Innleiing
KrF vil at Sogndal skal vera ein god kommune å bu i, med mangfald, rom for utvikling og nærleik til omsorgstenestene. Både nye og gamle innbyggjarar i Sogndal kommune skal kjenna på glede og tryggleik og vera stolte over å vera ein del av den nye storkommunen.
Alle menneske har ein ukrenkeleg verdi. Det er difor viktig at alle møter tenester med høg kvalitet. Saman vil vi byggja ein sterk Sogndal kommune. KrF ynskjer å ta i bruk og å framheva dei ulike særprega bygdene i kommunen vår har. Vi ynskjer å dra nytte av potensialet i eit sterkt sentrum i Sogndal, i høg kunnskap og spennande arbeidsliv på Leikanger og i turistmagneten Balestrand. Samstundes vil vi leggja til rette for vekst i næringsliv, fleire arbeidsplassar og større tilflytting i alle delar av kommunen.
Vårt verdigrunnlag
Det kristne menneskesynetinneber at alle har ein unik eigenverdi og eit ukrenkeleg menneskeverd. Som menneske har vi både åndelege og materielle behov og samfunnet må leggja til rette for at heile mennesket skal få koma til uttrykk.
Nestekjærleikstankenforpliktar oss til å setja dei svakaste i samfunnet først. Storsamfunnet skal stilla opp, sjølv i krevjande livsfasar. Vi vil og løfta fram dei viktige fellesskapa: familiane, skulane, studentmiljøet, arbeidsplassane og dei mange frivillige organisasjonane og laga.
Forvaltaransvar: Vi er ansvarlege for å forvalta skaparverket. Det høyrer også til dei som kjem etter oss. Økonomiske og menneskelege ressursar må forvaltast på ein ansvarleg måte. Klimautfordringa må takast på alvor.
Oppvekst, skule og utdanning
KrF vil at skulane og barnehagane skal gje elevane trygge oppvekstvilkår i samarbeid med heimane, og gje opplæring med høg kvalitet. Vi ynskjer at kristne grunnverdiar som nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og ansvar for skaparverket skal leggjast vekt på i skulane. Når foreldre treng hjelp for å gje borna den oppveksten dei fortener, er det viktig at eit kompetent barnevern kjem inn med dei rette tiltaka.
KrF vil:
- halda fast på dagens skulestruktur og samtidig sikra eit likeverdig barnehage- og skuletilbod i alle delar av kommunen
- sikra at alle får eit barnehagetilbod i nærmiljøet
- ha ein opptrappingsplan for å auka vaksentettleik i barnehage og skule, slik at bemanningsnorma i barnehagen gjeld heile opningstida og at lærarnorma gjeld på klassenivå
- ha minst to barnehageopptak i året
- sikra fleksible ordningar slik at foreldra kan velja kor mange dagar per veke dei vil ha borna i barnehagen, og betala deretter
- styrkja symjeopplæringa i skulen
- auka innsatsen mot mobbing ved til dømes å vera ein «MOT»-kommune
- at skulane og barnehagane legg vekt på eit godt samarbeid med kyrkja om formidling av den kristne kulturarven ved mellom anna skulegudstenester
- at alle skulane og barnehagane skal vera miljøfyrtårnsertifiserte
- at ein greier ut ei ordning med kommunal kontantstøtte
Studentar
KrF ynskjer å leggja til rette for at alle studentane i Sogndal skal trivast i kommunen vår, og at mange vil busetja seg her etter studietida.
KrF vil
- sikra at alle studentane, uavhengig av folkeregistrert adresse, har eit godt helsetilbod i kommunen
- halda fram det gode samarbeidet med Sygna vidaregåande skule og Sogndal vidaregåande skule.
- støtta eit godt samarbeid mellom Sogndal Folkehøgskule og kommunen.
Helse og omsorg
KrF ynskjer å arbeida for eit samfunn som gjev alle tryggleik og gode helsetilbod. Vi vil prioritera tiltak for dei som slit med einsemd, og dei som har psykiske helseproblem. Vi vil arbeida for å redusera dei negative konsekvensane rusmiddel fører med seg.
KrF vil
- at pasientar som ønskjer det, skal få pleie og omsorg i heimen
- sikra god livskvalitet til alle grupper i kommunen, særleg for personar med nedsett funksjonsevne, ved til dømes å tilsetja ein kommunal musikkterapeut og å støtte tilbod som ”Inn på tunet”
- utvida lågterskeltilbodet for born og ungdom ved helsestasjonen. Vi vil at helsestasjonen/helsesøster skal ha faste tider dei er tilgjengelege på alle skulane i kommunen.
- vektlegge tilstrekkeleg psykologressurs i kommunen
- at kommunen skal tilby gratis samlivskurs
- at kommunen i ruspolitisk handlingsplan skal fastsetja rusfrie område og avgrensa tidsrom for sal og skjenking av alkohol – spesielt i lokale brukt av ungdom
- gje støtte til oppretting og drift av rusfrie fritidstilbod og aktivitetar for ungdom
- at Sogndal vert ein «Av-og-til» -kommune for å førebyggja alkoholskader.
