Tilgivelse er ikke det samme som tillit

– KrF er et verdiparti. Vi byggjer vår politikk på dei kristne verdiane, tilgjeving og forsoning. Det forpliktar. Men det er også noko som er rett og det er noko som er gale.

Portrett av tidligere partileder Knut Arild Hareide
Tidligere partileder, Knut Arild Hareide.

Gode KrF-arar

KrF har eit engasjement for eit samfunn der vi kjenner eit ansvar for kvarandre.

Der det fins ein tillit mellom folk.

Der vi ikkje set grupper opp mot kvarandre.

Der det fins tillit mellom folk og politikarar.

Tillit mellom politiske parti.

Tilliten er kanskje den mest grunnleggande verdien av alle verdiar.

Kall det gjerne sosial kapital.

Kall det gjerne samfunnslimet.

Kall det gjerne anstendigheit.

Derfor er vi også opptatt av tonen i dei politiske debattane.

Derfor er vi også opptatt av korleis vi snakkar om kvarandre.

Derfor er vi også opptatt av kva ord som blir brukt.

Derfor er grunnen til at vi er samla her i dag så alvorleg. Ein justisminister skriv at stortingsfleirtalet set terroristane sine rettar framfor nasjonen sin tryggleik.

Det er eit sterkt eksempel på å stille motiva til andre i tvil. Og det i ei så viktig sak. Når vi kjenner bakteppet av 22. juli vert det ennå meir alvorleg.

 Eg har allereie omtalt Facebook-posten om Ap og terroristar som usakleg, spekulativ og feilaktig. Og det skadar tilliten mellom oss som bur i dette samfunnet. Det er grunnen til KrF sitt sterke engasjement i denne saka.

 Derfor var det særs viktig og riktig at statsministeren, når ho innsåg sakens alvor, kom med ein tydeleg unnskyldelse og ein uforbeholden unnskyldning. Det same gjorde statsråd Jan Tore Sanner i Stortinget. Det var ingen tvil om at han meinte det.

Eg er glad dei var så tydelege.

 Problemet er at justisministeren som har skapt denne krisa – etter å ha vore unnvikande i seks dagar – måtte ha fire forsøk på å kome med ein skikkeleg unnskyldning i Stortinget – sjølv om den var varsla av statsministeren på førehand.

 Det vitnar om at problema med Listhaug som justisminister stikk djupare enn denne konkrete enkeltsaka.

Har vi tillit til at justisministeren meinte det ho til slutt sa frå Stortingets talarstol? Det må vere rom for å få tilgjeving for feiltrinn. Men er tilgjeving det same som tillit? Eg kan for eigen del sei at eg har tilgitt Sylvi Listhaug. Spørsmålet er om vi har tillit til henne som justisminister!

Det er eit av spørsmåla vi er samla for å diskutere i dag.

Nokon seier at det ”berre” var ein Facebook-post. At det ikkje er viktig nok. Eg vil ta avstand frå ei slik bagatellisering. Når landets justisminister peika ut det einaste partiet som har vore ramma av terror på norsk jord som eit parti som set omsynet til terroristar framfor nasjonens tryggleik, er det ein farleg veg å gå.

 Høgreekstremismen er på frammarsj i Norden. Og det er nettopp i sosiale media desse kreftene florerer og hentar si næring. Dette ligg bak alvoret i denne saka.

 Og det er justisministeren som har det øvste ansvaret for å bekjempe høgreekstremismen i Norge. For beredskapen vår. For kriseleiing.  

KrF er et verdiparti. Vi byggjer vår politikk på dei kristne verdiane, tilgjeving og forsoning. Det forpliktar. Men det er også noko som er rett og det er noko som er gale.

 Men denne saka har også ein annan dimensjon: Statsminister Erna Solberg har i fem år tilléte FrP å drive med dobbeltkommunikasjon i regjering. Det har og prega det offentlege ordskiftet på ein særs negativ måte.

Men frispelet frå regjeringsposisjon har konsekvensar, både for regjeringa som fellesskap, for forholdet til Stortinget, og som statsministeren fekk oppleve i Stortinget sist torsdag: statsministeren sin eigen autoritet.

KrF ønsker anstendighet i norsk politikk og i det offentlege ordskiftet. Nå må det bli slutt på polariserande og splittande retorikk og framferd.

 I etterkant av fredagens gruppemøte og landsstyremøte på telefon fredag kveld, har eg har hatt samtalar med statsminister Erna Solberg. Eg har ytra ei tydeleg melding på vegne av partiet om at det statsministeren sitt ansvar å ta grep for å unngå ein mistillitssituasjon i Stortinget. Det er statsministeren som sjølv bestemmer samansettinga av eige regjering og statsrådane sitt ansvar.

 Men landsstyret skal nå drøfte situasjonen om det likevel blir ei votering om mistillit i morgon.

 Dersom statsministeren ikkje ordnar opp, og i tillegg sjølv veljer å stilla kabinettsspørsmål, gjer ho det særs vanskeleg for seg sjølv og for regjeringa.   

 Det er statsministeren som då sit med ansvaret.

For KrF er det og krevjande. Vi gjekk til val på å bytte ut Frp og dermed òg Listhaug. Men vi gjekk også til val på Erna Solberg som statsminister.

 Sjølv om ho etter valet i fjor haust nok ein gong valde samarbeid med FrP framfor oss, ønskte vi likevel å gi henne moglegheita til å halde fram. Vi kjende oss forplikta til det, fordi vi hadde gått til val med henne som vår statsministerkandidat – om enn med eit anna regjeringsalternativ.

 Etter valet valde vi å ikkje halde fram med ein samarbeidsavtale med sittande regjering. Vi er eit opposisjonsparti. Men vi har eit godt forhold til Erna Solberg og mange av hennar statsrådar.

 Vi har fått på plass fem budsjettforlik saman.

 Det er derfor ikkje med lett hjarte vi går inn i dagens møte.

 Det er ei alvorleg sak som skal drøftast. Konklusjonen er ikkje gitt.

 Eg ser fram til å få råd og drøftingar med gode partifolk.