Kommuneprogram 2019-2023

Vårt verdigrunnlag

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og har si forankring i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.  Det gode samfunn vert skapt i eit samspel mellom det einskilde menneske, offentlege myndigheiter og privat og frivillig verksemd.

Vår visjon for Vindafjord kommune

KrF ønskjer ein god kommune for alle generasjonar, med levande bygder der folk vil trivast og bu.

Då treng vi lokale arbeidsplassar, tomter, lokal butikk og kommunikasjonar. Vi treng møteplassar for alle aldersgrupper og trygge vegar til skule, fritidsaktivitetar og arbeidsplassar. For å skapa gode samfunn treng vi tilrettelegging for frivillig engasjement og initiativ i samspel med kommunen. Dette er viktig for å sikra rekrutteringa til bygdene og for å ta vare på kultur og tradisjonar. Stikkord her er:

  • Levande bygder med folk og trivsel.
  • Attraktive bumiljø.
  • Godt førebyggjande arbeid
  • Kvalitet i skule og barnehage
  • Lokalt næringsliv og arbeidsplassar.

Korleis Vindafjord KrF vil prioritera innan politisk arbeid:

Familieliv, skule og oppvekstvilkår

KrF vil byggja opp om og styrkja familien som den viktigaste arena for gode oppvekstvilkår, verdiformidling, sosial læring og omsorg for bornaTrivsel i barnehage og skule med tidleg innsats, gjev trygge unge.

Vindafjord KrF vil arbeida for: 

  • å styrkja og myndiggjera foreldre
  • samlivskurs og kurs for nye foreldre
  • nok vaksne i barnehagen
  • eit barnevern med meir fokus på støtte til dei som strevar med utfordringar og på førebygging.
  • å styrka dei økonomiske rammene og setja standard for skulen i Vindafjord
  • tidleg og målretta satsing på pedagogisk styrking og tilrettelagt opplæring
  • god kvalitet på undervisning og elevmiljø som gjev den enkelte elev godt læringsutbytte
  • å styrkja norskopplæring til barn og vaksne frå andre land.
  • at elevane i skulen vert sikra god og tilstrekkeleg tid i symjehall
  • auka fysisk fostring blant born spesielt og leggja til rette for friluftsliv og mosjon i befolkninga generelt
  • at Vindafjord vert eit attraktivt senter for vidaregåande opplæring på Indre Haugalandet
  • tilstrekkeleg læreplassar for VGS elevar (mål: 2 pr. 1000 innbyggjarar)
  • tre oppvekstsenter med ungdomsskular (Ølen, Skjold og Vikedal)
  • digitale ferdigheiter i skulen
  • oppgradering av lærarkompetanse.

Kultur og folkeliv

Vindafjord kommune er ein sentral aktør for kulturlivet i regionen. Med mange frivillige er me ein betydeleg leverandør av livskvalitet og godt bumiljø for innbyggarane. KrF ønskjer ein politikk som synleggjer og sikrar gode vilkår for frivillig arbeid, engasjement og lokale kulturuttrykk.

Vindafjord KrF vil arbeida for:

  • at bygdene i kommunen vert sett i stand til å ivareta kulturelle behov, og at det lokale engasjement vert ivareteke gjennom gode vilkår for idrett og frivillig arbeid i lag og foreiningar.
  • å styrkja det totale kulturtilbodet i kommunen gjennom å leggja til rette for at Ølen som kommunesentrum får eit auka kulturtilbod både i breidde og i kvalitet.
  • å stimulera til godt samarbeid med nabokommunane våre på kultur og fritidstilbod slik at distriktet samla sett blir meir attraktiv som ein fellesregion til å bu og leva i.
  • at flyktningar, framand arbeidskraft eller andre busette med utanlandsk bakgrunn blir stimulerte til integrasjon i lokalsamfunnet og positivt trekt med i kulturliv og det folkelege engasjementet.
  • å inkludera nye landsmenn i arbeid, samfunnsliv og frivillig arbeid.

