Kommuneprogram 2019-2023

Vårt verdigrunnlag 

Politikk og verdiar heng uløyseleg saman. I vår tid er det trong for sterk verdimobilisering og refleksjonar kring kva verdival som tek vare på og vidareutviklar eit godt og varmt samfunn. Det er likevel viktig at vi skil mellom kva som er politiske oppgåver og kva som er den kristne kyrkja, dei kristne fellesskapa og enkeltmennesket sitt ansvar i samfunnet.

Kristeleg Folkeparti er eit sentrumsparti med eit politisk verdigrunnlag som er henta frå dei grunnleggjande menneskerettar, den kristne kulturarven og Bibelen. Dette handlar for oss om:

  • MENNESKEVERD – Alle menneske har same verdi, frå unnfanging til livets slutt.  
  • KJÆRLEIK TIL VÅR NESTE – Nestekjærleik gjeld overfor alle, også dei vi måtte oppfatta som våre motstandarar, og den krev aktiv handling. Vi ynskjer å kjempe for sårbare grupper i samfunnet.
  • FELLESSKAP – Samarbeidet mellom det offentlege, det private og den frivillige sektor må styrkast, og me ynskjer å redusera den aukande utanforskapen.
  • FORVALTARANSVAR –  Alle har ansvar for miljøet rundt seg og for å bidra til ei rettferdig og god fordeling av ressursane me rår over.

Suldal KrF vil samarbeide med politiske parti som i størst mogleg grad støttar vårt program, våre verdiar og politiske målsettingar.

 Suldal Kristeleg Folkeparti vil i neste valperiode leggje vekt på:

Oppvekst og utdanning

Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk skal leggje forholda til rette for ein trygg og harmonisk oppvekst.

KrF sitt overordna barne- og familiepolitiske mål er:

  • Alle barn har ein trygg og god oppvekst.
  • Foreldre har tilbod om hjelp i krevjande situasjonar.
  • Alle barn og unge har eit trygt og utviklande nærmiljø.
  • For å oppnå dette vil Suldal KrF arbeida for:
  • Å trygge tilbod om jordmor/ helsestasjon/ barne- og familierettleiar.
  • Barnehage og skule i Suldal skal ha høg kvalitet, med god menneskeleg og fagleg kompetanse.
  • Tidleg innsats overfor barn, unge og føresette som treng det.
  • Eit kompetent interkommunalt barnevern, betre tverrfagleg innsats og rett hjelp med trygg ivaretaking av både born og vaksne.
  • Mobbing er det nulltoleranse for, med godt kjende rutinar for varsling og oppfølging.
  • Frivillige kan, i samarbeid med tilsette, delta i nokre av oppgåvene i barnehage og skule.
  • Sosiallærarressursen må tryggast. 
  • Støtte eit godt vidaregåande skuletilbod i regionen, med særleg fokus på Topp Volley og Sauda vidaregåande skule.
  • Arbeide for høg kvalitet på språkopplæring og god integrering av busette flyktningar
  • Kommunen skal  tilby både fulltids- og deltidsplass i barnehagane.
  • Det skal vera naturleg å melde frå om avvik og bekymringar. Kommunen må ha gode system for avviks- og bekymringmeldingar, og ei god og effektiv oppfølging. Tilsette må ha god kunnskap om dette. 
  • Ta vare på barna sine behov ved planlegging og utbyggingar.
  • Utvikle og halde leikeplassane ved barnehagane og skulane i forsvarleg stand.
  • Godt tverrfagleg samarbeid for å gi best mogleg hjelp til utsette born og deira familiar. 
  • Sikre ein skulestruktur som er attraktiv og forsvarleg, fagleg og sosialt.
  • Støtte drift og utvikling av UiR (Utdanning i Ryfylke).
  • Sikre god teknologisk utvikling i skulen med effektive støttefunksjon for dette.

 
Helse/pleie og omsorg/sosial

God helse er viktig for oss alle. Eit godt helsetilbod når ein treng det er heilt sentralt. Dette gjeld for alle fasar i livet.

