Lokalprogram

Program for Sykkylven Kristeleg Folkeparti

2023-2027

Verdigrunnlag

Kristeleg Folkeparti bygg sitt politiske arbeid på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar, og har si forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

Vi ynskjer å utvikle eit godt lokalsamfunn som er prega av fellesskap, frivillig engasjement og omsorg for kvarandre, med plass til alle. Vårt mål er at kvar einskild får eit rikt og meiningsfullt liv.

Menneskeverd

KrF vil sette menneskeverdet i sentrum. Vi meiner at alle menneske er like verdfulle og har like menneskerettar. All form for ufridom og diskriminering på bakgrunn av kven ein er og kva slags eigenskapar ein har, er uakseptabel krenking av menneskeverdet og menneskerettane.

Sykkylven KrF vil verne om menneskeverdet frå livet byrjar til livet tek slutt.

Vi vil derfor arbeide for at dei som veks opp i Sykkylven skal ha en trygg barndom fri for mobbing, god barnehage og trygg skolegang.

Vi vil legge vekt på kvalitet, tryggheit, tilgang til og omsorg i helsetenesta, og ein god alderdom for alle innbyggarane i Sykkylven.

Familie og oppvekst

Familien er den grunnleggende ramma for omsorg, verdiformidling, sosial læring og fellesskap. Samfunnet er avhengig av heim og familiar som fungerer og tek på seg desse viktige oppgåvene.

KrF vil gi valfridom for familien, trygg og verdibasert oppvekst med gode rom for leik og læring med fleire vaksne som ser, gir omsorg, utfordrar og gir tryggheit.

Vi vil arbeide for ein handlingsplan mot barnefattigdom.

Barnehage

Barnehagen skal være ein trygg og god stad for små barn å vere. Mange faglærde og godt kvalifiserte tilsette er viktig for kvaliteten. Store delar av barn sin kvardag er i barnehagar, og innhaldet må vere på deira premissar.

Sykkylven KrF vil:

  • Sikre at alle barnehagar stimulerer til læring gjennom leik og kreativ utfalding,
  • Søskenmoderasjon på tvers av barnehage og SFO
  • Legge til rette for et mangfaldig barnehagetilbod i regi av offentlege, ideelle ogprivate aktørar.
  • At kommunen framleis har kommunal friluftsbarnehage

Skole

I tillegg til god grunnbemanning av pedagogar treng elevane tilgang til helsesjukepleiar, skolepsykolog, miljøarbeidar, spesialpedagog og IT-støtte.

KrF vil ha ein inkluderande skole der mangfald er ein styrke. Alle elever må bli møtt med rette ressursar, forventningar og læringsmål.

6-års reforma har utvikla seg til noko som ikkje var meninga. Vi må tilbake til intensjonen om en førskule der leiken var det sentrale.

Sykkylven KrF vil:

  • at alle elever skal ha et godt og trygt læringsmiljø
  • at leiken står øvst på planen i førsteklasse
  • at sløyd og praktiske fag kjemmer tilbake i skolen
  • styrka innsats mot mobbing
  • at elever på ungdomskulen får eit godt grunnlag og god rettleiing ved overgang til vidaregåande utdanning.
  • At Sykkylven kommune skal være et godt vertskap for Sykkylven vgs.

Inkludering i skolen

Somme elevar opplever at dei tradisjonelle faga og læringsprosessane i skulen ikkje motiverar dei. Det er difor viktig å løyve midlar til alternative opplæringsarenaer, som t.d. læring gjennom praktisk arbeid i ulike samanhengar

Helse og omsorg

Kvalitet, tryggleik, tilgang og omsorg må utgjere kjerneverdiane i helsetenesta i Sykkylven kommune. Frivilligarbeid i helse- og sosialsektoren utgjer eit viktig supplement til dei offentlege tenestene og må stimulerast.

KrF ønskjer å sikre ein verdig alderdom for kommunen sine innbyggarar og gi alle den helsehjelpa dei treng. Dette inneberer ein heilskapleg tenking der fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov blir i ivaretekne.

Vi vil arbeide for at kommunen skal ha ei god og stabil legeteneste.

Tenester tilpassa den enkelte

Kommunens tenester skal tilpassast den einskilde sine behov. Difor er det viktig for KrF at fokuset vert sett på kva den einskilde meistrar sjølv og tildeler tenester etter det.

God og aktiv alderdom

Ein god alderdom handlar om å kunne vere ein aktiv samfunnsborgar, ha ansvar for seg sjølv og eiga helse og oppleve seg nyttig i familie- og samfunnslivet. Når behova for hjelp melder seg, må eldre få tilbod om nødvendige helsetenester, eigna buform og anna hjelp.

Eldre er en ueinsarta gruppe. De fleste eldre er friske, har mange ressursar og har framleis mykje å bidra med.

Sykkylven KrF vil videreutvikle en eldreomsorg av god kvalitet, både i heim og i instutisjon.

