Kommuneprogram 2023-2027

Kommuneprogram Time KrF 2023-2027 

KrF sitt verdigrunnlag  

KrF er eit verdiparti bygd på overtydinga om at verdiane frå kristendommen er det beste grunnlaget for å utvikle politiske løysingar for samfunnet vårt.  

KrF bygg politikken sin på den kristendemokratiske ideologien.  Verdigrunnlaget vårt er henta frå Bibelen, den kristne kulturarva og grunnleggjande menneskerettar, og er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.   

Gode oppvekstvilkår  

KrF vil arbeide for å styrke grunntenestene. Vi vil at alle barn og unge skal ha ein god og trygg oppvekst der dei opplever trivsel og meistring. I tråd med ny forskning vil vi ha særlig fokus på barn sine 1001 første dager. Målet er robuste barn og unge, som har lyst på livet og evne til å meistra det. 

Heimen  

God omsorg frå foresatte er avgjerande for barn og unge si helse og utvikling. KrF ynskjer difor å styrke familiane og støtte opp om foresatte sin foreldrefunksjon. KrF vil leggje tilrette for at foresatte skal få tid med sine barn.  

KrF vil arbeide for å:  

·       Sikre kontantstøtte fram til 2 år og slik fortsatt gje valfridom for småbarnsfamiliane  

·       Utrede tilbud om praktisk hjelp i heimen for barnefamiliar med akutt behov for praktisk bistand   

·       Målrette innsatsen mot barnefattigdom ved å støtte opp om eksisterande ordningar og utvide ordningar som gir familiar med barn og unge anledning til å delta på kultur, aktivitets- og ferietilbud   

Barnehage og skule  

Det er avgjerande for barn og unge sin trivsel og utvikling at barnehagar og skular  har god kvalitet.  Engasjerte og kompetente  vaksne som ser heile barnet, er ein forutsetning for lærelyst, meistring og gode verdiar for livet. Barn må få vera barn, og barnehagen skal ikkje vera skule. KrF vil ha mangfold og valfridom, og ynskjer difor å ha både kommunale og private barnehagar og skular i kommunen. 

KrF vil arbeide for:                                                                                                                               

·       Å styrke arbeidet for inkluderande og trygt miljø utan mobbing og krenkelser  

·       Fleire barnehageplassar nord for Bryne sentrum   

·       Likeverdige økonomiske vilkår for private barnehagar   

·       Å greie ut alternativ for søskenmoderasjon for familiar som både nyttar seg av barnehage og SFO   

·       Fleksibelt opptak i barnehage  

·       Sikre open barnehage i Bryne med god kvalitet og god åpningstid  

·       Sikre gratis kjernetid i barnehage for familiar med låg inntekt  

·       Arbeida for at leik i småskulen får ein større plass. Mjukare skulestart – meir barnehagepedagogikk første skuleåret  

·       Auke bevilgninga til læremidler i skulen  

·       Støtte friskular i kommunen for å sikre valfridom for elevar og foresatte  

·       Skjermbruk i barnehage og småskule skal vera i tråd med gjeldande nasjonale føringar   

·       Barn i barneskulealder skal så langt det er mogleg og forsvarlig gå på skule i sitt nærmiljø  

·       Tilbud om meir yrkesretta praktisk opplæring på ungdomstrinna  

·       Styrke oppfølginga av unge som fell ut av skule – hjelpe inn i alternative opplæringsløp eller meiningsfullt arbeid og fritid. Undersøke moglegheita for samarbeid med lokalt næringsliv om alternativ opplæring i ungdomskulen 

·       Støtte opp om laget rundt eleven og læraren slik at endå fleire fullfører vidaregåande skule  

Hjelpetilbud til barn og unge  

Barn og unge må få hjelp når dei treng det. Tilbudet om lågterskel psykisk helsehjelp må styrkes. Dette fordi mangel på nødvendig hjelp ikkje bare får konsekvenser her og nå, men for resten av livet. KrF vil arbeide for tidlig innsats med hensyn til alder og problemutvikling, og rett hjelp til rett tid.  

