12.03.2019 15:20 Tilbake til nyheter

Astrid Aarhus Byrknes vald til leiar for Hordaland KrF

Hordaland KrF og Sogn og Fjordane KrF hadde denne helga fylkesårsmøter på Sunnfjord hotel i Førde. Det blei også vedteke å stifte Vestland KrF frå 1. januar 2020, samt at programmet til Vestland KrF blei vedteke.
Astrid Aarhus Byrknes
Astrid Aarhus Byrknes blei vald til leiar for Hordaland KrF på årsmøtet på Sunnfjord hotel

I forbindelse med fylkesårsmøtet til Hordaland KrF, blei Astrid Aarhus Byrknes vald til fylkesleiar for 1 år. Astrid Aarhus Byrknes er 55 år gamal, ordførar i Lindås kommune, har vore sentralstyrerepresentant til KrF, og er no ordførarkandidat for KrF i Alver kommune.

Jarle Skeidsvoll blei gjenvald som 1. nestleiar. Han er i dag ordførar i Osterøy. Jarle Jacobsen frå Sveio blei vald inn som direktevald representant i fylkesleiinga.

- Eg er utruleg stolt og audmjuk over å ha blitt vald til leiar for Hordaland KrF, som er eit av KrF sine største fylkesparti. Me har fått eit godt styre på plass, som eg gler meg til å samarbeide med, seier nyvald leiar Astrid Aarhus Byrknes.

- No skal me byggje laget, og kjempa for at KrF skal få mest mogleg innflytelse i kommunane og i det nye fylket Vestland etter valet. KrF er eit samarbeidsparti, der kvardagen til innbyggjarane er det viktigaste, seier Byrknes.

Kontaktinformasjon: Astrid Aarhus Byrknes,  mobil 913 80 688

Fylkesleiinga til Hordaland KrF består no av følgjande:
Astrid Aarhus Byrknes (leiar)
Jarle Skeidsvoll (1. nestleiar)
Vigdis Anita Gåskjenn (2. nestleiar)
Jarle Jacobsen (Direktevald representant)
Joel Ystebø (leiar Vestland KrFU)
Sæbjørg Hageberg Kjeka (leiar Hordaland KrF Kvinner
Tor André Ljosland (leiar for fylkestingsgruppen)
Per-Erik Gåskjenn (leiar Bergen KrF)