Lover Hordaland KrF pr 17.03.2017

Hordaland KrF sine lover ble sist revidert på fylkesårsmøtet på Scandic Hotel Bergen Airport, 17. mars 2017

§ 1    FØREMÅL

Hordaland KrF har til formål å fremje ein kristendemokratisk politikk bygd på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltingsansvaret. KrF sitt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar.

§ 2    TILLITSVERV

Alle tillitsvalde og folkevalde for KrF er forplikta på og skal arbeide for partiet sitt kristne verdigrunnlag slik det er definert i § 1.

§ 3    ORGANISASJON

Fylkeslaget er knytt til Kristeleg Folke­parti sin hovudorganisasjon. Fylkeslaget er samansett av lokallag og sideorganisasjonane KrF Kvinner og KrFU

Fylkeslaget sine lokallag utgjer fylgjande regionar:

NORDHORDLAND

Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

BERGEN

Arna, Bergenhus, Bergen Vest,  Fana, Åsane

MIDTHORDLAND

Askøy, Austevoll, Fjell, Sund, Øygarden, Fusa, Os, Samnanger

INDRE HORDALAND

Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss

SUNNHORDLAND

Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio, Stord, Tysnes

Kvar region har sitt regionutval, i Bergen er dette Hovedstyret. Desse er samansett av lokallagsleiar, gruppeleiar og ev. ordførarar, leiar av lokale KrFU- lag, fylkesstyrerepresentant og fylkestingsrepresentant frå regionen.

Fylkesstyrerepresentanten fungerar som leiar i utvalet. Utvalet vel nestleiar, sekretær og ev. kasserar

§ 4    MEDLEMSKAP

Alle kvinner og menn som har fylt 13 år og er samde i partiet sitt formål og grunnsyn, kan bli medlemer. Dersom ein ønskjer det, kan ein vera organisert gjennom sideorganisasjonane sine lokal- eller fylkeslag. Desse medlemene betaler berre ein kontingent og har dei same rettar og plikter som andre KrF-medlemer. I nominasjonsprosessen gjer medlemene som har fylt/fyller 18 år i valåret, bruk av medlems­rettane sine gjennom KrF-laget sine møter.

Ein medlem er normalt medlem av lokallaget i den kommunen/bydelen der han/ho bur. Dersom det ikkje er lokallag på staden, kan medlemen organiserast direkte i fylkeslaget. I særlege høve kan medlemen organisera  medlemskapen sin direkte til landspartiet.

Medlemskap skal administrerast slik det er fastlagt i "Lover for Kristelig Folkeparti" § 10 og "Vedtekter for medlemskontingent og registrering av medlemskap i Kristelig Folkeparti".  Fylkeslaget er ansvarleg for at det ved avtalar, lover og vedtak i fylket vert etablert ordningar som sikrar KrF sine lokallag den delen av kontingenten dei har krav på.

§ 5    FYLKESÅRSMØTET

A) Fylkesårsmøtet er samansett av:

A) Fylkesårsmøtet er samansett av:

1)  fylkesstyret

2)  fylkestingsgruppa

3)  1 representant frå kvart av lokallaga. Har lokallaga meir enn 100 medlemer, har dei dessutan rett til å sende ein utsending for kvar nye 50 medlemer (medrekna KrFU-medlemer) dei startar på. Ingen lokallag kan sende meir enn 25 utsendingar.

4)  3 representantar frå kvinnenettverket i fylket

5)  KrF sine stortingsrepresentantar, statsrådar, ordførarar og byrådar frå fylket.

Fylkessekretæren og KrF sine æresmedlemer frå fylket møter med tale- og forslagsrett. KrF-medlemer i fylket kan møta utan tale- og forslagsrett.

Fylkesårsmøtet vedtek sjølv sitt møtereglement.

Fylkes­årsmøtet gjer vedtak med simpelt fleirtal mellom dei utsendingane som møter med fullmakt, likevel med unntak av lovendring som krev 2/3 fleirtal jf. § 11.

B)  Fylkesårsmøtet er øvste organ i fylkeslaget.

Fylkesstyret skal leggja fram m.a. desse sakene til handsaming:

1)  årsmelding med vedlagd rapport frå fylkestingsgruppa, kvinneutvalget og KrFU

2)   rekneskap vert lagt fram til godkjenning

3)  årsplan og budsjett blir lagt fram til orientering

4)   fylkesprogrammet (framfor fylkestingsval)

5)   framlegg om lovendring og andre saker som er fremja for fylkesstyret seinast 2 månader før fylkesårsmøtet.

