Lokalprogram

Program Volda KrF 2023-2027

Volda – Ein plass for framtidige generasjonar

Kristne verdiar og kulturarv har i over 1000 år vore det byggande fundamentet for samfunnet vårt. Det har vore avgjerande for utviklinga av lovene, menneskerettane og demokratiet i landet. Desse verdiane gir inspirasjon til politisk kamp for menneskeverdet, omsorg for dei sårbare og aktiv forvalting av skaparverket. Uavhengig av livssyn er dette trygge og gode verdiar å basere livet og samfunnet på. Vi vil fremje og verne om denne arven.

Vi ber om di støtte slik at dei kristendemokratiske verdiane, og politikken som følgjer av dei, også i framtida kan vere eit positivt fundament i Volda kommune.

I dette programmet gir vi ei oversikt over sentrale saker vi vil kjempe for på dei ulike politikkområda.

Verdiskaping og busetnad

KrF vil sikre at alle som kan, skal ha eit arbeid der vi kan få bruke våre skaparevner, vere trygge og ha godt samspel med andre. I kommunen er det mange statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar. Vi må hegne om desse og syte for at Volda vert eit regionsenter med attraktive offentlege arbeidsplassar. I tillegg er det stort behov for å legge til rette for meir privat næringsliv og industri. Særleg er det behov for nye næringsareal som gjer nyetableringar mogleg.

KrF arbeider for:

  • Nye næringsareal sentrumsnært og i bygdene.
  • Forsvarleg jordvern og levande landbruk.
  • Realisere Aasenkvartalet med innovasjonssenter og kunnskapspark.
  • Legge til rette for landbaserte fiskeoppdrett.
  • Fullføre sambindingsveg frå Håmyra til sentrum.
  • Utbygging av bustadfeltet Urbakkfoten.
  • Frigjere areal til utvikling i Volda sentrum for busetnad, næring og service.
  • Sikre nok einebustadtomter.
  • Spreidd busetnad og bustadbygging i heile kommunen.

Familie, oppvekst og barnefattigdom

Familien er ein grunnleggande byggestein i samfunnet. KrF vil at Volda kommune skal vere attraktiv for barnefamiliar. Vi arbeider for gode oppvekstvilkår for born og unge og kvalifisert hjelp til heimar og einskildpersonar i heile kommunen. Kommunen skal sjå dei sårbare og utsette borna og trappe opp kampen mot barnefattigdom. Skulen skal vere ein trygg plass der alle vert inkluderte og den einskilde elev får utvikla sine gudgitte talent og skaparevner.

KrF arbeider for:

  • Innføring av fritidskort for alle born i alderen 6 – 18 år. på 2.000,- kr pr barn pr år til dekking av utgifter til fritidsaktivitetar. Dette kjem i tillegg til det statlege behovsprøvde kortet. Stadig fleire born i kommunen vår veks opp i fattigdom. Familieøkonomien skal ikkje vere til hinder for at barna skal kunne delta i fritidsaktivitetar.
  • Løypande opptak i barnehagane gjennom året.
  • Likestille gratis kjernetid i FFO med SFO for 1. klasse.
  • Vidareføre støtta til Volda Opne Barnehage som gratis barnehagetilbod drive av Voldafrikyrkje.
  • Gi samlivskurs og foreldrerettleiing til alle førstegangsforeldre.
  • Styrke skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
  • Tettare oppfølging av ungdom som droppar ut av skulen
  • Tilby skulegudstenester i grunnskulen og legge til rette for skulelagsarbeid.
  • Sikre at elevane får god kjennskap til den kristne kulturarven.
  • Skulen skal ikkje vere arena for ideologisk kamp der den biologiske kjønnsforståelsenvert sett til side, men skal sikre ein forskingsbasert kunnskapsformidling der alleelevar blir møtt med respekt.
  • At Volda skal verte ein MOT-kommune.
  • Ha fleire trykte bøker i barneskulen.
  • Auke fokuset på formidling av den kristne kulturarven i barnehagane

Familieøkonomien skal ikkje vere til hinder for at barna skal kunne delta i fritidsaktivitetar.

Innføre fritidskortet for alle barn mellom 6-18 år.