KrF sitt mål er:

  • God fysisk og psykisk folkehelse gjennom satsing på førebyggjande tiltak
  • Høg kvalitet og kompetanse i alle ledd med evne og vilje til tverrfagleg samarbeid så ofte det er naudsynt
  • Innbyggjarar og tilreisande får forsvarlege tilbod om hjelp når dei treng det 

 
For å oppnå dette vil KrF arbeide for: 

  • Sikre forsvarleg kvalitet og drift av legevakta
  • Arbeide for at dei som ynskjer det kan bu heime så lenge dei vil
    • uansett buform skal brukarane oppleve tryggleik og verdigheit i omsorga som blir gitt
    • leggja til rette for velferdsteknologi som eit supplement til omsorga
  • Sikre drift og tilgjenge av gode dagsentertilbod for alle eldre i kommunen
  • Auka satsing på tverrfagleg hjelp når behova er samansett og langvarige, uansett livssituasjon. Koordinatorar skal sikre god samhandling og gode forløp
  • Leggje til rette for at  frivillige, i samarbeid med tilsette, kan delta i utvalde oppgåver der dette er ønskjeleg
  • Bygge vidare på samarbeidet med frivillige gjennom kommunalt støtta (ev leia) Frivilligsentral
  • Gode institusjonstilbod for fysisk og psykisk sjuke
  • Eit demensvennleg samfunn
    • arbeide for at personar med demens skal oppleve auka livskvalitet
    • fremja openheit og forståing, og støtte personar med demens og deira pårørande.
    • styrkje gode offentlege tilbod og arbeide for eigne aktivitetar og tilbod. 
    • styrkje involvering av servicebedrifter og andre instansar slik at dei kan leggje til rette for at personar med demens skal oppleva kvardagen enklare og føle seg inkludert og involvert i lokalmiljøet sitt.
  • Sikre god tannhelseteneste i kommunen
  • Støtte haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus

Kommunikasjon og infrastruktur

Suldal er heilt avhengig av gode nok kommunikasjonar. Næringslivet og den einskilde innbyggjar treng eit godt vegnett og relevant kollektivtilbod. Rv13 er hovudferdselsåra i og gjennom kommunen og må sikrast nødvendig rassikring og oppgradering. I tillegg er hurtigbåten ei heilt nødvendig livsåre som ikkje må svekkast.

KrF sitt mål er:

  • Rassikring og utbetring av vegar i kommunen, hovudprioritet er Rv 13
  • Full mobil-  og breibandutbygging for alle i kommunen
  • Godt tilpassa hurtigbåttilbod for skuleelevar, pendlarar, innbyggarar og gjester

 For å oppnå dette vil KrF arbeide for: 

  • Rv 13, strekningane Erfjord – Sand og Suldalsosen – Røldal, må snarast råd oppgraderast med tunnel (ar) og gul midtstripe 
  • Sikre tryggleik for mjuke trafikantar med fleire gang- og sykkelstiar
  • Bruke av avsette midlar til å stimulere nødvendig utbygging av fiber- og mobildekning.
  • Samarbeide med nødvendige aktørar for å etablere reiseruter som kan styrke både eigne innbyggarar og våre gjester 

Landbruk/næringsliv

Arbeidsplassar er den viktigaste føresetnaden for at folk skal busetje seg i kommunen. Suldal er ein landbrukskommune, og KrF vil arbeide for at næringsliv og landbruk i kommunen får gode rammevilkår. Dette er viktig for å sikre god drift, vidareutvikling og nye etableringar.

KrF sitt mål er:

  • Eit blømande og levedyktig  landbruk og næringsliv i Suldal

 For å oppnå dette vil KrF arbeide for:

  • Ein aktiv nærings- og landbrukspolitikk i god dialog med næringa sjølv
  • Vidareføre kommunale støtteordningar til landbruket
  • Ein arealpolitikk som sikrar jordvern og bu- og driveplikt
  • Ha attraktivt og nok næringsareal tilgjengeleg
  • Leggje til rette for utvikling av eksisterande arbeidsplassar og nyskaping
  • Ha godt samarbeid med nabokommunane/regionen kring god næringsutvikling

 
Kommuneutvikling

KrF sitt mål er:

  • Å gi innbyggjarane gode og nødvendige tenester
  • At fastbuande, hytte-suldølen og gjester i kommunen finn seg godt til rette

 For å oppnå dette vil KrF arbeide for:

  • At Suldal held fram som eigen kommune
  • Gode utredningar som grunnlag for vedtak
  • Saman med lokalt næringsliv legga til rette for behovsretta rekruttering og lærlingplassar
  • Naudetatane må kunne dekke oppgåvene i kommunen på ein forsvarleg måte
  • Vidareutvikle eit sterkt kommunesenter og livskraftige bygder
  • Drive ein aktiv bustadpolitikk der ein

o   skal legge til rette for bustadutvikling med attraktive tomter i alle deler av kommunen
o   skal stimulere til sentrumsnære, attraktive leilegheiter i dei bygdene der dette er aktuelt
o   opplever rett og rask sakshandsaming i kommunen

 
Personalpolitikk

Dei tilsette er den viktigaste ressursen kommunen rår over.