KrF vil arbeide for:  

·       Ei dør inn; samle hjelpetenestene til barn og unge i eit Familiens hus  

·       Tidlig innsats og rett og heilhetlig hjelp til rett tid  

·       Styrke familiesenteret med 1 årsverk – lågterskel psykisk helsehjelp barn/unge  

·       Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal ha ei bemanning som er over minimumsnormen frå Helsedirektoratet   

·       Effektiv hjelp; bidra til systematisk og kunnskapsbasert praksis og reell brukarmedverknad  

·       Auka innsats for å avdekke vold, beskytte barn og foresatte som er utsatt for vold, og tilby hjelp som er nyttig  

·       Systematisk og tidlig innsats for ungdom som er i fare for å begå lovbrot og førstegongskriminelle   

Helse- og omsorgstenester  

Innbyggjarar i Time skal få helse- og omsorgstenester når ein treng det. Mange pårørande gjer ein stor innsats for sine nære. Time KrF ynskjer at pårørande skal ha tryggleik for at kommunen gir nødvendig hjelp, slik at dei sjølv kan leva gode liv. KrF ynskjer å involvere eldre og andre innbyggjarar med ledig tid i sosiale aktiviteter og praktisk bistand til nytte og glede for dei sjølv og andre. Barn som er pårørande skal tilbys nødvendig og tilpassa informasjon og hjelp ut frå behov.  

KrF vil arbeide for:  

·       Hjelp til å meistre kvardagen heime så lenge ein ønskjer og det er forsvarleg. Styrke det førebyggjande arbeidet og kvardagsrehabiliteringa. Tilstrekkelig hjelp og støtte i heimen og innovative velferdsteknologiske løysingar  

·       Sjukeheimsplass når ein treng det, starte arbeidet med ny sjukeheim på Bryne nå   

·       Helseistitusjonar som gir god omsorg og helsehjelp, og som er ein god arbeidsplass for ansatte  

·       Fleire korttidsplassar og avlasting  

·       At eldre vert nytta som ein ressurs i frivillig arbeid  

·       Sosiale møteplasser for eldre innbyggjarar som bur heime eller på institusjon   

·       Auka interkommunalt samarbeid om gode tenester til innbyggjarar med særleg store hjelpebehov  

·       Lett tilgjengeleg interkommunal legevakt av god kvalitet  

·       Å oppretthalde god legeressurs ved institusjonane og fastlegekontor  

·       Samarbeid om interkommunal demensomsorg  

·       Lågterskel aktivitetstilbod for personar med fysiske og psykiske lidingar  

·       Gode rutiner for å identifisere barn som er pårørende, og bidra til kontakt med hjelpetjenester for barn og unge ut frå behov   

·       Styrke arbeidet med folkehelse i all kommunal verksemd  

Rusførebyggjing og rusomsorg   

Alkoholførebyggjing har ein naturlig plass i det lokale folkehelsearbeidet. KrF ynskjer å skjerme barn og unge for vaksne sin bruk av alkohol og ha eit rusførebyggjande arbeid av god kvalitet. Vi ynskjer ei heilskaplig rusomsorg med fokus på fysisk og psykisk helse og sosiale behov. Ettervernet må styrkes, og veien til rusfridom må bli enklere.  

KrF vil arbeide for å:  

·       Implementere tiltaket Av-og-til.  Organisasjonen Av-og-til bistår norske kommuner med alkoholførebyggjing og er finansiert via Helsedirektoratet 

·       Bidra til aktivt rusførebyggjande arbeid og kunnskapsbasert undervisning  

·       Støtte rusfrie ungdomstilbod   

·       Behalde nåverande skjenketider   

·       Fortsatt forbud mot sal av vin i butikk og utlevering ved nettsal  

·       Nytte ideelle organisasjonar sine aktivitets,- og behandlingstilbod som alternativ/supplement til offentlege tilbod  

·       Støtte «Pårørendesenteret» og andre organisasjonar som jobber for pårørande og tenestemottakarar 

·       Arbeide for at personar med rusavhengighet og psykiske lidingar har tilbod om gode bufellesskap  

·       Ha eit godt ettervern med samordna tilbud i kommunen, og sikra gode overgangar   

·       Bidra til at brukere i behandling får økonomisk veiledning og bistand  

Kyrkje  

KrF ser kyrkja sitt bidrag som eit vesentlige supplement til andre organisasjonar og kommunen sine tilbud til  innbyggjarane. Kyrkja og andre trussamfunn bidrar sterkt til eit mangfold i tilbudet til alle aldersgrupper.  

