HELSING FRÅ ORDFØRARKANDIDATEN
Stord KrF er opptatt av eit varmt og verdiforankra Stord-samfunn der det er menneskeverd i alle fasar i livet. Gode kommunale tenester i samspel med idrett, lag og organisasjonar skal legge til rette for at Stord er ein god kommune å bu i. Vårt program legg eit godt grunnlag for utvikling av lokalsamfunnet samstundes som ein har ei ansvarleg forvaltning av skaparverket, tilsette og kommunen sin økonomi.
Dei beste løysingane for Stord kommune ligg i sentrum av politikken!
Bruk stemmeretten – stem KrF i år!
Torbjørn Brosvik – ordførarkandidat
KOMMUNAL DRIFT OG ØKONOMISTYRING
KrF er oppteken av å ha eit velfungerande folkestyre der ulike grupper i lokalsamfunnet har høve til å påverke og ta del i utvikling av Stord-samfunnet. Det er viktig at forvaltninga er open, slik at ein sikrar demokratiske prosessar og avgjerder.
Stord KrF vil føre ein ansvarleg økonomisk politikk. KrF vil arbeide for ei rettferdig fordeling av statlege midlar til norske kommunar. Vi er opptekne av ein nøktern bruk av kommunen sine pengar, slik at det er eit berekraftig og balansert forhold mellom inntekter og utgifter. Stord KrF vil prioritere dei mest sårbare gruppene i kommunen når budsjettet skal handsamast.
Stord KrF er i utgangspunktet negativ til eigedomsskatt, og vil redusere denne så snart kommuneøkonomien tillet det. Inntektene frå eigedomsskatten skal i første omgang nyttast til investering og nedbetaling av gjeld, deretter til å løfte levekåra der utfordringane er størst.
KOMMUNESTRUKTUR OG LOKALDEMOKRATI
Stord KrF vil ha eit sterkt lokaldemokrati der saker vert behandla lokalt. Gode kommunale tenester er viktige for lokalsamfunnet, og Stord KrF vil arbeide for at tenesteproduksjonen kan gjerast lokalt, også i framtida. Vi vil difor arbeide for tett samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland for å sikre at statlege og regionale funksjonar og investeringar vert lagt til regionen vår.
KrF vil:
• Ha ei open og offentleg forvaltning.
• Ha gode kommunale tenester i alle deler av kommunen
• Prioritere dei mest sårbare gruppene når budsjettet skal handsamast
• Arbeide for tett samarbeid mellom kommunane i Sunnhordland
• Legge til rette for at Huglo skal vere eit livskraftig samfunn, slik at det vert attraktivt for nye familiar å busette seg der
OPPVEKST OG SKULE
Stord skal vere ein god kommune for born og unge. Stord KrF vil la omsynet til borna vege tungt i saker som gjeld trygge heimar, barnehagar, skular, skulevegar og oppvekstmiljø. Partiet vil ha eit velfungerande barnevern. Familien som samfunnet sin viktigaste grunnstein må vernast og styrkast. Stord KrF vil at den kristne kulturarven skal prege skule- og barnehagemiljøet. Det er klart at førebygging og tidleg innsats er det som gir best resultat, og vi vil difor satse på barnehage og skule. Stord KrF legg vekt på å skape inkluderande oppvekstmiljø som verdset og gjev rom for utvikling for mangfaldet av born og unge med ulike ressursar og føresetnader
Ein god offentleg skule er ei av kommunen sine hovudoppgåver. Me må ha tenlege skulebygg og leggje til rette for gode læringsmiljø for alle elevar. I samband med ny læreplan i skulen og Stord kommune sitt politiske vedtak om inkluderande barnehage, skule og SFO, blir det stilt nye krav til skuleeigar og personalet. Lærarane er skulen sin viktigaste ressurs og må ha gode arbeidsvilkår. Stord KrF ynskjer tiltak som gjer at lærarane kan bruke meir tid på elevane si læring og utvikling. Vi vil legge til rette for gode læringsmiljø som bygger robuste og inkluderande born og ungdom. Dette ved at skulane kan fokusere på dei tverrfaglege emna i læreplanen Demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring, til dømes gjennom MOT sitt opplegg. Stord KrF vil leggje til rette for SFO med god kvalitet og fokus på inkludering.
KrF vil:
• Gi fridom til dei lokale kristne skulelaga og andre som ynskjer å engasjere seg i frivillig arbeid i grunnskulen.
