01.02.2017 07:46 Tilbake til nyheter

Valkomiteen til KrF innstiller ny leiartrio

– Valkomiteen innstiller Knut Arild Hareide, Olaug V. Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad som ny leiartrio i KrF, seier leiar i valkomiteen Trude Brosvik.
Valkomiteen innstiller ny leiartrio: Knut Arild Hareide, Olaug V. Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad

Trude Brosvik fortel at valkomiteen har lagt vekt på fornying, samtidig som ein skal ha kontinuitet i leiinga. 

– Vi ser dette som ein leiartrio som utfyller kvarandre godt, og som vil ta partiet vidare i møte med relevante politikkbehov for vanlege folk, for fellesskapen og der viktige prinsipielle verdisaker står på dagsorden, seier ho.

Innstillinga frå valkomiteen på ny leiartrio er samrøystes.

 

Brei høyring og intervjurundar

I framkant av innstillinga har det vore gjennomført ei brei høyring i fylkeslaga. Valkomiteen har og gjennomført ei rekke intervju for å sikre at framlegget til sentralstyret skal ha god og komplementær kompetanse. I tillegg har ein teke omsyn til kjønn, alder og geografi.

- Knut Arild Hareide hadde samla støtte frå alle fylkeslag, og var aldri eit tema for utskifting, understrekar Brosvik.  

Olaug V. Bollestad vart valt inn som 2. nestleiar for to år sidan, blir no foreslått som 1. nestleiar. Ho er i sin første periode som stortingsrepresentant for Rogaland, og sitt i helse- og omsorgskomiteen.

Kjell Ingolf Ropstad blir foreslått som ny 2. nestleiar. Han er inne i sin andre periode på Stortinget for Aust-Agder KrF, og er 2. nestleiar i justiskomiteen.

 Valkomiteen har i oppgåve å fremje eit heilskapleg framlegg på leiartrio, 5 medlemmer og 7 varamedlemmer til sentralstyret. Dersom landsmøtet i KrF vil ha andre enn dei som er innstilte frå valkomiteen, må dei fremmast som framlegg på landsmøtet.

- Valkomiteen vil kome tilbake med innstillinga på resten av sentralstyret i løpet av februar, seier Trude Brosvik.

  

Valkomiteen i KrF si innstilling til ny leiartrio: 

Leiar: Knut Arild Hareide (f. 1972)
1. nestleiar: Olaug V. Bollestad (f. 1961)
2. nestleiar: Kjell Ingolf Ropstad (f. 1985)