Kommuneprogram 2023-2027

Tysvær KrF er eit kristendemokratisk sentrumsparti som har som mål å skapa eit godt samfunn for det enkelte mennesket.

Vår politikk bygger på dei kristne grunnverdiane menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar.

Omsorg, tryggleik og likeverd er overordna for KrF sitt politiske arbeid i Tysvær.

Vi meiner det gode samfunnet vert skapt i eit samspel mellom det enkelte mennesket, offentlege myndigheiter og privat og frivillig verksemd.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • å styrka den kristne kulturarven i heim, skule og samfunn
  • best mogleg levevilkår og livskvalitet for alle innbyggarar i kommunen
  • ein god kommune å leva i for alle generasjonar
  • ei god fordeling av tenester for alle ut frå den einskilde sitt behov

Demokrati – folkestyre i praksis

Ei god forvaltning av kommunen sine økonomiske og menneskelege ressursar er avgjerande for evna til å kunna tilby innbyggjarane eit godt og variert tenestetilbod, og for å skapa handlingsrom for framtida.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at kommunikasjonen blir utforma slik at det er lett for mottakarane å forstå innhaldet
  • at Tysvær kommune sin service til innbyggarane skal opplevast som vennleg og løysingsorientert
  •  at kommunen har eit godt samarbeid med lag og foreiningar

  • at  frivillige lag og organisasjonar skal få arbeida etter si overtyding og eigenart. Kommunen vil samarbeida med desse for å løysa oppgåver og tenester til beste for fellesskapet
  • mest mogleg lik representasjon av kvinner og menn i alle politiske utval

Barn og unge sine levekår

Trygge og gode heimar og oppvekstvilkår er det beste for barn og unge si utvikling og oppvekst. Ein god barndom varer heile livet. Det må fokuserast på den enkelte sitt ansvar i samfunnet, slik at det blir balanse mellom eige og felles ansvar for oppgåver i framtida.

Tysvær KrF vil arbeida for:   

  • å sikra økonomisk støtte til frivillig barne- og ungdomsarbeid
  • å styrka samarbeidet med organisasjonar og lag for å utvikla gode og rusfrie miljø
  • fokus på rusførebyggande arbeid, og meir fokus på tidleg innsats for barn og unge si psykiske helse
  • å legga til rette for at alle barn og unge skal få tilgang til aktivitets- og fritidstilbod, i alle delar av kommunen, slik at barn og ungdom kan vera fysisk aktive og del av eit fellesskap
  • trygge skulevegar
  • eit godt kollektivtilbod

Heim og familie

Familielivet med mor, far og barn er den samlivsforma som legg best til rette for eit forpliktande samliv og stabile rammer rundt barn sin oppvekst. I dag er familieformene mangfaldige. KrF vil overfor alle familiar føre ein politikk for forpliktande samliv, stabilitet rundt familielivet og sikring av barn sine rettar.

Tysvær KrF vil arbeida for:                 

  • at alle barn uansett familieforhold skal oppleva omsorg og gode oppveksttilhøve
  • sikra god jordmor-, helsestasjon- og skulehelseteneste
  • at alle barnefamiliar som ønsker det, kan få rådgiving, hjelp og tverrfagleg oppfølging
  • støtta krisesenter for barn, kvinner og menn
  • støtte til samtaletilbod for nybakte foreldre og samlivskurs

