Kristeleg folkeparti er i alt sitt politiske arbeid forplikta på det kristne menneskesynet, nestekjærleiksbodet, tenesteoppdraget og forvaltaransvaret.
Kyrkje og kristenliv
KrF vil arbeida for:
- å gi kyrkja gode økonomiske vilkår til å utføra oppgåvene sine.
 - godt vedlikehald av kyrkje og gravplass.
 - gode vilkår for frivillig arbeid.
 
Skule og barnehage
KrF vil arbeida for:
- auka støtte til born som treng ekstra oppfølging
 - å gi kurstilbod til lærarar og foreldre som har born med spesielle behov.
 - at kristne grunnverdiar skal prega skule og barnehage.
 - tilrettelegging til meir samhandling mellom heimane og skulen
 - at barnehagetilbodet og skule må vera mest mogleg knytt til naturen og nærmiljøet.
 - meir leikbasert læring i småskulen
 - meir praktisk læring i skulen
 
Alkohol, narkotika og andre rusmidlar
Rus er framleis årsak til store helse- og sosialproblem i landet.
KrF vil arbeida for:
- å støtte gode, rusfrie fritidstilbod.
 - at kommunale tilstellingar er rusfrie.
 - ein restriktiv alkoholpolitikk.
 - god kontroll med verksemder og lag som har løyve til å selja alkohol
 - eit aktivt og målretta kommunalt rusførebyggjande arbeid.
 
Helse og omsorg
KrF ynskjer å skapa trygge livsvilkår for alle som bur i Bokn.
KrF vil arbeida for:
- å sikra eit godt førebyggjande helsearbeid for alle.
 - at psykisk sjuke får eit tilstrekkeleg tilbod.
 - at det er tilgjengelege bustadar til innbyggjarar med spesielle behov
 
Kultur og verdival
KrF vil arbeida for:
- aktivt og godt samspel mellom det frivillige og det offentlege.
 - å støtte arbeidet som vert drive av frivillige og frivillige organisasjonar.
 - å støtte varierte aktivitetar for eldre
 - å støtte fleirkulturelle aktivitetar
 - et aktivt og positivt ungdomsmiljø
 
Familiepolitikk
Familien er den grunnleggjande byggesteinen i samfunnet vårt.
KrF vil arbeida for:
- å styrkja regionalt samarbeid om familierådgiving og samlivskurs.
 - at alle barn uansett familieforhold blir tatt vare på og får omsorg og gode oppvekstvilkår.
 - at familiar som treng hjelp må få dette mest mogleg gjennom heimebaserte tiltak.
 - at kommunen gir god informasjon om Boknasamfunnet til innflyttarar, og at det blir kjekt på
 
Bokn for alle.
Næringsverksemd
Eit velfungerande og aktivt næringsliv er ein føresetnad for å sikra velferdssamfunnet.
KrF vil arbeida for:
- god service og kort handsaming frå kommunalt hald.
 - fleire nye arbeidsplassar på Bokn
 - å sikra næringsareal med lett tilgang til sjø.
 - at det vert laga kvileplass for tungtransport m/service på Bokn
 - godt samarbeid med andre kommunar på Haugalandet om næringsutvikling.
 - godt vedlikehald av kommunale vegar og eigedommar.
 - å få ein god utvikling på område frå og med Knarholmen og sørover.
 - å tilføre næringsfondet meir midlar
 - å realisere hamneprosjektet på Austre Bokn
 
Jordbruk
Eit aktivt jordbruk i Bokn er nøkkelen til det varierte kulturlandskapet vi har i dag.
KrF vil arbeida for:
- å leggja til rette for eit attraktivt og produktivt jordbruk.
 - å sikra at bu- og driveplikta vert håndheva.
 - vern av dyrka og dyrkbar jord, ved at jord ikkje blir bustad- eller næringsområde.
 - å oppmuntra til at jordbruksjord utan bygningar vert seld som tilleggsjord.
 
Kommunikasjon og samferdsel
Gode kommunikasjonsløysingar er viktig for å sikra busetting og næringsliv i alle deler av kommunen.
KrF vil arbeida for:
- god planløysing for E39 gjennom Bokn
 - minimalisere inngrep i miljøet ved bygging av ny E39
 - å få ruste opp kommune- og fylkes vegar til eit høgare akseltrykk
 - å betre kollektivtilbodet for vidaregåande elevar frå Bokn
 
Miljø og natur
KrF vil arbeida for:
- å ta vare på den varierte og fine naturen i kommunen.
 - å legge til rette for balansert bruk av naturen til friluftsliv og næring
 - stimulere tiltak som kan stoppe tilgroing.
 - stimulere til energisparande tiltak og bruk av nye energikjelder.
 - mindre bruk av plast
 - å motivera til «plogging»
 
(plogging er en mosjonsform som kombinerer jogging og plukking av boss)
Bustadbygging
KrF vil arbeida for:
- at kommunen har regulerte områder til husbygging på meir en ein plass.
 - at kommunen legg til rette for byggefelt med varierte og attraktive tomter.
 - at det er mogleg å byggja større hus med fleire bueiningar med livsløpsstandard