Eldre og Helse

I Volda kommune skal våre seniorar kunne leve sjølvstendige, aktive og trygge liv med god livskvalitet. Det er viktig å motverke einsemd og å skape kontakt mellom generasjonane. Kommunen vår skal vera ein stad der det er godt å verte gamal. Vi skal ha ei god heimeteneste, tilrettelagde omsorgsbustadar og nok sjukeheimsplassar. Dei eldre må få tilbod om ulike aktivitetar som gjev livskvalitet og livsglede.

KrF arbeider for:

  • Legge til rette for at dei som ynskjer det kan bu i eigen heim.
  • Seniortun/eldretun fleire stadar i kommunen (etter modell frå t.d. Helgetun i Fana ogRygge).
  • Vurdere behov for nytt legesenter i Volda sentrum.
  • Styrke bemanning i heimetenestene.
  • Tilstrekkeleg med omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar
  • Vidareføre tilboda i Hornindal og på Folkestad
  • Styrke bemanningsressursen innan rus og psykiatri.

Klima og Miljø

Skaparverket er ei gåve til mennesket. Berekraftig forvaltning og vern om naturen skal vere sentralt i vår politikk. Lokalt i Volda kommune skal dette vere styrande når politiske prioriteringar skal gjerast.

KrF arbeider for:

  • Arbeide for at miljøperspektivet skal stå sentralt i kommunal planlegging og innkjøp.
  • La bruksbutikkar få levere gratis avfall på VØR.
  • Arbeide for å rydde og halde kyststripa vår rein for forureining.
  • Auke gjenvinningsgraden gjennom returordningane til Volda og Ørsta Reinhaldsverk.
  • Vere ein aktiv eigar av Tussa og legge til rette for utvikling av fornybar energi.
  • Vidareføre samarbeid om Fairtrade.
  • Legge til rette for og støtte til berekraftig forvalting i landbruk, havbruk, fiske ogfangst.

Infrastruktur og samferdsle

Næringslivet og innbyggjarar er avhengige av effektive transportårer. Det grøne skiftet krev at ein legg opp til klima- og miljøvenlege alternativ på veg og sjø. Tenlege og trygge vegar må difor prioriterast. KrF skal vere ein pådrivar for berekraftige transportalternativ.

KrF arbeider for:

  • Framskunde E39 med tunnel mellom Volda sentrum og Furene.
  • Ny FV60 Grodås – Hellesylt.
  • Støtte framtidig realisering av Voldsfjordkryssing og Dalsfjordkryssing.
  • Samanhengande sykkel- og gangveg mellom Volda og Ørsta.
  • Betre vedlikehald av kommunale vegar.
  • Styrke buss- og ferjetilbodet.

Rus

Alkohol og narkotika fører til store problem for mange av innbyggarane våre og påfører samfunnet enorme menneskelege og økonomiske kostnader.

KrF arbeider for:

  • Auke satsinga på førebyggande arbeid i samarbeid med føresette, helsestasjon, skule, politi og frivillig arbeid.
  • Støtte opp om rusfrie tiltak, spesielt for born og unge.
  • Føre ein ansvarleg og restriktiv sals- og skjenkepolitikk.

Trusliv og frivillig arbeid

Denne innsatsen gir stor gevinst til samfunnet og livskvalitet til den enkelte. KrF vil støtte og leggje til rette for frivillig arbeid innanfor idrett, kultur, friluftsliv og kristent arbeid. Det er eit særskilt ansvar for kommunen å styrke rammevilkåra for kyrkja. KrF vil være ein aktiv støttespelar for kyrkja og anna kristent arbeid.

KrF arbeider for:

  • Fornying av kyrkjeorgel i Volda kyrkje.
  • Aktiv støtte og nært samarbeid med idretten, frivillige lag og organisasjonar.
  • Sikre at brukarar på institusjon får dekt sine åndelege behov og høve til å utøve si tru.

Fellespunkt for Ørsta KrF og Volda KrF

  • Fram til eventuell kommunesamanslåing ynskjer vi å halde fram det gode samarbeidet mellom Volda og Ørsta om felles løysingar og tenestetilbod.
  • Volda sjukehus som lokalsjukehus med akuttkirurgisk tilbod og fødeavdeling.
  • Arbeide for utvikling av Ørsta/Volda lufthamn Hovden og for auka kapasitet påflyrutene.
  • Framskunde E39 med tunnel mellom Volda sentrum og Furene.
  • Samanhengande gang- og sykkelveg mellom Volda og Ørsta.