Kommuneprogram 2019-2023

Tysvær KrF er eit sentrumsparti som har som mål å skapa eit godt samfunn for det enkelte mennesket.

Vår politikk byggjer på dei kristne grunnverdiane menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar.

Omsorg, tryggleik og likeverd er overordna for KrF sitt politiske arbeid i Tysvær.

Vi meiner det gode samfunnet vert skapt i eit samspel mellom det enkelte mennesket, offentlege myndigheiter og privat og frivillig verksemd.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • å styrke den kristne kulturarv i heim, skule og samfunn
  • best mogeleg levevilkår og livskvalitet for alle innbyggjarar i kommunen
  • ein god kommune å leva i for alle generasjonar
  • ei god fordeling av tenester for alle ut frå den einskilde sitt behov

Demokrati – folkestyre i praksis

Ein god forvaltning av kommunen sine økonomiske og menneskelege ressursar er avgjerande for evna til å kunne tilby innbyggjarane eit godt og variert tenestetilbod, og for å skape handlingsrom for framtida.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at kommunen skal ha god informasjon med innbyggjarane
  • at Tysvær kommune sin service til innbyggjarane skal opplevast som vennleg og løysingsorientert
  • at kommunen har eit godt samarbeid med foreiningar og lag
  • at friviljuge lag og organisasjonar skal få arbeida etter si overtyding og eigenart. Kommunen vil samarbeida med desse for å løysa oppgåver og tenester til beste for fellesskapet
  • mest mogeleg lik representasjon av kvinner og menn i alle politiske utval

Barn og unge sine levekår

Trygge og gode heimar og oppvekstvilkår er det beste for barn og unge si utvikling og oppvekst. Det må fokuserast på den enkelte sitt ansvar i samfunnet, slik at det blir balanse mellom eige og felles ansvar for oppgåver i framtida.

Tysvær KrF vil arbeida for:   

  • sikra økonomisk støtte til frivillig barne- og ungdomsarbeid
  • å styrke samarbeidet med organisasjonar og lag for å utvikla gode og rusfrie miljø
  • fokus på rusførebyggande arbeid og meir fokus på tidlig innsats for barn og unge si psykiske helse
  • å leggja til rette for at alle barn og unge skal få tilgang til aktivitets- og fritidstilbod, i alle delar av kommunen, slik at barn og ungdom kan vera fysisk aktive og del av eit fellesskap
  • trygge skulevegar

 Heim og familie

KrF vil styrke heimen og foreldrerolla si stilling og fremma tiltak som skaper trygge familiar som er grunnlaget for eit godt samfunn. KrF meiner at samlivet mellom mann og kvinne i ekteskap er den beste samlivsform.

Tysvær KrF vil arbeida for:                 

  • at alle barn uansett familieforhold skal oppleva  omsorg og gode oppveksttilhøve
  • sikra god jordmor-, helsestasjon- og skulehelseteneste
  • at alle barnefamiliar som ynskjer det, kan få rådgiving, hjelp og tverrfagleg oppfølging
  • støtta krisesenter for barn, kvinner og menn
  • støtte til samtaletilbod for nybakte foreldre og samlivskurs

Barnehagar og skular

Barnehagen er ein særs viktig arena for utviklinga til barnet. Skulen skal saman med foreldra bidra til undervisning og oppseding av barna. Det må leggjast vekt på vidareutvikling av samarbeidet mellom heim, skule og barnehage. KrF går inn for tiltak som kan bidra til at det kristne verdigrunnlaget blir styrka i skule og barnehage.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • fokus på innhald og kvalitet i barnehagen og skulen
  • forsvarleg ressurstildeling til skulane slik at dei kan nå måla i Kunnskapsløftet og gjera dei unge fagleg  og sosialt godt rusta til å møta framtida
  • godt samarbeid mellom heim og skule
  • at barnehagetilbodet  best mogleg vert tilpassa barna og foreldra sine behov
  • styrking av kompetansen i skulen og oppgradering av nødvendig undervisningsmateriell 
  • å støtta og vidareutvikla alternative læringsarenaer for elevar som har problem i høve til det ordinære skuletilbodet
  • tiltak for å hindra mobbing i barnehage, på skule, skuleveg og fritid
  • ein trafikksikker og trygg skuleveg i alle deler av kommunen og fri skyss på særleg farleg veg
  • arbeide for ein skulestruktur med vekt på fag, kvalitet og trivsel
  • gode arbeidsvilkår og tilpassa arbeidsplassar for lærarane i kommunen
  • at skulane sine uteområde skal utformast slik at dei fremjar lærelyst, trivsel, fysisk fostring og kreativitet
  • å gjere det endå meir attraktivt for menn å søke jobb i Tysværskulen, særleg på barnetrinnet
  • framsnakking av barnehage og skule, lærarar, foreldre og elevar