KrF vil arbeide for å:  

·       Gi gode vilkår til Den norske kyrkja, menigheter og andre trussamfunn  

·       Ha likebehandling i utdeling av tilskot til arbeid for barn og unge 

Kultur  

Kunst og kultur bidreg til gode opplevingar for den enkelte og for fellesskapet- på tvers av språk, kultur og alder. Time KrF ynskjer å leggja til rette for eit mangfold av kunstneriske uttrykk og opplevingar.  

KrF vil arbeide for å:  

·       Gi gode og tilpassa lokaler for kulturskulen  

·       Gi rom for at barn og unge skal få utvikle sine skapande evner i barnehage og skule  

·       Gi varierte tilbud i utøving av ulike kunstarter og varierte tilbud i kulturelle opplevingar inne og ute i Time   

·       Kombinere kunstopplevingar og friluftsliv  

·      Leggje til rette for sosiale møteplasser og sal av lokal kunst   

·       Støtte opp om Biblioteket som samlingsplass for store og små – med varierte og gode tilbud i tillegg til utlån av bøker  

Frivillig arbeid, lag og organisasjonar  

Time KrF meiner at frivillig innsats er avgjerande for at innbyggjarane i Time skal ha det godt. For å nå vårt mål om eit samfunn som er best mogleg for alle, treng vi i tillegg til dyktige kommunalt tilsette, eldsjeler og kvardagsheltar som er villige til å gjera noko ekstra for å byggje fellesskapet. KrF ynskjer å oppmuntre og verdsetje alle som gjer ein slik innsats og leggja til rette for at dei kan få gode rammar for arbeidet.  

KrF vil arbeide for å:  

·       Doble medlemsstøtta til alle frivillige lag og organisasjonar som har aktivitetstilbud til barn/unge   

·       Støtte gjennom søknadsordning til nybygg og renovering av eksisterande bygg – eigd av frivillige lag og organisasjonar innan friluftsliv, kultur, idrett, bedehus og samfunnshus  

·       Økonomisk og materiell støtte til sosiale tiltak i nærmiljø/nabolag gjennom velforeningar og innbyggjarinitiativ  

·       Integrering av flyktningane i lokalsamfunn og arbeidsliv – gå i dialog med Biblioteket, Frivilligsentralen eller andre om å formidle fadder til nye innbyggjarar  

·       Rimeligare leige av kommunale lokaler til lag og foreninger 

·       Alle med; tiltaket videreføres med kommunale midler når eksternt tilskudd tar slutt. Tiltaket utvikles vidare slik at flest mogleg barn og unge får delta i aktiviteter saman med andre.  

Friluftsliv og fysisk aktivitet  

Friluftsliv og fysisk aktivitet gir gode opplevingar for innbyggjarane, og det bidreg til god fysisk og psykisk helse. Time KrF vil difor støtte opp om gode tiltak som fremjer frilufstsliv og fysisk aktivitet i kommunen.  

Krf vil arbeide for;  

·       Frivillig parkeringsavgift i Njåskogen   

·       Saman med Jæren Friluftsråd; tursti frå M 44 via Horpestadvatnet og Orrevatnet til   sjøen  

·       Ta initiativ til dialog og samarbeid med Brynes vel om oppgradering av området i sørlig ende av Frøylandsvatnet(Sandtangen). Integrere leikeplass i fellesområdet. 

