Program for Sveio KrF 2019-2023

Verdiar

Verdigrunnlag vårt er henta frå Bibelen. Kristendommen og kristenretten har danna grunnlaget for det samfunnet me i dag lever i, og Sveio KrF vil bygga vidare på kristne sanningar om mennesket og skaparverket.

Innleiing

Sveio KrF ønskjer å vera til stades for deg som innbyggar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er til for innbyggarane. Målet er at innbyggarane skal oppleva det trygt og godt å leva i kommunen vår.

KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå, der familien, som det minste og mest avgjerande fellesskapet, dannar fundamentet for samfunnet vårt. Familien, saman med dei mindre fellesskapa og nettverka, skaper gode oppvekst- og levevilkår for kvar enkelt person.

KrF ønsker eit samfunn der folk sine individuelle initiativ og prestasjonar blir verdsett. Det er viktig at kommunen spelar på lag med dei som tek risiko for å få avkastning og nye arbeidsplassar.

For KrF er menneskeverdet heilt sentralt. Kvar enkelt av oss er unik, og av uendeleg og ukrenkeleg verdi.

Rammevilkår og økonomi gjer det nødvendig med prioritering i forvaltninga. Det er viktig for KrF å arbeida for at dei rammevilkåra og midlane me rår over, blir nytta så rettferdig og effektivt som mogleg.

Sveio kommune er ein distriktskommune. Det er viktig for Sveio KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast og der nye innbyggarar opplever seg velkomne og inkludert.

Samferdsel og levande bygder

Sveio er avhengig av gode kommunikasjonstilbod. Både næringslivet og den enkelte innbyggar treng eit godt vegnett og kollektivtrafikktilbod i heile kommunen.

Barn og unge er både dagens og framtida sine trafikantar. Korleis dei opplever transportkvardagen og kva behov og ønsker dei har, er viktig i planlegginga av framtidig transportsystem. Sveio er samansett av mange småbygder og er heilt avhengig av både gode vegar og kollektivtilbod.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Utvikla lokale møteplassar i alle bygdesentera, gjerne med utgangspunkt i daglegvarebutikken
  • Støtta nærbutikkane med årleg kommunalt tilskot dersom dei gir tilbod om kaffikrok, turistinformasjon og utkøyring av varer
  • Legga til rette for at Sveio sentrum blir utvikla vidare, slik at innbyggarane kan gjera fleire av innkjøpa sine i kommunen
  • Det må leggast til rette for framleis spreidd busetnad utanfor sentrale strok for å oppretthalda busetnad og levande bygder
  • Jobba for at kollektivprisane stimulerer til auka bruk av buss og at det blir minst like billig å ta buss i Vestland fylke som i Rogaland

Landbruk og havbruk

Sveio kommune er ein landbrukskommune som satsar stort for framtida. Primærnæringane sysselset mange i kommunen vår.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Legga til rette for familielandbruk og gardsturisme
  • Sveio skal framleis gi dyrkbar jord eit sterkt vern.
  • Det skal over tid bli gitt støtte til nydyrking av tilsvarande areal dersom landbruksjord blir nedbygd
  • Regulera areal til landbasert fiskeoppdrett

Plan og næring

Privat initiativ og eigarskap har alltid vore blant nøkkelfaktorane og grunnpilarane for utvikling av næringslivet. KrF vil arbeida for at næringslivet i kommunen får gode rammevilkår. Dette er avgjerande for at privat kapital blir investert i nye verksemder. Det er også viktig for å sikra god drift og vidareutvikling.

Eit blomstrande og levedyktig næringsliv er godt for lokalsamfunnet, og ein av dei viktigaste føresetnadene for at folk skal busetta seg i kommunen.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Bidra til at Sveio kommune er serviceinnstilt overfor næringslivet, og tilby rask og effektiv saksbehandling
  • Legga vekt på næringslivet sine behov ved utarbeiding av areal- og reguleringsplanar i Sveio, og sørga for at Sveio kan tilby relevante næringsområde i heile kommunen
  • Arbeida for å få nytt høgrisiko-fengsel til kommunen
  • Vera ein pådrivar for vidareutvikling av området rundt Golfbanen til det beste for alle i kommunen
  • Sveio kommune skal vera ein JA-kommune, og vera serviceorientert overfor innbyggarane
  • Ha ein aktiv politikk for å sikra at bustadbygginga i Sveio blir auka i takt med befolkningsveksten
  • Jobba for fullføring av Fv6 Buavåg til Sveio. Siste bit av utbetringa inn mot sentrum må ha sykkel og gangsti
  • Det må arbeidast aktivt overfor statlege styresmakter for å få til ny avkøyring frå E 39 til Solheimslia/ Førde kyrkje
  • Trafikkavvikling ved Vigdartun er i dag underdimensjonert. Det må utarbeidast ein plan for nytt «kryss» som tek høgde for bruken området har