Kyrkje og kyrkjelydsliv

Vår kristne kulturarv må førast vidare til nye generasjonar.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at arbeidet i kyrkjer, bedehus og frikyrkjelege forsamlingshus skal ha gode arbeidstilhøve
  • å sikra støtte til det aktive og førebyggande arbeidet blant barn og unge nødvendige midlar til drift og vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane å oppretthalda offentleg støtte til diakoniarbeidet
  • å støtte tiltak som er særskilt retta mot personar med nedsett funksjonsevne
  • å fremja åndeleg omsorg i helse- og omsorgstenesta

 

Eit mangfaldig kulturliv

Kultur er både forankring og utvikling. Me treng noko å leva av og noko å leva for. Kulturpolitikken må vera open for nye impulsar som kan gjera livet rikare for ulike grupper av unge og eldre. Kulturen er viktig for kreativ utfalding, barn- og unge sine oppvekstmiljø, samspel mellom generasjonane og for bygging av nettverk mellom menneske. KrF vil arbeida for at det  i Tysvær er eit variert kulturtilbod med tanke på både breidde og kvalitet.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • satsa på eit aktivt samspel mellom det friviljuge og det offentlige kulturtilbodet
  • støtta det positive arbeidet som blir drive av friviljuge organisasjonar, foreiningar og korps
  • prioritera barne- og ungdomsarbeid og stimulera til bredde i aktivitetstilbodet
  • leggja til rette for dei regionale idrettsanlegga i kommunen
  • oppretthalda fritidsaktivitetar og kulturtilbod for dei med nedsatt funksjonsevne
  • støtta variert kulturarbeid for eldre
  • støtta formidling av profesjonelle førestellingar/utstillingar
  • arbeida for auka bruk av skuleanlegg til fritidsføremål
  • å utvikla biblioteket til ein arena for fleire tenester (til dømes digitale tenester og utlån av utstyr)
  • å sikra tilbodet i Tysvær kulturskule
  • gi Tysværtunet høve til å gi eit godt tilbod med kvalitetsfilmar
  • sikra støtte til Cleng Peerson jubileet i 2025
  • arbeida for å fremja Tysvær si varierte historie, inklusiv alle museer
  • vidareutvikla bruk av Steinsvik Arena til glede for kultur- og idrettslivet i kommunen

Livstil, helse og sosial tryggleik

Førebygging og helsefremming

Livsstilsjukdommar, vektauke og redusert fysisk aktivitet er eit aukande helseproblem for alle aldersgrupper.  Difor er førebygging og helsefremming eit viktig satsingsområde.

Tysvær KrF vil arbeide for:

  • å styrke det førebyggande helsearbeidet
  • støtte til positive tiltak som fremmer auka fysisk aktivitet, mellom anna ved å leggja til rette for turvegar og friluftsområder, t.d. samanhengande gang- og sykkelveg rundt heile Førlandsfjorden
  • å sikra universell utforming av helsefremmande tiltak  
  • leggja til rette for det menneskevennlege samfunnet ved å bidra til å skapa gode møteplassa

Friluftsliv

Tysvær KrF vil arbeide for:

  • å leggja til rette for friluftsliv i Tysvær gjennom støtte til opprusting og merking av stiar
  • bevare villmark i Tysvær

