Program for Ullensvang KrF 2019-2023

Tenkje med hjarta!

Familiepartiet

Verdigrunnlag og retning for politikken

 Grunnverdiane til KrF er menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar. Det forpliktar oss til å arbeida for eit varmare samfunn som har plass til alle. Vi vil leggja til rette for lokalsamfunn som er prega av tillit, små og store fellesskap, innovasjon, frivillig engasjement og omsorg for kvarandre. KrF vil setja innbyggjarane i sentrum og arbeida for at tenestetilbodet frå kommunen har høg kvalitet, og er nær folket.

KrF vil vera positive medspelarar i bygginga av den nye kommunen. Vi vil arbeida for godt samarbeid på tvers av dei ulike grendene, der ulike særpreg og ressursgrunnlag kan takast vare på og utviklast. Vi vil bidra til aktivt samspel og samskaping mellom kommune, næringsliv, skule, kyrkje, kulturliv og anna frivillig arbeid. Vi vil ha fokus på gode oppvekstsvilkår for barn og unge, og det betyr også at vi må ta miljø og klimatrussel på alvor.

Barn og familie

Å leggja til rette for ein god barndom er eit viktig satsingsområde for KrF. Både kontantstøtte og gode barnehagar er viktige element i ein god familiepolitikk. KrF vil satsa sterkare på førebyggjande tiltak, og at det skal vera mogeleg å få hjelp når familien opplever problem. Vi veit at opptil 10% av alle barn har opplevd vald eller overgrep. Verken kulturforskjellar, religion eller rus kan brukast som unnskyldning for å skade barn. Barnevern, helsesøster og familierådgjeving er derfor viktige og prioriterte tiltak for KrF. Låge fødselstal aktualiserer behov for ekstra kommunal stønad til familiar som får barn.

KrF vil:

  • støtte tiltak som har fokus på levekår, barnefattigdom og førebygging av utanforskap
  • bevare desentralisert barselomsorg
  • gjere samlivskurs / foreldrekurs i regi av helsestasjonen tilgjengeleg i heile kommunen.
  • arbeida for at Ullensvang skal vera med i ungdomsprogrammet MOT (Show Courage)
  • oppretthalde leikeplassar av god kvalitet i alle byggjefelt
  • vurdera kommunal kontantstøtte på 1G for borna mellom eitt til to år slik at foreldra har større valfridom når det gjeld eigen barneomsorg i høve til barnehage dette året
  • vurdera å gje kommunal eingongsstønad på 1G ved fødsel for familiar utan opptente rettar til fødselspengar

Ungdom

Det skal vera godt å vera ung i Ullensvang kommune. KrF vil arbeida for gode møteplassar for ungdom og arenaer for allsidig aktivitet. Vi vil bidra til ein oppvekst med fysisk aktivitet, inkluderande og rause nærmiljø og høve til politisk medverknad. Vi vil også sikre tilgang på trygge vaksne i skule og helsevesen.   <Innspel frå Margot Helene>

KrF vil:

  • sørga for at kommunen har eit velfungerande ungdomsråd som har eigne midlar dei kan forvalta til tiltak dei ser på som viktige. Rådet må ha eitt medlem frå kommunestyret og elles bestå av representantar under 20 år frå heile den nye kommunen.
  • jobbe for eit betre kollektivtilbod som passar med aktivitetar som ungdommar er med på, på ulike stader i kommunen.
  • ta i bruk “fritidskortet” for at ungdom skal få høve til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av familiens økonomi
  • styrke tiltak som gjer at ungdommar kan få hjelp med si psykiske helse uansett kvar dei bur i kommunen
  • gi støtte til lag, organisasjonar, kulturskulen og idrettslaga, særleg om dei skaper uformelle møtestader for ungdommar på fritida (t.d. ungdomsklubb / -kafé, all-idrett, LAN-party og liknande) 

