Program for Tysnes KrF 2019-2023

Kven ynskjer du skal få representera deg dei neste fire åra ?

Me er glade i kommunen vår, og ynskjer at borna våre skal kunna sjå ei framtid her. Det  beste me kan gje dei er ein god barndom. Ein god barndom varer livet ut. Difor er gode kår for born og familie viktig for KrF. Me  vil ha eit lokalsamfunn med plass til alle og som tek vare på enkeltmenneske i alle livsfasar. Me i Tysnes KrF ynskjer å gjera ein skilnad basert på våre grunnverdiar: Menneskeverd, Nestekjærleik og Forvaltaransvar.

Tykkjer du at KrF og verdiane me står for er viktige for samfunnet vårt, vil me gjerne representera deg i lokalpolitikken dei neste fire åra. Tysnes KrF vil gjennom fornuftig pengebruk sikra gode velferdstenester i kommunen vår. Tysnes KrF ynskjer å ta heile kommunen i bruk, og leggja til rette for utvikling i alle bygdelag. Tysnes KrF vil arbeida for at kyststamvegen over Tysnes, med kryssing av Langenuen  i sør vert realisert, med oppstart så snart som mogeleg.

Helse

For KrF står menneskeverdet sentralt. Me vil fremja livskvalitet i alle livets fasar.

Alle skal oppleva meistring i eige liv, og det er viktig at både unge og eldre får brukt sine ressursar.

Me vil sikra naudsynte ressursar for born og unge som treng særskild oppfylging.

Me vil sikra dei eldre eit godt tenestetilbod, anten dei bur heime eller på institusjon.

KrF vil arbeida for at Tysnes kommune også ser skjenkepolitikken i eit folkehelseperspektiv. Born og unge fortener rusfrie arenaer.

Me vil oppretthalda ei sjølvstendig legevaktordning.

Skule og barnehage

KrF arbeider for ressursar til skule og barnehage med vekt på tidleg innsats, tilpassa opplæring og eit godt læringsmiljø for alle.

Skule- og barnehagestrukturen bør i hovudsak  oppretthaldast slik den er i dag.

Me vil sikra kapasitet i barnehage og skule på Onarheim.

Etter at mellomtrinnet på Tysnes skule og Onarheim barnehage er ferdigstilt, står Stjernereiso barnehage for tur.

Samferdsle

Tysnes kommune må fylgja opp prosessen for å få gjennomført utbygginga av kyststamvegen over Tysnes på ein god måte.

Tysnes KrF ynskjer ei kryssing over Langenuen i sør.

Ny E39 over Tysnes må sikrast gode tilførselsvegar.

Vegnettet på Tysnes må utbetrast til tenleg standard.

Gang- og sykkelveg mellom Uggdal og Våge må prioriterast.

For å skapa vilje til å bu i Tysnes må det arbeidast vidare med å leggja til rette for dagpendling til og frå skular og arbeidsplassar utanom kommunen.

Ei form for pendlartilskot bør vurderast.

Næringsliv

Tiltaksarbeidet i kommunen må ha høg prioritet. Dialog med næringslivet er viktig. Kommunen må vera med som tilretteleggjar og «døropnar» der det trengst.

KrF vil leggje til rette for vekst i reiselivsnæringa i Tysnes.

Gardsdrift er framleis ein viktig del av næringsliv og samfunn. Me vil arbeida for at primærnæringane får best mogelege vilkår.

Tysnes kommune er ein stor havbrukskommune. Me vil arbeida for at verdiskapinga i største mogeleg grad skal koma kommunen og innbyggjarane til gode.

Offentlege tenester

Tysnes kommune må gjennom organisasjonsutvikling syta for å stå fram som ein effektiv, open og publikumsretta organisasjon.

Det er viktig å driva ein god arbeidsgjevarpolitikk for å sikra og ta vare på den viktigaste ressursen me har; nemleg trufaste og kunnskapsrike medarbeidarar som leverer gode tenester.

Tysnes kommune må ta ei aktiv rolle i å integrera dei som av ulike grunnar står utanom arbeidslivet i kommunen vår.

Tysnes kommune må arbeida for gode lokale polititenester.

Kyrkje og kultur

Frivillig arbeid er berande i det lokale kulturlivet, og fremjar helse og trivsel. Tysnes KrF ynskjer å støtta frivillig arbeid i lokalsamfunna.

Transport til og frå aktivitetar kan vera avgrensande for born og ungdom på Tysnes. Ei samordning av fritidsaktivitetar rett etter skuletid kan vera ei løysing. Me vil arbeida for ei frikjøpsordning for leiarar/trenarar.

Me vil arbeida for at kyrkjeleg sektor har gode arbeidsvilkår.

Kyrkjer og gravplassar må vedlikehaldast på ein god måte.

Kyrkja er meir enn eit gamalt hus, den står for viktige verdiar.

Miljø

Me vil ta vare på naturen vår, kulturlandskapet og særmerkte kulturminne.

Mangfaldet i naturen er truga, og klimaet er i endring grunna menneskeleg aktivitet. For å møta denne utfordringa lyt me og handla lokalt. Tysnes KrF ynskjer å bidra til ei berekraftig utvikling i kommunen vår, og ynskjer at begrepet «berekraft» vert teke inn i planar tiltak og aktivitetar i Tysnes kommune.

Me ynskjer å støtta miljøvenleg transport i kommunen vår med tilskot til kjøp av el-syklar.