Barnehagar og skular

Barnehagen er ein særs viktig arena for utviklinga til barnet. Skulen skal saman med foreldra bidra til undervisning og oppseding av barna. Det må leggast vekt på vidareutvikling av samarbeidet mellom heim, skule og barnehage. KrF går inn for tiltak som kan bidra til at det kristne verdigrunnlaget blir styrka i skule og barnehage.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • fokus på innhald og kvalitet i barnehagen og skulen
  • forsvarleg ressurstildeling til skulane slik at dei kan nå måla i Kunnskapsløftet og gjera dei unge fagleg og sosialt godt rusta til å møta framtida
  • godt samarbeid mellom heim og skule
  • gode og sikre digitale plattformar mellom heim og skule
  • at barnehagetilbodet  best mogleg vert tilpassa barna og foreldra sine behov og gir eit fleksibelt tilbod
  • kompetanseheving for personalet på skulane, og oppgradering av nødvendig undervisningsmateriell, inklusiv bøker.  
  • å støtta og vidareutvikla alternative læringsarenaer for elevar som har problem i høve til det ordinære skuletilbodet
  • tiltak for å hindra mobbing i barnehage, på skule, skuleveg og fritid
  • ein trafikksikker og trygg skuleveg i alle delar av kommunen og fri skyss på særleg farleg veg
  • ein skulestruktur med vekt på fag, kvalitet og trivsel
  • gode arbeidsvilkår og tilpassa arbeidsplassar for lærarane i kommunen
  • at skulane sine uteområde skal utformast slik at dei fremmer lærelyst, trivsel, fysisk fostring og kreativitet
  • å gjera det meir attraktivt for menn å søka jobb i Tysvær-skulen, særleg på barnetrinnet
  • framsnakking av barnehage og skule, lærarar, foreldre og elevar
  • at elevane i størst mogleg grad får læremiddel på eiga målform, nynorsk eller bokmål
  • at kommunen som skuleeigar skal arbeida målretta for å sikra at elevane får læremiddel og læringsressursar på si målform.
  • at barn i barnehagen får språkstimulering på begge målformene og på dialekt, gjennom rim, regler, leik, song og litteraturlesing. Det er ekstra viktig at barn i barnehagen som seinare skal bli nynorskelevar, møter nynorsk språkstimulering
  • vil arbeida for ei god rådgivingsteneste som sikrar elevane ein god overgang til vidaregåande skule
  • jobba for eit godt og fleksibelt SFO-tilbod

Kyrkje og kyrkjelydsliv

Vår kristne kulturarv må førast vidare til nye generasjonar.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at den kristne kulturarven framleis har røter i vår kultur og samtid
  • at arbeidet i kyrkjer, bedehus og frikyrkjelege forsamlingshus skal ha gode arbeidstilhøve
  • å sikra støtte til det aktive og førebyggande arbeidet blant barn og unge
  • nødvendige middel til drift og vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane og å oppretthalda offentleg støtte til diakoniarbeidet
  • å støtta tiltak som er særskilt retta mot personar med nedsett funksjonsevne
  • å fremma åndeleg omsorg i helse- og omsorgstenesta
  • samarbeid mellom kyrkja, barnehage og skule ved dei kristne høgtidene, og at skulegudstenester skal vera ein naturleg del av det
  • utviding av kjøkkenet i Aksdal kyrkje

Eit mangfaldig kulturliv

Kultur er både forankring og utvikling. Me treng noko å leva av og noko å leva for. Kulturpolitikken må vera open for nye impulsar som kan gjera livet rikare for ulike grupper av unge og eldre. Kulturen er viktig for kreativ utfolding, barn- og unge sine oppvekstmiljø, samspel mellom generasjonane og for bygging av nettverk mellom menneske. KrF vil arbeida for at det  i Tysvær er eit variert kulturtilbod med tanke på både breidde og kvalitet.

Tysvær KrF vil:

  • satsa på eit aktivt samspel mellom det frivillige og det offentlege kulturtilbodet
  • støtta det positive arbeidet som blir drive av frivillige organisasjonar, foreiningar og korps
  • prioritera barne- og ungdomsarbeid og stimulera til breidde i aktivitetstilbodet
  • oppretthalda fritidsaktivitetar og kulturtilbod for dei med nedsett funksjonsevne
  • støtta variert kulturarbeid for eldre
  • støtta formidling av profesjonelle førestellingar/utstillingar
  • arbeida for auka bruk av skuleanlegg til fritidsføremål
  • støtta biblioteket som arena for fleire tenester
  • å utvikla tilbodet i Tysvær kulturskule
  • gi Tysværtunet høve til å gi eit godt tilbod med kvalitetsfilmar
  • sikra støtte til Cleng Peerson-jubileèt i 2025
  • arbeida for å fremma Tysvær si varierte historie
  • at kommunen lagar ein språkbruksplan som skal sikra god fordeling i bruk av nynorsk og bokmål i offentleg verksemd
  • arbeida for gode vilkår for dialektane og språkmangfaldet i Tysvær 

