Kommuneprogram 2019-2023

KrF sitt verdigrunnlag

KrF byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien.  Verdigrunnlaget vårt er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggande menneskerettar og er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

KrF er eit verdiparti bygd på overtydinga om at verdiane frå kristendommen er det beste grunnlaget for å utvikla  politiske løysingar for samfunnet vårt.

Dette verdigrunnlaget gir alle menneske ein unik verdi. Difor vil vern av mennesket frå befrukting til naturleg død, alltid stå sentralt i vår politikk.

Kyrkje, kultur og frivillig arbeid

KrF vil gi gode vilkår til:

  • organisasjons- og foreiningsliv innan kristent arbeid, kultur og idrett,med særlig vekt på barne- og ungdomsarbeid
  • Den norske kyrkja og andre trussamfunn
  • Time kyrkjelege fellesråd for drift av barnehagar i Time
  • nybygg og renovering av eksisterande bygg, eigd av frivillige organisasjonar
  • anlegg innan idrett- og friluftsliv
  • tiltak for auka friluftsliv
  • drift av kulturskulen

Barn, ungdom, familie og oppvekst

KrF vil:

  • etablera Familiens hus: samla hjelpetenestene (helsestasjon, PPT, familiesenter, barnevern) til barn/ungdom og familiar
  • utreda oppstart av praktisk hjelp i heimen for barnefamiliar,med akutt behov, gjennom samarbeid med frivillige organisasjoner
  • målretta innsatsen mot barnefattigdom
  • bidra til trivsel og god kvalitet i barnehage, skule og i hjelpetenestene
  • sikra open barnehage i Bryne
  • gje kontantstøtte og slik sikra valfridom for småbarnsfamiliane
  • sikra gratis kjernetid for familiar med låg inntekt
  • støtta friskular i kommunen for å sikra valfridom for elevar og foreldre
  • støtta tiltak som tilbyr samlivskurs
  • styrka arbeidet for inkluderande og trygt oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule. Alle barn og unge skal ha ein trygg oppvekst utan mobbing og vald
  • arbeida for å etablera eit tverr-etatleg, ambulant team med fokus på tidlig innsats/førebygging av  skulevegring og ”drop-out” frå skulen
  •  meir yrkesretta praktisk opplæring på ungdomstrinna
  • prøva ut tilbod om skulelunsj til sjølvkost
  • tidleg innsats slik at fleire fullfører vidaregåande skule
  • samarbeida med lokalt næringsliv om alternativ opplæring
  • ha systematisk og tidleg innsats for førstegongskriminelle og ungdom som er i fare for å begå lovbrot
  • systematisk skjerma barn og unge for vaksne sin bruk av alkohol ved at kommunen eks. blir ”Av og til” kommune
  • at barn i barnehage og skule skal verta kjent med den lokale kyrkja ved å delta i gudstenester knytt til høgtider i kyrkjeåret

Vaksne, eldre, helse og omsorg 

KrF vil arbeida for:

  • at eldre kan bu lenger heime ved å styrke kvardagsrehabilitering, hjelp i heimen og ved innovative IKT løysingar
  • god bemanning ved helseistitusjonane i kommunen
  • fleire korttidsplassar og avlasting
  • at eldre vert ein ressurs i frivillig arbeid
  • sosiale møtepunkt for eldre
  • auka interkommunalt samarbeid om gode tenester  til innbyggjarar med særleg store hjelpebehov
  • lett tilgjengeleg interkommunal legevakt av god kvalitet
  • å oppretthalda god legeressurs ved institusjonane og fastlegekontor
  • samarbeid om interkommunal demensomsorg
  • lågterskel- aktivitetstilbod for personar med fysiske og psykiske lidingar
  • å styrkja arbeidet med folkehelse i all kommunal verksemd
  • integrering av flyktningane i lokalsamfunn og arbeidsliv

Rusførebygging og rusomsorg

KrF vil:

  • bidra til aktivt rusførebyggjande arbeid og kunnskapsbasert undervisning
  • støtta rusfrie ungdomstilbod
  • ikkje utvida skjenketider kvardagar og helg
  • avgrensa bruk av alkohol i det offentlege rom, særleg der barn og unge oppheld seg
  • ikkje sal av vin i butikk eller utlevering av nettsal
  • og nytta ideelle organisasjonar sine behandlingstilbod som alternativ til offentlege tilbod
  • støtta «Pårørende Senteret»  og andre organisasjonar som jobbar for pårørande og brukarar
  • arbeida for at personar med rus og psykiske lidingar har tilbod om gode bufellesskap
  • ha eit godt ettervern med samla tilbod i kommunen og sikra gode overgangar for rusmisbrukarar

Bustad, samferdsel, næring og miljø

KrF vil:

  • at utbygging skal skje på areal som ikkje kan nyttas til jordbruk.
  • ha tilgjengeleg tomteareal på Frøyland / Kverneland, Lye og Undheim
  • støtta bustadfortetting og byutvikling i Bryne sentrum
  • leggja til rette for rimelegare bustader til personar med særlege behov
  • testa ut førarlause bussar
  • betre busstilbod mellom Bryne, Lye, Kvernaland og Undheim
  • byggja dobbeltspor mellom Sandnes og Bryne / Egersund
  • vidare utbygging av gang- og sykkelstiar der barn og ungdom ikkje har rett på skuleskyss
  • prioritera gang og sykkelsti Hognestad til Torland bru og fylkesvegen Taksdal – Undheim
  • leggja til rette for trygg sykkelparkering i Bryne sentrum
  • arbeida for billig parkering ved kollektive knutepunkt
  • ikkje opna for meir søndagshandel
  • tilby gode vilkår for næringsverksemd i kommunen
  • arbeida for ledige tomter til næringslivet
  • leggja til rette for ei aktiv landbruksnæring
  • ha god mobil og breibandsdekning i kommunen
  • bevara mykje av Kalbergskogen som rekreasjonsområde
  • arbeida for fleire merka turstiar
  • arbeida for eigen sorteringsstasjon for avfall nærmare kommunen
  • bevare og fremja planting av allèar og tre i bustadområder
  • ved fornying av bilpark, gå over til elbilar
  • satsa på bruk av alternative energikjelder til oppvarming i kommunale bygg
  • miljøvennlege og kollektive transportløysingar
  • bidra til reinare vassdrag

Kommunen som arbeidsplass

KrF vil:

  • arbeida for god og effektiv drift av Time kommune til beste for innbyggjarane
  • saman med tilsette og deira organisasjonar, leggja til rette for ein god personalpolitikk i kommunen, der eit godt arbeidsmiljø og meiningsfylte arbeidsoppgåver står i sentrum
  • ha fokus på rekruttering og auka kompetanse hos tilsette
  • Time KrF er positive til ei framtidig samanslåing med andre  jærkommunar

Time KrF erkjenner at frivillig innsats er avgjerande for at alleinnbyggjarane i Time skal ha det godt. For å nå vårt mål om eit samfunn som er best mogleg for alle treng vi i tillegg til dyktige kommunalt tilsette, eldsjeler og kvardagsheltar som er villige til å gjera noko ekstra for å byggje fellesskapet. KrF ynskjer å oppmuntre og verdsetje alle som gjer ein slik innsats og leggja til rette for at dei kan få gode rammar for arbeidet.