Fylkesprogram 2023-2027

FYLKESPROGRAM Møre og Romsdal 2023-2027
Framside

Innleiing

Møre og Romsdal KrF byggjer sin politikk på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. Den er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

Det gode samfunnet vert skapt i eit samspel mellom det einskilde menneske, familiane, offentlege myndigheiter, privat og frivillig verksemd. Vi vil ut ifrå dette søke langsiktige, gode løysingar for innbyggjarane i heile fylket. KrF vil arbeide aktivt for å utvikle heile Møre og Romsdal på alle samfunnsområde. Møre og Romsdal er eit vekstkraftig og verdiskapande fylke og er av dei fylka som gjev mest bidrag til landet sin samla eksportverdi, der vi tek vare på kvarandre. KrF set mennesket i sentrum og vil sørge for at Møre og Romsdal er eit fylke med plass til alle, der alle i størst mogleg grad kan leve frie og sjølvstendige liv.

Møre og Romsdal KrF meiner at alle menneske har ukrenkeleg verdi, og at samfunnet vert fattigare om det ikkje blir gitt rom for mangfald. Difor vil Møre og Romsdal KrF arbeide for samfunnsmessig likestilling av alle menneske, uavhengig av den enkelte sitt utgangspunkt.

Utdanning og Skule

KrF ønskjer at skulane i Møre og Romsdal skal sjå heile eleven, og tilby både eit godt fagleg og psykososialt skulemiljø for den enkelte elev. Skulen skal førebu ungdommane til å møte utfordringane i arbeids – og samfunnslivet.

KrF ønskjer å arbeide for ein endå høgare fullføringsgrad i den vidaregåande skulen i fylket, og styrke skulehelsetenesta. Vi vil òg ta omsyn til næringslivet sine behov for framtidig arbeidskraft under utforming av studia. Fylkeskommunen skal vere ein aktiv og engasjert eigar av sine skular i Møre og Romsdal, og sørge for at det er god kvalitet i alle ledd.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • ein desentralisert og berekraftig vidaregåande skulestruktur
  • fritt skuleval for alle VGS-elevar – også over nærliggande fylkesgrenser, slik at elevane kan bu heime
  • at elevar med særskilde behov blir sikra eit tilpassa og fullverdig undervisningstilbod, blant anna med valfridom til å velje å gå vidaregåande ved Tøndergård skule og ressurssenter
  • å halde fram med å styrke oppfølgingstenesta for «drop-out» elevar
  • å styrke skulehelsetenesta
  • å auke takta i utskifting og modernisering av utstyr som blir nytta til opplæring i yrkes- og realfag
  • å arbeide for å auke talet på lærling- og praksisplassar
  • at kampen mot mobbing held fram, blant anna ved å styrke rolla til mobbeombodet
  • at alle elevar skal få tilbod om skulegudsteneste
  • å styrke mulegheita for å kunne utøve trusfridom i vidaregåande skule
  • ei styrka rådgjevingsteneste
  • prøveprosjekt med miljøarbeidarar på dei vidaregåande skulane i fylket
  • å vidareutvikle og styrke det fylkeskommunale fellesprosjektet rundt Språk III for vidaregåande elevar
  • å innføre pornofilter på alle fylkeskommunale nettverk
  • å sjå på moglegheita til ei mentorordning for ungdomar i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule
  • å betre hospiteringstilbodet for elevar frå ungdomsskulen til vidaregåande skule
  • å støtte opp om tilbod som hindrar ungdom å falle utanfor samfunn
  • å styrke tenestene som skal ivareta elevar og studentar si fysiske og psykiske helse å sjå på mulegheita for å innføre et eige livsmestringsfag i vidaregåande skule
  • å bevare dagens TAF-liner i fylket (teknisk allmennfagleg utdanning)
  • å styrke samarbeidet med næringslivet for å få betre tilgang på lærlingplassar
  • å styrke utdanninga innan marine næringar