Solidarisk ruspolitikk

Solidaritet med rusofra ligg til grunn for KrF sitt ruspolitiske engasjement. Erfaringane viser også at auka bruk av alkohol og  rusmiddel fører til auka kriminalitet.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • ein restriktiv alkoholpolitikk i Tysvær
  • å styrke og auke foreldredeltakinga i det førebyggande arbeidet mot bruk av rusmiddel
  • godt samarbeid med lag og organisasjonar for rusfri livsstil og  positive miljøtiltak
  • å styrke rehabiliterings- og ettervernsarbeidet for personar med rusproblem
  • at rusførebyggande tiltak i kommunen blir styrka gjennom å sikra alkoholfrie soner, særleg i områder der unge menneske oppheld seg på kvelds- og nattetid.
  • 100% SLT-koordinator i Tysvær kommune
  • at målretta haldningsskapande arbeid blant barn og unge blir vidareutvikla

Vern for barn og unge

KrF vil prioritera hjelp til barn og unge som har det vanskeleg. Barnet sitt beste må vera utgangspunktet når hjelpetiltak skal setjast inn.

Tysvær KrF vil arbeida for at:

  • førebyggande tiltak vert sett i gong så tidleg som mogeleg, slik at overgrep av ein kvar art blir forhindra. T.d. sikre gode jordmor- og helsestasjonstenester.  
  • barn og føresette/familie som treng det, får tidleg hjelp og vert følgt opp slik at barn og unge får ein trygg og god oppvekst
  • tiltak for å bøta på skader hjå barn som har blitt utsett for omsorgssvikt, seksuelt misbruk og annan fysisk eller psykisk mishandling vert sett i gong raskt
  • barnevernstenesta i Tysvær er stabil og kompetent og samarbeider godt med andre tenester, slik at den vert opplevd som ein heilskapleg hjelp for barn og familiar

Menneske med nedsett funksjonsevne

Respekten for menneskeverdet tilseier at alle skal ha likeverdige vilkår. Den enkelte må få høve til å bruka sine evner og resursar ut frå eigen funksjonsevne.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • aktivitet og trivsel for alle
  • at den enkelte må sikrast tryggleik og sosialt fellesskap gjennom skule, arbeid og kulturtilbod
  • å leggja til rette for kommunale og private bustader tilpassa behov og moglegheiter
  • ein god avlastningsordning og tilstrekkeleg med støttekontaktar
  • universell utforming av både kommunal og privat infrastruktur (bygg, uteområde, ferdsel, kommunikasjon)
  • at dei som slit med rusproblem og psykisk sjukdom får ein verdig stad å bu og ein meiningsfull kvardag

Helsetenester og sosialtilbod

KrF vil medverka til å skapa gode nærmiljø, og dermed førebygga sosiale og helsemessige problem. Omsorgstrengjande må få eit tilfredsstillande tilbod uavhengig av geografi, alder og sosial status.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at alle innbyggjarar skal få det helse- og omsorgstilbodet ein treng i ulike livssituasjonar
  • å utnytta helsestasjonen sin kompetanse i ungdom – foreldre kontakt
  • å etablera helsestasjon for eldre
  • å oppretthalda helsestasjonstilbodet for ungdom i Haugesund
  • at forholda blir lagt til rette for at den enkelte i størst mogeleg grad skal kunna ivareta si eiga helse og trivsel
  • lyssetting langs aktuelle turvegar og i nærmiljø
  • gang- og sykkelvegar
  • å auka løyvingane til omsorgsløn
  • at helsetilbodet på skulane er godt og tilgjengeleg for elevane
  • å sikra eit godt og tilgjengeleg lågterskel psykisk helsetilbod
  • å styrke jordmortenesta
  • å sikra at den kommunale helse- og omsorgstenesta og tannhelsetenesta i fylket samarbeider for å gje eit godt tannhelsetilbod for prioriterte grupper

Ein trygg og aktiv alderdom

KrF ynskjer at respekt, omsorg og ansvar må vera grunnleggjande verdiar i vår eldreomsorg. Mennesket sin verdi er ukrenkeleg og uavhengig av alder, helse og yteevne. Det må leggjast til rette for at dei eldre kan delta aktivt i samfunnslivet.