• At skulegudstenester i kristne høgtider skal inngå som ein naturleg del av skulen sine aktivitetar
• Sikre at den kristne kulturarven vert formidla
• Verne og styrke familien som samfunnet sin viktigaste grunnstein
• Støtte tiltak som kan hjelpe foreldre i å vere tydelege og trygge ansvarspersonar
• Gå gjennom kommunen sine kriseplanar for å sikre at familiar i krise får god hjelp
• Leggje til rette for gode kommunale og private barnehagar i alle delar av kommunen
• Sikre at kommunen har tilstrekkeleg bemanning til å oppfylle kommunen sin plan for inkluderande barnehage, skule og SFO, også utover bemanningsnorma om naudsynt
• Leggje særleg vekt på tilbod til born og unge med særskilte utfordringar
• Bygge Nysæter ungdomsskule, hall og symjebasseng så snart som råd og med gode kvalitetar både som skule og nærmiljøanlegg i Sagvåg
• Jobbe for gode og langsiktige løysingar for Langeland skulekrins
• Jobbe for at SFO skal vere eit reelt tilbod til alle. Sjå på ordningar for søskenmoderasjon og utjamning
• Legge til rette for god symjeopplæring og ha gode opplæringsbasseng
• Støtte opp om initiativ til kristne privatskular.
• Sikre at skulane har tilstrekkeleg lærardekning til å oppfylle dei krava lærarplanen set.
• Jobbe for å tilpasse dei fysiske rammene til den nye lærarplanen samt skape gode møteplassar også utanom skuletida.
• Styrke skulane med andre aktuelle yrkesgrupper som barne- og ungdomsarbeidarar, vernepleiarar og andre samt utvide helsesøstertenesta til å dekke heile skuletida.
• Betre støttetenestene og vurdere faste vaktmeistrar ved kommunale barnehagar og skular.
KULTUR , IDRETT OG FRIVILLIG ARBEID
Stord KrF vil støtte opp om dei mange gode fritids-, idretts- og kulturtilboda i kommunen. Dette er verdifulle arenaer og gode møteplassar for barn, unge og vaksne. Kulturskulen har stor verdi i lokalsamfunnet. Desse tilboda må derfor ha lav eigenbetaling slik at den sosiale rekrutteringa ikkje blir skeiv.
HVL er ein viktig institusjon i vårt lokalsamfunn, også i kultursamanheng, og må takast vare på. Vi ønskjer eit tett samarbeid mellom HVL, kommunen og dei ulike laga og organisasjonane.
Stord KrF ønskjer å oppretthalde eit godt idrettstilbod, slik vi har gjennom dei ulike idrettslaga på Stord. Vi vil stimulere det frivillige engasjementet og leggje til rette for breidde og mangfald i idretten. Kommunen må legge til rette for godt samarbeid med idrettslaga, mellom anna med gode avtalar om bygg og anlegg.
Stord KrF vil bidra til god integrering av flyktningar og innvandrarar som kjem til kommunen. Det er viktig at både kommunen og frivillige er med og tar ansvar. Vi må ha møteplassar der desse kan møte lokalbefolkninga, knyte kontaktar og føle seg som ein del av lokalsamfunnet. Idrettslag, kyrkje og frivillige organisasjonar er viktige medspelarar her.
KrF vil:
• Ha gode rammer for frivillig arbeid, kultur og idrett
• Vidareføre og utvikle Frivilligsentralen og BUA
• Arbeide for heilårsveg til Heio og for betre parkeringstilhøve
• Arbeide for god integrering av flyktningar og innvandrarar og skape gode møteplassar.
• Oppretthalde gode tilbod i kulturskulen, også til psykisk utviklingshemma.
• Bruke fritidskortet til å sikre at born og unge i familiar med dårleg råd får delta i fritidsaktivitetar
KYRKJE OG KRISTENLIV
Kyrkja har ein sentral og viktig plass i våre lokalsamfunn. Stord KrF vil arbeide for å ta vare på den kulturarven kyrkja representerer. Partiet vil og støtte arbeidet kyrkja og frivillige kristne organisasjonar driv for alle aldersgrupper i samfunnet.
Stord KrF vil sikre godt vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar, og vere med å leggje til rette for kyrkjelydshus ved Stord kyrkje.
