Program for Stryn KrF 2019-2023

Krf byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. Eit samfunn i forandring treng forankring.  Tillit, fellesskap og tryggleik vert skapt gjennom menneske som engasjerer seg, bryr seg om og tek ansvar for kvarandre. Vi trur gode samfunn vert bygde nedanifrå og i samspel mellom enkeltmennesket, familien, frivilleg verksemd, næringsliv og offentlege styresmakter.

Norge er eit samfunn som er prega av tillit mellom folk og høg grad av tryggleik. Vi må ta vare på denne sosiale kapitalen, og forebygge auka sosiale skilnader. KrF vil styrke dei viktige fellesskapa og bygge samfunnet nedanifrå gjennom å spreie makta og gje enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn høve til å styre sin eigen kvardag, og til å forme si eiga framtid. Bygger vi fellesskap nedanifrå, skaper vi eit varmare samfunn.

Respekten for at kvart enkelt menneske er unikt og uendeleg verdifullt, er ein sentral verdi for KrF.  Slår vi ring om menneskeverdet, får vi eit varmare samfunn.

Stryn kommune har store rikdomar– natur, kultur, historie, næringsliv og tusenvis tilreisande som besøker bygdene våre gjennom eit år. Den aller største ressursen er likevel menneska som bur her.

I lokalpolitikken skal vi forvalte ressursane på ein slik måte at Stryn blir ei endå betre kommune å bu i -for alle!

KrF vil føre ein politikk for alle – og vi ynskjer særleg å vere ei stemme for dei som ikkje ropar så høgt sjølve. Vi vil ha ein politikk som tek vare på alle. Vi seier ja til eit varmare samfunn!

Familie, oppvekst og opplæring 

Stryn KrF vil arbeide for :  

  • at barnehage og skule får nok ressursar til å gje det enkelte barn tilpassa opplæring
  • at lærarane får meir tid til kvar elev, at fleire yrkesgrupper kjem inn i skulen, samt styrke skule/heim-samarbeidet.
  • godt koordinert tverretatleg samarbeid som sikrar barn og unge rett hjelp til rett tid
  • desentralisert barnehage- og skulestruktur med SFO
  • større fleksibilitet i barnehageopptaket
  • at alle har tilgang på sommaropne barnehagar
  • leikbasert læring i 1. klasse etter intensjonen med 6-års-reformen, og legge til rette for større samhandling mellom barnehage og skule.
  • leksefri 1. klasse
  • gratis SFO for dei elevane som har rett til SFO også etter 4. trinn.
  • trygg skuleveg for alle barn
  • å prioritere tiltak som støttar foreldra, fremjar trygge heimar og stabile oppvekstvilkår
  • tiltak som førebyggjer mobbing i skule og arbeidsliv, og gjennom sosiale media
  • at barnevernet har nok faglege ressursar, og har eit nært samarbeid med nabokommunane.
  • at Stryn vidaregåande skule vert oppretthalden,  med breidde i studietilbodet

Klima og miljø

Stryn KrF vil arbeide for:

  • levande og attraktive bygder med vedlikehald og utvikling av kulturlandskapet
  • å sikre at matjord vert nytta til matproduksjon gjennom eit strengt jordvern og driveplikt, men at arealvern likevel ikkje må vere til hinder for fornuftig bruk og utvikling i bygdene
  • ei klimavenleg utvikling av cruisetrafikken gjennom skjerpa miljøkrav
  • at kommunen sine anbod- og innkjøpsordningar legg stor vekt på klima og miljø
  • gradvis overgang til el-bilar i kommunale tenester, der det er praktisk mogleg
  • fleire ladepunkt for el-bilar ved kommunale bygg
  • at kommunale bygg blir sertifiserte som Miljøfyrtårn
  • at kommunen utarbeider ein handlingsplan for å minimalisere bruken av plast
  • at Stryn skal søke status som Nasjonalparkkommune

Næringsliv, samfunnsutvikling og samferdsel

Stryn KrF vil arbeide for:

