Politisk program

Bykle KrF – Program for 2023-2027

Me går inn i ei spanande tid der kommunen står ovanfor viktige prioriteringar. Kraftinntektene har dei siste åra gått kraftig opp, og det vert derfor viktig å forvalte overskotet på ein god, fornuftig og berekraftig måte for innbyggjarane og kommunen si framtid. Det blir òg viktig å styrke samarbeidet mellom dei ulike aktørane i næringslivet og turistverksemda, samstundes som det skal leggjast til rette for nye og ulike typar arbeidsplassar i eit langtidsperspektiv slik at folk vil bu i kommunen. KrF vil vere offensive og leggje til rette for utvikling og vekst. Vel så viktig er det å byggje eit samfunn for barna våre, eit samfunn som inkluderer alle og som er tufta på dei myke verdiane.

KrF byggjer sin politikk på den kristendemokratiske ideologi. Vårt verdigrunnlag er tufta på den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar og har si forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

KrF meiner at me finn tryggleiken fyrst og fremst i det menneskelege fellesskap i alle samanhengar – familie, vener, nærmiljø. Me treng kvarandre – eg treng nokon og nokon treng meg. Kva fellesskapet i friviljuge organisasjonar har å seie for det einskilde menneske og samfunnet si utvikling, kan ikkje målast i pengar. Derfor vil KrF støtte opp om tilskotsordningar til lag, foreiningar og organisasjonar som bidreg til gode menneskelege fellesskap.

Ein trygg oppvekst

For born er familien den mest grunnleggjande arena for tilhøyrsle, nærleik og fellesskap. KrF vil leggje til rette for sterkare og tryggare familiar som har valfridom og fleksibilitet til å velje løysingar som er best for seg og sine born. KrF vil ha eit lokalsamfunn som set borna fyrst. Ein god barndom varer heile livet.

Bykle KrF vil:

  • auke satsing på aktivitetar for born og unge, som til dømes skate- og padlehall.
  • ha fokus på borne- og ungdomsarbeid, til dømes ved å støtte friviljug sektor som bidreg til ein god barndom og gode, inkluderande fellesskap for born og ungdom.
  • arbeide for at foreldre og born skal ha det godt saman gjennom å støtte inkluderande fritidstilbod for heile familien.
  • støtte opp om førebyggjande kurs og tilbod rundt foreldrerolle, familie og samliv.
  • ha fokus på førebygging av uønskt svangerskap og gode støtteordningar for unge, einslege foreldre. 
  • at barnetrygda vert halden utanfor berekninga av sosialstøtte til foreldre.
  • ha større fokus på haldningsskapande arbeid med tanke på tidsbruk i vårt digitaliserte

samfunn.  

  • hindre utbygging som innskrenkar friluftsområda rundt skulane og barnehagane.
  • at foreldre vert høyrt i barnehage og skule, bla ved å tydeleggjere og styrkje rollar og mandat for foreldreutval osb..
  • ha gode barnehagar og skular som har pedagogisk personale med solid lærarutdanning. 
  • satse på grunnskulen ved å oppretthalde fagleg nivå og å auke fokus på psykisk- og fysisk helse, til dømes ved å førebyggje mobbing og å leggje til rette for fysisk aktivitet.
  • ha nulltoleranse for mobbing! Ingen born skal oppleve å verte utestengd eller mobba. For å sikre dette må alle vaksne ta ansvar, både foreldre og tilsette og leiarar i barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Me støttar forslaget frå Krf sentralt om å innføre eit mobbeombod i kommunen.   
  • motverke psykiske problem blant born og unge gjennom å ha kompetente helsesjukepleiarar, sosiallærarar og medvitent fokus på born og unge si psykiske helse.
  • ha eit sterkt tverretatleg samarbeid om tidleg innsats. Det tverrfaglege kjernegruppearbeidet må brukast på alle aldersnivå.
  • at dei unge si stemme skal verte høyrt ved aktiv satsing på ungdomsrådet.
  • halde fast på støtteordningar som gjev reduserte prisar på sesongkort i badeland og på skisenteret, som er i tråd med KrF si fritidskortordning.
  • leggje til rette for utvikling av Hovden Skigymnas.
  • byggje nytt internat eller nye hybelbygg til gymnaselevane med moderne standard slik at Hovden skigymnas framleis vil vere konkurransedyktig i møte med stadig fleire utdanningsalternativ.  
  • arbeide for fleire ungdomsbustadar i Bykle kommune.
  • gjeve økonomisk støtte til bedrifter som legg til rett for lærlingplassar, og fylgje opp ungdom som står i fare for å verte dropout i skule.
  • leggje til rette for ulike former for delingsøkonomi, til dømes utlån av sportsutstyr som tiltak mot utanforskap. 

