Ideologi
KrF byggjer sin politikk på den kristendemokratiske ideologi. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar, og er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvaret.
Saman for eit varmare samfunn
Kristne verdiar som menneskeverd, forvaltaransvar og nestekjærleik er grunnsteinane for KrF sin politikk. Vi trur det gode samfunnet vert bygd nedanfrå, i samspel mellom enkeltmennesket, familien, privat og frivillig verksemd og offentlege styresmakter. Vi trur på stor takhøgde når det gjeld ytringsfridom og religionsfridom. At vi er eit samfunn fullt av ulikskap er verdifullt. Samstundes vil vi aktivt arbeide for eit offentleg ordskifte som tek menneskeverd, anstendigheit og respekt for kvarandre på alvor.
Stad Kristeleg Folkeparti
Stad kommune skal i perioden 2019 – 2023 skapast som ein ny og framtidsretta kommune. Dette arbeidet ser vi fram til med stor entusiasme. Stad KrF ynskjer å leggje til rette for eit konstruktivt samspel mellom kommune, innbyggjarar, næringsliv, trussamfunn, lag og organisasjonar. Krf vil at Stad kommune skal leggje til rette for eit livskraftig og trygt samfunn, der vi alle kjenner eigarskap, og vert oppmuntra til å ta ansvar for utviklinga i kommunen.
det er ikkje alt som står i programmet men gjennom god dialog med innbyggjarane håper vi å gjere gode politiske vedtak. Viss du har synspunkt eller innspel til Krf, send gjerne ein epost til stadkrf@gmail.com
Barn og familie
KrF vil leggje til rette for at familiane skal ha valfridom og fleksibilitet til å velje løysingar som er best for dei. Familiane må styrkjast, ikkje styrast. KrF vil ha eit familievenleg samfunn som set barna fremst. Når vi spør foreldre kva som er deira største utfordring, seier dei: – Å få nok tid saman som familie. Vi ser det som viktig at Stad kommune legg til rette for at alle har høve til å nytte dei fritidsaktivitetane som er i lokalsamfunnet.
Krf vil:
- Arbeide for ein desentralisert barnehage- og skulestruktur.
- At skulane skal ha gode rammevilkår for god undervisning og godt læringsmiljø.
- Arbeide for fleire møteplassar mellom generasjonane.
- Utvikle gode nærmiljøanlegg i lokalsamfunna.
- Støtte opp om og arbeide for eit tett samarbeid mellom lokalt næringsliv og skule.
- Aktivt støtte opp under og utvikle «God-Start» eininga på Nordfjord sjukehus.
- Styrkje helsestasjonen og jobbe for å gje eit godt desentralisert tilbod for småbarnsfamiliar.
- Redusere aborttala ved å utvikle gode og trygge lågterskelsamtalar med lege/jordmor/helsesøster.
Kultur og frivillige
Stad kommune er heilt avhengig av dei mange enkeltpersonane som gjer ein uvurderleg frivillig innsats for sitt lokalsamfunn kvar dag. Utan dei frivillige og dugnadsånda stoppar Stad kommune opp.
KrF vil:
- Støtte opp om det positive som skjer innan all barneidrett i kommunen.
- Støtte opp om Harpefossen og andre skimiljø i kommunen slik at desse aktivitetane kan halde fram å blomstre.
- Utvikle kulturskulen i heile kommunen.
- Bruke kulturmidlar aktivt til prosjekt og til det kontinuerlege arbeidet.
- Arbeide fram ei god fritidskortordning.
- Arbeide fram BUA-ordning i Selje.
- Jobbe for å få realisert fleirbrukshall i Selje.
- Støtte opp om utvikling av anlegg for fotball på Nordfjordeid .
- Halde fram ordninga med redusert halleige på Eid og gje lag og organisasjonar i heile kommunen lik tilgong til kommunale bygg for sine aktivitetar.
- Utvikle Selja Kloster som eit nasjonalt pilegrimsmål og starte opp prosjekt for å få realisert eit klostersenter i Stad kommune.
Helse, omsorg og livskvalitet
Stad kommune skal vere ein god kommune å bu og leve i. Kommunen er først og fremst ein tenesteytar. Gode helse- og omsorgstenester er livsnerven i eit kvart lokalsamfunn, og Stad KrF ynskjer å oppretthalde og utvikle dei kommunale tenestene slik at dei har ein høg kvalitet, og er nær der folk bur.
KrF vil:
- Utvikle gode kommunale tenester i nært samarbeid med brukarar, brukarorganisasjonar og pårørande.
- Støtte tiltak som er med på å fremje ein rusfri livsstil, og dermed redusere rusrelaterte skader.
- Ha gode lege- og sjukehustenester, basert på eit velfungerande Nordfjord sjukehus
- Utvikle livskvalitetsprosjektet som vart initiert i Selje til å gjelde heile kommunen, der fokus er å skape eit trygt, verdig, godt og aktivt liv for alle eldre.