Kyrkja- og kristenliv

Vindafjord KrF ønskjer å leggja til rette for kyrkje og kristenliv som ein viktig kulturberar i kommunen vår.

Vindafjord KrF vil arbeida for

  • å styrkja og ivareta kyrkja sitt ansvar for trusopplæringa gjennom heile oppveksten ved auka årlege løyvingar, i tillegg til den statlege overføringa
  • gode vilkår for etablering og utvikling av frivillig kristent arbeid særleg blant barn og unge
  • å setja Fellesrådet i stand til å drifte og vedlikehalde kyrkjer og kyrkjegardar på ein god måte og i tråd med ein langsiktig plan for vedlikehald av kyrkjene våre
  • støtta opp om dei som vil etablera kyrkjelydshus eller bedehus i kommunen vår
  • å leggja til rette kyrkjer og forsamlingshus for funksjonshemma
  • kyrkjegardar med universell utforming ved alle kyrkjer
  • å leggja til rette for eit godt samarbeid mellom skulane og kyrkjene i kommunen, m.a. innafor KRLE fag og kulturarv.

Helse og omsorg

Vindafjord KrF ønskjer å fremja trygge livsvilkår for alle og leggja til rette for at folk kan ta vare på helsa si. Vindafjord skal difor også vera ein turkommune.  

Vindafjord KrF vil arbeida for:

  • å sikra eit godt førebyggjande helsearbeid for born og ungdom
  • tilgang på gode og tilpassa helsetenester for alle som treng det
  • å leggja til rette for at eldre kan bu i eigen bustad så lenge som mogeleg
  • å auka grunnbemanninga ved sjukeheimane
  • å sikra aktivitetstilbod til innbyggjarar med nedsett funksjonsevne
  • eit universelt utforma samfunn som i størst mogeleg grad er tilgjengeleg for alle
  • å gje gode og inkluderande bu- og aktivitetstilbod for menneske med rus og psykiske vanskar
  • å styrkja og utvikla systematisk samhandling mellom tenester
  • utvikla frivillig innsats og ordningar til hjelp for pårørande i krevjande livssituasjonar
  • gode løysingar for legevakt og «øyeblikkeleg hjelp senger»
  • bruk av velferdsteknologi.

Edruskapspolitikk

KrF ønskjer ein aktiv politikk for å motverka skadeverknadene som alkohol- og narkotikamisbruk fører til. Ulykker og vald følgjer i alkoholen sine spor og alkohol er årsak til mange store helse- og sosiale problem.

Vindafjord KrF vil arbeida for: 

  • eit aktivt og målretta kommunalt rusførebyggjande arbeid gjennom ruspolitisk plan; t.d. ved rusfrie idretts- og familiearrangement der barn og unge under 18 år har tilgang, avgrensing av skjenkeløyve og ved felles skjenketider for kommunane på Haugalandet.
  • å auka det haldningsskapande og førebyggjande arbeidet i alle aldersgrupper, og særleg blant unge gjennom fokus på samarbeid mellom offentlege tenesteområde og det breie spekteret av frivillig arbeid.
  • SLT-koordinator for å styrka og utvikla eit godt samarbeid mellom skuleverk/ kommune, frivillig arbeid og politietaten i kampen mot rus og kriminalitet blant våre unge.
  • å støtta gode og rusfrie fritidstilbod for ungdom.
  • å styrkja førebyggjande arbeid gjennom avtalen med organisasjonen «AV OG TIL», i samarbeid med stiftinga «Korus Vest» (1) og gjennom rusførebyggjande tiltak i alle tenesteområde.

(1) Korus Vest: Kompetansesenter for rusomsorg på Vestlandet

 
Næringsverksemd, landbruk og miljø

Vindafjord KrF ønskjer styrka tilrettelegging for næringsverksemd og arbeidsplassar som grunnlag for busetnad og vekst i kommunen.