Skule og barnehage

Skulen er vår viktigaste arena for felles læring. KrF vil ha ein skule som i samarbeid og forståing med heimen, utrustar born til å bli trygge og sjølvstendige. God læring er avhengig av både fagleg innhald og rom for menneskeleg utvikling. Livsmeistring som fag i skulen er eit viktig verkemiddel til dette.  Barnehagen, skulen og oppvekstmiljøet elles må gi trygge rammer for leik, utprøving, mental utvikling og fagleg kunnskap. Tiltak som motarbeider mobbing og utanforskap må prioriterast. Vi vil arbeide for at fag- og yrkesopplæringa i størst mogleg grad blir tilpassa behovet til næringslivet i distriktet gjennom samarbeid mellom fagmiljø og næringsliv.

KrF vil:

  • at familiar med born med spesielle behov skal ha oppnemnd kommunal koordinator frå helse- og sosialtenesta straks familien treng støtte og oppfølging
  • at det skal vere antimobbe-program i alle skular og barnehagar
  • ha god skulehelseteneste ved alle skular
  • at born av flyktningar skal ha rett til gratis SFO, dekka av integreringstilskotet
  • innføre søskenmoderasjon for SFO
  • at der er miljøterapeutar / vernepleiarar i skulen
  • ha godt vedlikehald av alle bygg for skular og barnehagar
  • oppretthalde noverande skulestruktur
  • at kommunen fylgjer bemanningsnormen i barnehagane 

Helse og omsorg / rus og psykisk helse

Grunnstammen i eldreomsorga må vere eigen bustad eller samlokaliserte omsorgsbustader. Krf støttar eit  desentralisert helse- og omsorgstilbod  bygd opp kring dei institusjonane ein har alt i dag, slik at alle innbyggjarar kan vere trygg på at dei får den hjelp dei treng når dei treng det (Røldal, Jondal, Utne, Kinsarvik, Odda). Ein må ha ei fleksibel teneste som utnyttar ressursane på ein fornuftig og effektiv måte.  Velferdsteknologi  kan auke tryggleiken, men kan ikkje erstatte  varme hender.  Menneske  har  både fysiske, psykiske , sosiale og åndelege behov og derfor er einsemd, sosial angst og isolasjon problem som er reelle på lik linje med fysiske vanskar.

KrF vil:

  • at kommunen legg til rette for nok sentralt plasserte og samla omsorgsbustader der det kan gjevast naudsynt pleie og omsorg,  også heildøgns om naudsynt
  • sikre sjukeheimsplass for dei mest sjuke og pleietrengjande
  • særskilt sikre dei aldersdemente høveleg bu- og omsorgstilbod , fordi talet aukar med høg alder
  • at kommunen må støtte opp om pårørande sin omsorgsinnsats og anna frivillig innsats,  inkludert omsorgsløn
  • sikre ein legeteneste prega av god kompetanse, stabilitet og kontinuitet.
  • arbeide for å oppretthalde og utvikle Odda sjukehus.
  • samlokalisere flest mogeleg av dei ulike helsetenester der det ligg til rettes for det for å lette tverrfagleg samarbeid (Helsehus/Helsesenter).
  • Helsestasjonen utgjer grunnmuren i det førebyggjande helsearbeidet. Miljøretta helsevern og folkehelsekoordinator må også sikrast nok ressursar.
  • Legge større vekt på psykisk førebyggjande arbeid og lågterskeltilbod om psykisk helsehjelp der dei ulike fagfolka i kommunen samarbeider om felles mål.
  • Oppretthalde og vidareutvikle Bufellesskapet Vik i Jondal.
  • Legge til rette for at fleire menneske med nedsett funksjonsevne kan ta del i arbeidslivet  (VTA –varig tilrettelagde arbeidsplassar med kombinert trygd/arbeid  og sosialt entreprenørskap).
  • Arbeide for at kommunale arrangement og tenestereiser skal vere alkoholfrie. Bruke ruspolitisk handlingsplan for å redusere skadane av rusmidlar. Alkohol er det rusmiddel som gjer størst skader.
  • Støtte arbeidet som Kirkens Bymisjon gjer i rusmiljøet i kommunen. 