KrF vil:
• Verne om den Kristne kulturarven
• Verne om helgedagsfreden og halde på søndagen som ein annleisdag
• Sikre godt vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar
• Styrke dei økonomiske rammene for kyrkja
• Leggje til rette for nytt kyrkjelydshus ved Stord kyrkje
• Legge til rette for at kristne lag og organisasjonar kan søke kommunale midlar til sine arrangement og drift.
• Ha betre parkeringsplass ved Stord kyrkje og turvegen rundt Ådlandsvatnet
FØREBYGGJING, HELSE OG TRYGG ALDERDOM
Stord KrF vil ha eit helsetilbod som er lett tilgjengeleg for brukarane. Kommunehelsetenesta må fungere godt, og akutt-tilbodet ved Stord sjukehus må oppretthaldast.
Stord KrF ser at behova innan helse og omsorg vil auke framover. Særleg må kommunen vere opptatt av tilbodet til dei eldre. Det må vere jamvekt mellom heimebaserte tenester, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Kommunen treng fleire sjukeheimsplassar.
Stord KrF vil støtte frivillig arbeid retta mot eldre og uføre. Partiet vil betre ettervernet av rusmisbrukarar og ha god oppfølging for pasientar med psykiske lidingar.
KrF vil:
• Byggje fleire sjukeheimsplassar og vurdere plassering i Sagvåg
• Satse på førebyggjande helsearbeid
• Sikre akutt- og fødetilboda ved Stord sjukehus
• Styrkje samarbeidet med frivillige organisasjonar, som Røde Kors og kristne lag og organisasjonar
• Ha større satsing på rehabilitering i heimen og dagplassar, og få på plass eit betre mottaksapparat for ferdigbehandla pasientar slik samhandlingsreforma føreset
• Styrke koordinerande eining slik at personar med samansette problemstillingar får god hjelp
• Legge til rette for betre samarbeid mellom faginstansar og pårørande til personar med fysiske og psykiske utfordringar
• Vidareutvikle arbeids- og aktivitetstilbod for utviklingshemma og andre med særskilde utfordringar
• Styrke arbeidet med psykisk helse og tilsette kommunepsykolog
NÆRING
Stord KrF er eit parti for næringsliv, innovasjon og gründerskap. Lokalt står Stord KrF rotfesta i Hans Nielsen Hauges ånd der mellom anna gründerskap, hardt arbeid, og samfunnsansvar er sentrale verdiar. Satsing på ungt entreprenørskap er viktig for å gje ungdom tru på eigne skapande krefter. Prosjekt der ein etablerer samarbeid mellom skule og næringsliv må prioriterast. Ikkje minst er det viktig at kommunen legg til rette for framtidsretta verksemder som bidreg til det grøne skiftet.
KrF vil:
• At kommunen framleis skal vere ein attraktiv næringskommune og regionssenter
• Ha ein god infrastruktur og føreseielege rammer for næringsetablering og drift
• Sørge for gode kommunale planar for byutvikling og følgje desse
• Styrke det kommunale næringsfondet og ta det aktivt i bruk i næringsarbeidet
• Leggje til rette for gründerar
• Legge til rette for næringar som bidreg til det grøne skiftet
• Utarbeide næringsplan og vurdere å opprette stilling som næringssjef, gjerne i samarbeid med nabokommunar
• Stimulere til samarbeidsprosjekt mellom næringslivet, kommunen og Høgskulen på Vestlandet
KLIMA OG MILJØ
Forvaltaransvaret er sentralt i den kristendemokratiske politikken. Dagens utfordringar må løysast utan å skape problem for framtidige generasjonar. Dette er styrande for alle politikkområde, men gjeld spesielt innanfor klima og miljø . Politikken må difor både legge til rette for reduserte klimautslepp samstundes som ein tek vare på lokalt naturmiljø . Redusert energibruk og omlegging til grønare energikjelder gjev reduserte klimautslepp. Stord KrF vil difor leggje til rette for ei slik utvikling, særleg innan transportsektoren på land/vatn og for nye bustadfelt/næringsområde.
Lokalt naturmiljø er viktig for naturmangfald, oppvekst og folkehelse, både nært der folk bur og som større friluftsområde. Stord KrF vil difor ta vare på og utvikle desse verdiane på Stord. Eit konkret grep er å i størst mogleg grad halde bekkeløp opne når nye areal vert utvikla. Dette er viktig for naturmangfald, gjev positiv opplevingsverdi og gjer samfunnet betre rusta til å møte venta auke i nedbør.
