Barna fortener meir leik i skulekvardagen

Torkel Johannes Bjuland leder Rogaland KrFU

Leik er ungane sin måte å utrykke seg på, sosialisere seg på og dei lære masse som ein ikkje kan lære i ei lærebok. Leiken utviklar barna sine sosiale, språklege og kognitive ferdigheitar ifølge Forskningsrådet. Likevel har dessverre leiken blitt gløymd i den norske skulen, og dei yngre elevane i skulen får stadig meir kompetansepress og teoribasert undervisning. Når det er brei fagleg einigheit om viktigheita av leiken for læringa til barn, kvifor har leiken nesten totalt forsvunne frå undervisninga i dag?

For 23 år sidan tok det norske skulevesenet ein heilomvending og innførte at også seksåringar skulle gå på skule, reforma er kjend som seksåringsreforma eller R97. På den tida då reforma vart framlagt kom det eit løfte om at det ville bli meir leik i skulen for dei minste barna, men det har ikkje vore tilfelle.

Me er på veg i feil retning når skulevesenet ikkje verdsett leiken som er viktig for trivselen, læringa og utviklinga til barna. Me kan og skal ikkje forvente at barneskuleelevar i ung alder plutseleg skal innvie seg i dei vaksne sin verd. Rapporten til Forskningsrådet ifrå Oktober 2018 om leik, læring, arbeidsmåtar og læringsmiljø fortelte dette om leik i skulen:

«Samtidig finner forskere at barn lærer mer når de leker med andre barn og det er voksne tilstede enn når de blir plassert i en formell, voksendominert læringssituasjon».

Her er det klar tale, me må slutte å presse barn i eit skulesystem prega av vaksendominert læringssituasjonar, men heller la dei utrykkje og utvikle seg gjennom leiken i skulen.

Rogaland KrF vil ha meir leik inn i skulen for dei minste barna, og kombinere det med meir variert undervisning i heile skuleløpet. Me må tilpassa oss barna, la skulen vere på deira premisser, og ikkje stadig prøve å presse dei vekk frå å vere barn. Forskinga er tydeleg, barn lærer og utviklar ferdigheitar gjennom leiken som dei ikkje hadde gjort med nasen i ein skulebok. Nå er det tid for nok ein heilomvending og bringe tilbake leiken i skulen.»

Kjelder:
https://www.forskningsradet.no/siteassets/publikasjoner/1254038017948.pdf https://morgenbladet.no/pafyll/2018/06/skolestart-6-aringer-ble-noe-annet-enn-lovet-skriver-gudmund-hernes

Skreve av: Torkel Johannes Bjuland på vegne av Rogaland KrFs arbeidsutval