Klima, energi og miljø

Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på miljøet og forvalta naturressursane på ein forsvarleg måte. Klimakrisa er vår tids største utfordring på globalt plan. Det er difor viktig å finna dei «grøne» løysingane også i kommunepolitikken. Med utgangspunkt i FN sitt klimamål om reduksjon av 45% av klimagassutslepp innan 2030, er det nødvendig med store omstillingar på alle nivå – frå individnivå til nasjonalt og globalt nivåPlast på avvegar er eit stort miljøproblem, spesielt plast som går inn i næringskjeda. Vi bur i eit område med variert kulturlandskap og to nasjonalparkar. Biomangfaldet er truga av mange grunnar, og KrF vil ta på alvor forvaltaransvaret også innan naturvern.

KrF vil:

  • at Ullensvang reduserer utslepp frå fossilt brensel med 50% innan 2030
  • støtte arbeidet med å utvikle nullutsleppsløysingar  i næringslivet i Ullensvang
  • at Ullensvang kommune skal velja løysingar som tek omsyn til klima og miljø i alle kommunale prosjekt
  • støtte tiltak som fremmar bruk av hydrogen som drivstoff for transport og energikjelde i industrien
  • at kommunale bilar skal vera nullutsleppsbilar der det er mogeleg, og oppretta el-ladestasjonar ved større kommunale arbeidsplassar
  • forplikta oss til å ha ei renovasjons- og avfallsordning med høg grad av kjeldesortering, resirkulering og gjenvinning
  • redusere bruk av plast og støtte ryddeaksjonar
  • at det må omdisponerast ressursar til klima- og miljøvernrådgjevar i 100%-stilling i kommunen
  • at kommunen årleg skal utarbeida ein berekraftrapport som dokumenterer klimaarbeidet i kommunen
  • revidera klima- og energiplan for kommunen med vektlegging av eigne og konkrete tiltak
  • legge til rette for klimarådgiving og andre klimatiltak i jordbruket 

Naturvern

KrF vil:

  • verna om naturen og dyrelivet i Ullensvang til glede for nye generasjonar
  • seie nei til utbygging av vindkraft i Ullensvang kommune
  • vere restriktiv til utbygging av nye småkraftverk i kommunen
  • verna kulturlandskapet og biomangfaldet
  • arbeide for fjerning av gamle bilvrak og liknande som skjemmer naturen 

Arbeid og næring

Eit livskraftig næringsliv er ein føresetnad for ein framtidsretta kommune og levande lokalsamfunn. KrF vil vera med på å leggja til rette for gode og føreseielege rammer for næringslivet både for små og store verksemder, og særleg stø opp under dei som vil etablera eiga verksemd i kommunen. Vi gleder oss over den positive utviklinga både innan prosessindustri og reiseliv og produksjon av mat og frukt. Vi vil fremma tiltak som kan balansera eit berekraftig, klimavennleg og økonomisk drivverdig næringsliv. Vi vil legge til rette for at begge foreldre kan kombinere arbeidsliv og familieliv. KrF vil motarbeide ufrivillig deltid og useriøse aktørar i arbeidslivet. Ulike deler av kommunen har felles arbeidsmarker med andre kommunar, og det er viktig å byggja opp under fruktbart regionalt samarbeid.  I kommune-organisasjonen er medarbeidarane den viktigaste ressursen, og det må leggjast til rette for tileigning av ny kunnskap i takt med endringane. 

