– Årsmøte er sjølve hjarta i lokaldemokratiet

Dei nyvalde styremedlemene i Volda KrF og Ørsta KrF som var til stades på årsmøtet i Volda nyleg. Bak frå venstre: Arild Iversen, Henning Holsvik, Inge Bruheim og Hjørdis Almelid Vikenes. Framme frå venstre: Asbjørn Simonnes, Trond Vartdal. Kari Aamaas og Margrete Bjerkvik. (Foto: Marit Isene) 

Volda KrF og Ørsta KrF hadde tradisjonen tru felles årsmøte også i år. Tysdag 8. februar møttest dei to laga til ein felles oppstart i Pinsekyrkja i Volda med andakt av Asbjørn Simonnes og kvelden tale, før forsamlinga delte seg kommunevis og tok vala og andre årsmøtesaker kvar for seg. 

Øyvind Håbrekke var kveldens digitale talar, og han understreka viktigheita av å ha årsmøte. 

– Årsmøte er sjølve hjarta i lokaldemokratiet, difor er det viktig at ein møtest til årsmøte. Neste år fylle Kristeleg Folkeparti 90 år. KrF starta i Hordaland i 1933, som eit folkeparti på tvers av særinteresser og partistrukturar. KrF har vore representert på Stortinget sidan 1933. Noreg hadde sett annleis ut om ikkje KrF hadde vore her i 90 år, sa Øyvind Håbrekke.

Han er tidlegare stortingsrepresentant frå KrF i Trøndelag. Trønderen hadde god tru på at KrF skal gå fram att, og han oppmoda KrF til å også spele på KrFU – ungdomsorganisasjonen sin!

– No framover må vi som eit folkeparti samle breitt, Også tidlegare har det vore store spenningar i partiet, men KrF har komme seg framover igjen. Mangfald er ein styrke. Vi byggjer samfunn nedanfrå. Vi har det kristne menneskesynet i botn for arbeidet vårt, vi er fokusert på familiepolitikk. Kontantstøtta som vart innført i 1999 har i meir enn 20 år gjeve valfridom for barnefamiliar her til lands. I våre dagar er dette med valfridom truga i eit stadig meir einsretta samfunn. Skal alle barn i barnehage? Skal alle barn på SFO? Kva med dei menneska som vel å leve annleis enn fleirtalet? Undra Håbrekke.

Etter talen var det dialog mellom årsmøtedeltakarane og den tidlegare stortingsrepresentanten. Leiar i Ørsta KrF Trond Vartdal vart engasjert av trønderen sin tale:

– Vi fekk eit inspirerande foredrag av Øyvind Håbrekke som peika på noko av fundamentet vi har i botnen for vårt vidare arbeid. KrF har ei viktig rolle vidare. Vi er ikkje eit parti som skal kjempe for nokre få, men kjempe for det felles beste.

Vala i Volda KrF gav følgjande resultat:

Leiar Inge Bruheim, kasserar Margrete Bjerkvik og styremedlemer vart Arild Iversen, Johnny Magnussen og Henning Holsvik. Varamedlemer til styret vart  Ann Charlotte Humberset, Asbjørn Simonnes og Hilde Balsnes Lande, medan Jørund Knardal vart valt til revisor. Som utsendingar til årsmøtet til Møre og Romsdal KrF 11.-12. mars vart desse valde: Arild Iversen, Inge Bruheim, Hilde Balsnes Lande, Jørund Knardal og Henning Holvsik. Vara: Johnny Magnussen og Margrete Bjerkvik.

Slik vart Vala i Ørsta KrF:

Leiar Trond Vartdal og styremedlemene Kari Aamaas og Hjørdis Almelid Vikenes. Varamedlemer vart Hans Olav Øyehaug og Jenfrid Vikenes. Utsendingar til fylkesårsmøtet i Ålesund i mars vart Trond Vartdal, Hjørdis Almelid Vikenes, Kari Aamaas og Roger Vartdal, med Marta Aa Standal og Hans Olav Øyehaug som vara.


Årsmøtereferent: Hjørdis Almelid Vikenes