·  Nye løyper og vedlikehald av etablerte turstigar nær bustadområda  

·       Grøne stigar og grøne “lunger” i all bustadbygging og fortetting  

Bustad, miljø og samferdsel  

Time Krf vil arbeide for ei bærekraftig utvikling. Vi vil arbeide for ein mest mogleg sirkulær økonomi og fremme energieffektive løysingar. Ut frå forvaltasransvaret vil vi føre ein ansvarlig lokal miljøpolitikk  
Vi vil ta vare på matjord, natur og mangfold.  Vi vil arbeide for variasjon i tilbud av bustader som er tilpassa ulike generasjoner og ulike behov, og uteområder som innbyr til leik, aktivitet og sosialt samver slik at det blir liv mellom husa.      

KrF vil arbeide for å:  

·       Verne matjord, utbygging på fjellgrunn så langt det går  

·       Ha tilgjengeleg tomteareal på Frøyland/Kverneland, Lye og Undheim 

·       Støtte bustadfortetting og byutvikling i Bryne sentrum  

·       Leggje til rette for rimelegare bustader til personar som treng særlig hjelp til å kome inn på bustadmarknaden  

·       Jobbe for breiband/fiber i heile kommunen  

·       Bevare og fremje planting av allèar og tre i bustadområder  

·       Ved fornying av kommunal bilpark – gå over til elbilar  

·       Sikre bærekraftig oppvarming av nye og eldre kommunale bygg  

·       Få miljøvennlege og kollektive transportløysingar som betre busstilbod mellom Bryne, Kvernaland og Undheim   

·       Bidra til reinare vassdrag og få eit reint Frøylandsvatn som ein trygt kan bade i  

·       Byggje dobbeltspor mellom Sandnes og Nærbø   

·       Vidare utbygging av gang- og sykkelstigar der barn og ungdom ikkje har rett på skuleskyss- prioritere strekninga Hognestad til Torland bru  

·       Å ta i bruk “Undheims-modellen” eller likanende løysingar for vern av matjord ved utbygging av gang- og sykkelstiar 

·       Leggje til rette for trygg sykkelparkering i Bryne sentrum og billig parkering ved kollektive knutepunkt  

·       Bidra til nydyrking der det er miljømessig forsvarlig- og slik auke arealet av jordbruksjord  

·       Arbeide for at Storgata blir gågate   

·      Bidra til at byggematerialer blir nytta om igjen, restvarme vert nytta, utstyr blir reparert, samt bytte og salg av brukte klær og utstyr for å fremje sirkulær økonomi   

·       Nå måla i miljøplanen  

·       Vera positive til utbygging som har fellesskapsløysinger/fellesareal og privat/offentlig samarbeid 

Næring  

Lokalt næringsliv skaper arbeidsplasser i lokalsamfunnet. Krf vil ha ein kommune som er positiv og inviterande til ny næringsverksemd og jobbskapere. Vi ynskjer ein aktiv næringspolitikk der ein søker dialog med næringslivet for å få kunnskap om korleis ein best kan leggje til rette for at det skal vera så enkelt som mogleg, og attraktivt å etablere og drive næringsverksemd i kommunen.  

KrF vil arbeide for å: 

·       Ha ledige tomter til næring. Auke samarbeidet med nabokommunar om næringspolitikk og næringsområder på Jæren  

·       Fremje ei rask saksbehandling, forutsigbarhet og god kommunikasjon    

·       Leggje til rette for rimelige kontor og fellesskap med andre i oppstartsfasen av nye verksemder   

·       Leggje til rette for ei aktiv landbruksnæring  

·       Sikre læreplassar ved offentlig utbygging 

Kommunen som arbeidsplass   

KrF vil arbeide for å:  

·       Ha ei god og effektiv drift av Time kommune til beste for innbyggjarane  

·       Saman med tilsette og deira organisasjonar, leggja til rette for ein god personalpolitikk i kommunen, der eit godt arbeidsmiljø og meiningsfylte arbeidsoppgåver står i sentralt  

·       Ha fokus på rekruttering og auka kompetanse hos tilsette   

·       Arbeide for godtgjersle for å ha lærlinger/studenter  

Time KrF er positive til samarbeid på tvers av kommunar   

og ei framtidig samanslåing med andre  jærkommunar.