KrF søker organisasjonsutviklar i Vestland

Vil du jobbe med å byggje KrF for framtida?
No er vi på jakt etter ein ny organisasjonsutviklar i Vestland KrF.

Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein står på en scene. Begge smiler og Bollestad holder en bukett med blomster.

Arbeidsstad: Bergen eller Oslo. Andre stadar kan vurderast.
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.12.2023
Oppstart: Snarest og etter avtale

KrF har over 16 000 medlemmar, over heile landet, fordelt på 281 lokallag. Vi har 12 ordførarar, 16 varaordførarar og meir enn 400 kommunestyrerepresentantar. I Vestland KrF er det over 2700 medlemmar fordelt på 37 lokallag, 59 kommunestyrerepresentantar, ein ordførar, ein varaordførar og tre fylkestingsrepresentantar.

Vil du vera med på eit framoverlent KrF-lag og utgjera ein forskjell?

Vi søker ein organisasjonsutviklar i Vestland. Som organisasjonsutviklar er du dagleg leiar av fylkeslaget og jobbar tett med fylkesstyret for å dyrke fram sterke lokallag og rekruttere og inspirere medlemmar, tillitsvalde og folkevalde. Du vil vere knytt til KrF sitt sentrale partiapparat ved organisasjonssjef og vera ein del av KrF sitt organisasjonsteam som jobbar tett på den politiske pulsen nasjonalt og lokalt.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiar for Vestland KrF
  • Tett kontakt med og oppfølging av lokallag, fylkeslag, folkevalde og tillitsvalde.
  • Målretta rekruttering og aktivering av medlemmar, tillitsvalde og folkevalde.
  • Skuleringsarbeid
  • Organisasjons-og styrearbeid
  • Sekretær for fylkestingsgruppa

Ønska eigenskapar og kompetanse

  • Erfaring frå organisasjons- og kampanjearbeid
  • Nytenkande, initiativrik og effektiv
  • Svært gode munnlege og skriftlege evner til framstilling
  • Relevant høgare utdanning innan samfunnsvitskap, økonomi, organisasjonsleiing, endringsleiing eller innovasjon (relevant erfaring kan kompensere for utdanning)
  • Kjennskap til KrF sitt verdigrunnlag og arbeid

Vi tilbyr

  • Innsikt i viktige politiske prosessar
  • Medverknad i spanande og innovative organisatoriske avgjersle
  • Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
  • Moglegheit til å arbeida i Bergen, eller på KrF sitt landskontor i Oslo sentrum
  • Lønn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Som tilsett må du dele KrF sitt verdigrunnlag og arbeide for å realisere KrF sine verdiar og vedtekne politikk. Stillinga gjeld som «særskild uavhengig» og det må påreknast arbeid utanfor kjernetid i samanheng med møter, organisasjonsarbeid og oppfølging av lokallag. Det må påreknast reising i heile fylket, samt noko nasjonalt. Søkjaren må ha førarkort klasse B og kunne disponere bil. Som arbeidstakar i KrF sitt organisasjonsteam vil du komme tett på viktige prosessar i partiet og ha ei fleksibel arbeidstid.

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med organisasjonssjef Erling Ekroll e-post eek@krf.no eller telefon 977 24 771. Spørsmål kan også rettast til fylkesleiar i Vestland, Morten Helland på telefon 930 27 497.

Søknad og CV sendes på e-post til eek@krf.no innan 1.12.2023