-Eg blir provosert av overraskande mykje

Tore Storehaug kjem frå Flokenes i Sogn og Fjordane. Dei neste fire åra vil han vere å finne på Stortinget, og kjenner vi han rett, vil han fylle rolla som stortingsrepresentant med stort engasjement. No har han flytta på hybel i Oslo og reiser heim til kona i helgene.

Tore Storestaug
FOTOGRAF: FLIPFILM DANIEL MORK

Du har vore på Stortinget to månader no, kva har overraska deg mest?
– Møtefri i stortingssalen fredagane var kanskje ikkje største overrasking, men definitivt den hyggelegaste. Heimekontor på fredagen gjer pendlarveka heldigvis kortare, eg får meir tid med Line og eg får ein dag til å lese alle sakene der tida elles ikkje strekk til.

Kva provoserer deg?
– Eg blir provosert av overraskande mykje, kanskje det har med å vere ung og ikkje ha akseptert at «slik er det»? Når medmenneske blir behandla urettferdig, blir eg sint. Men det handlar òg om mindre ting, som overregulering av folk og yrke som berre vil jobbe til beste for lokalsamfunna sine og folka der. Likeins når folk tullar med språket mitt – i nynorskdebattar med Unge Høgre-folk frå alle parti må eg ofte minne meg sjølv på å bruke innestemme.

Kva liker du å gjere på fritida?
– Det viktigaste er å få tid saman med kona. Når det er gjort, er eg veldig glad for å få meg ein tur på sjøen eller i marka. Dei siste åra har eg prøvd å kutte ned på dataspelklassikaren «Age of Empires 2» til fordel for å lære meg å strikke – det går sånn halvvegs.

Kva for politiske område interesserer deg mest?
– Eg har alltid vore engasjert i utviklingspolitikk og skulepolitikk fordi verdiane var så tydelege her. Sjølv om eg dei seinare åra har gått djupare inn i næring, landbruk og familie, vil eg framleis peike på dei to områda.

Kva var den første jobben din og kva lærte du av det?
– Min første jobb utanfor familien var som heimehjelp og personleg assistent i Førde kommune. Der blei eg kjent med enkelthistorier som gjorde at eg forstod at eg hadde levd eit meir privilegert liv enn eg visste. Eg har òg hundrevis av timar (minst) i garnreperasjons-bransjen og fått godt med lommepengar etter å ha fiska med garn på sjarken til far min.

Kor reiser du helst på ferie?
– Viss eg får bestemme, blir det besøk til slekta i Ølen og Oslo eller ein hyttetur med svigerfamilien.