Sykkylven KrF vil:

  • styrke eldreomsorga med utvikling av tilbod i takt med at gruppa av eldre aukar.
  • legge til rette for utbygging av ulike butilbod for eldre, som inneheld fellesfunksjonar.
  • at brukarane av helse- og omsorg tenester har primærkontakt
  • ta i bruk ulike former for velferdsteknologi i samarbeid med brukaren
  • gode tilbod til personar med demens

Ruspolitikk

Det er mange som slit med rus. Det er godt at Sykkylven er ein Av-og-til kommune og har eit aktivt forhold til å forebygge rusproblem, men vi kan gjere mykje meir.

Vi må involvere alle arenaer der barn og unge er. Foreldre bør bevisstgjerast på at skoler, fritidsaktivitetar, idretten og kulturarrangement der barn er til stade, skal vere rusfrie.

Auka satsing på førebygging og behandling innan dette feltet vil fort svare seg også økonomisk.

Sykkylven KrF vil:

  • At ungdomsskulen tilbyr kurs til føresette om deira rolle som forebyggarar
  • At idrettsarrangement og arenaer der barn og unge ferdes, er fri for alkohol
  • Ha ei stram linje for skjenkebevilling og nytte høva til sanksjonar strengt
  • Følge opp og påverke utforminga av det ruspolitiske programmet for kommunen.
  • At arrangement som er i regi av kommunen, skal være alkoholfrie.
  • At kommunen framleis er MOT-kommune

Førebyggande tenester

Det er aukande utfordringar innan åtferdsproblem, barnevernssaker og psykisk helse. Fleire fell utanfor og opplever store utfordringar i livet. Vi må derfor satse meir på eit førebyggande arbeid.

Inkludering og likeverd

KrF ønsker eit samfunn med plass til alle, der alle i størst mogleg grad kan leve frie og sjølvstendige liv. Eigenskapar, kjønn, etnisitet, seksuell orientering, språk og religiøst og politisk ståstad skal ikkje være noko som avgrensar eit menneske sine moglegheiter og plass i fellesskapet.

Arbeidsinkludering

Altfor mange står utanfor arbeidslivet. Å tilhøyre eit fellesskap og å få utvikle seg er viktig. Svært mange funksjonshemma står utanfor arbeidslivet mot deira vilje.

  • Sykkylven KrF vil at Sykkylven kommune etablerer VTA plasser (varig tilrettelagt arbeid)

Innvandrarar, flyktningar og integrering

Kristeleg Folkeparti vil:

Ha et likestilt samfunn der alle blir høyrt, involvert og inkludert.

Ha en bustadpolitikk som vil bidra til å utjamne sosiale forskjellar.

Jobbe for gode aktivitetar og fritidstilbod. Det gir glede, samhold og fellesskap.

Utfordre Frivilligsentralen i arbeidet med å integrere nye innvandrarar i arbeid forfellesskapet, med å «gjere ting saman» t.d. dugnader i lokalmiljøa.

Sosial bustadpolitikk

Vi vil at fleire skal gå frå leige til eige. Vi må gi god informasjon om kva alternativ som finnes; startlån, tilskotsordningar, bustøtte, tilvisingsavtalar etc. God sosial bustadpolitikk er ikkje berre viktig for innvandrarane, vanskelegstilte, men også for menneske med funksjonsvariasjon. Menneske med funksjonsvariasjon skal på lik linje med andre kunne velje kvar, med kven og korleis dei vil bu.

• auka kompetansen i tenestene som blir gitt til menneske med funksjonsvariasjon. 

Frivillighet

En styrking og anerkjenning av frivilligheit og innsats gjennom kyrje, trussamfunn, kultur og idrett er viktig.

Vi har tru på at samfunnet vert bygd best nedanfrå. Det er lokalsamfunnet, frivilligheit, familie, venner og sosiale nettverk som bygger menneske og skaper fellesskap. Verken stat eller kommune klarer det åleine.

Kyrkje, trussamfunn, kultur og idrett er verdifulle aktørar i vårt samfunn som berikar, gir meistring, skapar tilhøysle, samhald, venner, inkluderer, gir meining, skaper identitet og mykje meir. Dei er difor ein sjølvsagt del av eit mangfaldig samfunn der det er godt å leve.

Kristeleg folkeparti vil:

  • Styrke Frivilligsentralen
  • Være raus med støtte til frivillige lag og foreiningar som driv arbeid for barn ogungdom.
  • Gi gode rammevilkår for kulturlivet og idretten
  • Gjere kommunens lokalar enda meir tilgjengelege for frivilligheita
  • Arbeide for at familiar med behov har tilgang til ei Kontantkasse for støtte tilfritidsaktivitetar
  • Støtte utvikling av friluftsaktivitetar som kan nyttast av alle uavhengig avfunksjonsevne
  • Innfri lovnader om kommunal støtte til lag og organisasjonar som har fått spelemidlar
  • At offentlege og private kulturbygg i kommunen vert drivne og haldne vedlike på ein ansvarleg måte med kommunal støtte.