Vaksenopplæring

Næringslivet sitt behov for kompetanse gjer det naudsynt å oppgradere sin kunnskap for å imøtekome arbeidslivet sine krav.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • at det blir innført ei ordning som gjer det mogeleg for elevar med fullført og bestått studie- spesialiserande utdanning å få opplæring i eit yrkesfag innanfor ei total tidsramme på 5 år at det blir tilrettelagt vaksenopplæringstilbod for personar med særskilde behov, og at all
  • opplæring må sjåast på i eit livsløpsperspektiv
  • at vaksne, som etter lova har rett til ein ny sjanse til vidaregåande opplæring, til ein kvar tid
  • vert sikra tilbod om dette
  • å opprette fleire innføringsklassar i norsk språk, kultur og samfunnsliv
  • integrering av fleirkulturelle ved å skape møteplassar som ein del av vaksenopplæringa

Friskulane

I samsvar med synet vårt på foreldreretten, åndsfridom og toleranseprinsippet går Kristeleg Folkeparti inn for å sikre friskulane ei fri og uavhengig stilling. I eit demokratisk samfunn må retten til å engasjere seg ut frå livssyn og overtyding haldast høgt i hevd. Også skular med alternativ pedagogikk må sikrast gode rammevilkår.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • at friskulane blir sikra stabile rammevilkår
  • at folkehøgskulen vert synleggjort som eit verdifullt supplement til den vidaregåande opplæringa at fylkeskommunen, i den grad ein går inn med hjelp og støtteordningar til friskular, sikrar rettferdig og balansert fordeling av godane

Fagskulane og høgare utdanning

Fagskulane i fylket utgjer eit viktig tilbod for dei som ønskjer å spesialisere seg innanfor ulike fagområde. Spesielt dei maritime fagskuletilboda er viktige for å sikre verfts- og skipsfarts-næringa i heile fylket god spesialkompetanse. Profesjonsutdanning ved høgskulane og universiteta i fylket må sikrast, for å ta vare på behova innan næringsliv og offentlege tenestetilbod.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • å vidareutvikle fagskulane i Ålesund og Kristiansund
  • støtte til oppbygginga av Campus Kristiansund
  • å utvikle nye fagskuletilbod i nært samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv
  • å sikre statleg fullfinansiering av fagskulane
  • å styrke satsinga på legeutdanning ved NTNU-Ålesund og auke talet på elevplassar til helsefagarbeidar- og sjukepleiarstudiet

Folkehelse og tannlege

Krf ønskjer eit velferdssamfunn som vektlegg livskvalitet. Folk kan ikkje leve gode liv om dei grunnleggjande materielle og sosiale behova ikkje er dekka. Mennesket har mange behov utover det materielle, som fellesskap med vener, tid med familien, fysisk aktivitet, kulturelle opplevingar, religiøst liv og utdanning, som alle er faktorar som gjev livskvalitet og god folkehelse.

Universell utforming skal tilstrebast i alle bygg og områder som gjer at deltaking for alle er mogleg og ein hindrar utanforskap. Det norske samfunnet ser ein aukande trend i mentale helse-problem. KrF vil lyfte aktørar som imøtekjem «drop-out»-ungdom så vel som eldre med helseutfordringar. KrF vil legge til rette for gode arenaer der ein kjem med tilbod for å motarbeide psykisk u-helse.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • at alle saksutgreiingar og vedtak i fylkeskommunen skal ta omsyn til folkehelse å styrke skjergardstenesta
    støtte til «Stikk Ut» og «Stikk Innom»
    auka bevisstgjering rundt viktigheita av eit variert kosthald og mosjon
  • å bidra til å utvikle og løfte idrettstalent i fylket vårt
  • at fleire arrangement i fylkeskommunens regi er alkoholfrie, og bli ein AV-OG-TIL fylkeskommune
  • eit godt og desentralisert tannhelsetilbod i heile fylket med kvalifiserte tannlegar og tannpleiarar
  • å arbeide for at tannregulering vert gratis for dei som er under 18 år
  • å styrke tilbodet til personar med sterk angst for tannbehandling
  • at transportutgifter dekkjast på lik linje med andre offentlege helsetenester
  • å jobbe for fleire fastlegar rundt om i fylket
  • at Ålesund sjukehus skal få naudsynte midlar og å fullføre planlagt nybygg som inneheld m.a. akuttmottak, ny intensivavdeling og oppgradert operasjonsavdeling
  • å legge til rette for besøks-jordmødre i distrikta
  • å løfte besøksvenneteneste for eldre og einsame
  • å arbeide for gratis tannhelse for svakt økonomisk stilte grupper

Næring, utvikling og miljø

Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere ein god plass å bu, arbeidet og leve i. Vi ønskjer ein næringspolitikk der vi forvaltar naturressursane i fylket til det beste for dagens og framtidige generasjonar. Det grøne skiftet skal utførast lokalt.