Livsstil, helse og sosial tryggleik 

Førebygging og helsefremming

Livsstilsjukdommar, vektauke og redusert fysisk aktivitet er eit aukande helseproblem for alle aldersgrupper.  Difor er førebygging og helsefremming eit viktig satsingsområde.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • å styrka det førebyggande helsearbeidet
  • støtte til positive tiltak som fremmer auka fysisk aktivitet, mellom anna ved å legga til rette for turvegar, friluftsområde og  utandørs treningsapparat og padlehukar
  • å legga til rette for friluftsliv i Tysvær gjennom støtte til opprusting og merking av stiar
  • å sikra universell utforming av helsefremmande tiltak ved til dømes å setta ut kvilebenkar langs turstiane.
  • å legga til rette for eit menneskevennleg samfunn ved å bidra til å skapa gode møteplassar

Solidarisk ruspolitikk

Solidaritet med rusofra ligg til grunn for KrF sitt ruspolitiske engasjement. Erfaringane viser også at auka bruk av alkohol og  rusmiddel fører til auka kriminalitet.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • ein restriktiv alkoholpolitikk i Tysvær
  • å styrka og auka foreldredeltakinga i det førebyggande arbeidet mot bruk av rusmiddel
  • godt samarbeid med lag og organisasjonar for rusfri livsstil og positive miljøtiltak for alle generasjonar
  • å styrka rehabiliterings- og ettervernsarbeidet for personar med rusproblem
  • at rusførebyggande tiltak i kommunen blir styrka gjennom å sikra alkoholfrie soner, særleg i område der unge menneske oppheld seg på kvelds- og nattetid
  • SLT -koordinator i Tysvær kommune
  • at målretta haldningsskapande arbeid blant barn og unge blir vidareutvikla

Vern av barn og unge

KrF vil prioritera hjelp til barn og unge som har det vanskeleg. Barnet sitt beste må vera utgangspunktet når hjelpetiltak skal settast inn.

Tysvær KrF vil arbeida for at:

  • barn og føresette/familie som treng det  får tidleg hjelp og vert fylgt opp, slik at barn og unge får ein trygg og god oppvekst
  • førebyggande tiltak vert sett i gong så tidleg som mogleg, slik at overgrep av ein kvar art blir forhindra. Sikra gode helsestasjonstenester i barnehagane.
  • at det raskt vert sett i gong tiltak for å bøta på skader hjå barn som har blitt utsett for omsorgssvikt, seksuelt misbruk og anna fysisk eller psykisk mishandling
  • ei endring i  sakshandteringa ved samvær etter vald, og sikre tverrfaglege team som kan gi faglege tilrådingar som også rettsapparatet kan nytta
  • at barnevernstenesta i Tysvær skal vera stabil og kompetent og samarbeida godt med familien og andre tenester
  • folkevalde i kommunen får god innføring i ansvarsområdet barnevern i starten av kvar valperiode

Menneske med nedsett funksjonsevne

Respekten for menneskeverdet tilseier at alle skal ha likeverdige vilkår. Den enkelte må få høve til å bruka sine evner og ressursar ut frå eiga funksjonsevne.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • aktivitet og trivsel for alle
  • at den enkelte må sikrast tryggleik og sosialt fellesskap gjennom skule, arbeid og kulturtilbod
  • å legga til rette for kommunale og private bustader tilpassa behov og moglegheiter
  • ei god avlastningsordning og tilstrekkeleg med støttekontaktar
  • universell utforming av både kommunal og privat infrastruktur (bygg, uteområde, ferdsel, kommunikasjon)
  • at dei som slit med rusproblem og psykisk sjukdom får ein verdig stad å bu og ein meiningsfylt kvardag

