Ålesund KrFs Kommuneprogram
2023-2027
KrF sin politikk lokalt og sentralt er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og ansvaret for å forvalte skaparverket til gode for komande generasjonar. KrF vil at innbyggarane kan kjenne seg trygge og ha eit godt tenestetilbod av same kvalitet uansett kvar dei bur i kommunen.
Ålesund KrF vil:
- auke delen fagutdanna i barnehage og grunnskule for å styrke det tverrfaglege laget rundt barn og unge.
- sikre attraktive arbeidsplassar innanfor helse- og omsorg der ansvar er i samsvar med kompetanse.
- at kommunen samarbeider tett med frivillige lag og organisasjonar for å heve kvaliteten i kommunale tenester innanfor kultur, oppvekst og helse.
- innføre behovsprøvd fritidskort og busskort for å motverke utanforskap.
- styrke det profesjonelle og frivillige kulturarbeidet i kommunebudsjettet.
- at Ålesund kommune tilset næringssjef som sikrar lokalt næringsliv fagleg støtte og tett dialog med politisk og administrativ leiing.
- vidareutvikle eit levande og attraktivt bysentrum med gode byrom for lokalbefolkning, næringsliv og turisme.
- arbeide for at Ålesund blir ein attraktiv universitetsby for norske og utanlandske studentar.
Barnehage, skule og familie
Ålesund KrF vil
- auke delen fagutdanna i barnehage og grunnskule
for å styrke det tverrfaglege laget rundt barn og unge. - at grunnskulen skal bygge på verdiane i vår kristne og humanistiske kulturarv.
- legge til rette for arenaer i skulen der barn og unge kan samlast og praktisere si tru.
- at kristne og ideelle organisasjonar får etablere barnehagar og skular i kommunen.
- at god kartlegging og tidleg innsats skal vere styrande for tilbodet til det einskilde barnet.
- øke andelen ansatte per barn i barnehage og skole for å sikre tettere oppfølging for den enkelte elev.
- arbeide for ei meir praktisk retta undervisning i grunnskulen. Vi meiner Ålesund kommune bør søke om prosjektmidlar over ein 3 års-periode og klargjere ledige skular for prosjektet.
- styrke den praktiske tilnærminga til fleire fag i grunnskulen gjennom samarbeidsprosjekt som Ungt entreprenørskap, Vitensenteret ved Atlanterhavsparken, Verkstad Da Vinci og Newton-rommet.
- ha ein mobbefri skulekvardag for alle elevar og gode psykososiale tilbod i skulen. Vi ønsker å opprette mobbeombod for grunnskulane i kommunen.
- ha eit prøveprosjekt der ein tek i bruk frivillige til leksehjelp, miljøarbeid, vakt i friminutta og andre oppgåver som kan ivaretakast av frivillige.
- jobbe for at familiane skal sikrast barnehageplassar i eigen bydel.
Helse og velferd
Ålesund KrF vil
- sikre attraktive arbeidsplassar innanfor helse- og omsorg der ansvar er i samsvar med kompetanse.
- vidareutvikle kommunen sitt tilbod til barn og unge innanfor psykisk helse.
- at Ålesund har tilstrekkeleg sjukeheimsplassar og tilbod med heildøgns omsorg og pleie.
- sikre legevaktteneste ved Ørskog legekontor.
- arbeide for at Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) og privateutbyggjarar bygg fleire nye tilpassa bustader, for dei som er avhengig av tilsyn og omsorg heime. Vi ønsker også å opne for ideelle og private aktørar i drift av heimebasert omsorg og sjukeheimsdrift, i offentleg regi.
- styrke den heimebaserte omsorga slik at fleire kan framleis bu heime når helsa svikter.
- styrke tilbodet om avlastning for pårørande til heimebuande menneske med demenssjukdom.
- sikre at kompetansen for lindrande behandling for menneske i sluttfasen av livet vert gjort meir tilgjengeleg, også i heimane gjennom ambulante team.
- at omsorgssentera i kommunen skal kunne gi tilbod om åndeleg omsorg – gjerne i samarbeid med frivillige aktørar.
- at universell utforming av infrastruktur og tenester skal prioriterast i all planlegging.
- at folkehelsearbeidet må forankrast på tvers av alle sektorane i kommunen.
- at livsstil, ernæring og kosthald får auka fokus ifrå kommunen, i skulehelsetenesta, biblioteka, på internettsidene våre og i andre digitale kommunikasjonsformer.
- styrke bruk av velferdsteknologi på ein etisk forsvarleg måte, tilbeste for brukarane.
- arbeide for å redusere bruk av narkotika og styrke førebygging,behandling og rehabilitering. KrF seier nei til legalisering og avkriminalisering av narkotika.
- fremje alkoholfrie arenaer i kommunen.
Kultur, Idrett og friluftsliv
Ålesund KrF vil
- styrke idretts- og kulturarbeidet i kommunebudsjettet.
- at det vert laga ein ny kulturplan.
- styrke og vidareutvikle kulturskulen og betre fasilitetane slik atendå fleire kan få eit godt tilbod innafor si interesse.
- sikre allmenn tilgang til friareal i nærleiken av skular ogbustadfelt av omsyn til folkehelsa.
- ha langsiktige planar for utbygging av turvegar/turstiar samtgang- og sykkelvegar i heile kommunen.