Helse, omsorg og levekår

Vørdnad, solidaritet og menneskeverd står sentralt i våre ambisjonar for kommunen sitt helsetilbod. Fellesskapet har eit ansvar for å ivareta Bykle sine innbyggjarar i sårbare fasar i livet – dei som slit med fattigdom, einsemd, fysiske- og psykiske helseplagar, rus- og alkoholproblem. Dette kan resultere i at dei hamnar utanfor arbeidsliv og sosialt fellesskap.

Bykle KrF vil ha auka fokus på førebyggjande tiltak for å fremje god fysisk og psykisk helse ved å:

  • arbeide for eit verdig bu- og tenestetilbod for innbyggjarar som slit med rus og psykiske utfordringar.
  • satse på helsefremjande aktivitetar som kan førebyggje livsstilssjukdommar.
  • arbeide for ein restriktiv alkoholpolitikk i kommunen, blant anna ved å jobbe for alkoholfrie soner samt stramme inn på alkoholservering der born er i nærleiken.
  • at arrangement i kommunen sin regi skal vere alkoholfrie.
  • styrkje NAV for å sikre tilgjengelegheit, og ha fokus på å førebyggje utanforskap.
  • at det skal vere eit godt lege- og helsetenestetilbod både i Bykle og på Hovden, med individuell oppfølging etter behov.
  • sikre god legevakt og ambulanseteneste. Spesielt for å handtere akuttmedisinske tilstandar som t.d. hjerneslag, slik at ein sikrar trygg transport til sjukehus innan tidsgrense for behandling.
  • støtte friviljuge organisasjonar som bidreg til at innbyggjarar utanfor arbeidslivet kan vere ein del av eit meiningsfylt fellesskap.
  • oppretthalde satsinga på skulehelsetenesta.
  • styrkje den offentlege tannhelseteneste i kommunen.

God alderdom

Eldre skal vere ein del av eit godt fellesskap ut frå sine føresetnadar. Dei har kunnskapar og røynsle som me treng. Samstundes har dei individuelle behov for hjelp når alderen set sine spor.

Bykle KrF vil:

  • ha valfridom og individuell tilpassing for dei eldre slik at det er godt å verte gamal i Bykle.
  • ha fokus på at eldre sine meiningar om det som skjer i kommunen, vert høyrt.
  • skape arenaer der eldre sine kunnskapar, røynsler og ressursar kan verte brukt i møte  mellom generasjonar.
  • at det i heimeforhold og omsorgsbustad vert lagt til rette for at eldre og demente kan vere buande der dei ynskjer, lengst mogleg, bl.a. ved velferdsteknologi som kan gjeve meir tid til personleg kontakt.
  • samarbeide med og gjeve støtte til organisasjonar som legg til rette for møteplassar for eldre og unge.
  • halde fokus på livskvalitet og trivsel hjå dei eldre, til dømes gjennom satsingar som «Livsglede for eldre».
  • støtte opp om drift av friviljugsentralen.

Kultur og fritid

KrF vil ha eit samfunn der me bryr oss om kvarandre og stillar opp for kvarandre. Friviljuge- og ideelle organisasjonar er heilt avgjerande for nettopp dette. Eit mangfaldig kultur- og fritidstilbod er viktig fordi det gjev oss opplevingar og perspektiv som er naudsynte å ha med oss som menneskje.

Bykle KrF vil:

  • arbeide for ein kulturpolitikk som gjev gode vilkår og styrkjar både det friviljuge, det offentlege og det profesjonelle kulturlivet.
  • arbeide for fleire kulturelle tilbod, fleire samlingspunkt med moglegheit for sosialt samvær som sikrar eit varmt og inkluderande bygdesamfunn.
  • støtte og oppretthalde kulturtilbodet i kommunen gjennom kulturskulen og lag og foreiningar.
  • stimulere til samarbeid mellom kulturskulen, kyrkje-, trus- og livssynssamfunn, lag og foreiningar for å betre utnytte ressursar. 
  • at verdigrunnlaget i ”Inkluderande læringsmiljø” skal prege arbeidet med kultur- og fritidsaktivitetar i både offentleg og friviljug sektor. Eit spesielt ansvar har me for å inkludere minoritetar.
  • leggje til rette for eit aktivt integreringsarbeid både for innvandrar og nordmenn som flyttar til kommunen.
  • støtte opp om drift av fleirbrukshall på Hovden for kommunen sine born og ungdom og for turistverksemd.
  • arbeide for vederlagsfri leige av bygg og fri kopiering for lag og foreiningar i kommunen.
  • arbeide for utvida opningstider og meir aktivitet på grendehuset i helger og feriar, slik at Hovden vert ein meir attraktiv stad å vere for fastbuande og turistar.
  • oppretthalde Byklestipendet.