Helsetenester og sosialtilbod

KrF vil medverka til å skapa gode nærmiljø, og dermed førebygga sosiale og helsemessige problem. Omsorgstrengande må få eit tilfredsstillande tilbod uavhengig av geografi, alder og sosial status.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at alle innbyggarar skal få det helse- og omsorgstilbodet dei har rett på  i ulike livssituasjonar
  • å tilby samlivskurs og foreldrerettleiingskurs for alle fyrstegongsforeldre
  • å bruka helsestasjonen sin kompetanse i ungdom – foreldre kontakt
  • å legga til rette for helsestasjonstenester for eldre
  • å oppretthalda helsestasjonstilbodet for ungdom i Haugesund
  • at forholda blir lagt til rette for at den enkelte i størst mogleg grad skal kunna ivareta si eiga helse og trivsel
  • auka fokus på kvinnehelse
  • at helsetilbodet på skulane er stabilt og tilgjengeleg for elevane
  • å sikra eit godt og tilgjengeleg lågterskel psykisk helsetilbod
  • å sikra at Nedstrandstunet blir eit helsebygg med nødvendige og forsvarlege tenester
  • å sikra at den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta i fylket samarbeider for å gje eit godt tannhelsetilbod for prioriterte grupper

Ein trygg og aktiv alderdom

KrF ynskjer at respekt, omsorg og ansvar må vera grunnleggande verdiar i vår eldreomsorg. Mennesket sin verdi er ukrenkeleg og uavhengig av alder, helse og yteevne. Det må leggast til rette for at dei eldre skal kunne delta aktivt i samfunnslivet.

Ved utforminga av bustadtilbod må det vera ein klar føresetnad at alle har rett til eigen heim, uansett alder og funksjonsnivå.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at innbyggarane skal få det helse- og omsorgstilbodet dei treng i ulike livssituasjonar
  • å oppretthalde gode dagtilbod
  • å stimulera til aktivitets- og trivselstiltak i samråd og dialog med dei eldre
  • å legga til rette for utleigeleiligheiter for eldre
  • ei rådgivingsteneste til eldre for tilpasning av bustad med tanke på ein trygg og aktiv alderdom i eigen bustad
  • at det blir enklare å få støtte til førebyggande tiltak i heimen slik at ein kan bu lengre heime
  • tilbod om hjelp og/eller opplæring i bruk av digitale verktøy
  • grøne areal ved eldrebustadene, med moglegheit til kjøkkenhage.
  • at det skal vera god kvalitet og kompetanse i omsorgstenestene, og   nok personale til at dei pleietrengande kan leva eit verdig liv, og dei tilsette har gode arbeidstilhøve
  • at tildeling av tenester må kvalitetssikrast basert på brukarmedverknad, samarbeid med pårørande og faglege vurderingar
  • å prioritera utbygging av ulike buformer til aldersdemente
  • å inkludera frivillige i dei kommunale tenestene
  • at det blir bygd ut fleire omsorgsbustader både i kommunal og privat regi
  • sikring av gode og tilpassa tenester i rett forhold mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Inkludering

Basert på det kristne menneskesynet om at alle menneske er like mykje verdt, ynskjer vi å inkludera og integrera alle menneske i fellesskapet.

