Talen til Knut Arild Hareide på KrFs landskonferanse 2018

Her kan du lese talen partilederen holdt på landskoferansen, der 350 KrFere er samlet nå i helgen. Du kan også se den på KrFs Facebook-side.

Knut Arild mottar blomst på landskonferansen 2018
– Tida framover vil krevje modige val.

Talen leser du under. Og du kan se opptak på facebook.com/kristeligfolkeparti eller her

Se program for konferansen her

Gode KrF-vener!

Som liten gut såg eg ofte store skip og mindre båtar segle forbi ute på Bømlafjorden. Nokre av båtane dei segla i solskin og fint farvatn. Andre båtar støtte på høge bølgjer og dårleg vær. No er det KrF som er ein av dei båtane som er ute i ruskevær.

Då me for eitt år sidan var samla til landskonferanse, var KrF eit parti som var klare til å vinne valet og kome i regjering. I valet gav ikkje veljarane oss den tilliten me hadde håpa på.

Når me no samlast til landskonferanse er det ikkje til å legge skjul på at det er i ei krevjande tid for partiet vårt.

Situasjonen er alvorleg. KrF gjorde i september i fjor sitt dårlegaste val etter krigen.

Det er ikkje været som avgjer om båten held. Alle som har vore på ein seglbåt veit at det som gjer ein båt stødig og trygg er ein djup kjøl når vinden riv i segla. Våre verdiar stikk djupt og toler nokre vindkast i segla.

Tida framover vil krevje modige val. Det vil krevje tydeleg leiarskap. Eg skal gjere mitt beste som kaptein på båten. Men jobben må me stå saman om å gjere.

Sjølv om situasjonen er alvorleg, er den langt frå heilsvart. KrF er plassert på den politiske midtbana. Stortingsvalet gav KrF ein viktig posisjon i norsk politikk. Ein posisjon med stor moglegheit for påverknad, gjennomslag og profilering. Det er eigentleg opp til oss no – om me grip moglegheitene.  Dersom me gjer det, kan det «gi partiet ei ny glanstid» – for å bruke ord frå ein fersk leiarartikkel i avisa Nationen.

Og eg synes me har starta godt. Hausten viste oss tydeleg kva politisk gjennomslag KrF prioriterer når me får sjansen:

Nokre saker rører ved oss sterkare enn andre. Barn som blir sjuke; familiar som får kvardagane sine snudd på hovudet. Derfor er eg spesielt stolt av kva me fekk til i spørsmålet om pleiepengeordninga – der me sørga for store forbetringar. Dette betyr enormt mykje for dei foreldra – som ønskjer å gje den beste omsorga for sine sjuke born. Dette er ikkje ei velferdsordning, men foreldre som gjer ein omsorgsjobb for borna sine, – ein jobb som samfunnet måtte ha betalt dyrt for. Få saker rører tydelegare ved kjernen i menneskeverdet enn denne.  

I haust kom me eit godt stykke på veg og hausta takk for det. KrF står skulder ved skulder med borna og foreldra i denne kampen. Eg lovar dei ein ting:  Me skal presse på – heilt til mål!

I KrFs skulepolitikk er borna viktigast. Spesielt dei borna som ikkje får den oppfølginga dei fortener. Som får moglegheitene sine forspilt allereie dei første skuleåra.

Derfor er det utruleg viktig for norsk skule at me fekk gjennomslag for KrFs lærarnorm. I eit forhandlingsrom med tre andre parti og eg vil sei mot alle odds. For bornas skuld. Dette er ein historisk siger for elevar, foreldre og lærarar. Og dei feirar saman med oss. Dette er borna sin største siger i statsbudsjettet.

Lærarnorma vil utgjere stor forskjell for barn over heile landet og vil sørge for at alle barn i Norge har lik tilgang til læraren, uavhengig om dei bur i by eller bygd. Det handlar om utdanning, men det handlar også om moglegheita til relasjonar og danning. Dette er den største utdanningsreforma på mange år. KrF lova dette i valkampen – no har me levert det norsk skule treng og som var øvst på ønskjelista til lærarar, elever og foreldre.

