Kommuneprogram 2023-2027

PROGRAM FOR KLEPP KrF 2023-2027

Fundamentet til Klepp KrF

Visjon: Eit samfunn med plass for alle.

Vi vil styrka og vidareføra den kristne kulturarven i Norge. Det vil vi få til ved å føra ein politikk som er forankra i dei kristne og humanistiske verdiane, det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar.

Kristen kulturarv

  • Støttar skulegudstenester på alle skular og barnehagar i Klepp
  • Medverka til at kyrkjer, bedehus og frimenigheitar får gode arbeidsvilkår.
  • Kulturmidlar til barn og unge skal vera aktivitetsbasert og ikkje avhengig av om ein politisk eller ideologisk støttar organisasjonen.

Familie, barnehage og skule

  • Støtte til familiane, blant anna ved å:
  • Hjelpa til med å bevisstgjera foreldra i oppdragarfunksjonen. Dette som ledd i førebygging.
  • Skulane bør ha faste møte kor følgjande fagpersonar kan bli inviterte: Politi og andre fagfolk knytta til rus, spel på nettet, psykisk helse mm.
  • Satsa på kommunal foreldrerettleiing/kurs.
  • Satsing på lokalt fritidskort.
  • Søskenmoderasjon i barnehagar og SFO samla.
  • Fleksibelt barnehageopptak for å sikra full valfridom.
  • Styrka arbeidet kring barn og elevar med utfordringar ved styrking av PPT, helsestasjonen og godt tverrfagleg arbeid mellom faggruppene.
  • Vi må få til individuell tilrettelegging i skulen slik som t.d. «Inn på tunet» der barn får praktiske oppgåver i samråd med opplæringsplanen.
  • Ha eit felles verktøy mot mobbing.
  • Arbeida for å få til trygge skulevegar.
  • Arbeida for meir leik i skulestarten. 
  • I friminutt skal organisasjonsfridomen gjelda. Skulen skal tilrettelegga for at elevar har høve til å samlast i friminutt, uavhengig av ideologi og føremål når dette er innanfor norsk lov.

Helse, velferd og eldreomsorg

  • Arbeida mot utanforskap ved målretta tiltak for unge, uføre, flyktningar og eldre ved å:
  • Ha tilbod og fysiske tiltak for einsame unge/uføre unge.
  • Integrera flyktningar.
  • Føra vidare eit godt samarbeid med frivilligsentralen og med andre frivillige lag og organisasjonar.
  • Sikra ei eldreomsorg med høg kvalitet gjennom tilpassa butilbod og omsorgsnivå for ulike behov, tilstrekkeleg bemanning og kapasitet, og omsorg for heile mennesket.
  • Greia ut bufellesskap for eldre lokalisert i dei større busentra i kommunen.
  • Oppretta fleire stillinga som kulturkontaktar, og gå inn for at sjukeheimane i Klepp vert sertifiserte som «Livsglede sjukeheimar».
  • Arbeida for at tenestetilbodet i større grad vert utarbeidd i ein tett dialog mellom tilsette, brukarar og pårørande.
  • Arbeida for at det alltid er nok kapasitet i fastlegeordninga slik at alle skal kunna velja ein fastlege i kommunen.
  • Rekruttera og behalda helsepersonell mellom anna ved å ha gode arbeids- og lønsvilkår.
  • Arbeida for å få auka kompetanse for å kunna gi gode og trygge helsetenester.

Trivsel og livsglede i Klepp

  • Ved fortetting skal det tilretteleggast for gode buvilkår.
  • Vi må få ein plan for kultur og frivilligheit i Klepp. KrF er eit frivilligheitsparti.
  • Vi ønskjer å opparbeida eit mangfald av turvegare, blant anna ved å ferdigstilla turvegen ved Figgjoelva ved Øksnevad og laga gangveg/sykkelveg frå Orre til Hå.
  • Laga til utsiktspunkt mot Borestranda.
  • Støtta Jæren Friluftsråd, bl.a. ang. rydding av strendene.

Næring

  • I Klepp er landbruk ei viktig næring og kommunen må aktivt støtta ei vidareutvikling av denne næringa.
  • Vi må verna dyrka jord til produksjon av mat/for.
  • Vi treng nye areal til næringsutvikling. Vi vil arbeida for at nye areal kan utviklast utan at dette gjer bruk av produktiv landbruksjord.
  • Vi vil bidra til aktivt samarbeid mellom politikarane og næringsdrivande slik at næringslivet i Klepp kan få best mogleg rammevilkår.
  • Prioritera Jæren industripartner i kommunale anbodsrundar der det er mogleg.
  • Oppmuntra til gründerverksemd og blant anna arbeida for at Klepp årleg kan kåra og heidra gründarar og gründarverksemd.
  • Legga til rette for tilstrekkeleg med plassar i verna arbeid, aktivitetssenter PUH og tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne på ordinære arbeidsplassar.

Samferdsle

  • Utfordra stat og fylke angåande omkjøringsvegen Kverneland inkludert adkomst til E39.
  • Få til enklare standard på sykkelvegar. Kan føra til mindre bruk av jord. Jf. forsøk på Orre.
  • Oppretthalda eit godt kollektivtilbod.

Samfunn med plass til alle

  • Få til gode og trygge møteplassar for alle aldersgrupper.
  • Legga til rette for arbeid og fritidstilbod til personar med nedsett funksjonsevne.
  • Framleis støtte til kulturtilbod og aktivitetstilbod til barn og unge om sommaren.
  • KrF i Klepp vil arbeida for eit regionalt tilbod til dei som har teiknspråk som første språk i barnehage, skule og eldreomsorg.
  • Tilby kommunale bygg og lokale til frivillige aktivitetar.

Klima

  • La bærekraftmåla få betydning for kommunen ved til dømes:
  • Laga matsvinnplan.
  • Få ordning for hageavfall.
  • Arbeida for å få til gjenbruk av byggematerialar.
  • Igangsetjing av fleire biogassanlegg.
  • Legga til rette for bærekraftig næringspolitikk og naturforvaltning.

PROGRAM GJELDANDE FOR ULIKE KRETSAR

Orstad:

  • Ja til ny omkjøringsveg Kverneland dersom vi finn god finansierings-modell.
  • Vi ønskjer i samarbeid med Time å få til symjehall på Frøyland/Orstad.

Bore:

  • Rekreasjons- område/ utkikksplass v/Rein Bore.
  • Få til sykkelsti mellom Bore og til grensa mot Hå langs Nordsjøvegen.

Orre:

  • Få til sykkelsti mellom Bore og til grensa mot Hå langs Nordsjøvegen.
  • Få til hengebru over Orre-åna for gåande nede ved stranda.

Kleppe:

  • Forbetra innkjøringa til Jærhagen.
  • Arbeida for eit aktivt og levande Kleppe sentrum med gode møtestader for folk i alle aldrar.

Klepp stasjon:

  • Arbeida for å få realisert 9-ar kunstgrasbane på Klepp stasjon.
  • Arbeida for å få til ein fleirbrukshall på Klepp stasjon.

Tu:

  • Utvikla det gamle skuleområdet.