Kommuneprogram 2023-2027

Suldal KrF Kommuneprogram 2023 – 2027

Vårt verdigrunnlag
Politikk og verdiar heng uløyseleg saman. I vår tid er det trong for sterk verdimobilisering og refleksjonar kring kva verdival som tek vare på og vidareutviklar eit godt og varmt samfunn. Det er likevel viktig at vi skil mellom kva som er politiske oppgåver og kva som er den kristne kyrkja, dei kristne fellesskapa og enkeltmennesket sitt ansvar i samfunnet.

Kristeleg Folkeparti er eit sentrumsparti med eit politisk verdigrunnlag som er henta frå dei grunnleggjande menneskerettane, den kristne kulturarven og Bibelen. Dette handlar for oss om:


• MENNESKEVERD – Alle menneske har same verdi, frå unnfanging til livets slutt.
• KJÆRLEIK TIL VÅR NESTE – Nestekjærleik gjeld overfor alle, også dei vi måtte oppfatta som våre motstandarar, og den krev aktiv handling. Vi ynskjer å kjempe for sårbare grupper i samfunnet.
• FELLESSKAP – Samarbeidet mellom det offentlege, det private og den frivillige sektor må styrkast, og me ynskjer å redusera den aukande utanforskapen.
• FORVALTARANSVAR – Alle har ansvar for miljøet rundt seg og for å bidra til ei rettferdig og god fordeling av ressursane me rår over.
Suldal KrF vil samarbeide med politiske parti som i størst mogleg grad støttar vårt program, våre verdiar og politiske målsettingar.

Suldal Kristeleg Folkeparti vil i neste valperiode leggje vekt på:

Oppvekst og utdanning
Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk skal leggje forholda til rette for ein trygg og harmonisk oppvekst.
KrF sitt mål er:
• Alle barn og unge har ein trygg og god oppvekst og eit utviklande nærmiljø.
• Foreldre har tilbod om hjelp i krevjande situasjonar.
• Bli best i Norge på løysingar for spreidd skulestruktur.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Sikre ein skulestruktur som er attraktiv og forsvarleg, fagleg og sosialt.
• KrF vil arbeida for å henta inn kunnskap og finna dei smarte løysingane for å møta utfordringane med spreidd busetnad, færre elevar og rekruttering av kompetanse.
• Sikre god teknologisk utvikling i skulen, og ein effektiv støttefunksjon for dette.
• Å trygge eit godt tilbod om jordmor/ helsestasjon/ barne- og familieteam.
• Barnehage og skule i Suldal skal ha høg kvalitet, med god menneskeleg og tverrfagleg, koordinert kompetanse.
• Eit kompetent interkommunalt barnevern, betre tverrfagleg innsats og rett hjelp med trygg ivaretaking av både born og vaksne.
• Mobbing er det nulltoleranse for, med godt kjende rutinar for varsling og oppfølging.
• Frivillige kan, i samarbeid med tilsette, delta i nokre av oppgåvene i barnehage og skule. Dette kan organiserast gjennom Frivilligsentralen.
• Sosiallærarressursen må tryggast.
• Støtte eit godt vidaregåande skuletilbod i regionen, med særleg fokus på Topp Volley, Sauda vidaregåande skule og UiR (Utdanning i Ryfylke).
• Sikra høg kvalitet på språkopplæring og god integrering av busette flyktningar. Introsenteret må sikrast føreseielege ramer.
• Kommunen skal ha fleksible ordningar i barnehagane og SFO.
• Kommunen arbeider systematisk med avviks- og bekymringmeldingar.
• Involvera barn og unge ved planlegging og utbyggingar.
• Alle kommunale leikeplassane skal vera attraktive og trygge.

Helse/pleie og omsorg/sosial
God helse er viktig for oss alle. Eit godt helsetilbod når ein treng det er heilt sentralt. Dette gjeld for alle fasar i livet.
KrF sitt mål er:
• God fysisk og psykisk folkehelse gjennom satsing på førebyggjande tiltak, og tidleg innsats.
• Koordinerte tenester med høg kvalitet og tverrfagleg kompetanse.
• Innbyggjarar og tilreisande får forsvarlege tilbod om hjelp når dei treng det.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Sikre forsvarleg kvalitet og drift av legevakt.
• At dei som ynskjer det, kan bu heime så lenge dei vil.
• Sikre drift av gode, brukarorienterte dagsentertilbod for alle eldre i kommunen.
• Auka satsing på eigne koordinatorstillingar.
• Leggje til rette for at frivillige kan gjera utvalde oppgåver der dette er ønskjeleg. Dette kan vera matutkøyring, følgjeteneste, lesestund mm. Bygge vidare på samarbeidet med frivillige gjennom Frivilligsentralen.
• Sikra ivaretaking av andeleg og eksistensiell omsorg for alle tenestemottakarar.
• Eit demensvennleg samfunn.
• Framleis satsa på haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus.
Kommunikasjon og infrastruktur
Suldal er heilt avhengig av gode nok kommunikasjonar. Næringslivet og den einskilde innbyggjar treng eit godt vegnett og relevant kollektivtilbod. Rv13 er hovudferdselsåra i og gjennom kommunen og må sikrast nødvendig rassikring og oppgradering. I tillegg er hurtigbåten ei heilt nødvendig livsåre som ikkje må svekkast.
KrF sitt mål er:
• Rassikring og utbetring av vegar i kommunen, hovudprioritet er Rv 13.
• Full mobil- og breibandutbygging for alle i kommunen.
• Godt tilpassa kollektivtilbod for skuleelevar, pendlarar, innbyggarar og gjester.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Rv 13 må snarast råd oppgraderast med tunnelar og gul midtstripe.
• Sikre tryggleik for mjuke trafikantar med fleire gang- og sykkelstiar.
• At Suldal kommune er ein tydeleg og aktiv aktør for å sikra eit godt og funksjonelt kollektivtilbod i Indre Ryfylke.

