Vi har hjarte for Etnedal
Saman for eit varmt lokalsamfunn
Verdigrunnlaget vårt
Politikk og verdiar heng uløyseleg saman. Det er viktig no som før med mobilisering og refleksjon kring kva verdiar som tek vare på og vidareutviklar eit godt og varmt samfunn.
Kristeleg Folkeparti er eit sentrumsparti med eit politisk verdigrunnlag som er henta frå dei grunnleggande menneskerettane og den kristne kulturarven. Dette handlar for oss om:
Menneskeverd – Alle menneske har same verdi, frå unnfanging til livets slutt
Kjærleik til nesten vår – Nestekjærleik gjeld overfor alle, og den krev aktiv handling. Vi ynskjer å kjempe for sårbare grupper i samfunnet
Fellesskap – Samarbeidet mellom det offentlege, det private og det frivillige må haldast sterkt, og vi er særleg oppmerksame på at alle skal ha rom i fellesskapa våre
Forvaltaransvar – Alle har ansvar for miljøet rundt seg – både det fysiske og det mellommenneskelege. Det inneber at alle har ansvar for å bidra til ei rettferdig og god fordeling av ressursane vi rår over
Etnedal KrF vil samarbeide med politiske parti som i størst mogleg grad støttar programmet vårt, verdiane våre og dei politiske målsettingane våre.
Etnedal KrF vil i neste valperiode legge vekt på:
Oppvekst og utdanning
KrF sitt overordna barne- og familiepolitiske mål er at:
Alle barn har ein trygg og god oppvekst
Alle barn og unge har eit trygt og utviklande nærmiljø
Foreldre har tilbod om hjelp i krevjande situasjonar
For å oppnå dette vil Etnedal KrF:
- At helsesjukepleiar skal vere lett tilgjengeleg
- At barnehage og skule skal ha høg kvalitet, med god menneskeleg og fagleg kompetanse
- Arbeide for tidleg innsats overfor barn, unge og føresette som treng det
- Arbeide for at godt tverrfagleg samarbeid for å gje best mogleg hjelp til utsette barn og familiane deira gjennomførast
- Ha eit kompetent interkommunalt barnevern, ha god tverrfagleg innsats og ha rett hjelp med trygg ivaretaking av både barn og vaksne
- Ha gode rutinar og planer for handling dersom mobbesituasjonar oppstår
- At barna sine behov vert take vare på ved planlegging og utbyggingar
- Utvikle og halde leikeplassane og uteområde ved barnehagen, skulen og i parken på Bruflat i trygg, inspirerande og forsvarleg stand
Kommuneutvikling
KrF sitt mål er:
- Å gje innbyggjarane gode og naudsynte tenester
- At fastbuande, hytte-etnedølen og gjestar i kommunen finn seg godt til rette
- For å oppnå dette vil Etnedal KrF arbeide for:
- At Etnedal held fram som eiga kommune
- At det interkommunale samarbeidet er godt og at alle Valdreskommunane i størst mogleg grad står saman om dei interkommunale oppgåvene
- Gode utgreiingar som grunnlag for vedtak
- At vi saman med lokalt næringsliv legg til rette for behovsretta rekruttering og lærlingplassar
- At naudetatane dekker oppgåvene i kommunen på ein forsvarleg måte
- Å vidareutvikle kommunesentrum
- At kommunen driv ein aktiv bustadpolitikk
Naturmiljø
Etnedal kommune er rik på naturressursar. Desse må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar. Til dette må Etnedal ha god tilgang på god kompetanse, gjerne gjennom interkommunalt samarbeid.
KrF sitt mål er:
- Ei langsiktigarealplanlegging i kommunen
- Planarbeidetta omsyn til miljø, natur og jordvern på ein balansert måte
For å oppnå dette vil EtnedalKrF arbeide for:
- God forvaltning av vassdraga
- Atvert oppretthalde
- Nytteøkonomiske løysingar i kommunale bygg
- At klima og miljø blir teke omsyn til ved kommunale anbod og innkjøp
- Ei trygg og tilgjengelegi heile kommunen
- Naturstiar med informasjon og merking
- Attraktive langs vegane i kommunen.