For dei fleste av oss er det kaotisk nok å få eitt barn. Det vert jo sagt at eitt barn er eitt barn. To barn samstundes er ein heil flokk. Eg kan berre førestille meg korleis det er. Derfor er eg stolt over utvidinga av foreldrepermisjonen for tvillingforeldre og foreldre som får trillingar eller meir. KrF har sørga for at frå 1. juli kan tvillingforeldre vere heime begge to samtidig og ta hand om borna i dei fire første månadene. Foreldre som får trillingar eller fleire kan vere heime samtidig eit heilt år.

Nok ein gong har me auka eingongsstønaden, ei støtte som no er auka med nesten 80 prosent sidan 2013. Me fekk også på plass fleksibel kontantstøtte. No blir det lettare å bruke barnehage og kontantstøtte samtidig.

Me styrka satsinga på tryggleik for barn mot vold og overgrep. Og me har auka satsing på rusomsorg og tiltak for fattige barn.

Me sette ein stoppar for kutt i dagpengeordninga. Det er ikkje dei arbeidsledige med dårleg råd og ein vanskeleg situasjon som skal betale for regjeringa sine skattekutt.

Me forbetra situasjonen for folkehøgskulane, frivillige og ideelle organisasjonar. Sidan 2013 har KrF fått auka skattefrådraget på gåver til frivillige organisasjonar frå 12.000 kr til no 40.000!

Me forbetra situasjonen for distrikta, gjennom auka breibandsutbygging,  fleire politistillingar i distrikta og eit historisk investeringsfond for jordbruket.

Me sikra eit grønare budsjett.

Me fekk gjennomslag for at Norge skal ta i mot meir enn 1000 fleire kvoteflyktningar.

Regjeringa vil ha søndagsopne butikkar. Me har no sikra gjennomslag for å bevare søndagen som annleisdag.

Eit område der me har opplevd liberaliseringar dei siste fire åra, er på alkoholområdet. No har me fått fleirtal for reduksjon i alkoholforbruken!

Og ikkje minst sørga me for ei sterkare satsing på langsiktig bistand og fattigdomsbekjempelse, særleg til Afrika.

Vårt engasjement for våre medmenneske stoppar ikkje ved svenskegrensa!

Ja- sjølv om Kjell Ingolf Ropstad har pappaperm, syns eg vår budsjettforhandlar og mann i finanskomiteen fortener ein stor, stor applaus.

Men er KrF relevante nok? Betyr KrF eigentleg noko? vil nokon spørje.

Då vil eg svare at politisk relevans ikkje målast i talet på statsrådsbilar eller debattdesibel. Den målast etter kva spor me set i menneske sine liv.

Den 4. april i år er det 50 år sidan Martin Luther King jr. blei drepen i USA. Han sa: «Livets mest vedvarande og presserande spørsmål er: «Kva gjer du for andre?»»

Det er også eit kjernespørsmål for KrF.

Desse gjennomslaga viser at KrFs moglegheiter til å gjere mange gode ting for andre, er store.

Ingen trenger tvile på at KrF også i 2018 kan og skal utgjere ein stor forskjell.

Gode KrF-vener!

Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum og SV og Audun Lysbakken snudde det frå 2013 til 2017. Høgre og Erna snudde det frå 2005 til 2013. Arbeidarpartiet og Jens Stoltenberg snudde det frå 2001 til 2005. No er det vår tur. No skal me snu det.

For å kunne snu KrFs utvikling sidan 1997, må me erkjenne at vårt problem handlar om meir enn å ikkje lukkast med kommunikasjonen.

Det kan vere freistande å seie: «Me har jo den beste politikken, me har berre ikkje fått han godt nok fram». Eg trur verkeleg at KrF har den beste politikken, men me må også tørre å stille oss nokre ærlege spørsmål om me gir gode nok svar på det veljarane er opptatt av.

Til veljarane vil eg sei klart og tydeleg: Det er ikkje de det er noko gale med.

