Helsestasjon og legeteneste
- Vi vil arbeide for at prosjektstillinga som barne- og familieveileder på helsestasjonen skal gjerast om til ei fast stilling. Dette er eit svært viktig lågterskeltilbod, som kan førebygge større hjelpebehov seinare.
- Vi vil jobbe for at skulehelsetenesta skal ha gode rammer.
- Vi vil jobbe for å bevare eit legetilbod i Skåbu.
Skule
- Vi vil jobbe for at alle skulane i Nord-Fron skal ha ein miljøterapeut, for å kunne styrke arbeidet med å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar.
- Vi vil prioritere godt driftsnivå og god lærardekning i grunnskulen.
- Vi meiner at Sødorp og Barhaug skulekrets bør bli slått saman, og at det blir bygd ein ny 1.-7. – skule på Vinstra.
- Vi ønskjer eit fokus på korleis vi kan motivere ungdom til å fullføre skuleløpet. Her bør det mellom anna vurderast moglegheita for å kunne tilby ein alternativ skulekvardag. Det er viktig å sikre at alle skal oppleve meistring i sin skulekvardag.
Barnehage
- Vi ønskjer å oppretthalde eit godt driftsnivå og gi gode økonomiske rammer for barnehagane våre.
- Vi vil arbeide for at det fortsatt skal vere full barnehagedekning i kommunen.
- Det er viktig med kvalifiserte tilsette i barnehagane våre.
Barnevern
- Vi foreslår ei innføring i barnevernets oppgåver for folkevalde i starten av kvar periode.
- Vi ønskjer at barnevernstenesta skal ha dei nødvendige rammene for å drive førebyggjande arbeid og gi rettleiing til familiar.
Rusarbeid
- Vi vil følgje opp Rusmiddelpolitisk handlingsplan på best muleg måte.
- Ung i Midtdalen er ein svært viktig samarbeidspartner for kommunen når det gjeld førebyggande rusarbeid blant ungdom. Vi vil jobbe for at dette arbeidet fortsatt skal ha gode rammevilkår.
- Vi ønskjer at kommunen i større grad skal støtte og legge til rette for det førebyggjande arbeidet som frivillige aktører tilbyr ungdom. Tidleg innsats!
- Vi vil ha fokus på tidleg innsats ovanfor barn som lever i rusbelasta miljø, og vi meiner at den tidlegare nemnde barne- og familieveilederstillinga på Helsestasjonen er viktig også i dette arbeidet.
Eldreomsorg
- Vi meiner at det grunnleggjande i eldreomsorgen er verdigheit, både for bebuarar, brukarar og arbeidstakarar.
- Vi vil jobbe for ein god og stabil legedekning på Sundheim.
- Vi ønskjer at kommunen skal drive ein bevisst lærlingepolitikk med tanke på heilt nødvendig rekruttering til tenesta.
- Vi ønskjer eit variert aktivitets- og kulturtilbod for bebuarane på Sundheim.
- Vi vil arbeide for å styrke omsorga for menneske med demens, der eit godt dagtilbod til heimebuande demente vil vere spesielt viktig.
- Vi veit kor viktig song og musikk er for demente. Vi ønskjer at samarbeidet mellom Sundtunet og Kulturskulen skal vidareførast, og at det blir søkt om prosjektmidlar til dette.
Næringsliv
- Vi vil jobbe for at det skal regulerast inn nye attraktive næringstomter på Vinstra. Dette er alfa og omega for å kunne utvikle nye arbeidsplasser i kommunen vår. Her må kommunen gå i dialog med private grunneigarar, og etablere eit positivt samarbeid med desse.
- Vi vil jobbe for å styrke Næringsfondet, som også kan brukast til å gi eit tilskot til nyetableringar.
- Vi ønskjer ein restriktiv politikk når det kjem til hytteutbygging, for å ta vare på utmarksområde, friareal og beiteområde.
- Vi vil leggje til rette for ei bærekraftig utvikling i fjellområda og vil gje kommunal støtte til næringsverksemd som sikrar slike formål.
- Norge har eit spesielt ansvar for å bevare den einaste villreinstamma i Nord-Europa. Dette ansvaret ønskjer vi at Nord-Fron kommune skal ta på alvor, ved å sørge for gode levevilkår for villreinen.
- Vi vil vidareføre Landbruksfondet.
- Vi ser at det er svært viktig at dei blir oppretthalde ei god bemanning på Landbrukskontoret.
- Vi ønskjer å redusere kommunale avgifter og eigedomsskatt for singelhushaldningar.
Frivillig arbeid
- Vi meiner at alt frivillig arbeid er eit viktig supplement til lovpålagde kommunale tenester, og bidreg til auka folkehelse.
- Vi vil jobbe for at Frivilligsentralen og Elvekanten Aktivitetshus skal ha gode rammevilkår.
- Vi vil fortsette å stimulere og støtte det frivillige kultur- og idrettsarbeidet.
Busetting
- Vi meiner at kommunen må leggje til rette for at Nord-Fron skal vere ein attraktiv kommune å bu i for alle.
- Vi ønskjer eit attraktivt og godt tilbod på bustader og tomter. Informasjon om dette må vere lett tilgjengeleg for innbyggjarane våre og for folk som ønskjer å flytte hit.
Kyrkje
- Vi meiner at på bakgrunn av det viktige arbeidet kyrkja gjer i kommunen vår, må den ha gode og forutsigbare rammer for drift og utvikling.
- Vi meiner at kyrkja kan vere ein viktig bidragsyter og samarbeidspartner for kommunen på ulike tenesteområder, og ser verdien av eit godt samarbeid.
Kultur
- Vi vil oppretthalde og vidareutvikle eit godt kulturskuletilbod.
- Vi vil jobbe for at kommunale støtteordningar blir vidareført, slik at alle barn og ungdomar skal ha moglegheit til å delta i organisert fritidsaktivitet.