Kulturfritid
KrF sitt mål:
Eit variert lags- og organisasjonsarbeid, med særleg vekt på barne- og ungdomsarbeid
Auka fokus på tiltak som gjeld fleire generasjonar i lag
Eit kulturtilbod for alle generasjonar
God integrering og fleirkulturell samhandling
For å oppnå dette vil Etnedal KrF arbeide for å:
- Støtte gode ogtilbod innan friluftsliv og idrett
- Gje kyrkja økonomiske rammer som gir høve til å formidle kristen tru, omsorg og
- Verne om og styrkja formidling kring dei
- Støtte godeog aktivitetar på og god drift av
- Gje støtte tilmed fleirkulturell samhandling
- Oppretthalde den Kulturelle Skulesekken
- Tilby kulturelle tilbod og aktivitetar for pasientar og brukarar som bur på Etnedalsheimen, boligane omkring og på Bruflat
- Stimulere til treffstader og føre ein restriktiv alkoholpolitikk
- Ha kommunal drift av ein trygg og attraktiv ungdomsklubb
Helse og omsorg
KrF sitt mål er:
God fysisk og psykisk folkehelse gjennom satsing på førebyggande tiltak
Høg kvalitet og kompetanse i alle ledd, med evne og vilje til tverrfagleg samarbeid når det er naudsynt
At innbyggjarar og tilreisande får forsvarleg tilbod om hjelp når dei treng det
For å oppnå dette vil Etnedal KrF:
- Arbeide for at dei som ynskjer det, kan bu heime så lenge det er forsvarleg
- Uansett buform skal brukarane oppleve tryggleik og verdigheit i omsorga som blir gitt.
- Legge til rette for velferdsteknologi som eit supplement til omsorga.
- Sikre drift og tilgjengelegheit av gode dagsentertilbod for dei eldre i kommunen
- Arbeide for god tverrfagleg hjelp når behova er samansette og langvarig
- Legge til rette for at frivillige, i samarbeid med dei tilsette, kan delta i utvalde oppgåver der det er ynskjeleg
- Bygge vidare på samarbeidet med frivillige gjennom kommunalt støtta Frivilligsentral
- Ha eit demensvenleg samfunn
- Støtte haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus
Landbruk/næringsliv
KrF sitt mål er:
Eit blomstrande og levedyktig landbruk og nærlingsliv i Etnedal
For å oppnå dette vil Etnedal KrF arbeide for at:
- Vi fører ein arealpolitikk som sikrar jordvern og bu- og driveplikt
- Vi har attraktivt næringsareal tilgjengeleg
- Etnedal kommune kan bistå næringslivet i Etnedal
- Innan bygg- og anleggsverksemd
- Innan skogbruk
- Innan jordbruk
- Innan anna næringsverksemd
Kommunikasjon og infrastruktur
KrF sitt mål er:
Gode fylkesvegar og gode kommunale vegar i Etnedal
Full mobil- og breibandutbygging for alle i kommunen
Kollektivtilbod til Dokka/Gjøvik og Leira/Fagernes
For å oppnå dette vil Etnedal KrF arbeide for:
- At utbetringa som er påbegynt på Steinsetbygdvegen har full satsing, slik at kvalitet og tidshorisont er til glede for innbyggjarane
- At Venstrevegen og fylkesvegen gjennom Bakkebygda får naudsynt utbetring snarleg
- Utbetring for mjuke trafikantar
- Naudsynt utbygging av mobil- og breibanddekning i heile kommunen vår
- Aktiv og tverrpolitisk jobbing inn mot fylkeskommunen for å nå måla våre
Valliste Etnedal KrF
Asmund Wold, f. 1951
Håvard Telstø, f. 1974
Magnhild Claudius, f. 1985
Anne Marit Stensæter, f. 1957
Olav Agnar Wold, f. 1974
Anne Marte Telstø, f. 2004
Knut Erik Frøberg, f. 1944
Liv Gjertrud Telstø, f. 1976
Kåre Ingvar Johansen, f. 1943
Unni Frøberg, f. 1943
Sigurd Skogstad, f. 1943
Ingrid Sveen, f. 1970