KrF vil:

  • oppmuntra til nyinvestering og etablering av nye arbeidsplassar
  • at kommunen skal vera pådrivar for å sikre nok lærlingplassar og  gode trainee-ordningar
  • at næringslivet skal oppleva kommunen som ein god vertskommune
  • at kommunalt personell får høve til å ta del i nødvendig kompetanseheving
  • arbeida for å få fleire statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar til kommunen
  • arbeida for å opparbeida gode og strategiske næringsareal i kommunen, og at kommunen har effektiv planlegging og sakshandsaming
  • at kommunen skal ha sin eigen næringssjef/utviklingsleiar
  • bruka næringsfondet som eit viktig verkemiddel
  • understreke spesielt kommunen sitt ansvar for tilrettelegging for ei berekraftig utvikling av dei største turistattraksjonane
  • førebyggja og løysa problem som oppstår med toalettforhold og parkering
  • legga til rette for vidare satsing i landbruksnæringa, som i fruktdyrking og husdyrhald i heile kommunen
  • sikre matjord og matproduksjon gjennom strengt jordvern
  • at Ullensvang kommune skal vere den leiande fruktkommunen i landet
  • sikre ei berekraftig oppdrettsnæring som tek miljøomsyn
  • sikre føreseielege rammevilkår for oppdrettsnæring 

Kultur, idrett og frivillig arbeid

Frivillig innsats fremjar fellesskap og er eit viktig bidrag til livskvalitet og kunnskap.  Frivillig innsats i Noreg er ein enorm ressurs for samfunnet og demokratiet som KrF vil støtte opp om, og styrke. Kultur er ei viktig kjelde til kreativitet, opplevingar og kunnskap. KrF vil difor sikra eit mangfaldig, stimulerande og utfordrande kulturtilbod for alle og ha eit godt samarbeid med frivillige organisasjonar, kyrkje- og trussamfunn.

  • at det skal vera eigen kulturansvarleg i kommunen
  • at det det skal vera frivilligsentralar i Jondal, Odda og Kinsarvik
  • etablera samarbeid mellom frivilligsentralane og heimetenesta for å bygge sosiale nettverk og kople behov med ressursar
  • fremja bruk av natur, kultur og friluftsliv som ei særs viktig kjelde til god helse og trivsel
  • støtta bruken av fjellet og fjellrettane til jakt og fiske
  • sikra ei lokal demokratisk forvaltning av fjellrettane, og fremja rekruttering av nye brukarar av rettane i statsålmenningane
  • ha gratis hall-leige for barne- og ungdomsaktivitetatar
  • at det skal koma heis i Odda kino 

Kyrkje og livssyn

Et godt samfunn har rom for alle menneske med den religiøse identiteten og det livssynet kvar enkelt har. Eit slikt samfunn prøver ikkje å pressa religionen ut av det offentlege rom, men legg til rette for at innbyggjarane kan praktisera si tru. Eit slikt samfunn ser verdien av det tru betyr for enkeltmenneske og heile samfunnet.

KrF vil:

  • bidra til eit godt samarbeid mellom kommunen, dei frivillige organisasjonane, kyrkje- og trussamfunn
  • arbeida for at kyrkjebygg og gravplassar vert halde godt ved like
  • arbeida vidare med planen om eit pilegrimssenter i Røldal, i nært samarbeid med fellesrådet
  • støtta stilling til diakon frå 2020, med finansiering delt 50/50 mellom bispedømet og kommunen
  • ta godt vare på kyrkjene og det kyrkjelege arbeidet, og stimulera dei kristne frivillige organisasjonane 

Etablering, inkludering og integrering

Vi ynskjer at dei som flytter til kommunen skal bli sett og integrert i lokalsamfunnet, enten dei kjem frå andre stader i landet eller frå andre land. Industrien treng mange nye medarbeidarar, og kommunen treng tilflyttarar. Eit samfunn skal ha plass til alle, også dei som treng tilrettelegging for å fungera i kvardags- og arbeidsliv. Vi ser positivt på mangfald i samfunnet, der alle kan bidra ut frå sine føresetnader. Frivilligsentralar, kommunale bibliotek og frivillige organisasjonar kan brukast aktivt i integreringsarbeidet.  Sosiale entreprenørar som hjelper folk inn i arbeidslivet, utfører eit viktig samfunnsbidrag ved å oppdage den enkelte sine ressursar, gi menneske eit meir meiningsfullt og rikare liv, og i enkelte høve avhjelpa barnefattigdom og utanforskap.  