6)   Val

a)    fylkesstyre, leiar, nestleiarar og styremedlemer, (sjå § 6)

b)    varamedlemar til fylkesstyret

c)    kvinnepolitisk leiar     

d)    valnemnd for neste fylkesårsmøte-  ein frå kvar region og KrFU/K

e)    nominasjonsnemnd, jfr. § 8 (i mellomvalår)- to frå Bergen og ein frå kvar region. I tillegg kjem leiar som skal veljast uavhengig av region

f)  programnemnd (året før fylkestingsval)

g) utsendingar til KrF sitt landsmøte

h) statsautorisert revisor eller 2 revisorar

Fylkesårsmøtet skal innkallast skriftleg med minst 1 månads varsel. Saker som er fremja i rett tid gjennom organ som etter denne paragrafen sender utsendingar til fylkesårsmøtet, har krav på å bli handsama.

Fylkesårsmøtet kan vedta at eit fylkesrådsmøte (jfr. § 7) skal avslutta handsaminga av ei eller fleire av sakene som er nemnde ovanfor, med unntak av lovendring eller val (pkt 5 og 6).

Ekstraordinært årsmøte kan innkallast når styret finn det nødvendig, eller når minst 1/3 av lokallaga krev det. Innkalling skal gå som til vanleg årsmøte.

§ 6    FYLKESSTYRET

A)  Fylkesstyret er samansett av:

1)  fylkesleiar, valt for 2 år, samanhengande funksjonstid som fylkesleiar inntil 6 år

2)  1. og 2. nestleiar, valte for 2 år, samanhengande funksjonstid som nestleiar inntil 6 år

3)  leiarar for lokallaga

4)  gruppeleiar i fylkestinget

5)  kvinnepolitisk leiar

6)  leiar og to nestleiarar i KrFU sitt fylkeslag

7) leiar av Bergen hovudstyre

8) eitt direktevalt medlem valt av fylkesårsmøtet, valt for 2 år

Dersom fylkesleiar eller nokre av nestleiarane sluttar i verva sine i perioden, skal den som er nærast bli konstituert fram til ordinært fylkesårsmøte. 

Fylkestingsgruppa, lokallaga, kvinneutvalet, KrFU og Bergen hovudstyre vel sjølve sine vararepresentantar under A.3-7.

Partiet sine faste stortingsrepresentantar og medlemer av den politiske leiinga i departementa som er frå fylket, har møte- og talerett i fylkesstyret. Det same har fylket sine medlemer i sentralstyret, byrådar i Bergen, fylkesordførar, fylkesvaraordførar og ordførarar. Vararepresentantar møter berre når dei er innkalla til Stortinget.

B) Fylkesstyret er ansvarleg ovanfor fylkesårsmøtet

og leier arbeidet i fylkespartiet fram til nytt styre vert vald. Fylkesstyret skal m.a.:

1)  førebu, setje i verk og fylgja opp vedtaka på fylkesårsmøtet.

2)   kalla inn fylkestingsgruppa til konstituerande møte etter val, etablera gode samarbeidsrutinar og gje gruppa råd og innspel i arbeidet.

3)   medverka til politisk debatt gjennom m.a. utspel, utgreiing av politiske spørsmål og organisering av politiske konferansar.

4)    oppnemne minst 3 medlemmer til kvinneutvalet i fylket

5)    halda god kontakt med lokallaga og kommune­styre­representantane og arbeida for aktive lag i alle kommunar.

6)   gje folkevalde og tillitsvalde på kommune- og fylkesplan tilbod om opplæring og individuell rådgjeving, i samarbeid med KrF Studieforbund.

7)  medverka til å oppdatera eit medlems­register som skal vera felles for heile

      organisasjonen i samsvar med landsstyret sine vedtekter om registrering av parti medlemskap m.v. (jfr. Lover for Kristelig Folkeparti § 10, 3.ledd).

7)   vedta budsjett og føra rekneskap.

8)   organisere planleggjing, gjennomføring og evaluering av fylkeslaget sine valkampar.

9)   handsama saker som sentralstyret sender fylkeslaget.

10)  yte stønad til KrFU og kvinnenettverket sitt arbeid i fylket.

C)  Fylkesstyret har møte så ofte som leiaren finn det nødvendig, eller når minst 3 styremedlemer ønskjer det.

Fylkesstyret gjer vedtak med simpelt fleirtal, og styret er vedtaksfør når fleire enn halvparten av medlemene er til stades. Ved like røystetal har leiaren 2 røyster.

Fylkesstyret set av lønsmidlar til faglege og administrative ressursar.

Fylkesstyret har det daglege ansvaret for dei tilsette på fylkeskontoret.

Fylkesleiaren har, saman med nestleiarane og fylkes­sekretæren, ansvaret for å setja fylkesstyret sine vedtak i verk.