- Styrkje dei heimebaserte tenestene mellom anna ved hjelp av velferdsteknologi, slik at eldre kan bu trygt og godt heime så lenge dei vil.
- Oppretthalde og utvikle dei to legekontora i kommunen.
Natur, miljø og areal
Vern om miljøet og vern om livet no og i framtida gjeld oss sjølve, våre medmenneske og våre etterkomarar. Stad kommune skal ha ei drift og forvaltning som er berekraftig for framtida.
KrF vil:
- At Stad kommune skal jobbe aktivt med å redusere klimaavtrykk i naturen og arbeide for å vere klimanøytrale i løpet av neste periode.
- Satse vidare på energiøkonomisering av kommunale bygg.
- Ha ladestasjonar for el-bil strategiske plassar i heile kommunen.
- Etablere lett tilgjengelege mottak av boss for alle som vil fjerne søppel frå naturen.
- Ha betre fasilitetar for bubil og campingturistar og fleire tømmestasjonar for septik.
- Leggje til rette for aktivt friluftsliv og turistvandring. Konkret jobbe saman med lag og organisasjonar for å få god og einsarta merking og marknadsføring av turstiane.
- Få fleire sykkelstiar, turstiar og gangvegar.
- Ikkje ha fleire vindmøller på land i Stad kommune, men kan vere opne for å bruke havområda til utvikling av alternative energikjelder.
- Sikre attraktive industri- og næringsareal i heile kommunen.
- Ha gode og attraktive bustadfelt i bygdene og tilstrebe spreidd busetnad gjennom god arealforvaltning.
Samferdsel
God samferdsel er avgjerande i kvardagen vår, både for skule, jobb, næringsliv og fritidsaktivitetar. Samferdsel legg viktige føringar for kvar folk vel å busetje seg, og for kvar det vert etablert verksemder og arbeidsplassar. Det er eit mål for KrF at folk skal kunne ferdast trygt, enkelt og mest mogleg miljøvenleg.
KrF vil:
- Arbeide for trygge skulevegar, blant anna ved vidare utbygging av gang- og sykkelvegar, der vi prioriterer trygge skulevegar.
- Ruste opp det kommunale vegnettet. Der er det i dag eit betydeleg etterslep på fleire strekningar. Vi er positive til lokal vegprising/bompengar på kommunale vegar som i hovudsak har turisttrafikk. Då med unntak for fastbuande.
- At fylkeskommunen utbetrar dei fylkeskommunale vegane i kommunen, og ha fokus på å få regulert og starta opp utbetring av fv. 620 Sandvik – Kjøde.
- Støtte opp under arbeidet med bru mellom Lote og Anda.
- Ha god vegstandard på strekninga Førde – Nordfjordeid – Folkestad.
- Sikre og utvikle flytilbodet ved Sandane Lufthamn.
- Få full dekning av fiber til husstandane i kommunen innan 2022.
Næring og innovasjon
Stad KrF meiner at det er avgjerande viktig at næringslivet har gode kår i kommunen. Stad KrF trur at gode kommunale tenester er viktig for at bedriftene kan tiltrekkje seg nødvendig kompetanse utanfrå. Dette og andre gode tiltak trur vi vil gjere Stad kommune til ein attraktiv kommune å etablere seg og drive næring i.
Krf vil:
- Opparbeide og ha tilgjengeleg gode næringsareal i heile kommunen.
- Omorganisere Eid Industrihus KF til Stad industrihus KF.
- Utvikle samarbeidet med Stad Vekst AS.
- Skape gode arenaer for gründerar og bedriftsutvikling.
- Jobbe for at verdiskapinga rundt Stad skipstunnel vert verande lokalt.
- Arbeide aktivt for at næringslivet og reiselivsaktørane finn saman, og arbeider i lag for å utvikle heile Nordfjord som eit samla reiselivsprodukt. Ein turistmagnet som skal vere både berekraftig, verdiskapande og fornuftig.
- Ikkje innføre eigedomsskatt på næring, og jobbe for å få redusert eigedomsskatt på bustad.
- Få fleire lisensar for oppdrett av fisk til kommunen og gjennom arealforvaltning leggje til rette for nye næringar.
- Få samla og styrkt landbrukskontoret for heile Nordfjord.
- Opprette eit utviklingsforum for landbruket som skal stimulere til vekst og rekruttering innan landbruket. Dette vil og ha positive ringverknadar på busetnad, kulturlandskap og aktivitet i heile kommunen.
- Legge til rette for at den positive utviklinga rundt skisenteret på Harpefossen og hytteutbygging kan fortsette.
- Bidra til å profilere dei unike kulturtilboda, naturen og andre turistmål som er å finne i kommunen.