Vårt verdigrunnlag
KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og har si forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.
Vår visjon for Vindafjord kommune
KrF ønskjer ein kommune med gode lokalmiljø der alle generasjonar vil trivast og bu.
Då treng vi blant anna:
- Attraktive og trygge bumiljø med gode møteplassar.
- Godt førebyggjande arbeid.
- Kvalitet i skule og barnehage.
- Lokalt næringsliv og arbeidsplassar.
- Tilrettelegging for frivillig engasjement
Vindafjord KrF sine prioriteringar:
Familieliv, skule og oppvekstvilkår
KrF vil byggja opp om og styrkja familien som den viktigaste arena for gode oppvekstvilkår, verdiformidling, sosial læring og omsorg for borna. Trivsel i barnehage og skule med tidleg innsats, gjev trygge unge.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- gje familiane valfridom.
- legge til rette for gode oppvekstvilkår og inkludering
- støtte opp om aktivitetar og tiltak frå friviljuge lag og organisasjonar
- inkludera tilflyttarar i Vindafjord
- sikre at våre barn og unge blir sett, høyrt og forstått i barnehage, skule og frivillig arbeid.
- auka fysisk fostring blant born spesielt og leggja til rette for friluftsliv og mosjon i befolkninga generelt
- oppretthalde dagens barnehage- og skulestruktur.
- tilføre barnehagane og skulane nok ressursar for å sikra kvaliteten.
Kyrkje, kultur og kristenliv
KrF ønskjer ein politikk som synleggjer og sikrar gode vilkår for frivillig arbeid, engasjement og lokale kulturuttrykk. Vi ønskjer å leggja til rette for kyrkje, kultur og kristenliv som viktige kulturberarar i kommunen vår.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- at barn og unge blir kjent med og får opplæring i kristen tru
- støtta opp om dei som vil etablera kyrkjelydshus eller bedehus i kommunen vår
- støtte opp om samfunns- og kulturhusa som ein god arena for kulturformidling og lokale møteplassar
- vidareføre det rike arbeidet i idrettslaga og anna frivillig arbeid
- støtte opp om det frivillige arbeidet som ein god arena for inkludering
- leggja til rette for at kyrkjer og kyrkjegardar, forsamlingshus, samfunns- og kulturhus er/blir universelt utforma
- sikra meir midlar til drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar
Helse og omsorg
Vindafjord KrF ønskjer å fremja trygge livsvilkår for alle og leggja til rette for at folk kan ta vare på helsa si. Vindafjord skal difor også vera ein tur- og friluftskommune.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- sikra eit godt førebyggjande helsearbeid for born og ungdom
- ha tilgang til gode og tilpassa helsetenester for alle som treng det
- leggja til rette for at eldre kan bu i eigen bustad så lenge som mogeleg
- sikre eit universelt utforma samfunn som i størst mogleg grad er tilgjengeleg for alle
- gje gode og inkluderande bu- og aktivitetstilbod for menneske med rus og psykiske vanskar
- styrkja og utvikla systematisk samhandling mellom tenester
- utvikla frivillig innsats og ordningar til hjelp for pårørande i krevjande livssituasjonar
Edruskapspolitikk
KrF ønskjer ein aktiv politikk for å motverka skadeverknadene som alkohol- og narkotikamisbruk fører til. Ulykker og vald følgjer i alkoholen sine spor og alkohol er årsak til mange store helse- og sosiale problem.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- ha rusfrie idretts- og familiearrangement der barn og unge har tilgang
- utvikla eit godt samarbeid mellom skuleverk/kommune, frivillig arbeid og politietaten i kampen mot rus og kriminalitet blant våre unge.
- støtta gode og rusfrie fritidstilbod for ungdom.
- styrkja førebyggjande arbeid gjennom «AV OG TIL» og anna samarbeid om rusførebyggjande tiltak i alle tenesteområde.
Næringsverksemd og landbruk
Vindafjord KrF ønskjer styrka tilrettelegging for næringsverksemd og arbeidsplassar som grunnlag for busetnad og vekst i kommunen.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- legga til rette for næringsutvikling og nye næringsområde i kommunen vår
- støtta opp om gode initiativ i bygdene for å oppretthalda og skapa arbeidsplassar og busetnad
- støtta opp om Medvind næringshage og samarbeid med næringsforeining
- aktivt oppretthalda og bidra til utvikling av berekraftig landbruk, havbruk og matindustri
- at landbruksjord vert ivaretatt i arealplan for kommunen, og gjennom eit sterkt jordvern hindra nedbygging av matjord
Klima og miljø
Vindafjord KrF har som mål å bidra til at natur og miljø blir overlevert i betre stand til våre etterkommarar enn då vi sjølv overtok ansvaret.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- ha fokus på klima- og miljøutfordringane i alle delar av arbeidet
- stimulera til og støtta gode prosjekt på fornybar energi i kommunen
- saman nå dei nasjonale og internasjonale klimamåla
- stimulera til reduksjon i forbruket vårt og til meir gjenbruk
Kommunikasjon og samferdsel
Vindafjord KrF meiner at gode vegar, kollektivtrafikk og digital infrastruktur er viktig for busetnad, arbeidsplassar og trivsel.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- sikra at Vindafjord skal vera ein trafikksikker kommune med særleg fokus på vegar der born, unge og eldre ferdast
- prioritera bygging av samanhengande gang- og sykkelvegar gjennom kommunen, slik at Vindafjord kan vera ein sykkelvenleg kommune
- vera pådrivar for å utvikla E134 Haugesund – Drammen, og arbeida for gode traséløysingar gjennom Vindafjord kommune
- betra vegstandarden på fylkesvegane Ølensvåg‐Bjoa‐Vikebygd‐Isvik, med særleg vekt på vegen frå industriområdet på Dommersnes mot Skjold
- sikre god mobildekning i heile kommunen
Utvikling, drift og økonomi
KrF meiner at ei langsiktig og god økonomistyring er viktig for å ha nødvendig handlingsrom i kommuneøkonomien.
Vindafjord KrF vil arbeida for å:
- sikra ei positiv utvikling av tenestetilbodet i kommunen. KrF ser at det er nødvendig å oppretthalda ein moderat eigedomsskatt
- styrkja kommunesenteret Ølen som eit senter for tenester, handel og utdanning på Indre Haugalandet
- styrkje vedlikehald av bygningar og eigedommar
- støtte opp om tiltak som sikrar universell utforming
- driva aktiv bygde- og tettstadsutvikling gjennom sentrumsutviklingsprosjekt og liknande
- ha eit godt samarbeid mellom kommunen og grendeutvala
- vidareutvikla regionalt samarbeid på Haugalandet