Landbruk/næringsliv
Arbeidsplassar er den viktigaste føresetnaden for at folk skal busetje seg i kommunen. Suldal er ein landbrukskommune, og KrF vil arbeide for at næringsliv og landbruk i kommunen får gode rammevilkår. Dette er viktig for å sikre god drift, vidareutvikling og nye etableringar.
KrF sitt mål er:
• Eit blømande og levedyktig landbruk i Suldal.
• At Suldal er ein attraktiv kommune for næringslivet, og nyetablering.

For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
• Ein aktiv nærings- og landbrukspolitikk i god dialog med næringa sjølv.
• Vidareføre kommunale støtteordningar til landbruket.
• Å støtta møteplassar for bønder og næringsdrivande.
• Ein arealpolitikk som sikrar jordvern og bu- og driveplikt.
• Ha attraktivt og nok næringsareal tilgjengeleg.
• Leggje til rette for utvikling av eksisterande arbeidsplassar og nyskaping.
• Å halda fram med reiselivsutvikling i samarbeid med lokale og regionale aktørar.

Kommuneutvikling
KrF sitt mål er:
• Å gi innbyggjarane gode tenester.
• At fastbuande, hyttesuldølen og gjester i kommunen finn seg godt til rette.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Gode utredningar som grunnlag for vedtak.
• Saman med lokalt næringsliv legga til rette for behovsretta rekruttering, praksis- og lærlingplassar.
• Gode møtepunkt mellom ungdom og suldalssamfunnet, td i samarbeid med Næringshagen i Ryfylke
o Samlingar for ungdom, der ein aukar kjennskap og eigarskap til sin eigen kommune og region.
o Sikra vidare drift av «Læring i næring».
• Garantera alle 10.-klassingar sommarjobb i kommunen.
• Naudetatane skal dekke oppgåvene i kommunen på ein forsvarleg måte.
• Vidareutvikle eit sterkt kommunesenter og livskraftige bygder.
• Rett og rask sakshandsaming i kommunen.
• Drive ein aktiv bustadpolitikk der ein
o skal legge til rette for bustadutvikling med attraktive, byggeklare tomter i alle deler av kommunen
o skal stimulere til sentrumsnære, attraktive leilegheiter i dei bygdene der dette er aktuelt
• Eingongsstønad til innkjøp av elbil for familiar med tre eller fleire barn.

Personalpolitikk
Dei tilsette er den viktigaste ressursen kommunen rår over.
KrF sitt mål er:
• gode tenester og motiverte, trygge tilsette.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Å vise respekt for, og oppfølging av, gjeldande regelverk for dei tilsette.
• Høve til fagleg styrking og personleg utvikling.
• Å tydeleg involvere dei tilsette ved omstillingar.
• Kommunen skal vise engasjement og klokskap i både enkeltsaker og større konfliktar
• Arbeide for ein god seniorpolitikk som stimuler tilsette til å stå lengre i arbeid.
• Legge til rette for gode og fleksible overgangsordningar mellom full yrkesaktivitet og pensjonisttilvære.

Kultur og fritid
Kultur har eigenverdi. Den fremjar livskvalitet og god folkehelse. Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen og er viktige for å skape gode lokalsamfunn.
KrF sitt mål er:
• Eit variert lags- og organisasjonsarbeid, med særleg vekt på barne- og ungdomsarbeid.
• Auka fokuset på tiltak som gjeld fleire generasjonar i lag.
• Eit breitt kulturtilbod for alle generasjonar.
• God integrering og fleirkulturell samhandling.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for å:
• Støtte gode og varierte tilbod innan friluftsliv, idrett og e-sport.
• Gi støtte til forsamlingshus.
• Gi kyrkja økonomiske rammer som gir høve til å formidle kristen tru, omsorg og kultur.
• Verne om kulturminna og styrkja formidling kring dei.
• Støtte gode tilbod og aktivitetar på Kulturhuset og god drift av kulturskulen.
• Gi støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling.
• Arbeide for kulturelle tilbod og aktivitetar for pasientar og brukarar i pleie- og omsorgstenesta.
• Stimulere til rusfrie treffstader og føre ein restriktiv alkoholpolitikk
Natur og miljø
Suldal kommune er rik på naturressursar. Desse må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar. Til dette må Suldal ha god tilgang på god kompetanse, gjerne gjennom interkommunalt samarbeid.
KrF sitt mål er:
• Ei langsiktig arealplanlegging i kommunen.
• Planarbeid og drift skal ta omsyn til miljø, natur og jordvern på ein balansert måte.

For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
• Ta vare på strandsona for gode miljøomsyn, allmenn ferdsel og god estetikk.
• At landbruksarealet i kommunen vert oppretthalde.
• Tilrettelagde naturstiar med god informasjon og merking.
• Attraktive rasteplassar langs vegane i kommunen.
• Ein god ladeinfrastruktur i Suldal og heile Ryfylke.