Næringsliv og arbeidsliv

Næringspolitikk handlar om å leggje til rette for at eksisterande næring har moglegheit for å vakse vidare og at gründarar og nyetableringar får gode vekstvilkår i kommunen. Det å ha eit arbeid å gå til er eit av dei viktigaste verkemidla for å unngå utanforskap. For å få dette til må alle næringar frå primærnæring til den digitale næring vere delaktige. KrF vil arbeide for ei heilskapleg næringsutvikling. Me har ikkje berre tanke for økonomisk vinning, men òg for miljø og «sosial kapital». Derfor vil me:

  • utvikle næringar basert på ”rein energi”. Det grøne skifte må speilast i nærings- og arbeidsliv.
  • styrkje primærnæringa med omsyn til kortreist mat.
  • syte for eit aktivt og levande landbruk.
  • satse på nytenking, som til dømes gardsturisme og tamreindrift.
  • styrkje jordvern i arealplanlegging.
  • ha eit spesielt fokus på å leggje til rette for at ungdom under 30 år får tilbod om arbeid/utdanning.
  • leggje til rette for og regulere næringsareal i Bykle og på Hovden.
  • støtte opp om vidareutvikling av turistattraksjonar og turløyper. 
  • leggje til rette for næringsverksemd og nyetableringar, til dømes ved tilskot og etableringskurs/idekurs.
  • verne om heilagdagar som familiedag ved å redusere sundagsope butikkar.  
  • arbeide for eit godt arbeidsmiljø på arbeidsplassane i kommunen.
  • motarbeide sosial dumping i arbeidslivet.
  • styrkje samarbeid mellom bedrifter og NAV.
  • vidareutvikle Bykle kommune som eit attraktivt turistmål gjennom aktiv turistinformasjon.
  • kjempe for eigedomsskatt for verk og bruk.

Bustadmiljø og infrastruktur

Ein god bustad i eit godt og trygt miljø er eit av fundamenta for trivsel og velvere. I tillegg er det viktig at bustaden vert tilpassa dei livsfasar me er i.

Bykle KrF vil:

  • at alle reguleringsplanar og områdeplanar skal ha satt av areal til offentlege føremål for å sikre naudsynt areal til offentlege bygg, leikeplassar osb..
  • leggje til rette for utvikling av bustadområde.
  • arbeide for fleire offentleg leikeplassar.
  • jobbe for framleis utbygging av Rv9, stamveg med gul stripe.
  • sjå til at vegprosjekta i Bykle og på Hovden som syter for trafikktryggleik, særskilt trygge skulevegar, kjem i hamn så snart som råd.   
  • ha fokus på eit godt elektrisk lokalbusstilbod i kommunen som gir auka mobilitet og valfridom i kvardagen.
  • leggje til rette for to levande bygdesenter.
  • arbeide for at Bykle framleis vert eigen kommune, men med gode samarbeidsavtalar med nabokommunane.
  • gjere det attraktivt for familiar som har heimekontor.
  • bidra til drift av nærbutikk i Byklebygda og støtte opp om tiltak som kan skape eit levande bygdesamfunn.
  • oppretthalde busstilbodet Haukeligrend-Bykle i helger.
  • ha større fokus på universell utforming utandørs.

Natur og miljø

Å ta vare på natur og miljø har mykje å seie for livskvaliteten til oss alle. Naturen er livsviktig for at me kan leve. Me treng at naturen er berekraftig, at me kan dyrke mat, oppleve rekreasjon ved å ferdast i skog og mark.

Bykle KrF vil:

  • støtte opp om ordningar som reduserer kasting av matvarer.
  • kjempe mot forureining for å ta vare på miljøet og naturlandskap, blant anna ved å satse på fornybar energi – som til dømes flisfyring og solenergi.
  • satse på kjeldesortering, kompost og attvinning – deriblant attvinningshall på Tykkås.
  • ha fokus på at kommunen skal prøve ut elbilar i kommunale tenester.
  • arbeide for ei deleordning med elektriske bilar og elektriske syklar.
  • ha utleieordning av elsyklar i Bykle kommune. 
  • arbeide for å aktivisere born og unge, og få dei til å vere meir ute i naturen.
  • arbeide for å unngå bygging av fritidsbustadar i attraktive tur- og fritidsområde. 
  • sikre fri ferdsel i utmark.
  • sikre fjell og hei som ein stor ressurs for kommunen.
  • sikre at fjellet er tilgjengeleg som eit godt alternativ til rekreasjon for kommunen sine innbyggjarar, til dømes vegen til Urar.
  • ha ei sunn regulering av jakt og fiske.
  • stimulere til auka bruk av naturen ved å legge til rette turområder og anlegg – som til dømes dagshytte på Hovdenuten.
  • ta vare på Hegni som eit godt rekreasjonsområde for folk som treng flatt område.
  • utarbeide ein plan for vidareutvikling av friluftsområda Hegni og Storetjønn, samt bobilcamp ved Sarvsdammen.
  • fornye og vidareutvikle miljøfyrtårnstatusen.
  • satse på miljøvenlege løysingar i innkjøp og ved byggjeprosjekt.
  • sikre ein grøn profil.