Tysvær KrF vil :

  • støtta gode inkluderings- og integreringstiltak, t.d. bruka biblioteket som ein trygg møteplass
  • motarbeida rasisme, diskriminering og radikalisering
  • arbeida for god språkopplæring for flyktningar og asylsøkjarar
  • stilla krav om opplæring i norsk lov, kultur og språk
  • legga til rette for at både kvinner og menn deltar i sosiale samanhengar ved førebuing til arbeidslivet og deltaking i samfunnet elles
  • gi støtte til organisasjonar som arbeider med minoritetsmiljø
  • sikra helsehjelp til dei som har opplevd vold, traume og/eller overgrep
  • styrka kommunen sitt arbeid for å få fleire flyktningar inn i arbeidslivet og aktiv deltaking i samfunnet

Næringsliv og samferdsel

Arbeidsliv, industri, service og reiseliv

Kommunen skal vera ein pådrivar og tilretteleggar for gode rammevilkår, og bidra til arbeidsplassar og ei positiv utvikling for næringslivet.

Det må utviklast ein attraktiv, interessant og god region for nyskaping, der ressursane blir optimalt foredla og gode arbeidsplassar blir utvikla i alle deler av kommunen. Eit livskraftig næringsliv gjev auka aktivitet i lokalsamfunnet og mange positive ringverknader.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at Aksdal skal vera eit livskraftig sentrum i kommunen
  • at Tysvær kommune skal vera attraktiv for eit allsidig næringsliv
  • å tilrettelegga for innovative bedrifter med vekstpotensiale
  • å bidra til auka utbygging av god mobildekning i heile kommunen
  • å legga til rette for auka turisme og reiseliv
  • at eksisterande og nye næringsparkar får gode rammevilkår for vidare utvikling
  • auka satsing på næringsfondet, til dømes forskottering av tomter i næringsparken
  • eit inkluderande arbeidsliv som medverkar til at det er arbeid til alle
  • å stimulera til BREEAM sertifisering for nybygg i Tysvær kommune
  • gratis og nok parkeringsplassar for dei som kjem til kommunesenteret i Aksdal for å handla og besøka kommunale/offentlege tenester
  • arbeidsplassar for unge, t.d. sommarjobbsentral
  • positiv oppfølging av unge tilsette for å gjera kommunen attraktiv som arbeidsplass.

Energi

God og sikker tilgang på energi er viktig for vidareutvikling av Tysvær-samfunnet.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • energieffektivisering
  • haldingsskapande arbeid for å oppnå energisparande tiltak i kommunen
  • at det ikkje blir etablert vindkraft, verken på land eller fjord, i vår kommune
  • å sikra gode retningsliner for småskalakraft som blir dekka av plan- og bygningslova

Samferdsel  

Visjonen om ingen drepne eller skadde i trafikken er heilt grunnleggande. Saman med omsynet til miljøet vil vi difor satsa på trafikksikring, og auka satsing på kollektivtrafikk.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • å gi trafikksikringsarbeid prioritet, til dømes gjennom å bygga fleire gang- og sykkelvega, og sikra tilstrekkeleg lys langs desse
  • godt vedlikehald av vegane i kommunen
  • å vera ein pådrivar for mål og oppfylling av Nasjonal Transportplan
  • å samarbeida aktivt med fylkeskommunale myndigheiter slik at vi får gode kollektive reisetilbod
  • å oppretthalda ferje- og hurtigbåttilbodet i Nedstrand
  • å bygga turvegar som også kan nyttast som tilkomstveg til skule og fritidsaktivitetar
  • tilrettelegging for trygg parkering av el-syklar og syklar på trafikknutepunkt  
  • ringbuss gjennom T- forbindelsen

Fiskeri og landbruk

Fiskeri og landbruk er viktige for sysselsetting og verdiskaping i Tysvær.

Landbruk er også viktig for at kulturlandskapet skal haldast ved like. Prinsippet om eit berekraftig landbruk som tek vare på det biologiske mangfaldet, skal vera grunnlaget for landbrukspolitikken i kommunen.