KrF vil:

  • støtta opp om frivillig arbeid som kan hjelpe nyinnflytta innbyggjarar til å trivast
  • at kulturskulane tek aktivt del i integreringsarbeidet blant born og unge
  • stimulera til fleirkulturelle møtepunkt mellom innflyttarar, innvandrarar og lokale
  • sikra språkopplæring for arbeidsinnvandrarar, særleg for kommunalt tilsette
  • etablera kommunale praksisplassar for deltakarar i introduksjonsprogrammet for flyktningar
  • vere positiv til etablering av sosialt entreprenørskap
  • bruka «Leie for å eie»-programmet og etableringslån for å legga til rette for kjøp av eigen bustad for dei som treng det
  • at ordninga med brukarstyrt personleg assistent (BPA) for funksjonshemma blir eit likestillingsverktøy

Samferdsle

Eit tenleg vegnett er viktig for utvikling av både busetnad og næringsliv. Trygge og effektive samferdselsløysingar er viktige i kvardagen vår. Transporttilbod, kostnader og reisetid legg føringar for kvar folk vil busetja seg, og for kvar det vert oppretta næringsverksemd og arbeidsplassar. Nullvisjon for alvorlege ulukker, styrka konkurranseevne for næringslivet og målet om meir miljøvenleg transport er grunnlaget for KrFs samferdslepolitikk.

KrF vil:

  • prioritera rassikring der det er størst fare og mest trafikk
  • rusta opp Rv 13 til tofeltsveg for godt internsamband i kommunen
  • ha tunell mellom Austrepollen og Nordrepollen i Mauranger
  • arbeida for å realisere «Arm frå E134 til Bergen» (Hordalandsdiagonalen), med betre samband over Hardangerfjorden og vidare til Bergen
  • arbeida for gode kollektivtilbod som gjer det mogleg for fleire å nytta kollektive løysingar i kvardagen
  • ha vidare utbygging av gang- og sykkelvegnett
  • laga ny hovudplan for kommunale vegar i Ullensvang kommune, med godt vedlikehald av kommunale vegar og gang- og sykkelvegar
  • vera pådrivar for lyntoget, Haukelibanen

Samfunnsutvikling

Ei viktig oppgåve for kommunen er å vera pådrivar for lokal samfunns- og næringsutvikling. Målet er å halde på innbyggjarar som bur i kommunen, og vera attraktiv nok til å tiltrekke seg nye, spesielt med tanke på behovet for kompetanse og arbeidskraft. Nærmiljøet er viktig for identitet og sosialt liv i kvardagen. Kultur og andre trivselstiltak er viktige for bu-lyst. Nærbutikken er ein viktig møteplass i distrikta, og ein viktig faktor for å oppretthalda og utvikla små lokalsamfunn. Grendelag kan fremje initiativ og innbyggjarmedverknad.

Talet på innbyggjarar har gått ned, og dei låge fødselstala kan bli eit hinder for framtidig utvikling. Aktiv tilrettelegging av bustadutbygging, og gode ordningar for barnefamiliar kan bidra positivt til nyetablering. Tekniske tenester er ein stor del av det kommunale ansvaret, og med ny kommunestruktur er det ei utfordring å sikra god standard i alle delar av kommunen.

KrF vil:

  • leggja til rette for bustadutbygging der arbeidsplassane er
  • tillata spreidd utbygging der det bidreg til å oppretthalda aktiviteten i bygdene
  • vera pådrivar for at alle innbyggjarar har tilgang til digital infrastruktur
  • definera og sikra friområde og nødvendig areal til leikemiljø og fritidsaktivitetar i nærmiljø
  • legge til rette for sosiale nettverk i nærmiljøet
  • vere positiv til lokale initiativ for utvikling og til innbyggjar medverknad
  • ha god standard på alle vass- og avlaupsverk
  • ha godt vedlikehald av alle kommunale grøntområde
  • at kommunen skal bidra aktivt til utvikling av Odda som regionsenter
  • ha ein kommunal plan for korleis innbyggjartalet i kommunen kan aukast