Kommuneprogram 2023-2027

Program Hå KrF                                                 

Ideologi og visjonar

KrF byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. Verdigrunnlaget vårt er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. I praktisk politikk kjem dette til uttrykk gjennom det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar.

KrF byggjer på overtydinga om at dei kristne verdiane er det beste grunnlaget for å utvikla politiske løysingar for samfunnet vårt og kommunen vår. Visjonen vår er å skapa eit varmare samfunn gjennom valfridom for familiane, jordvern, rusførebygging, moderne eldreomsorg, ein aktiv nærings- og landbrukspolitikk og kamp mot  fattigdom.

Samfunn

Gode lokalsamfunn vert bygde nedanifrå og opp. Hå skal vera ein trygg og driftig kommune, der alle skal oppleva seg sett og høyrde, og der den jærske dugnadsånda står sterkt.

Me vil:

  • sikra alle innbyggarane medverknad i kommunalt planarbeid.
  • følga opp vedtekne sentrumsplanar og legga til rette for aktive og attraktive sentrum i alle stasjonsbyane våre.
  • byggja nytt sambrukshus i Nærbø sentrum.
  • forbetra jernbaneundergangen i Nærbø sentrum og Varhaug sentrum, slik at aust- og vestsida blir betre knyta saman.
  • arbeida for utbygging av breiband i hele kommunen.
  • leggja til rette for gode tur- og lysløyper i kommunen.
  • vera lojale til gjennomført folkeavrøysting om kommunesamanslåing.
  • fortsetja det gode samarbeidet med dei andre kommunane på Jæren.
  • sikra god kvalitet på kommunale bygg

Barn og familie

Familien er den viktigaste sosiale eininga i samfunnet. Familien sjølv er best eigna til å avgjera korleis dei vil organisere kvardagen sin, og dei må kunna velja dette.

Me vil:

  • at kommunen skal ha barnets beste som perspektiv i alle saker.
  • at skule, barnehage, helsestasjon, barnevern og andre tenester må ha eit godt tverrfagleg samarbeid.
  • gje barn og unge gode, tilgjengelege og likeverdige tilbod.
  • vidareføra kommunal kontantstøtte for 2-åringar.
  • sikra kommunal kontantstøtte for 1-åringar, dersom den statlege kontantstøtta fell bort.
  • at kommunen skal ha meir foreldrerettleiing i barnehage og skule.  
  • arbeida for auka kapasitet og tverrfagleg kompetanse for å betra kvaliteten i barnevernet.
  • utvida ordninga med søskenmoderasjon til å gjelda på tvers av barnehage og SFO.

Barnehage

Det skal vera gode barnehagar med trygge vaksne i heile kommunen. Barnehagane skal vera prega av leik, læring, utvikling og trivsel.

Me vil:

  • fortsetja arbeidet med kompetanseheving for tilsette i barnehagen.
  • støtta opp om opne barnehagar.
  • prioritera tidleg innsats for barn med utfordringar.
  • styrka spesialpedagogbemanninga.
  • at barnehagen skal vera forankra i kristen kulturarv og verdiar.
  • heva kvaliteten på uteområda.
  • at barnehagane skal arbeida systematisk mot mobbing.
  • at det skal løyvast meir pengar til bemanning og plantid i barnehagane.

Skule

Ein god skule er grunnleggjande for å skapa ei betre framtid. Skulen skal vera ein god stad for læring, utvikling, leik og trivsel, der alle elevane opplever utfordring og meistring på sitt nivå.