Kyrkje og kristenliv

Kommunen må støtte også til religiøst arbeid og legge til rette for eit godt samarbeid mellom heim, barnehage, skule, kyrkje og kristne frivillige organisasjonar.


KrF vil:

  • At søndagen skal vere annleis enn andre dagar, f.eks. ved til vanleg åoppretthalde søndagsstengte butikkar
  • Arbeide for god drift av kyrkje og gravlund
  • Arbeide for å behalde skulegudstenester og gudstenester for barnehagane

Klima, miljø, naturmangfald og friluftsliv

Sykkylven kommune skal ta eit aktivt ansvar for miljø og legge til rette for at innbyggarar kan motiverast og bli gjort i stand til å gjere det same.

KrF vil fremme miljø- og klimavennlege løysningar i størst mogleg grad, inspirert av det kristne forvaltaransvaret og FN sine berekraftsmål. Gjenbruk og bruk av fornybare ressursar skal vektleggast.

Aktiv bruk og forvalting av naturen og våre friluftsområde har stor verdi. Dette må skje på ein god måte til beste for naturen, eigarar og innbyggarane.

Sykkylven Krf meiner at den kristne forvaltertanken forpliktar oss på vegne av kommande generasjonar å ta vare på natur, miljø og jordbruksareal.

Kristeleg folkeparti vil:

  • Arbeide for at det å reise kollektivt er et reelt alternativ i folk sin kvardag.
  • Stille strenge miljø- og klimakrav i utbyggingskontrakter
  • Jobbe for gode fornybare energikjelder som også kan gi inntekter til Sykkylvenkommune
  • Være svært restriktive til nedbygging av matjord og sikre allemannsretten tilfriluftsområder og gode naturopplevingar

Arbeids- og næringsliv

Trygge arbeidsplassar er eit viktig grunnlag for trivsel og utvikling av kommunen: SNU skal vere ein pådrivar i arbeidet med næringsutvikling

KrF vil difor arbeide for:

  • At det blir lagt til rette for næringsutvikling både i eksisterande og nye verksemder.
  • Å legge til rette for å gjere kommunen attraktiv for nyetableringar.
  • Å motivere ungdom til å etablere seg i kommunen etter utdanning.
  • At kommunen etablerer fleire lærlingplassar
  • At gode tilbod ved Sykkylven Vidaregåande Skule vert oppretthalde og motivere tilendå nærare samarbeid mellom skule og industri

Samferdsel

Gode vegar er viktig for vidareutvikling av arbeids- og næringsliv i kommunen. Auka satsing på kollektive transportmiddel er viktig for trivsel og velferd i bygdene.

KrF vil arbeide for

  • Å realisere Storfjordbrua med fergeavløysingsmidlar
  • Fortsette godt vedlikehald og god brøyting av kommunale vegar
  • Eit godt skulerutetilbod som gir kort reisetid
  • Gode fergeløysingar mot Ålesund og Ørsta
  • At det vert etablert betre kollektivt transporttilbod for Sørestranda og til/fråÅlesund
  • Utarbeiding av Kommuneplan for Bruk og vern av sjø og vassdrag
  • Planlegging og gjennomføring av tunell Hole – Engeset, utan at nærmiljøet blirskadelidande
  • Oppfordre fylket til etablering av fleire gangvegar i bygda

Folkestyre, forvaltning og utvikling

Vi vil arbeide for at kommunen legg konstruktive planar for utvikling av samfunnet, og i samarbeid med andre. Både næringsutvikling og samfunnsutvikling generelt er viktige faktorar for å gjere Sykkylven til ein god stad å bu.

KrF vil:

  • sette fokus på sterk grad av brukarorientering i den kommunale forvaltninga, m.a. ved at dei som blir berørte av offentlege planar, vert tekne med på råd
  • påverke sentrale styresmakter til auka satsing på og betre finansieringa av kommunane
  • vidareføre arbeidet med å få ein god og berekraftig kommuneøkonomi som og gir grunnlag for å utvikle kommunen

Oppsummering

Vi trur på gode fellesskap der menneske møtes, utviklar seg, blir utfordra, sett og kan bidra. Samfunnet vert bygde rundt familien. Dette må og kommunen anerkjenne og støtte opp om.

Nøkkelen som kan utvikle kommunen i positiv retning, gi fleire arbeidsplassar og ein sterkare økonomi, er menneska som bur her. At vi trivst, er inkludert, blir sett og har høve til å leve gode liv.

Eit valprogram syner kva saker vi ønsker å prioritere i valperioden og kva verdiar og ideologi vi legger til grunn for våre prioriteringar. For å få gjennomført programmet, er vi avhengig av fleirtal for våre saker. Føresetnaden for dette er oppslutning om KrF og vi håper difor på din stemme.