16.10.2019 12:30 Tilbake til nyheter

Den nye fylkestingsgruppa på plass

Det nye fylkestinget for 2019-2023 har hatt si konstituerande tingsamling i Geiranger denne veka. Den nye KrF-gruppa med sine 3 representantar er Randi Walderhaug Frisvoll (Haram), Harry Valderhaug (Giske) og Victoria Smenes (Kristiansund). Randi Walderhaug Frisvoll er leiar for fylkestingsgruppa og Harry Valderhaug er nestleiar.
Nyegruppa1
Den nye fylkestingsgruppa til Møre og Romsdal KrF: nr. 2 fra v.: Victoria Smenes, Randi Walderhaug Frisvoll og Harry Valderhaug.                                                                                              Lengst til venstre er 1. vara, Per Ståle Tornes (Fræna) og lengst til høgre er fylkessekretær Rolf Endal.

KrF har inngått ein politisk avtale saman med Ap, Sp, SV, MDG og V for fylkestingsperioden 2019-2023, der Tove Lise Torve (Ap) er ny fylkesordførar og Per Vidar Kjølmoen (Ap) fylkesvaraordførar.

Med ein politisk avtale er KrF i posisjon i den nye fylkestingsperioden, og dette har gitt KrF følgjande uttelling i høve til hovudutvala:
Randi Walderhaug Frisvoll er medlem i fylkesutvalet, samt nestleiar i samferdselsutvalet. Harry Valderhaug er medlem av utdannings- og kompetanseutvalet og Victoria Smenes er medlem av kultur-, næring- og folkehelseutvalet. KrF er dermed representert både i fylkesutvalet og dei tre hovudutvala, i tillegg til at partiet også har vararepresentantar i desse utvala.

Randi Walderhaug Frisvoll er også blant anna valt som fast medlem i Vestlandsrådet, KS-landsting og norsk rassikringsgruppe. KrF er i tillegg også representert i fleire underutval, både som faste medlemer og som vara.

Vi ønskjer KrF-gruppa lukke til i den nye fylkestingsperioda.