Ved utforminga av bustadtilbod må det vera ein klar føresetnad at alle har rett til eigen heim, uansett alder og funksjonsnivå.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at innbyggarane skal få det helse- og omsorgstilbodet dei treng i ulike livssituasjonar
  • å stimulera til aktivitets- og trivselstiltak i samråd og dialog med dei eldre
  • at det skal vera god kvalitet og kompetanse i omsorgstenestene og   nok personale til at dei pleietrengande kan leva eit verdig liv og dei tilsette har gode arbeidstilhøve
  • at tildeling av tenester må kvalitetssikrast basert på brukarmedverknad, samarbeid med pårørande og faglege vurderingar
  • å prioritera utbygging av ulike buformer til aldersdemente
  • inkludera frivillige i dei kommunale tenestene
  • at det blir bygd ut fleire omsorgsbustader med fellesareal i Aksdal, både i kommunal og privat regi
  • sikring av gode og tilpassa tenester i rett forhold mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Inkludering

Basert på det kristne menneskesynet om at alle menneske er like mykje verdt, ynskjer vi å inkludera og integrera alle menneske i fellesskapet

Tysvær KrF vil :

  • støtta gode inkluderings- og integreringstiltak, t.d. utvikla biblioteket som ein trygg møteplass
  • motarbeida rasisme, diskriminering og radikalisering
  • arbeida for god språkopplæring for flyktningar og asylsøkjarar
  • stilla krav om opplæring i norsk lov, kultur og språk
  • at det blir stilt same krav til innvandrarar og flyktningar i forhold til lover og regler i det norske samfunnet som for befolkninga elles
  • trekka tilskot dersom vaksne flyktningar ikkje følgjer opp obligatorisk norskopplæring
  • leggja til rette for at både kvinner og menn deltar i sosiale samanhengar ved førebuing til arbeidslivet og deltaking i samfunnet elles
  • gi støtte til organisasjonar som arbeider med minoritetsmiljø
  • sikra helsehjelp til dei som har opplevd vold, traume og/eller overgrep
  • styrke kommunen sitt arbeid for å få fleire flyktningar inn i arbeidslivet og aktiv deltaking i samfunnet

Næringsliv og samferdsel

Arbeidsliv, industri, service og reiseliv

Kommunen skal vera ein pådrivar og tilretteleggar for gode rammevilkår, og bidra til arbeidsplassar og ei positiv utvikling for næringslivet.

Det må utviklast ein attraktiv, interessant og god region for nyskaping, der ressursane blir optimalt foredla og gode arbeidsplassar blir utvikla i alle deler av kommunen. Eit livskraftig næringsliv gjev auka aktivitet i lokalsamfunnet og mange positive ringverknader.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • at Aksdal skal vera eit livskraftig sentrum i kommunen
  • at Tysvær kommune skal være attraktiv for eit allsidig næringsliv
  • å tilrettelegga for innovative bedrifter med vekstpotensiale.
  • bidra til å auke utbygging av fiber og tilstrekkelig mobildekning i heile kommunen
  • legge til rette for auka turisme og reiseliv.
  • at eksisterande og nye næringsparkar får gode rammevilkår for vidare utvikling
  • auke satsing på næringsfondet
  • eit inkluderande arbeidsliv som medverkar til at det er arbeid til alle

Energi

God og sikker tilgang på energi er viktig for vidareutvikling av Tysvær-samfunnet.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • å leggja forholda til rette for utbygging av fornybar energi
  • at det blir tatt omsyn til villmark og nærmiljøet ved etablering av  vindkraftverk i Tysvær kommune
  • haldningsskapande arbeid for å oppnå energisparande tiltak i kommunen

Samferdsel

Visjonen om ingen drepne eller skadde i trafikken er heilt grunnleggjande. Saman med omsynet til miljøet vil vi derfor satsa på trafikksikring, og auka satsing på kollektivtrafikk.