Og til journalistane og media vil eg sei det same: Det var ikkje dykkar feil at KrF gjorde eit dårleg val. – og det gjeld òg deg, Ole Torp.

Det er me i KrF som må ta oss saman. Det er me som må bli tydelegare. Og den som står først må ta størst ansvar for det – det ansvaret er eg klar til å ta.

——————————————————————————————————–

For nokre veker sidan fekk me ei utvida regjering i Norge. Eg vil gratulere Erna, Siv og Trine med det!

Den politiske situasjonen i Stortinget er endra. Me gjekk til val på ei sentrum-Høgre-regjering med Erna som statsministerkandidat. Men på nytt valde Erna og Høgre FrP framfor KrF. No har altså Venstre vald å bli med i den regjeringa.

Nokre har spurt: Kvifor kunne ikkje KrF vore med der? Noko av det eg har fått med meg heimafrå er at du skal vere til å stole på. Og det ønsker eg også at KrF skal leve etter. Det me sa, det gjer me.

KrF vil vere eit konstruktivt opposisjonsparti til regjeringa. Me vil vere positive når regjeringa kjem med forslag KrF er einige i. Men me har ingen samarbeidsavtale. Me er ikkje eit støtteparti.

Hald oss til ansvar – men hald oss til ansvar for KrF sine politiske prioriteringar.

Så får ein halda Regjeringa til ansvar for sine prioriteringar.

Me skal heile tida bruke posisjonen vår offensivt, vere til stades i dei politiske debattane – men me skal også legge mykje arbeid i å meisla ut vår eigen strategi framover.

Dei neste månadane skal me i KrF tydeleggjere kven me skal vere framover. Kven me er til for og kva folk kan vente seg når dei stemmer

på oss.

Eg skal eg vere forsiktig med å meine mykje om militær strategi, sjølv om eg var i Forsvaret som presteassistent. Men noko veit eg: Når ein skal kjempe harde slag, kan det nokre gonger vere ein god idé å ta eit steg tilbake, regruppere troppane, hente meir drivstoff og fylle på med ny ammunisjon – før ein gjer seg klar til ny strid.

Dette veit Hilde som har hatt ansvar for 11 000 mann og 7000 FN-soldatar. Så jo Hilde ikkje berre sekretær, ho er også general.

Ho veit også at når me har funne ut av dette, blir den viktigaste jobben framover å bli endå meir offensive, slik at me kan vinne tilbake tilliten hos dei som er i tvil og vinna nye veljarar for eit meir slagkraftig KrF.

Men noko veit me allereie om kva me må gjere

  • Me skal snakke meir om det moderne og slagkraftige verdipartiet me er i norsk politikk, og ikkje la motstandarane våre få definere kven me er,
  • Me skal snakke mindre om det alle er opptatt av alltid, og meir om samfunnets store verdispørsmål,
  • Me skal snakke mindre om utydelege regjeringsstrategiar, og meir om kva som vil bli viktigast for KrF når me sit ved roret.
  • Me skal skape meir rom for ueinigheit og ærleg meiningsutveksling, og ikkje berre ta debattane i krikar og krokar.

Ingen av oss melde seg inn i KrF fordi det var opptekne av at KrF skulle samarbeide med det eine eller andre partiet. Me engasjerte oss fordi KrF hadde noko me trudde på. Verdiar å bygge samfunnet på! Kristne verdiar.

Eg trur ikkje KrF må finne opp kruttet på nytt. Programmet vårt er eineståande godt. Eg trur kruttet er der. KrF treng ikkje eit nytt prosjekt. KrF treng eit tydelegare prosjekt.

Gode KrF-vener:

Denne prosessen skal me gjere grundig. Først skal me tydeleggjere KrF sin politiske strategi. Dette er berre nokre peikepinnar for ein kurs for eit meir tydeleg og klarare KrF. De skal og vite at strategien me bygger skal basere seg på innspel eg får frå alle dykk og frå hundrevis av engasjerte partifeller og sympatisørar rundt i heile landet.