  • offensiv kommunal planlegging som legg til rette for:
    • ledige bustadtomter i alle bygdelag i kommunen
    • tilgjengelege gjennomgangsbustader i alle deler av kommunen
    • næringsareal  i alle deler av kommunen
  • å bruke pris som verkemiddel gjennom differensiert prissetting sett i høve til etterspurnaden etter bustadtomter.
  • at kommunen framleis skal ha eit levedyktig landbruk
  • å stimulere til utviklingsprosjekt i landbruket
  • å vidareutvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv
  • å avgrense utbyggjinga av Tonningkamben, og bevare gjennomgåande turstiar i området
  • at kommunen lagar ein framdriftsplan for innføring av universell utforming i alle eksisterande offentlege bygg
  • at regelverk for opningstid i butikkane skal verne søndagen som kviledag
  • eit sterkare folkehelseperspektiv med auka satsing på gang- og sykkelvegar, prioritere trygge skulevegar
  • at kommunen er pådrivar for utbetring av fylkesvegane til Oldedalen, Lodalen, og strekninga Vegtun-Hopland
  • at kommunen er pådrivar for rask utbygging av ny Rv.15 for sikker veg over Strynefjellet
  • å framleis ta imot og busette flyktningar, og styrke integreringsarbeidet gjennom samspelet mellom offentleg og frivilleg innsats

Livssyn, kultur og fritid

Stryn KrF vil arbeide for:

  • at alle opplever at trusfridom er ein grunnleggande rett, og blir møtt med respekt for å praktisere trua si
  • vedlikehald og drift av kyrkjene
  • å sikre god nok kapasitet ved alle gravplassane, og halde gravplassane i god stand
  • at kommunen satsar på «Fritidskortet» for auka deltaking i sosiale aktivitetar, og hindrar utanforskap blant barn og unge
  • å auke kulturmidlane til lag og organisasjonar, og stimulere til kulturelt mangfald
  • eit fast årleg tilskot til Frivillegsentralen, som sikrar både føreseieleg drift og utvikling
  • økonomisk stønad til Telegrafen og andre rusfrie ungdomstiltak
  • prioritere varmtvassbasseng i utviklinga av symjehallen
  • at kommunen er med og sikrar at Singerheimen blir teken vare på som lokalt kulturminne, med «vern gjennom bruk» som berande prinsipp
  • utvikling av kulturskulen med vekt på kvalitativt gode opplæringstilbod som er tilgjengeleg for alle
  • etablering av Nordfjord Friluftsråd

Helse og omsorg

Stryn Krf vil arbeide for:

  • at helse- og omsorgsetaten har nok ressursar slik at alle tenester er kjenneteikna av kvalitet, kontinuitet og at dei er tilgjengeleg for alle.
  • at det er institusjonsplassar for dei som treng det, og nødvendig hjelp for pleietrengande som kan bu heime
  • oppretthalde institusjonskjøkken i full drift ved begge omsorgsentera
  • eit seniorvenleg samfunn – der eldre er ein ressurs
  • at par som ynskjer det, der begge har trong for tyngre omsorgstenester, skal kunne bu saman på omsorgssenter eller i omsorgsbustad.
  • auka satsing på førebyggjande helsearbeid gjennom styrking av helsestasjon, Frisklivssentralen og kvardagsrehabilitering
  • barn og unge si psykiske helse, med særleg vekt på førebyggjande tiltak og tidleg innsats
  • eit godt psykisk helsevern som gjev oppfølgjing i eller nær heimen
  • å sikre reell brukarmedverknad i dei kommunale tenestene
  • å styrke oppfølgjing og hjelp til pårørande for barn, ungdom og vaksne med alvorlege fysiske eller psykiske helseutfordringar
  • at brukarane av kommunale bu- og omsorgstenester blir teke vare på som heile menneske, fysisk, psykisk, sosialt og åndeleg.
  • at kommunen har høg kompetanse på lindrande behandling og omsorg ved livets slutt
  • bruk av velferdsteknologi som fremjar tryggleik og funksjonsevne
  • ein solidarisk alkohol- og ruspolitikk som reduserer alkoholforbruket, – gjennom:
    • god sals- og skjenkekontroll
    • at alle kommunale arrangement er alkoholfri
    • at  sports- og idrettsanlegg er alkoholfri sone
    • at Stryn blir «Av- og-til»-kommune som er eit nettverk for lokal alkoholførebygging