Tysvær KrF vil:

  • gi trafikksikringsarbeid prioritet:
  • bygge fleire gang- og sykkelvegar
  • sikre godt lys langs gang- og sykkelvegar
  • arbeida for at vegane i kommunen skal ha eit godt vedlikehald
  • vera ein pådrivar for mål og oppfylling av Nasjonal Transportplan
  • samarbeida aktivt med fylkeskommunale myndigheiter slik at vi får gode kollektive reisetilbo
  • arbeide for eit ferje/hurtigbåttilbod i Nedstrand
  • arbeida for å realisera Haukelibanen (Norsk bane)
  • tilrettelegging for trygg parkering (evt. med lademoglegheit) av el-syklar og syklar på trafikknutepunkt
  • gang- og sykkelveg Hinderåvåg-Helle må inn i trafikksikringsplanen

Fiskeri og landbruk

Fiskeri og landbruk er viktige for sysselsetting og verdiskaping i Tysvær.

Landbruk er også viktig for at kulturlandskapet skal haldast ved like. Prinsippet om eit berekraftig landbruk som tar vare på det biologiske mangfaldet, skal vera grunnlaget for landbrukspolitikken i kommunen.

Det er viktig å støtte opp om landbruksmiljøa i kommunen. Eit sunt landbruksmiljø er og noko av grunnlaget for eit godt reiselivsmiljø.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  •    vern av dyrka og dyrkbar jord og gode landbruksmiljø
  • å leggja forholda til rette for eit rasjonelt og attraktivt landbruk, der me treng både dei små og store bruka
  • tilleggsproduksjonar som kan styrke næringa og tryggja driftsgrunnlaget i bygdene som for eksempel gardsturisme med bygging av hytter til utleige, gardsutsal og liknande
  • å legge til rette for tiltak som ivaretar kulturlandskapet i kommunen
  • skogplanting der dette ikkje øydelegg kvalitetar ved kulturlandskapet
  • næringsfondet må omfatta tiltak innan jord- og skogbruk
  • ein aktiv og positiv haldning til dei utfordringar som fiskerinæringa har
  • å leggja til rette for vidareforedling av fisk og skjell
  • prioritere meir miljøvenlege oppdrettsanlegg (t.d. landbaserte anlegg)

Miljøvern og kommunaltekniske oppgåver

Miljøvern er å ta vare på livet og å forvalta ressursane i eit langsiktig perspektiv. Gjennom ein berekraftig utvikling vil vi sikra framtida for våre barn og framtidige generasjonar.

Tysvær KrF vil arbeida for:

  • godt vedlikehald og fornuftig utbygging av veg, vatn og kloakkavløp i kommunen
  • reduksjon av vatn-lekkasje
  • stimulere til redusert bruk av sprøytemidlar i landbruket.
  • å skjerma bustadområde og rekreasjonsområde for støy og annan forureining
  • å stimulera og støtta tiltak i bustadområde for å skapa gode oppvekstmiljø
  • ei miljøforvaltning som tek vare på verdifulle naturområde og sikrar det biologiske mangfaldet i Tysvær-naturen
  • gode kollektive transporttilbod
  • betre ressursutnytting, gjenvinning og berekraftig bruk av mat og klede
  • godt lys langs alle tur- og skulevegar i kommunen
  • at planlegging av nye bustadfelt må sjåast i samanheng med kapasitet innan skule, barnehage, trafikkforhold, kollektivtilbod og andre nødvendige servicetilbod
  • legga til rette for område med kontrollert, spreidd busetnad i ny kommuneplan
  • arbeida for at støtta til private vegar og privat vassforsyning blir vidareført
  • at det skal vera tilbod om bustadtomter i alle skulekrinsane
  • at alle kommunale bygg og anlegg skal ha eit godt vedlikehald
  • at ein tar estetiske omsyn ved restaurering og nyanlegg
  • arbeida for å leggja om vegen frå Skjoldastraumen kyrkje til slusene

 

Regional utvikling

Tysvær KrF vil arbeida aktivt for ein god regional utvikling i samarbeid med andre.