Først etter at partiet sine organ har sagt sitt i løpet av våren, skal me drøfte kva konsekvensar strategien skal ha for KrF sine val framover. Men me må ikkje rote med kart og terreng og heller ikkje gjere det slik at me set kjerra framfor hesten. Politikken er det viktigaste, og så skal me meisle ut strategien etter det.

—————————————————————————————————-

Det er jo sant at KrFs verdiar er gamle – men dei er likevel svært relevante og gode inn i vår tid.

La meg ta fem eksempel som tydeleg viser det:

1)     Det første er den pågåande #metoo-kampanjen. Dette er ein viktig kampanje. Viktig som bevisstgjering og eit nødvendig oppgjer med haldningar me ønskjer vekk.

Men me kan ikkje snakke om #metoo utan å sjå at kampanjen eigentleg er eit einaste stort rop etter gode verdiar.

Oktober 2017 markerer eit før og etter. #metoo har skylla som ei flodbølge innover mange land og skapt eit heilt nytt klima for å sette seksuell trakassering på dagsorden.

Når eg les historiene bak #metoo, les eg mykje vondt. Historiene har gått inn på meg. Me skal gjere det me kan for at ingen vert utsett for seksuell trakassering i vårt parti.

For eit år sidan sette KrF i gong eit arbeid med nye etiske retningsliner for partiet. Eit varslingssystem vart lagt på plass i haust. Sentralstyret behandla to sett med nye retningsliner i går og sender dei ut på høyring i partiet no. Der er me tydelege på fleire ting:

  • Det skal være nulltoleranse mot seksuell trakassering og -overgrep i KrF.
  • Ved varsling skal det reagerast med ein gong, gjennom eit robust og fortruleg varslingssystem.
  • Detaljerte prosedyrar skal følgjast for korleis alle saker skal handterast, der varslar får tryggleik og beskyttelse. Den det varslast mot skal og høyrast.
  • Det leggjast opp til klare reaksjonar mot dei som bryt regelverket gjennom eit hierarki av sanksjonar.

KrF legg opp til open høyring i partiet av retningslinene,  som vil bli lagt ut på partiet sine nettsider. Landsstyret vil endeleg vedta dei nye retningslinjene i sitt møte 13. -14. april.

No er #metoo over alt.

Men det viktigaste er dette: Kva skjer etter kampanjen? Når folk er mette på skandalar? Korleis skapar me varig endring etter #metoo?

#metoo handlar om openheit. Om respekten for enkeltmennesket. Om normer og verdiar om korleis me behandlar kvarandre. Om likeverd og likestilling. Trakassering er ikkje berre noko som lever i politikken eller underhaldningsindustrien.

Menneske krenker og blir krenka i alle samfunnslag, i alle yrker, i alle religionar, i alle parti, i alle typar familiar og i alle nabolag. Korleis kan me då skape samfunnsendring som varar?

Det handlar om at me skal kunne stå ansikt til ansikt med kvarandre, og møte kvarandre med respekt, openheit og likeverd. Me kallar det menneskeverd.

Derfor er #metoo-kampanjen i bunn og grunn ein menneskeverdskampanje. Derfor må denne kampanjen leve vidare. Også når avisspaltene og TV-skjermane blir fylt med andre nyheiter.

Den kampen skal KrF kjempe gjennom å legge til rette for eit samfunn bygd på nestekjærleik og menneskeverd.

2)     Johan Golden sa: «Alkohol sliter for tiden. Det har vært en veldig dårlig periode for alkohol».  OK da – han sa det på Nytt på Nytt – og eg sat ved sida av han – men det stemmer, det han seier.

I mange av #metoo-sakene er alkohol den elefanten i rommet som KrF har sett og peika på heile tida.

Det er bra når Jonas Gahr Støre er så tydeleg på at Arbeidarpartiet ikkje lenger vil betale for alkohol på partiets samlingar. Det trur eg er klokt.