Verdiane som velferdsstaten, organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar nyttar seg av, må skapast før dei kan brukast. Det er difor viktig med ein næringspolitikk som ser heile næringskjeda under eitt, og som ser verdien av å skape verdiar og arbeidsplassar i tråd med det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

å styrke berekraftsfylket Møre og Romsdal støtte til «Skaparkraft» i fylkeskommunen å støtte kommunale næringsfond
satsing på forsking og utvikling

  • å støtte gründerar
  • å bidra til at statlege og regionale arbeidsplassar blir lagt til Møre og Romsdal
  • å støtte næringsklyngene i Møre og Romsdal
  • å sørge for at Møre og Romsdal blir leiande på produksjon og bruk av biogass
  • å sikre Redningsselskapet sin plass i beredskapen langs Norskekysten
  • at reiselivsnæringa som er i stor vekst skal få gode rammevilkår, men at reiseliv og natur/klima må gå hand i hand
  • å støtte samanslåing av reiselivsselskap i fylket
  • å arbeide for å etablere tilbod om landstraum til cruiseskip og transportskip som ligg til kai og legge til rette for infrastruktur til dette
  • å utnytte nye samferdselssamband for å styrke busetting og næringsliv i heile fylket
  • ein fiskeripolitikk som sikrar ei variert fiskeflåte, i tråd med Havressurslova og at kontroll over fiskeressursane framleis skal ligge hjå aktive fiskarar i norske kystsamfunn.
  • ein livskraftig fiskeindustri i heile fylket og landet
  • å sikre rettigheitene til fiskarane gjennom Havressurslova, Deltakarlova og Fiskesalslagslova
  • vern av Møreblokkene
  • å arbeide for å få ein rettferdig gjennomgang av skattar i samband med den marine næringa
  • at villaksen og villfisken sin eksistens og habitat må ha førsteprioritet når lokale rammevilkår for fiskeoppdrett skal fastsettast
  • Det må settast i verk strengare tiltak for å stoppe rømming av fisk frå oppdrettsanlegg
  • Ved nye konsesjonar må det stillast krav til lukka anlegg
  • å arbeide aktivt for at oppdrettsnæringa klarer å løyse problema med lus før næringa kan vekse vidare
  • meir gods frå veg til jernbane og sjø – og vidareutvikling av eksporthamnene i fylket
  • å sette strenge krav til jordvern ved nyetableringar og utbyggingar
  • å stille krav til redusert matsvinn i fylkeskommunen
  • å vere ein pådrivar for å gi landbruket gode rammevilkår
  • å ivareta gode økonomiske rammevilkår for heile landbruket og spesielt for mjølkeproduksjon, grovfôrproduksjon og beitebruk 
  • å ha gode etablerings- og driftsordningar for småskala- og nisjeproduksjon innan landbruket
  • å vere pådrivar for å få bygge skogsvegar for å auke hogst av skog
  • å ha ein restriktiv jordvernpolitikk med sterke avgrensingar og føringar for omdisponering av dyrka mark
  • å dempe forbruk og ressursbruk ved å stimulere til meir gjenbruk og reparasjon så vel i hushaldingar som i privat og offentleg forvalting

Samferdsel og Kommunikasjon

Gode kommunikasjonar er viktige for busetting og næringsliv. Møre og Romsdal er eit fylke med variert busetting og demografi. Difor ønskjer vi å binde fylket saman med bruk av nytenking og gode løysingar. Vegvedlikehald, trygge vegar og funksjonelt kollektivtilbod er noko vi prioriterer.

