Rogaland KrF arrangerte i dag nominasjonsmøte der kandidatane til fylkestingsvalet i 2023 blei valde. Anne Kristin Bruns (59) frå Stavanger vart valt som partiet sin førstekandidat. Ho er i dag folkevald i Stavanger og har bakgrunn som barnevernspedagog. Bruns er takksam for tilliten frå partiet og seier ho vil vera ein tydeleg røyst på fylkestinget:
Eg trur mange er litt spente for kva framtida vil bringe akkurat nå. Dei merkar at alt er dyrare og at dei har mindre pengar å rutta med kvar månad. Eg går inn i fylkespolitikken for at Rogaland skal vera eit fylke som er godt å bu i for alle, og at me som fellesskap skal stille ekstra opp for dei som treng det mest, seier Bruns.
På andreplass vart Reid Ivar Bjorland Dahl (34) frå Hå vald. Han er i dag nestleiar i samferdselsutvalet i Rogaland og arbeidar som stabssjef i Time kommune. Dahl er klar for å ta fatt på ein ny periode i fylkespolitikken:
Dette var veldig kjekt og eg må seia tusen takk for tilliten! Eg har interessert meg for politikk så lenge eg kan hugsa, og denne perioden på fylkestinget har opna auga mine for viktigheita av fylkespolitikken. Rogaland er eit fylke der verdiar blir skapt som kjem heile landet til gode. Då må det offentlege gi næringslivet det beste grunnlaget for å veksa vidare, og det gjer me gjennom god samferdsel og vidaregåande skular og fagopplæring som gir ungdommane våre den kompetansen regionen vår treng, seier Dahl.
Vebjørn Mathisen Solli (25) vart vald som partiet sin ungdomskandidat. Han kjem frå Sokndal, men er for tida busett i Sandnes. Solli arbeider til dagleg som byggingeniør.
Fylkesleiar og mangeårig folkevald i Sandnes, Oddny Helen Turøy (48) vart valt til fjerdeplassen. Ho arbeidar som lærar på ungdomsskule i Sandnes.
Femteplassen gjekk til Tom Landås (63) frå Haugesund. Han sit i dag i bystyret i Haugesund og arbeider som dagleg leiar i Den norske kyrkje i byen.
Nominasjonsmøtet vart arrangert i Sandnes med 98 delegatar frå dei 22 lokallaga til partiet. Partileiar Olaug Vervik Bollestad kom med en hilsen i slutten av møte.
1. Anne Kristin Vik Bruns, 59, Stavanger
2. Reid Ivar B. Dahl, 34, Hå
3. Vebjørn Mathiesen Solli, 25, Sandnes
4. Oddny Helen Turøy, 48, Sandnes
5. Tom Landås, 63, Haugesund
6. Anna Henriette Veim Eikje, 55, Tysvær
7. Gøril Gilje Helgøy, 42, Hjelmeland
8. Jonas Andersen Sayed, 25, Sokndal
9. Olaus Trygve Bjuland, 25, Hå
10. Alf Magne Grindhaug, 56, Karmøy
11. Ane Fuglestad Skutlaberg, 38, Bjerkreim
12. Bjørg Lauvvik, 59, Sola
13. Torbjørn Hovland, 57, Klepp
14. Hilde Alice Skåra Gunvaldsen, 21, Eigersund
15. Kjell Nordbø, 63, Randaberg
16. Astrid Norland, 52, Strand
17. Kjetil Hustoft, 58, Time
18. Marita Husevåg Hellesen, 46, Suldal
19. Gustav Løge Fosse, 59, Vindafjord
20. Gro Helleland, 56, Lund
21. Bente Skåra Gunvaldsen, 50, Eigersund
22. May Kristin Gilje Johannessen, 42, Gjesdal
23. Lars Audun Bøen, 22, Klepp
24. Elisabeth Emberland, 38, Haugesund
25. Kåre Ekrol, 77, Stavanger
26. Irmelin Østrem Ydstebø, 37, Kvitsøy
27. Torkel Johannes Bjuland, 19, Hå
28. Torbjørn Indrebø, 53, Suldal
29. Natalia Kondarewicz, 44, Haugesund
30. Sigmund Alvestad, 76, Bokn
31. Knut Vassbø, 49, Bjerkreim
32. Alf Olav Rossland, 27, Karmøy
33. Siri Bloch Lindtveit, 48, Klepp
34. John Mong, 64, Eigersund
35. Lars Ramsli Søyland, 19, Gjesdal
36. Kjersti Skjæveland, 60, Hå
37. Guri Tysse, 70, Stavanger
38. Christian Riska, 51, Sandnes
39. Grete Storm Johansen, 46, Time
40. Ingrid Oline Hovland, 17, Stavanger
41. Jostein Myklebust, 56, Karmøy
42. Guro Heggemsnes Fløysvik, 41, Sandnes
43. Andreas Bjorland, 41, Hå
44. Ola Andreas Byrkjedal, 62, Gjesdal
45. Tone Ydstebø, 36, Sandnes
46. Henrik Halleland, 55, Stavanger
47. Ida Gahnstrøm Jelsa, 29, Sola
48. Marta Nisja, 33, Klepp
49. Marie Ljones Brekke, 34, Stavanger
50. Steinar Skartland, 64, Vindafjord
51. Josefine Halvorsen, 33, Karmøy
52. Kjell Erfjord, 82, Lund
53. Hadle Rasmus Bjuland, 22, Hå