Ingen kan bruke alkohol som unnskyldning for å drive med seksuell trakassering. Men alkohol og drikkepress pregar arbeidslivet for mange. Derfor kjem KrF til å utfordre regjeringa til å ta tak i dette, når me denne våren fremmer eit heilskapleg forslag om reduksjon av alkoholbruken i Norge.

Mest av alt handlar dette om dei aller minste blant oss. Dei mest forsvarslause blant oss. Dei som oftast blir ramma aller hardast av alkoholens skadeverknader.

I fjor under Arendalsuka fekk eg ta på meg organisasjonen «Av og til» sine nye VR-briller – slike briller som lar deg stenge ute den verkelege verda og oppleve at du er til stades ein annan plass. Desse brillene tok meg med til ein familie som var på Syden-tur, der eg sat i stolen til eit av borna i familien og opplevde korleis foreldra til dette barnet og venene starta med litt alkohol til maten, før dei fortsette å drikke ut i dei seine nattetimar.

Det gjorde inntrykk å sjå korleis foreldra og venene deira endra oppførsel mot borna jo meir alkohol dei fekk innabords.

Alkoholen har skuggesider. Det er vår oppgåve å verne born og andre som lid som følge av skadevirkningane til alkohol.

Ein solidarisk alkoholpolitikk handlar om nettopp solidaritet og tryggleik. Dette har med verdiar å gjere. No har denne tenkinga meir vind i segla!

3)     I innvandrings- og integreringsdebatten er òg verdidebatten høgst levande. I land etter land diskuterer dei kva verdiar ein skal ha felles, i møte med nye landsmenn, asylsøkarar og flyktningar. Her kan ein eigentleg velje to strategiar:

Ein kan gøyme bort sine eigne verdiar i møtet med det nye, slik at ingen skal bli støtt og all friksjon fjernast. Eller så kan ein nytte moglegheita til å løfte fram dei verdiane samfunnet har vore bygd på – og samstundes akseptere og sjå positivt på at samfunnet får eit mangfald. KrF er og skal vere tydeleg på det siste. Det er i tryggleik på eigen kulturarv, på den kristne kulturarven, ein er best i stand til å møte det som er annleis.

Argumentet om at me framstår meir inkluderande gjennom å fjerne alle referansar til våre kristne røter, bygger på eit underleg premiss. For eksempel blir det argumentert for ei jul utan Jesus av hensyn til annleistruande.

Men også her vil eg snu det på hovudet: Er ikkje våre nye landsmenn eit kjempegodt argument for nettopp å halde fram med skulegudstenester før jul? Eg har møtt mange annleis truande som meiner det.

70 prosent av befolkninga i Norge seier ja til skulegudstenester. Berre 14 prosent seier nei.

Før jul kunne me lese i fleire aviser at muslimar sette stor pris på skulens julegudstenester, fordi dei gav dei ei betre forståing av norske juletradisjonar. Sjølv var eg på ei fantastisk skulegudsteneste i landets eldste metodistkyrkje i Sarpsborg, der elevar med hijab var med og dramatiserte juleevangeliet og las opp sine eigne håpstankar for framtida.

Før jul foreslo KrF at alle elevar i Norge skal få tilbod om å delta på skulegudsteneste der det er mogleg. Då vil me få slutt på dei årlege rundane med rektorar som nektar elevane sine å delta i skulegudstenester.

No håpar me på støtte i Stortinget, og eg vil sitere statsminister Erna Solberg då ho i Stortinget sa følgande i november 2016: «Det vil være en unnlatelsessynd å tilpasse oss så mye at vi unnlater den viktigste grunnen til at vi feirer jul».

La oss håpe partiet hennar er klare til å følge opp i Stortinget ved å støtte KrFs forslag. Eit forslag Senterpartiet allereie har varsla si støtte til.

Gode KrF-vener,

Det er på tide at dei som ivrar for livssynsnøytralitet sluttar å skubbe muslimane framfor seg. Me må vere trygge på røtene våre i møte med ei ny tid. Det er og desse røtene som er den viktigaste kjelda til gode fellesverdiar me kan stå saman om.