Vindafjord KrF vil arbeida for:

  • at kommunen er ein aktiv støttespelar for å fremja livskraftig handels- og næringsverksemd.
  • å støtta opp om gode initiativ i bygdene for å oppretthalda og skapa arbeidsplassar og busetnad
  • at knoppskyting og enkeltmannsføretak får støtte og oppfølging på innovasjon og ny næring, og at kommunen styrkar næringsutviklinga f.eks. gjennom medlemskap og deltaking i Haugaland Vekst og å støtta opp om næringshage og næringsforeining    
  • at kommunen aktivt marknadsfører industriområda som er etablerte og stimulerer til etablering av nye verksemder
  • at kommunen også arbeider for å utvikla industriområde langs E134
  • å aktivt oppretthalda og bidra til utvikling av berekraftig landbruk og matindustri
  • at landbruksjord vert ivaretatt i arealplan for kommunen, og gjennom eit sterkt jordvern hindra nedbygging av matjord
  • at bu- og drivepliktsreglane vert praktiserte slik at dei som har næringsinntekta si i landbruket i størst mogeleg grad er dei som eig gardane
  • forsvarlege miljømessige løysingar i både næringsliv og kommunen sin aktivitet
  • å stimulera til gode prosjekt på fornybar energi.
  • at turistnæring med bruk av natur og utmark kan gje grunnlag for næring og godt omdømme i regionen
  • ei miljøvennleg «blånæring» / aquakultur
  • at Vindafjord skal vera ein «plastfri kommune» og stimulera til kjøp av papir- og tøyposar framfor plast

Kommunikasjon og samferdsel

Vindafjord KrF meiner at gode vegar, kommunikasjonar og digital tilgang er viktig for busetnad, arbeidsplassar og trivsel.

Vindafjord KrF vil arbeida for:

  • at Vindafjord skal vera ein trafikksikker kommune
  • gode kommunikasjonsløysingar for å sikra busetjing og næringsliv i alle delar av kommunen.
  • å sikra ein fast rulleringsplan for vedlikehald av kommunevegane.
  • trafikksikring, særleg der born, unge og eldre ferdast. 
  • å prioritera bygging av samanhengande gang- og sykkelvegar gjennom kommunen, slik at Vindafjord kan vera ein sykkelvenleg kommune
  • å betra vegstandarden på offentlege vegar både gjennom eigne budsjett og som pådrivar overfor fylke og stat
  • å vera pådrivar for å utvikla E134 Haugesund – Drammen, og arbeida for gode traséløysingar gjennom Vindafjord kommune.
  • å betra vegstandarden på fylkesvegane Ølensvåg‐Bjoa‐Vikebygd‐Isvik, med særleg vekt på vegen frå industriområdet på Dommersnes mot Skjold og gode internvegar i Skjold
  • å leggja til rette for full utbygging av breiband og mobildekning i heile kommunen
  • vidare planlegging og kommunal planarbeid for utbygging av hurtigtogbane over Haukeli
  • å etablera ”time-buss” mellom bygdene og handlebuss for eldre, der det er grunnlag for dette.

Utvikling, drift og økonomi

KrF meiner at ei langsiktig og god økonomistyring er viktig for å ha naudsynleg handlingsrom i

kommuneøkonomien. Vi ønskjer ikkje aktiv privatisering av kommunale tenester.

Vindafjord KrF vil arbeida for:

  • å sikra ei positiv utvikling av tenestetilbodet i kommunen. KrF ser at det er naudsynleg å oppretthalda ein moderat eigedomsskatt som primært vert nytta til nedbetaling av gjeld og som del av nye investeringar
  • å styrkja kommunesenteret Ølen som eit senter for tenester, handel og utdanning på Indre Haugalandet
  • at kommunen har vedlikehaldsplanar og gjennomfører godt vedlikehald av bygningar og eigedommar
  • at det må setjast av pengar til å sikra universell utforming
  • at kommunen driv aktiv samfunns- og busetnadsplanlegging som vidareføring av bustadsanalyse, sentrumsutviklingsprosjekt og liknande
  • godt samarbeid mellom kommunen og grendeutvala.