Ei kristen verdiforankring
KrF sin visjon er eit varmt og verdiforankra samfunn der alle har like verdi. KrF sitt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggande menneskerettar.
Sunnfjord KrF vil arbeide for at:
- Tru og livssyn skal ha ein naturleg plass i det offentlege rommet
- Vi har eit samfunn med plass for alle, der alle er inkludert
- Samfunnet må være bærekraftig på alle nivå med ei rettferdig fordeling av ressursane, lokalt, nasjonalt og globalt.
- Kommunen har eit særleg fokus på å legge til rette for auka busetnad
- Politikarane skal ta omsyn til heile kommunen i planane for utvikling
- Tenestene til innbyggjarane vert opplevde som gode
- Kommunen sine tettstader vert utvikla vidare i samarbeid med næringsliv, frivillige organisasjonar, bygdelag og politikarar.
- Sunnfjord vert eit tyngdepunkt i Vestland særleg med tanke på kultur og høgare utdanning
- God infrastruktur i alle bygder
- Sette lys på særutfordringar som einslege har i vårt samfunn
- Integrering av nye landsmenn
TRYGG OPPVEKST, BARNEHAGAR OG SKULAR
- Lik symjeopplæring for elevane i kommunen
- Den digitale satsinga må nå alle elevane i grunnskulen
- Aktivitetstilbod og ferieopphald til barn i familiar med låg inntekt
- Fritidskort for barn og unge
- Innføre gratis buss for barn opp til 6 år og la barnebilletten vere gyldig fram til 18 år (Vestland KrF)
- Noverande skulestruktur bør oppretthaldast
- KrF ønskjer å legge til rette for at dei yngste elevane kan ha ein halv skuledag eller fridag i veka.
- Fleksible SFO-tilbod
- Det må leggast til rette for korpsaspirantopplæring i skuletida slik det har fungert i fleire bygder.
- Nulltoleranse for mobbing
- Trygge gang og sykkelvegar. Rullering av trafikktryggingsplanen.
- Gode friluftsområde med tilrettelegging av uteaktivitetar for alle
- Legge til rette for alkoholfrie soner der barn og unge ferdast, til dømes idrettsarrangement
KULTUR OG IDRETT
- Legge til rette for dei ulike fritidstilboda inkludert breddeidrett
- Vi har eit ansvar for å ta vare på historia og formidle den til nye generasjonar. Sunnfjord museum og Astruptunet må rustast for å møte framtida.
- Institusjonane Sogn og Fjordane teater, Folkemusikkfestivalen og Kunstmuseet er sentrale når vi peikar på Førde som kulturby.
- Nrk Sogn og Fjordane og Nynorsk mediesenter er viktige for heile regionen, identitet og språk
- Godt kulturskuletilbod.
BETRE ALDERDOM, HELSE og OMSORG når du treng det.
- Avlastingsplassar for sjuke må prioriterast på alle institusjonane
- Dagsentertilbod for menneske med demens, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjonar
- Serviceskyssen skal oppretthaldast og utviklast vidare
- Heimetenesta treng styrking (medisinsk hjelp til sjuke som kan og vil bu heime)
- Styrking av kvardagsrehabilitering er viktig for at eldre og sjuke kan bu lenger heime
- Ergoterapeut må vere tilgjengeleg i heile kommunen
- Auka livskvalitet for eldre på institusjon ved aktivitetstilbod og besøksordningar av frivillige
- Gjennomføre planane om Friskhus i Naustdal
- Den kulturelle spaserstokken skal gje kulturelle opplevingar for eldre i heile kommunen
- Det må leggast til rette for palliativt/lindrande rom i alle delar av kommunen
- Så langt det er mulig, legge til rette for at dei som ønsker å dø heime får mogelegheit til det
RUSMIDDELPOLITIKK FOR AUKA LIVSKVALITET
- Temadag for alle politikarane i kommunen før handsaminga av den ruspolitiske handlingsplanen for Sunnfjord
- Arrangement i kommunal regi skal vere rusfrie
- Restriktiv tildeling av sals- og skjenkeløyve
- Kommunen skal ha rusmiddelkonsulent
- Haldningsarbeid i høve rusbruk og bli ein «av-og-til kommune»
KYRKJA har ein viktig plass i bygdene våre.