4)     I åra framover kjem det heller ikkje til å bli mindre debatt om dei etiske spørsmåla som omhandlar livet frå unnfangelse til naturleg død.

Under ei høyring i Stortinget sa preses i Den norske kyrkja, Helga Haugland Byfuglien at «vi aldri må miste synet for det ubetinga menneskeverdet som utgangspunktet for all lovgjeving». Det synspunktet deler eg fullt og heilt.

I spørsmål som gjeld bioteknologi, eggdonasjon, surrogati og fosterdiagnostikk er dei etiske dilemma mange og engasjementet stort.

Det er ikkje berre foreldre som sjølv har barn med særlege behov, men mange, mange andre som no fryktar etikken vert sett til side i møte med teknologiske nyvinningar. Der det er mogleg å fastslå kjønn på barnet i mors liv og eit aukande antal eigenskapar allereie i veke 7 eller 8. Det er opplagt at me står foran store etiske utfordringar. Det er utruleg mange som gir meg tilbakemeldingar på dette. Med andre ord: Tida er moden for ein debatt om dei vanskelegaste etiske spørsmåla.

Derfor er eg så stolt over at vi har vår gode nestleiar Olaug Bollestad som leiar av Helsekomiteen på Stortinget!

Det er tid for ein debatt som er mindre skyttargravsprega, meir nyansert og opnare. KrF vil gjerne bidra til det. For det er framtida det gjeld. Framtida for menneskeverdet. Framtida for det som til no har vore felles etiske rammer.

Me er på vei mot sorteringssamfunnet, om me ikkje får til eit samarbeid som set på plass viktige etiske stabbesteinar raskt. Det er KrF sitt mål for vårens store debatt om bioteknologimeldinga.

KrF kan stolt og frimodig løfte fram vårt engasjement for et samfunn med plass til alle og eit livsvern for alle, også dei aller minste, dei ufødde.

Men det er ikkje berre her KrF bør heve stemmen.

I boka si om kristendemokratiet skriv Erik Lunde at «i vår kultur dyrkes det unge, det pene og det sterke, men det er ikkje disse egenskapene som gir mennesket verdi. Menneskeverdet er absolutt, uansett alder, kjønn, etnisk tilhørighet, religion, seksuell orientering og produksjonsevne». Når teknologien framover vil bryte stadig nye etiske grenser, må me spørre kva samfunn me ønsker oss.

Me må peike på kva verdiar som skal styre utviklinga. Kort sagt må me sette etikken før teknikken.

5)     Eg har no nemnt fleire eksempel, og eg kunne nemnt søndagen i tillegg.

Desse fem eksempla viser at det er noko som rører seg i folket. Fleire er bekymra for utviklinga. Fleire vil gjere noko med det. Me håpar og trur at ein verdiforankra politikk for framtida kan vinne terreng. Ja, det har framtida for seg!

Gode vener,

Denne veka har Stortinget debattert den nye regjeringserklæringa. Eg skal ikkje ta heile debatten her – men peike på to ting.

Både høgre- og venstresida prøvde å gjera denne debatten til ein ideologisk debatt om det norske velferdssamfunnet.

Men kva er eigentleg den norske modellen? Er det ein velferdsstat med nesten utelukkande kommunale og statlege monopol? Er det ein ukritisk bruk av marknadsøkonomi og konkurranseutsetting? Kva er historia til den norske velferdsamfunnet?

Det norske velferdssamfunnet har sitt utspring i at menneske såg sjukdom, liding og fattigdom, og på eiga hand tok ansvar i fellesskapet. Dette skjedde gjennom ideelle og religiøse aktørar. Eksempel kan nemnast i fleng, anten det er potetprestene på 1600-tallet, Kirkens Bymisjon som starta sitt arbeid i 1855 eller Blå Kors sitt arbeid for rusavhengige. Dette arbeidet starta før sosialtenesta og NAV såg dagens lys, før sjukehus og kommunal legevakt, før folketrygd og helsestasjonar.

