet, utbetalt frå KMD. 

I 2015 vart det løyvd 110 millionar og i 2016 126,5 millionar, etter slutthandsaminga i Stortinget. Frå 2015 er ansvaret lagt til Samferdsledepartementet med sakshandsaming i Nasjonal Kommunikasjonsmyndighet (Nkom). For å nå målet om breidband med akseptabel kapasitet til alle, må tilskot til breidbandsutbygging i områder der marknaden ikkje dekker det sjølve, aukast monaleg.

 

Vedteke av KrFs landsstyre 22. april 2016