Når fylkesstyret oppnemner ein i styret til å ha ansvaret for rekruttering og opplæring av folke­valde og tillitsvalde, bør dette vera ein av leiarane. Saman med fylkessekretæren skal vedkomande halda kontakt med KrF Studieforbund. Fylkesstyret avgjer i kva omfang også andre medlemer av fylkesstyret skal vera med å setja fylkesstyret sine vedtak i verk.

Fylkesstyret opprettar arbeidsutval. Dette skal vere samansett av fylkesleiar, dei to nestleiarane, KrFU-leiar, kvinnepolitisk leiar, leiar av fylkestingsgruppa, leiar av Bergen hovudstyre og eitt direktevalt medlem valt av fylkesårsmøtet. Arbeidsutvalet kan ta avgjerder i saker etter instruks frå fylkesstyret. Vedtak i arbeidsutvalet skal leggjast fram for fylkesstyret. Fylkesstyret oppnemner elles dei utvala som er nødvendige for arbeidet.

Fylkesstyret oppretter eige kvinneutval. Det vert oppnemnt 3 utvalsmedlemar i tillegg til kvinnepolitisk leiar. Kvinnepolitisk leiar skal leia kvinneutvalet i fylket. Ho vert nomineret av fylke sin valkomité og vert vald på fylkesårsmøtet.

§ 7    FYLKESRÅDSMØTE

Fylkesrådsmøtet er samansett av:

1)   fylkesstyret i KrF

2)   fylkestingsgruppa

3)   lokallagsleiar og gruppeleiar frå kvar kommune eller deira vararepresentantar

4)   minst 3 representantar kvinneutvalet i fylket

5)   minst 3 represenrantar frå KrFU sitt fylkeslag

6)   partiet sine stortingsrepresentantar frå fylket.

Fylkessekretæren møter med tale- og forslagsrett.

Fylkesrådsmøtet er rådgjevande organ for fylkesstyret i organisatoriske og politiske spørsmål og hand­samar dei sakene som fylkesstyret legg fram.

Fylkes­råds­møtet kan gjera bindande vedtak i saker som fylkesårsmøtet har sendt over til avsluttande hand­saming. Fylkesrådet gjer vedtak med simpelt fleirtal.

Rådsmøte bør haldast minst ein gong kvart år, og elles når styret finn det nødvendig.

§ 8 NOMINASJONSMØTE FOR FYLKESTINGS- OG STORTINGSVAL

NOMINASJON FOR FYLKESTINGS- OG STORTINGSVALG

Nominasjon for fylkes- og stortingsvalg vert gjennomført etter vedteke nominasjonsreglement.                                                                       

Reglementet skal innehalda antall høyringar, kven som skal høyrast m.m. Fylgjande instansar skal alltid vera med i høyringane:

KrFUs fylkes­lag, kvinneutvalget og alle KrFs lokallag (jfr. lands­partiets lover § 8). Reglementet vert vedteke på fylkesårsmøtet i mellomvalgår.

Fylkesstyret ­kallar inn til nominasjonsmøte og set møtet. Forslag til                             

fylkestingsliste/stortingsvalgsliste vert lagt fram av nominasjonskomiteen som er samansett av 9 års­møte-­ oppnemnte personar, inklusiv ein representant kvar føreslått frå KrFU og Kvinneutvalet.

Endelig listeforslag vert sett opp i samsvar med ”Lov om valg til storting, fylkesting og kommunestyre (vallova) av 2002", og vert oversendt til valstyret innen 31. mars i valåret, underteikna av to styremedlemmer.

§ 9 JAMSTILLING MELLOM KVINNER OG MENN VED VAL

Ved val til verv, politiske eller i partiorganisasjonen, skal det, så langt mogleg, sikrast lik fordeling mellom kvinner og menn.

Førehandskumulering og alle val/oppnemningar til partiet sine politiske og organisasjonsmessige organ med fleire enn tre medlemer skal, så langt det er praktisk mogleg, gjennomførast slik at resultatet gjev minst 40% representasjon av kvart kjønn.

§ 10   LOVER FOR LOKALLAG

Lokallaga vedtek sjølve lovene sine og eventuelle lovendringar, med heimel i normallover som er utarbeidde av sentralstyret. Lovene er ikkje gjeldande før dei er godkjende av fylkesstyret med heimel i § 9 i "Lover for Kristelig Folkeparti”.

§ 11   LOVENDRING

Desse lovene kan, med unntak av §§ 1, 2 og 4, endrast av fylkesårsmøtet når minst 2/3 av årsmøtet sine medlemer stemmer for eit framlegg som er fremja av dei organ og innan den frist som er fastsett i § 5. Lovendringane må vera godkjende av sentralstyret før dei kan setjast i verk.