Kvifor gjorde desse menneskene dette? Fordi det er samfunnsøkonomisk lønsamt? Fordi det løner seg for samfunnet at folk er friske og arbeidsføre? Fordi ein ønska å dempe opprørstrang, og kanskje til og med skaffe stemmer ved neste valg? Nei, dei gjorde det fordi dei brydde seg.

Så fulgte det offentlige etter og bygde opp statlege og kommunale tenester som sidan har levd side om side med dei frivillige. Fordi dei samfunnskreftene som brydde seg på 16, 17 og 18 00-tallet, dei lever og dei ikkje berre brydde seg, dei bryr seg framleis, og dei er der kvar einaste dag, og gjer Norge til eit varmare samfunn. Det er dette som er den norske modellen.

 For høgresida har anbud og konkurranseutsetting blitt eit mål i seg sjølv. Ideologi er blitt viktigere enn omsynet til tilsatte, brukarar og pårørande. Derfor tviheld dei ein konkurransemodell der pris openbert går før kvalitet.

For venstresida er det blitt eit like sentralt ideologisk mål å sette ein stoppar for private innslag i vår offentleg dominerte helse- og omsorgssektor. Dei praktiserte sjølv eit anbudsregime som feide ut pionerane i sektoren; dei ideelle institusjonene som aldri har spurt etter profitt.

Begge deler gir feil fokus. Me må i staden spørre: Kva gir god kvalitet og verdighet i omsorga for det enkelte menneske?

Mitt andre poeng frå debatten om regjeringserklæringa var at Regjeringa forsvarte at for første gang, meg bekjent – ikkje henviste til vår kristne og humanistiske arv som verdigrunnlaget for plattforma si.

Nei, dette handlar ikkje berre om retorikk eller honnørord, dette handlar om noko mykje meir. Det handlar om at me treng lange linjer også i politikken. Me treng det som individ og me treng det som samfunn.

Det er nettopp solide røter som gir eit tre moglegheit til å stå stødig i vindkast og storm. Det er også solide røter som gjer at treet bære gode fruktar.

KrF har heilt frå starten av vore eit Kristelig folkeparti – partiet for alle folk som vil ta vare på kristenarven i landet vårt!

—————————————————————————————————-

Gode partivener,

Mange av oss starta i politikken fordi det var ei sak som me brann ekstra for. For nokon var det livsvern, for andre var det sosial rettferd eller menneskeverd, medan det for mange var kampen mot fattigdom som gjorde at me valde å engasjere oss i nettopp KrF.

Spesielt har engasjementet for ei meir rettferdig verd prega ungdomspartiet vårt. Gong på gong har KrFU-arar stått på barrikadane for verdas fattige – på landsmøter, på landsstyremøter, på fylkesårsmøter og i kommunestyrer. Ofte også frå Stortingets talarstol. Saman har dei vore eit godt symbol på eit ungdomsparti som reagerer på urettferd og som viser eit brennande engasjement utover våre landegrenser.

Det har gitt meg mange stolte augneblink – både som KrFU-ar og som partileiar.

Me skal lytte til ungdommane våre for dei har mykje klokt å kome med, og viser ein brennande idealisme som kanskje nokre gonger kan falme litt når me kjem i posisjonar og blir møtt med realitetane  i praktisk politikk. Men ikkje ta dette personleg, Tore.

Men alvorleg talt: Ungdommane våre er ikkje berre framtida. Dei er like mykje notida. Dagens KrF.

Eg trur det er riktig å sei at det i dag er eit sterkt engasjement blant unge, både i vårt eige parti og samfunnet utanfor, som løftar klimasaka og kampen for eit meir berekraftig samfunn.

Kanskje det er den saka som vil forme dagens unge, på same måte som fattigdomskampen forma min generasjon? Dersom dette er riktig så er eit parti som har forvaltaransvar som grunnverdi godt rusta.

Men då må me halde fana høgt som eit parti som aktivt jobbar for klimakutt og løftar fram berekraft.