Turisme og reiseliv

Turisme er ei næring i vekst. Sveio har svært mange kvalitetar som turistar etterspør, både innan overnatting og naturopplevingar.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Gratis parkering i Mølstrevåg for turgåarar til Ryvarden.
  • Fyrområdet skal vera ope og gratis for alle
  • Vidareutvikling av Ryvarden kulturfyr både som destinasjon for cruisegjestar, dagsturistar, overnattingsgjestar og innbyggarane
  • Utvikla industritomta på Tjernagel til turistføremål, gjerne med både hotell og husvære – til leige og for fastbuande
  • Forsterka profileringa av Sveio som reisemål
  • Etablering av hotell i SveioVurdera å få etablert «grøn» djupvasskai på eigna stad i Sveio i samarbeid med Haugaland interkommunale havnevesen, for å bli i stand til ta imot cruiseskip

Barn, familie og skulefritidsordning

KrF meiner at skule, barnehage og SFO skal bygga på dei kristne grunnverdiane. Gode relasjonar og trygge omgivnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk legg forholda til rette for ein trygg og god oppvekst.

Born i skule og barnehage har ulike evner, anlegg og bakgrunn. Det er skulen og barnehagen si største utfordring å sjå den enkelte og utrusta kvar elev med kunnskap og dugleik som trengst for å delta i samfunnet. KrF meiner at ein god skule skal formidla kunnskap, verdiar og kulturarv som hjelper born og unge til meistring og sosial utvikling.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Sørga for at Sveio-skulen bidrar til at alle tileignar seg grunnleggande lese- og skrivedugleik
  • Grendeskulane må få nok ressursar til å levera kvalitet på høgste nivå på i undervisninga
  • Vurdere å bli med bli på forsøksordningane med leksefri skule
  • I tillegg til den offentlege skulen, vil KrF også vera open for å vurdera etablering av friskuletilbod som supplement til det offentlege
  • Sikra eit mangfald i barnehagetilbod og god balanse mellom kommunale, ideelle og kommersielle barnehagar i Sveio
  • Oppretthalda full barnehagedekning, rask og nær barnehageplass og eit mest mogleg fleksibelt barnehagetilbod over heile Sveio
  • Styrka norskopplæringa i barnehage og skule, blant anna gjennom kartlegging og tiltak retta mot barn som treng særleg oppfølging
  • Behalda søndagen som ein spesiell dag, og seia nei til ei generell søndagsopning av butikkar

Idrett og kultur

Kultur har eigenverdi. Den medverkar til auka livskvalitet og god folkehelse, og gir oss noko å leva for og ikkje berre noko å leva av. KrF er oppteken av å ta vare på den kristne og nasjonale kulturarven.

Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen, og er viktige for å skapa gode lokalsamfunn. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og medverkar til å skapa viktige treffpunkt.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Ny fleirbrukshall må vurderast bygd i løpet av neste kommunestyreperiode 2019-2023
  • Oppretthalda dei kommunale løyvingane til kultursektoren
  • Kommunen skal vera ein aktiv hjelpar til lag og organisasjonar for å søkja kulturmidlar frå stat, fylkeskommune, eventuelle stiftingar osv.
  • Vidareutvikla arbeidet kring komponisten Fartein Valen og vera ein aktiv part i stiftinga
  • Framleis satsa på Sveio sin musikk- og kulturskule
  • Auka kommunen sine tilskot til frivillige organisasjonar, særleg organisasjonar som gir tilbod til barn og unge
  • Styrka samarbeidet med frivilligsentralen i kommunen
  • Støtta arbeidet som skjer i regi av dei kristne kyrkjelydane
  • Sikra at elevar i Sveio-skulen som ønskjer å samlast til andakt, bønn eller liknande i friminutt, framleis skal få låna rom på skulen til dette
  • Gi gode økonomiske rammer for idretten og sikra gratis treningstid for barn og unge i kommunale idrettsanlegg
  • Gi den uorganiserte idretten, til dømes skating, gode vilkår i Sveio