KrF vil:
• Ha fokus på at kommunen vel løysingar for eiga drift som er i tråd med FN sine bærekraftmål
• Leggje til rette for verksemder som utviklar klimavenlege løysingar
• Alle kommunalt innkjøpte bilar skal vere nullutsleppsbilar
• Offentlege bygg i Stord skal ha klimavennlege løysingar sett i eit livsløps perspektiv
• I størst mogleg grad behalda opne bekkeløp. Opne bekkar som er lagt i røyr, der dette er mogleg.
• Sikre samanhengande grøne lunger ved all arealplanlegging
• Ikkje ha vindmøller på Stord-øya utanfor vindparken som alt er bygd
• Byggje ut samanhengande sykkelvegnett
RUSPOLITIKK
Rus- og alkoholproblem er våre største sosiale utfordringar og medfører store helseproblem. Stord KrF vil difor arbeide for å redusere alkoholforbruk. Rus er årsak til mange samfunnsproblem som kriminalitet, utrygge oppvekstmiljø, fattigdom, samlivsproblem, vald, hærverk og ulykker. Redusert rusmisbruk vil auke livskvaliteten for mange, ikkje minst for born, og vere positivt for samfunnet.
Førebygging blant unge er viktig for å hindre rekruttering til rusmiljøa. Rusfrie soner i idrett, kultur- og kristenliv gir ungdom høve til utvikling og modning utan bruk av rusmiddel. Stord KrF vil styrke tiltak som prioriterer dette. Foreldre og omsorgspersonar er den viktigaste ressursen i førebyggjande arbeid og vi vil støtte tilbod der foreldre ønskjer rettleiing. Stord KrF ønskjer gode behandlingsplassar for dei med rusproblem. Tett oppfølging og god koordinering av ettervern er avgjerande for at rusbehandling skal lukkast.
KrF vil:
• Arbeide for reduserte skjenketider, gjerne i samarbeid med nabokommunane
• Redusere salstider på alkohol i butikkar
• Ha hyppig kontroll med skjenke- og salsstader og bruke sanksjonar ved brot
• At idrettsarenaer og arrangement der born og unge er til stades, er rusfrie
• Styrke skulane i det førebyggjande arbeidet, gjerne i samarbeid med SLT-koordinator
• Leggje til rette for betre rehabilitering av rusavhengige, mellom anna gjennom arbeidsretta tiltak
• Ha bustadar for oppfølging av bustadlause rusmisbrukarar
• Ikkje gi kommunal stønad til arrangement der det vert servert alkohol
SAMFERDSLE
Stord KrF vil legge til rette for bilfrie kvardagsreiser på Stord. Det vil krevje ei sterkare satsing på kollektivtrafikk, særleg i og rundt Leirvik, mellom Leirvik og Sagvåg, Leirvik-Rommetveit og mellom Leirvik og Bremnes. Både tilgjenge, avgangsfrekvens og konkurransedyktige prisar er nødvendige for å auke bruk av kollektive reiseformer.
Vidare ligg det stort potensiale i bruk av sykkelen som transportmiddel, og derfor vil KrF drive ein aktiv politikk for å leggje til rette for sykling. Kommunen må i større grad leggje til rette for eit samanhengande hovudnett for syklistar. Dette gir gode effektar både for folkehelsa og klima.
Stord KrF vil arbeide for rask realisering av ferjefri E39 og at framtidig trase mellom Stord og Kvinnherad må sjåast i samanheng med denne prosessen. Vi er positive til Sunnfast som vil binde Sunnhordland saman og gi kortare reisetider internt i regionen.
KrF vil:
• Ha god kvalitet og frekvens på kollektivtrafikken
• Legge til rette for sykkel som føretrekt transportmiddel gjennom Sykkelby og gjennomgåande sykkelvegar
• Dimensjonere sykkelvegar for elektriske syklar
• Planlegge bilfrie hjartesonar rundt skulane i kommunen og sikre trygge skulevegar
• Innarbeide “Barnas transportplan” i Trafikksikringsplanen i kommunen
• Bli sertifisert som trafikksikker kommune av Trygg Trafikk
• At E39 skal kryssa over Langenuen etter det «søre alternativ» dvs. ved Jektevik
• Leggje til rette for Sunnfast og betre samferdsel mellom kommunane utan å bygge ny ferjekai på Stord
• Sikre gode ferjeruter mellom Nordhuglo og Jektevik
• Jobbe for nye miljøvenlege hurtigbåtar og eit betre rutetilbod både i Sunnhordlandsbassenget og mot Bergen