Møre og Romsdal har i dag fleire flyplassar. Desse er svært viktige for folk og næringsliv i heile fylket. Vi ønskjer å behalde eit desentralisert flyplasstilbod. Moderne teknologi gjer at stadig fleire kan utføre arbeidet uavhengig av å forflytte seg kvar dag. Difor må det framleis satsast på utbygging av raske mobil og breibandløysingar.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • at Møre og Romsdal skal bli trafikksikker fylkeskommune i perioden
  • å opprette Trafikktryggingsutval som eige utval i fylket på nytt
  • vidare satsing på gang- og sykkelvegar langs fylkesvegar
  • 50/50 modellen når det gjeld vidareføring av andre gangvegar
  • å satse enda meir på kollektivtrafikk, både i byane og distrikta, samt arbeide for prisreduksjon lave kollektivsatsar for ungdom
  • at ordninga med «heim for ein 50-lapp» bør utvidast til å gjelde transport til og frå ungdomsklubbar og eventuelt andre arrangement
  • å satse vidare på elektriske ferjer, eller tilnærma 0-utsleppsferjer.
  • Satsing på hydrogendrift på Raumabana
  • E136. Oppstart av Eksportvegen i Romsdalen er viktig for fylket og må ikkje utsettast
  • å rassikre dei mest utsette vegane i fylket
  • støtte til bygging av Stad skipstunnel
  • tilrettelegging for bruk av sykkel i byene våre
  • å arbeide for sykkelvegar langs fylkesvegane
  • å sikre grunnlag for drift av drosjenæringa i distrikta
  • å arbeide for gratis parkering i tur-områder
  • at fylkestenesteleverandørar har alkolås i sine tenestebilar
  • ny fylkesveg mellom Hornindal og Hellesylt

Kultur og trusfridom

Møre og Romsdal KrF vil føre ein kulturpolitikk som fornyar, tek vare på og som vidareførar verdiar og tradisjonar. Kultur gjev kvalitet til livet og er ei kjelde til kreativitet, opplevingar og kunnskap.

KrF ønskjer fellesskap som er opne for mangfald og samstundes tek vare på våre kulturelle røter og vår kristne kulturarv. Eit godt samfunn har rom for heile mennesket, med det livssynet kvar enkelt har. Eit slikt samfunn prøver ikkje å presse religionen ut av det offentlege rom, men legg til rette for mennesket si moglegheit til å utøve si tru.

Eit rikt kulturliv verkar tiltrekkjande på kreative og skapande menneske som kan bidra til å gjere Møre og Romsdal til ein endå meir spennande stad å bu og arbeide i. Kulturlivet er ein viktig arena for inkludering og meistring. KrF vil ha eit samfunn som bryr seg om og stiller opp for kvarandre. Eit godt samarbeid med frivillige og ideelle organisasjonar er heilt avgjerande for å lukkast med dette.

Kristeleg Folkeparti går inn for:

  • å støtte tiltak innan kultur, idrett, kristent barne- og ungdomsarbeid og anna frivillig arbeid på regionalt nivå
  • støtte Kirkens SOS og andre ideelle organisasjonar
  • å arbeide for at det blir lagt til rette for «stillerom» i alle nye fylkeskommunale bygg
  • å formidle kunstopplevingar til barn og unge og stimulere til skapande aktivitet
  • å arbeide for rusfrie arenaer, spesielt der barn og unge oppheld seg
    styrking og utvikling av musea i fylket
  • å arbeide for gratis leige av fylkeskommunale bygg til barne- og ungdomsorganisasjonar å sikre ungdom under 20 år gratis tilgang til offentlege museum, utstillingar osb. ved fylkeskommunale tilskot
  • å sikre gode bibliotektilbod i alle kommunane i Møre og Romsdal
    auka samarbeid mellom offentleg og privat kulturliv
  • å legge til rette for at fleire eldre i større grad får ta del i kulturelle opplevingar
  • å støtte opp om organisasjonar som arbeider med førebyggjande helseteneste
  • å realisere Normoria Opera- og kulturhus i Kristiansund
  • å vidareutvikle kulturkortet for ungdom
  • å verne om ideelle aktørar som bidreg med rusfrie samlingsplassar for ungdom
  • å vidareutvikle kulturkortet for ungdom
  • å styrke integreringa av asylsøkjarar og flyktningar rundt om i fylket
  • å etablere eit fylkeskommunalt fond som etter søknad kan gi støtte til kommunar og kyrkjelege fellesråd, med ansvar for vedlikehald og rehabilitering av kyrkjer og kyrkjegardsanlegg av særskild høg historisk og regional verdi
Valgkampen 2023, Slagord KrF