Helse og omsorg

God helse er viktig for oss alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpa i alle fasar av livet når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Sveio KrF. For å oppretthalda og styrka ei god folkehelse er førebygging viktig.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Gi tilbod om foreldrevegleiingskurs til nye foreldre
  • Sikra at satsane for økonomisk sosialhjelp og andre stønader er til å leva av og blir regulerte i takt med prisstiging
  • Dersom BPA blir innvilga vil søkar få beskjed om det kan veljast assistent i samarbeid med kommunen eller frå privat leverandør.
  • Brukarstyrt personleg assistanse (BPA); vera høve til også å kunne velja privat leverandø
  • rSørgja for at Sveio-skulen bidrar til at sosiale utfordringar blir følgt opp tidleg
  • Sikra vanskelegstilte tilgang på eigen bustad og jobba for tilstrekkeleg bustønad, hjelp til å finna eigna bustad og tilbod om bustadlån
  • Ha gode avlastningsordningar for familiar med barn som har nedsett funksjonsevneLeggja til rette for at barn med nedsett funksjonsevne skal kunna delta på fritidsaktivitetar
  • Styrkja lågterskeltilbod innan psykisk helse, særleg retta mot barn og unge
  • Vidareutvikla gode heimetenester som også tar i bruk velferdsteknologi
  • Styrka samarbeidet med frivillige organisasjonar som kan gi eldre meiningsfull aktivitet i kvardagen, sosialt fellesskap og kontakt med ulike generasjonar
  • Sveio omsorgssenter; Fullverdig kjøkken med fokus på sunn og næringsrik mat, tidspunkt og fellesskap ved måltid
  • Styrka det rusførebyggande arbeidet og gjera ansvaret for det førebyggande arbeidet tydeleg i kommunen, ved skulane og hos andre relevante aktørar
  • Kjøpa behandlingsplassar hos ideelle aktørar der rusavhengige ønskjer detLegga til rette for fleire rusfrie møteplassar, særleg for ungdom

Flyktningar og integrering

Sveio kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda. Det er viktig at me oppfyller pliktene våre og tilbyr gode tenester til dei som kjem til kommunen.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Sikra at mangfalds- og integreringsarbeidet i Sveio medverkar til at alle kan delta i samfunnslivet
  • Løfta fram mangfaldet som ein positiv ressursSpråkopplæring, målretta utdanningstiltak og kvalifisering til arbeid
  • Sikra at Sveio kommune tar imot det talet flyktningar som IMDi ber oss om

Klima, miljø og mjuke trafikantar

Sveio kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda. Det er likevel viktig å sjå til at me tek vår del av ansvaret for klimautfordringane verda står overfor.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Sikra at Sveio sine grøne lunger og kystområda er godt tilrettelagde for friluftsaktivitet
  • Alle nye bilar som kommunen skaffar seg, skal vera nullutsleppsbilar
  • Stimulera til oppsetting av semi-hurtigladarar (11-22 kW) for el-biler ved alle nærbutikkane, Buavåg ferjekai og i Sveio sentrum
  • Fullføra samanhengande sykkelvegnett mellom Sveio sentrum og Førde i løpet av dei neste fire åra
  • Bygga ut felt for mjuke trafikantar i fire kilometer ut frå kvar skule (i alle retningar) langs fylkesvegane der det ikkje finst sykkel- og gangstiar frå før
  • Det skal utarbeidast reguleringsplan for sykkelveg langs Fv 47 mot Haugesund i samarbeid med Vestland fylke.
  • Arbeida for finansiering av dette prosjektet over fylkeskommunen sitt budsjett, eventuelt gjennom Haugalandspakken

Kommunal personalpolitikk

Kommunen skal gi best moglege tenester til innbyggarane sine. Til å utføra desse tenestene er dei tilsette den viktigaste ressursen kommunen rår over.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Det skal leggast til rette for fleire lærlingplassar i kommunen og i det private næringslivet
  • Føra ein føreseieleg og god arbeidsgivarpolitikk i Sveio kommune
  • Sikra at kommunen sine tilsette i størst mogleg grad speglar Sveio kommune sine innbyggarar.
  • Særleg viktig er det å rekruttera fleire med minoritetsbakgrunn og menneske med nedsett funksjonsevne, og ta godt vare på seniorane
  • Arbeida målretta for å redusera sjukefråvær i kommunale verksemder
  • Satse på heiltidskultur i kommunen og kunne tilby dei som ønskjer det heiltidsstillingar

Kommunal eigarskap, skatt og nabosamarbeid

Kommunen skal gi best moglege tenester til innbyggarane sine. For å få utføra dette må me ha godt samarbeid med nabokommunane våre.

Sveio Krf vil jobba for:

  • Behalda kommunen sitt eigarskap i Haugaland Kraft og vera ein ansvarleg eigar som legg vekt på samfunnstryggleik, forsyning og miljø
  • Arbeida for at kommunale avgifter blir meir retta inn mot forbruk, slik at for eksempel hushald med berre ein person ikkje må betala like mykje som familiar. Samstundes vil eit avgiftssystem som rettar seg mot forbruk, premiera miljøvennleg åtferd
  • Avvikla eigedomsskatten på bustad innan kommunestyreperioden
  • Vera positive til lyntog mellom Vestlandet og Austlandet og vurdera å støtta eit eventuelt prosjekt økonomisk
  • Arbeida for at Sunnhordland og Haugalandet blir med i same region (fylke)