- Diakoniarbeidet skal halde fram
- Arbeide for eit konstruktivt samarbeid skule-kyrkje
- Trusopplæringa må få gode vilkår
- Det må løyvast midlar til godt vedlikehald av kyrkjebygningane og kyrkjegardane
- Ordførar og rådmann har minst eit årleg møtepunkt med kyrkjeverje og fellesrådsleiar
BUSETNAD OG NÆRINGSLIV
God kommunikasjon er viktig for oss som bur her og for dei som vurderer å flytte til Sunnfjord. Fiber til grendene og gode nok vegar gjennom bygdene er viktig både for næringsliv og innbyggjarar
- Samarbeide for å utvide rutetilbodet på Bringeland lufthamn
- Kollektivtilbodet i Sunnfjord må styrkast
- Halde kontakten med utflytte ungdomar og gje velkomsthelsing til nye innbyggjarar
- Planlegge for ulike bustadformer i Førde
- Kommunen bør ha fleire attraktive bustadområde med skule og barnehage i rimeleg nærleik
- Kommunen må arbeide for å kunne tilby tomter til dei som ønskjer å busetje seg i kommunen
- Arbeide for rask:
- oppstart av E-39 frå Gaular gjennom Førde til Jølster
- realisering av fylkesveg 57 Dale – Storehaug med bru over Svesundet
- rassikring riksveg 5 Førde – Naustdal
- Påverke politikarane i Vestland til å utbetre rasfarlege parti og flaskehalsar på fylkesvegane
- Førde si rolle som by og regionsenter må vidareutviklast noko som er viktig for busetnaden i områda rundt Førde
- Det må samarbeidast og planleggast for ei betre organisering av parkeringa i Førde sentrum, til dømes tre timar gratis parkering ved handlesentera og eigen gratis parkeringsplass for pendlarar
- KrF vil at heile kommunen, i tillegg til Førde, vert ein sykkelkommune. Satsing på gang og sykkelvegar i tettstadene Bygstad, Naustdal, Sande, Skei og Vassenden
- Næringslivet skal oppleve ein ja-kommune
- Ta godt imot gründerane og legge til rette for nye arbeidsplassar
- Støtte opp om Frivilligsentralen. Sjå til Gaular sitt gode prosjekt «Aktiv» som er ei bru til arbeidslivet for dei som av ulike grunnar fell utanfor. Legge til rette for at frivilligsentralane kan utvikle og vidareføre gode tiltak.
LANDBRUK OG KULTURLANDSKAP
- Halde oppe gode avløysarordningar i landbruket, vidareføre ordninga med landbruksvikar
- Oppfordre til at fråflytte gardsbruk vert halde i hevd eller selde til interesserte busetjarar
- Eigen matvareproduksjon må oppretthaldast
- Stimulere til rydding og beiting av kulturlandskap
- Vern av dyrka jord
MILJØ, NATURVERN OG FRILUFTSLIV
- Gjennomføre vedtekne tiltak og rullere kommunen sin miljø- og energiplan
- Enøktiltak på kommunale bygg
- Redusere mengde avfall gjennom kjeldesortering og gjenbruk
- Einslege bør få redusert gebyr på kommunale avgifter
- Frivillige organisasjonar som organiserer gjenbruk, må få levere boss gratis og ikkje betale som bedriftskunde
- Undersøkje vassdraga, gjennomføre handlingsplan for reinsing
- Arbeide for eit nasjonalt vassdragssenter ved nasjonal turistveg over Gaularfjellet
- Legge til rette for badeplassar med toalett og bossdunkar
- Redusere matsvinn ved å styrke kunnskapen om haldningar til mat. For å få til dette er samarbeid mellom folkehelse, ulike organisasjonar og skulane viktig
- Arbeide for fleire ladepunkt for elbil
- Stimulere til rydding av skog og kratt langs vegane for ei betre naturoppleving