Nominasjonskomiteen føreslår Tore Storehaug og Trude Brosvik på topp på stortingslista til KrF i Sogn og Fjordane

Nominasjonskomiteen presenterer i dag endeleg framlegg til KrF si stortingsliste for Sogn og Fjordane valkrins. Innstillinga byggjer mellom anna på innspel frå enkeltmedlemmer og to runder i lokallaga. I siste del av nominasjonsprosessen har komiteen vore i kontakt med alle kandidatane på lista, og er glad for at innstillinga i stor grad samsvarar med kandidatane sine eigne ønskje om plassering. Innstillinga er samrøystes, seier Frode Kleppe Holgersen, leiar av nominasjonskomiteen for KrF i Sogn og Fjordane.

Komiteen er glad for å presentere ei veldig sterk liste med gode folk frå heile Sogn og Fjordane, som både representerer fornying og kontinuitet. Gjennomsnittsalderen er 43 år.

Tore Storehaug avklara tidleg at han stilte seg til disposisjon for attval. Storehaug har dei siste åra vore ein synleg stortingsrepresentant, som har kjempa Sogn og Fjordane si sak frå Stortinget. Han har løfta fram saker som breibandutbygging, utjamning av nettleige, og ein landbruks- og familiepolitikk tilpassa Sogn og Fjordane. Stortingsgruppa har vist han stor tillit som finanspolitisk talsperson, der han den siste tida har hatt sentrale roller i mellom anna forhandling av statsbudsjett, Tangen-saka og tiltakspakkar grunna koronaepidemien.

Med Trude Brosvik på andreplass har komiteen fått ein av dei mest rutinerte politikarane frå Sogn og Fjordane med vidare. Med erfaring som mellom anna ordførar, medlem av fylkesting, fylkesutval i Vestland fylke og fylkesutval i gamle Sogn og Fjordane kjenner Trude historia, folka og sakene våre. Når ho i dag sit i hovudutvalet i Vestland fylke kjenner ho situasjonen i dag og utfordringane vi har framfor oss. Trude er ei tydeleg stemme, ingen er i tvil om kvar dei har Trude, og alle veit at Trude kjempar for Sogn og Fjordane.

Komiteen er og glad for å kunne løfte fram nye, unge namn på lista. William Dalsbø på tredjeplass er ein ung og spannande kandidat, som dei siste åra har vore ei klar og tydeleg stemme i partiet. No gler vi oss til å la heile fylket få bli kjent med han.  Med William på tredjeplass er to av dei tre listetoppane i 20-åra, medan tre av dei ti på lista er i same aldersgruppe.

Like mykje kunne vore sagt om dei andre på lista. Så skulle lista vore på endå nokre 10-tals personar. Veldig mange var villige til å vere med, og vi gler oss til ein valkamp med mange gode og synlege KrF-arar i heile Sogn og Fjordane.

Leiar av nominasjonskomiteen,
Frode Kleppe Holgersen

Nominasjonsmøtet til KrF for valdistrikta Sogn og Fjordane og Hordaland vil haldast på laurdag 21. november.

Kontaktinformasjon

Frode Kleppe Holgersen, mobil 906 35 545. Leiar av nominasjonskomiteen
Tore Storehaug, mobil 941 45 145
Trude Brosvik, mobil 913 14 389
William Dalsbø, mobil 906 72 476
Beate Bondevik Lie, mobil 917 76 434