17.01.2019 12:43 Tilbake til nyheter

Slå ring om helsetilbodet i Møre og Romsdal

Det er viktig å ha sjukehus med høg kvalitet i rimeleg nærleik til der folk bur. Det sentrale må vere at det er pasientane sine behov som står i sentrum. KrF meiner det offentlege bør ha ei sterk rolle i det norske helsevesenet og sikre eit desentralisert tilbod i heile landet med likeverdige tenester uansett kvar i landet ein bur.

Innsparingstiltaka som vert sett i gang i Helse Møre og Romsdal kan skape utryggleik og frykt hjå befolkninga i fylket.

Nedlegging av sengepostar og sentralisering av fødeavdelingar vert oppfatta som nedbygging av svekking av tenestetilbodet i store deler av fylket.

Kort liggetid og press for å få pasientane ut av sjukehuset, skaper press på kommunehelsetenesta som allereie har mange daglege omsorgsoppgåver å gjennomføre. Nedbemanning vil føre til auka ansvar og stress i ein allereie pressa arbeidskvardag for sjukehustilsette.

Fylkesstyret i Møre og Romsdal KrF etterlyser vilje til auka bevillingar til fylket si spesialhelseteneste både frå Helse Midt og frå Helsedepartementet.

Det må vere ei viktig oppgåve for ein samla Mørebenk på Stortinget å sikre at spesialhelsetenesta i Møre og Romsdal held same kvalitet og nivå som andre regionar.

Staten ved Helsedepartementet skal sikre at alle har tilgang til relevant behandling med god kvalitet utan at det er lommeboka til einskildpersonar som avgjere kor god behandling du kan få. Samtidig finst det mange ideelle aktørar som utgjer eit viktig supplement, for eksempel innanfor rus og psykiatri, og vi meiner også at private sjukehus kan spele ei viktig rolle.
KrF ønskjer ikkje eit system der det blir viktigast å gjere det som «lønner seg» økonomisk i henhald til systemet, men der dei pasientane som har størst behov for behandling kan få den behandlinga med god kvalitet. KrF har i mange år vore oppteken av psykisk helse. Dei fleste har det svært godt materielt i Noreg i dag, men likevel slit altfor mange med ulike former for psykiske lidingar. Det er difor viktig at vi har behandlingstilbod for dei som trenger det, og at ventetida på slike går ned. Dette kan best løysast med eit desentralisert behandlingstilbod som sikrar behandling nær der folk bur.

Møre og Romsdal KrF
v/fylkesstyret