- at den gamle postvegen mellom Sjøholt og Vestnes vert rustaopp til turveg i samarbeid med Statens vegvesen og andrepartar.
- vidareføre Borgundfjordstien vestover via Prinsen-området til Borgundgavlen.
- fullføre turvegen frå Storhaugen til Emblemsanden.
- regulere ny køyreveg til Grønevollen for å sikre trygg, allmenn tilkomst til Emblemsfjellet.
- bygge eit fullstendig tribune, speaker og nytt garderobeanlegg samt utstyrsbod inkludert treningsstudio på sørsida av Aksla stadion, i tillegg til ferdigstilling av påbegynt lysanlegg.
- reetablere open idrettshallkonsept for ungdom og unge vaksne i nokon av kommunens idrettshallar laurdag kl. 21:00-01:00, gjerne med kulturelle innslag.
Inkludering, solidaritet og frivillig engasjement
Ålesund KrF vil
- at Ålesund kommune skal vere ei sikker hamn for menneske som flyktar frå krig og forfølging.
- flyktningar som buset seg i Ålesund, må inkluderast gjennom skule, arbeid og fritidsaktivitetar slik at dei kan ta del i og vere ein ressurs for samfunnet.
- vidareføre «Fargespill» som eit fast tiltak og årleg kulturarrangement.
- opprette ungjobbsentral for å gi fleire ungdommar nyttig arbeidserfaring.
- at kommunen samarbeider tett med frivillige lag og organisasjonar for å heve kvaliteten i kommunale tenester innanfor kultur, oppvekst og helse.
- innføre eit behovsprøvd fritidskort for å motverke utanforskap.
- innføre eit behovsprøvd busskort innaforkommunen.
- kommunen må samarbeide tett medfrivillige organisasjonar og uliketrussamfunn i inkluderingsarbeidet.
- arbeide for at Skattkammeret også vertetablert i fleire bydelar.
Næring og landbruk
Ålesund KrF vil
- at Ålesund kommune tilset næringssjef som sikrar
lokalt næringsliv fagleg støtte og tett dialog med politisk og administrativ leiing. - at Ålesund kommune har attraktive nærings- og grøntareal tilgjengeleg tett på senterområda.
- at Ålesund må vere ei god og attraktiv vertskommune for etablerte og nye verksemder.
- auke talet på lærlingplassar i kommunale verksemder.
- at Ålesund kommune skal vere ein attraktiv studentby.Kommunen må initiere tett dialog mellomstudentorganisasjonar, akademia, næringsliv og frivillig sektor.
- at arbeidet med ny arealplan for Ålesund kommune begynnerjanuar 2024.
- at areal med matjord ikkje skal reduserast.
- ta vare på myrområda i kommunen pga. karbonfangst.
- at Ålesund kommune må samarbeide tett med andre regionarog byar i inn- og utland for å utvikle ei berekraftig kommune.
Samferdsel og trafikktryggleik
Ålesund KrF vil
- at i prioritering av E39 Ålesund-Ørskogfjellet må dei strekningane som i dag går gjennom tettbygde strøk, prioriterast først i planlegging og gjennomføring.
- gi høg prioritet til trygge skulevegar for barn og unge.
- styrke hurtigbåtsambanda mellom Ålesund sentrum og omlandet.
- at det skal utgreiast bygging av ein samanhengande gang- og sykkeltrase frå Skodje og Ørskog til Ålesund sentrum.
- planlegge og prosjektere sykkelvegforbindelse frå Campus til Ålesund sentrum.
- gjere om innkøyringa frå nordsida av Moa trafikkterminal til å vere bomregulert framfor ei felle der bilar ved feilkøyring kan få store skadar.
Eigedom og økonomi
Ålesund KrF vil
- ha ei stram økonomistyring der vi styrer mot 3% netto årleg driftsoverskot til disposisjonsfond.
- vidareføre eigedomsskatt som i dag ut valperioden
for å sikre forsvarleg kvalitet på det kommunale tenestetilbodet.
Berekraftig utvikling
Ålesund KrF vil
- at Ålesund kommune skal legge FN sine berekraftmål til grunn for all si verksemd.
- vidareutvikle eit levande og attraktivt bysentrum med gode byrom for lokalbefolkning, næringsliv og besøkande.
- satse på ein berekraftig gravstadpolitikk. Alle gravstadar bør også ha urne- og eller minnelund.
- ha fokus på tiltak for reduksjon av lokale klimautslepp.
- utgreie ei differensiert avfallsavgift basert på forbruk.
- at kantslått skal utførast når det er minst mogeleg til ulempe forpollinerande insekt.
- at kommunen tar ei aktiv og leiande rolle for å hindre at plast oganna søppel hamnar i naturen og samarbeide med alleorganisasjonar og verksemder som tek del i opprydding.
- at kollektivandelen i Ålesund aukar ved fleire avgangar ograskare framkomst.
- at Ålesund saman med fylkeskommunen arbeider for bruk avnullutsleppteknologi i kollektivtilbodet, både påland og sjø.
- arbeide for at det vert lagt til rette for meirlandstraum i Ålesund hamn samt ladestraum forbåtar med batteridrift.
- krevje at cruiseskip bruker landsstraum frå og med 2025.
- at cruisetrafikken vert regulert og tilpassa utviklinga av Ålesundsi sørside som eit attraktivt område for lokalbefolkning, turistar, kultur og næringsliv.