Me vil:

  • ha ein skule med forankring i kristen kulturarv og verdiar.
  • ha ein skule med fokus på tidleg innsats, tilpassa opplæring, praktisk læring og elevmedverknad.
  • arbeida for gode arbeids- og rammevilkår for dei som arbeider i skulen, med det som trengst til leiing og undervisningsmateriell.
  • leggja til rette for godt samarbeid mellom skule og foreldre og føresette, grunna på tillit, forståing og respekt.
  • arbeida aktivt mot mobbing, både i og utanfor skulen.
  • behalda og vidareutvikla Høyland skule.
  • byggja ny 1.-7.-skule på Vigrestad ved idrettsanlegget.
  • reetablera biblioteket på Vigrestad.
  • sikra gode kantineløysingar ved alle skulene i kommunen.
  • styrka samarbeidet mellom skule og næringsliv for å auka elevane sin motivasjon gjennom meir praktisk undervisning.
  • vidareføra eit godt samarbeid mellom Hå kommune og Tryggheim skular.
  • gje leik meir plass i småskulen og gjera skulestarten mjukare. 

Ungdom

Ungdom i kommunen skal vera aktive og trygge, med ansvar for eigne liv og tru på framtida.

Me vil:

  • styrka skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom og sikra god og nødvendig tilgang på helsesjukepleiarar.
  • at Hå kommune skal ha minst to lærlingar pr. tusen innbyggjarar.
  • sikra godt samarbeid mellom ulike instansar som skal hjelpa unge.
  • tilby alle barn og unge god tilgang på aktivitetar i ferien, gjennom mellom anna Barn i juli og Ung i juli.
  • støtta opp om Barne- og ungdomsløftet.
  • arbeida for at alle unge skal verta inkludert i fellesskap, både på skulen og i fritida.
  • arbeida for at fleire unge i kommunen skal fullføra vidaregåande opplæring.

Seniorar

Seniorar er ein viktig ressurs i lønna arbeid og i frivillig innsats gjennom lag og organisasjonar.

Me vil:

  • ha ein personalpolitikk i kommunen, som legg til rette for å kunna stå lenge i arbeid.
  • leggja til rette for frivillig innsats, ikkje minst i helsesektoren.
  • vidareføra støtte til lag og organisasjonar.
  • leggja til rette for aktiv fritid og vidare leige av idrettshallar på dagtid.

Helse og omsorg

Kjerneverdiar i helsetenesta skal vera kvalitet, tryggleik, tilgjenge og omsorg. God folkehelse fremjar både trivsel, reduserer risiko for skade og sjukdom og gir samfunnsøkonomiske gevinstar.

Me vil:

  • at kommunen skal tilby helsetenester tilpassa den enkelte, som gir meistring, meining og mogelegheiter, uansett alder og funksjonsnivå.
  • bruka velferdsteknologi som gjer det trygt for eldre å bu heime.
  • fokusera på førebyggjande arbeid, gjennom mellom anna Frisklivssentralen.
  • auka bruk av heiltidsstillingar.
  • ta i bruk nye sjukeheimsplassar ved behov.
  • styrka dei heimebaserte tenestene

Rus- og kriminalitetsførebygging

Førebygging, særleg retta mot barn og unge, er det beste verktøyet for å kjempa mot rus og kriminalitet. Samarbeid mellom politi, kommune, lag og organisasjonar i lokalsamfunnet er ein føresetnad for å lukkast i dette arbeidet.

Me vil:

  • arbeida for ei verdig rusomsorg, som sikrar behandling, rehabilitering og ettervern med hjelp av både offentlege tilbod og ideelle organisasjonar.
  • ha restriktive, tryggleiksskapande reglar for sal og skjenking av alkohol.
  • stimulera til rusfrie ungdoms-, idretts- og kulturarrangement.
  • at alle arrangement i kommunal regi skal vera rusfrie.
  • støtta rus- og psykiatriførebyggjande tiltak blant unge.
  • at Hå kommune skal bli ein «Av-og-til»-kommune».
  • tilby hjelp til pårørande av personar som slit med rus, blant anna gjennom ordning med pårørandestøtte.

Livssyn, kultur og idrett

Hå har eit sterkt organisasjons- og foreiningsliv innan kristent arbeid, kultur og idrett.

Me ser verdien av eit livssynsope samfunn, og vil halda fram med gode kommunale støtteordningar for frivillig arbeid.