Det er viktig å støtte opp om landbruksmiljøa i kommunen. Eit sunt landbruksmiljø er og noko av grunnlaget for eit godt reiselivsmiljø.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  •    vern av dyrka og dyrkbar jord og gode landbruksmiljø
  • å legga forholda til rette for eit rasjonelt og attraktivt landbruk, der me treng både dei små og store bruka
  • tilleggsproduksjon som kan styrka næringa og trygga driftsgrunnlaget i bygdene, som for eksempel gardsturisme med bygging av hytter til utleige, gardsutsal og liknande
  • å legga til rette for tiltak som ivaretek kulturlandskapet i kommunen
  • bidra til aktiv skogsdrift i kommunen som tek vare på biomangfald og kulturlandskap
  • å stimulera næringsliv og frivilligheit til fjerning og nedkjemping av svartelista arter i landbruk, skogbruk og fjordbruk
  • at næringsfondet må omfatta tiltak innan jord- og skogbruk
  • å legga til rette for vidareforedling av fisk og skjell
  • prioritering av meir miljøvenlege oppdrettsanlegg
  • å legga til rette for stadbunden næring
  • å auka sjølvforsyning og matvareberedskap
  • å legga til rette for lokal matproduksjon
  • å samarbeida med primærnæringane om sikkerheit og beredskap

Miljøvern og kommunaltekniske oppgåver

Miljøvern er å ta vare på livet og å forvalta ressursane i eit langsiktig perspektiv. Gjennom ei berekraftig utvikling vil vi sikra framtida for barna våre og framtidige generasjonar.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • godt vedlikehald og fornuftig utbygging av veg, vatn og kloakkavløp i kommunen
  • å halda fram det gode arbeidet med reduksjon av vasslekkasjar
  • å stimulera til redusert bruk av sprøytemidlar i næring og til privat bruk
  • å skjerma bustadområde og rekreasjonsområde for støy, lukt, lys og annan forureining
  • å løysa støyproblema ved Tysvær vindkraftverk ved å bruka folkehelselova og forureiningslova,  og gjera ein tredjepartskontroll av støyen, t.d.objektmålingar og profesjonelle folkehelseundersøkingar som også strekk seg utanfor definerte støykart
  • å stimulera og støtta tiltak i bustadområde for å skapa gode oppvekstmiljø
  • ei miljøforvaltning som tek vare på naturen, landskapet og det biologiske mangfaldet i Tysvær
  • vern av naturtypen «kystlynghei»
  • gode kollektive transporttilbod
  • å betra ressursutnytting, gjenvinning og berekraftig bruk av mat og klede
  • tilstrekkeleg lys langs alle tur- og skulevegar i kommunen
  • at planlegging av nye bustadfelt må sjåast i samanheng med kapasitet innan skule, barnehage, trafikkforhold, kollektivtilbod og andre nødvendige servicetilbod
  • å legga til rette for område med kontrollert, spreidd busetnad i ny kommuneplan
  • å gjeninnføra støtta til private vegar
  • at det skal vera tilbod om bustadtomter i alle skulekrinsane
  • at alle kommunale bygg og anlegg skal ha eit godt vedlikehald
  • at ein tar estetiske omsyn ved restaurering og nyanlegg
  • arbeida for fleire tomter for einebustader i område Førre/ Frakkagjerd
  • miljøstasjon i Aksdal
  • å støtta arbeidet med kjeldesortering på skular og andre offentlege bygg
  • å regulera bruk av vannscooter i Tysvær

Regional utvikling

På Haugalandet har vi ein stor felles bu- og arbeidsmarknad. Tysvær er langstrakt og grenser til fleire kommunar. Samhandling mellom kommunane vil vera eit gode for innbyggarane og næringsutviklinga.

Krf vil arbeida aktivt for:

  • ei god regional utvikling i samarbeid med andre kommunar
  • å oppretthalda velfungerande interkommunale avtalar på alle nivå
  • å inngå nye interkommunale samarbeidsavtalar der dette vil vera til gagn
  • ein god felles samferdselspolitikk i regionen, jf. Nasjonal transportplan