KrF sitt mål er:

  • gode tenester og motiverte, trygge tilsette

For å oppnå dette vil KrF arbeide for: 

  • Vise respekt for og oppfølging av gjeldande regelverk for dei tilsette
  • Høve til fagleg styrking og personleg utvikling
  • Involvere dei tilsette ved omstillingar
  • Kommunen skal vise engasjement og klokskap i både enkeltsaker og større konfliktar

o   Etikk og respekt i høve til tilsette, individuell og rettferdig handsaming

  • Arbeide for ein god seniorpolitikk som skal motverka diskriminering og utstøyting
  • Legge til rette for gode og fleksible overgangsordningar mellom full yrkesaktivitet og pensjonisttilvære
  • Arbeide for at stillingar vert lyst ut eksternt for å gje andre også utanfor eininga eller bedrifta ein moglegheit til å søkje.
  • Innan helsesektoren ser ein at det kan vera vanskeleg for personale som har born å kombinere opningstider i barnehagar og turnusarbeid. KrF støtter opp om tiltak som kan vera med å leggje til rette for at personale blir verande i sine stillingar og ikkje går over i andre yrker.
  • Arbeide for verna arbeidsplassar og sikre ei god Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA)- ordning. Dette er eit likestillingsverktøy, meir enn eit tradisjonelt helsetilbod.

Kultur og fritid

Kultur har eigenverdi. Den fremjar livskvalitet og god folkehelse. Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen og er viktige for å skape gode lokalsamfunn.

KrF sitt mål  er:  

  • Eit variert lags- og organisasjonsarbeid, med særleg vekt på barne- og ungdomsarbeid
  • Auka fokuset på tiltak som gjeld fleire generasjonar i lag
  • Eit breitt kulturtilbod for alle generasjonar
  • God integrering og fleirkulturell samhandling

For å oppnå dette vil Suldal KrF arbeide for å: 

  • Støtte gode og varierte tilbod innan friluftsliv, idrett og e-sport
  • Gi støtte til forsamlingshus
  • Gje kyrkja økonomiske rammer som gir høve til å formidle kristen tru, omsorg og kultur
  • Verne om kulturminna og styrkja formidling kring dei
  • Støtte gode tilbod og aktivitetar på  Kulturhuset og god drift av kulturskulen
  • Gje støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling
  • Oppretthalde god kvalitet på den Kulturelle Skulesekken
  • Arbeide for kulturelle tilbod og aktivitetar for pasientar og brukarar som bur på Suldal Sjukeheim og Vinjar og Bu- og Omsorgssenter.
  • Stimulere til rusfrie treffstader og føre ein restriktiv alkoholpolitikk
  • Leggje til rette for periodar med opne kyrkjer- til nytte og glede for fastbuande, hyttefolket, turistar og pilegrimar.

Natur og miljø

Suldal kommune er rik på naturressursar. Desse må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar. Til dette må Suldal ha god tilgang på god kompetanse, gjerne gjennom interkommunalt samarbeid.

 KrF sitt mål er:  

  • Ei langsiktig arealplanlegging i kommunen.
  • Planarbeidet skal ta omsyn til miljø, natur og jordvern på ein balansert måte.

For å oppnå dette vil Suldal KrF arbeide for:  

  • Ta vare på strandsona for gode miljøomsyn, allmenn ferdsel og god estetikk.
  • At landbruksarealet vert oppretthalde.  
  • Nytte energiøkonomiske løysingar i kommunale bygg.
  • At klima og miljø blir teke omsyn til ved kommunale anbod og innkjøp
    • arbeide for at kommunen ikkje nytter seg av eingongsplast
  • Ei trygg og tilgjengeleg avfallshandtering i heile kommunen 
  • Naturstiar med god informasjon og merking
  • Attraktive rasteplassar langs vegane i kommunen.