Som miljøvernminister fekk eg i 2005 ein rapport som advarte mot at Nordpolen og områda rundt kunne vera isfrie innan 100 år. Oppdateringar 10 år seinare slår fast – som forskar Jennifer Francis ved Rutgers University i USA at det no er realistisk at det skjer ein gang mellom 2030 og 2050. Professor og ekspert på havis Peter Wadhams ved Cambridge University sa 2016 til den engelske avisa Independent at det er godt mulig at Nordpolen blir isfri berre i løpet av nokre få år.

Mest av alt er klima den nye fattigdomskampen. Scenarioa viser at det er den fattigaste delen av verda som rammast hardast, Afrika sør for Sahara og område i Sør-Asia. No gjeld klimakampen kampen for ei meir rettferd verd.  

Men kvar og ein av oss har og eit personleg ansvar i kvardagen. Ressursane våre må brukast betre. Me har ikkje råd til å sløse. Dette heng saman. Det handlar om å få bukt med bruk- og kast-samfunnet.

I førre periode fremja KrF forslag til ei matkastelov. Det handlar om at me ikkje skal kaste brukbar mat.

Me opplevde eit sterkt folkeleg engasjement rundt dette. Bruk og kast-samfunnet opprører mange. Eg spør meg ofte om befolkninga no ligg eit stykke føre det politiske fleirtalet?

Stortinget skal denne våren behandle stortingsmeldinga om avfall og sirkulær økonomi. Tittelen er kanskje ikkje ein kioskveltar, men når kvar og ein av oss kasta 433 kilo avfall i året, så handlar dette om viktige vegval. Bruk- og kastfilosofien må gå inn i historia som ein augneblinks galskap og tankelausheit av menneske blenda av betra kjøpekraft.

Me skal få på plass ei matkastelov. Me skal ha på plass ordningar som sikrar at ikkje marknaden overausast med billegprodukt det ikkje «løner seg å reparere». Dette heng saman. Klimaendringane gir tid for kriseforståing. Me må bruke den til å legge om tankesett og livsmønster.

KrF er og har vore eit klima- og miljøparti. Framover skal me markere dette sterkare!

—————————————————————————————————-

Gode KrF-vener,

Om kort tid startar OL i Sør-Korea. Eg seier helst OL i Sør-Korea fordi eg ikkje er så stødig på uttalen av Pyongchang.

Der kan me sjå fram til mange stolte OL-øyeblikk.

Men som alltid har eg størst forventningar til stafettane – sjølv utan Petter Northug eller Ole Einar Bjørndalen.

Stafett er idrett på sitt beste. Det engasjerer oss ekstra fordi det er lagarbeid.

Laget kan aldri klare seg med berre ei stjerne – og det er aldri sterkare enn det svakaste leddet.

OL-stafettane har overføringsverdi til vårt arbeid:

Ingen av oss kjem til å klare denne jobben åleine. Skal me løfte oss fram til neste kommune- og fylkestingsvalet neste haust er det godt gamaldags lagarbeid som må til.

Eg treng alle de som er her denne helga og mange andre av våre trufaste og nyleg engasjerte medlemer.

Eg treng alle KrFU-arane som har lyst å engasjere seg i politikken og som vil stille på kommune- og regionslistene neste år!

Som skal kjempe for KrFU-gjennomslag i kommunestyrer og formannsskap.

Eg treng både dei som står best på høgrefoten og dei som står best på venstrefoten sin, men som har eit gult hjarte som bankar for KrF.

Akkurat som OL-laget i Sør-Korea treng me dei som er best i friteknikk og dei som beherskar klassisk.

Me treng slitarane som gjer grovarbeidet og me treng dei som kan knuse kven som helst i ein spurt – eller i ein debatt.

Like mykje som me treng det ungdommelege motet, klarar me oss ikkje utan ein solid porsjon erfaring.

Eg sluttar aldri å bli imponert over lokale KrF-politikarar når eg reiser rundt som partileiar. Det gir meg mykje optimisme og pågangsmot.

Me er eitt parti.

Me er einige om at det viktigaste i politikken:

Det handlar ikkje om pengar, men om verdiar.

Takk!