Me vil:

  • ta vare på den kristne kulturarven og gje gode rammevilkår for Den norske kyrkja, bedehusa og andre trussamfunn.
  • auka støtta til kulturbygg.
  • prioritera barn og unge når det gjeld økonomisk støtte til aktivitetar.
  • vidareføra dagens støtteordningar til idrettslag og andre foreiningar.
  • gje tilstrekkelege rammer for god aktivitet i fritidsklubbane.
  • at tildeling av kulturstøtte skal vera aktivitetsbaserte.
  • at barna skal få tilbod om skulegudstenester.
  • utvida opningstidene for symjehallane i kommunen.

Inkludering og integrering

Sjølv om dei fleste i Hå lever trygge og gode liv, er det for mange som av ulike grunnar står utanfor fellesskapet. KrF vil arbeida for at ingen i Hå skal falla utanfor.

Me vil:

  • at Hå kommune skal gå føre som inkluderande arbeidsplass.
  • at det skal vera nok Varig tilrettelagde arbeidsplassar tilgjengeleg.
  • støtta ordninga med utstyrsutlån.
  • ha gode støtteordningar for dei som ikkje klarer å betala for fritidsaktivitetar.
  • halda fram med «Alle med i Hå».
  • støtta frivillig arbeid for å motverka utanforskap.
  • at Hå kommune skal ta imot flyktninger på ein god måte.

Klima og miljø

Naturen, miljøet og klimaet er grunnlaget for samfunnet vårt, og me må forvalta det på ein ansvarleg måte.

Me vil:

  • vektleggja natur, klima og berekraft i arbeidet med kommunale planar.
  • at det skal vera enkelt og lønnsamt å velja klimavennleg, for både innbyggjarar og bedrifter.
  • leggja betre til rette for produksjon av fornybar energi, gjennom blant anna, solcellepanel og småskala vindmøller.
  • arbeida for gode energisparingstiltak, slik som etterisolering og bygging av fleire sensorstyrte gatelys.
  • arbeida for at nye kommunale bygg skal vere låg- eller plussenergibygg.
  • leggja opp til god infrastruktur for utsleppsfri transport og etablera fleire ladepunkt for elbilar.
  • redusera matsvinn i kommunen, og prioritera lokal- og norskprodusert mat.

Næring og landbruk

Kommunen skal vera ein konstruktiv og god samarbeidspartnar for både næringslivet og bonden.

Me vil:

  • vidareutvikla Kviamarka som eit regionalt næringsområde for næringsmiddelindustri.
  • prioritera jordvern og ikkje utfordra dei langsiktige jordverngrensene.
  • at kommunen skal opplevast som ein medspelar for bonde og næringsliv.
  • leggja til rette for næring knyta til reiseliv i kommunen.
  • arbeida for auka samarbeid med nabokommunane innan næringsutvikling.
  • at kommunen skal støtta innovasjon og gründerverksemd innan næring og landbruk.

Samferdsel

Det må vera lett å reisa mellom dei sju tettstadane i kommunen og vidare utover kommunegrensa. Først og fremst er det viktig at barn må kunna ferdast trygt, og at næringsliv skal ha gode transportvegar.

Me vil:

  • få på plass ringvegen nord for Nærbø, i første omgang fram til Torlandsvegen.
  • vidareføra ringvegen på Vigrestad, når transportanalysane viser det er behov.
  • etablera eit godt kollektivtilbod til Stokkalandsmarka, gjerne etter modell av «Hent Meg».
  • sikra gang- og sykkelsti mellom Varden og Brusand.
  • få fylket til å oppgradera Buevegen vidare mot E39.
  • gjera Jærbanen så attraktiv som mogeleg, med auka frekvens sørover.
  • halda presset oppe for dobbeltspora jernbane til Nærbø og vidare sørover.
  • fortsetja med skuleskyssordninga for elevane i Stokkalandsmarka.
  • leggja til rette for etablering og bygging av seniorbufellesskap.
  • ha gode aktivitetstilbod og dagsenter for eldre i alle delane av kommunen.