- at sjukeheimar og andre institusjonar vert miljøfyrtårnsertifiserte
- sikra ei god legevaktsordning i alle delar av kommunen
Seniorpolitikk
KrF ynskjer at Sogndal kommune skal vere ein god kommune å bli gammal i – enten ein er frisk eller ein er pleietrengande.
KrF vil
- gje støtte til kulturtilbod som er retta mot eldre
- leggja til rette for at tilsette i kommunen kan stå i arbeid til fylte 72 år, ved mellom anna fleksible deltidsordningar
- leggja til rette for kontakt mellom eldresenter, barnehagar og barseltreff
- at eldre som ynskjer det kan få bu lengst mogleg heime, mellom anna med smarthusteknologi, velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering
- sikra at alle som får servert mat i kommunal regi får velsmakande, trygg og sunn mat i gode måltidsrammer
- sikra aktivitørtenester og fysioterapitenester på sjukeheimane
- sikra tilstrekkeleg grunnbemanning på sjukeheimane
- ta på alvor dei eldre pleietrengande sine åndelege behov – t.d gjennom å tilby presteteneste på sjukeheimane
Kyrkje, kultur og frivillig arbeid
KrF ynskjer å ta vare på kristenarven vår, og leggja til rette for gode kår for kyrkje, kristne organisasjonar og andre frie trussamfunn. Vi ynskjer å ha eit breitt kulturtilbod i kommunen og vil støtta arbeidet frivillige lag og organisasjonar driv.
KrF vil
- at kyrkjene og kyrkjegardane skal ha eit godt og verdig vedlikehald
- at kyrkja skal få tilstrekkelege ressursar til å gjennomføra trusopplæring og å utføra diakonalt arbeid i alle delar av kommunen
- byggja ny kyrkje på Kaupanger
- at kulturskuletilbodet skal vera breitt og ha god kvalitet
- gje støtte til frivillige lag og organisasjonar. KrF vil prioritera arbeid som er retta mot born, ungdomar og pensjonistar
- støtta det frivillige song- og musikkarbeidet
- gje økonomisk støtte til grendehus og bedehus
- bidra med kommunale midlar til Fritidskortet
- arbeida for at lokale aktivitets- og friluftsområde er tilgjengeleg for alle brukargruppene
Nærings- og samfunnsutvikling
Krf ynskjer at kommunen legg til rette for vekst og nyetablering, og held fram med å vere ein gründerkommune. Kommunen må arbeida aktivt for at fylkeskommunale tenester vert verande og at nye oppgåver vert lagde til kommunen. Kommunen skal fremja det grøne skiftet i næringslivet og prioritera bedrifter som vel klimasmarte løysingar. Det skal vera attraktivt å busetja seg i alle delar av kommunen og det skal vera gode arbeids- og bu-forhold i kommunen.
Krf vil
- leggja til rette for etablering av nye bedrifter og at etablerte bedrifter kan utvikla seg vidare
- satsa på vidareutvikling av reiselivsprofilen til kommunen, spesielt i Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen
- at Sogndal skal vera ein attraktiv vertskapskommune for statlege og fylkeskommunale verksemder
- at alle elevar skal ha gjennomført ein entreprenørskap-aktivitet i løpet av året – gjerne i samband med Ungt Entreprenørskap
- at Sogndal kommune skal ha mål om å ha minst 15 lærlingplassar
- at Sogndal kommune prioriterer bedrifter som har lærlingar ved innkjøp av tenester frå eksterne aktørar
- at Sogndal skal vera ein skatteparadisfri kommune ved at kommunen ikkje bruker leverandørar som er registrert i skatteparadis
- leggja forholda til rette slik at nye familiar ynskjer å busetja seg i alle delar av kommunen
- at 5% av nytilsette i kommunal sektor bør vera personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en
- ta imot fleire flyktningar når vi vert spurde om det og busetja dei i alle delar av kommunen
- støtta tiltak som gjev god integrering og førebyggjer diskriminering, rasisme og antisemittisme
Landbruk
Krf ynskjer at Sogndal kommune skal vera ein aktiv medspelar for å utvikla landbruket i kommunen med fokus på å utnytta dei klimatiske fordelane vi har for fruktdyrking, gode beiteområde og skogsdrift.
Krf vil
- vera restriktiv til bruk av dyrka mark til bustader og industriføremål
- støtta tiltak som hindrar attgroing av kulturlandskapet
- støtta tiltak som kan redusera rovvilt-skadar på husdyr
- laga ny landbruksplan i samarbeid med landbruksnæringa
Samferdsel
For KrF er det viktig at det skal vere gode kommunikasjonstilbod i Sogndal kommune. Gode pendlarruter og opprusta vegar er eit viktig grep for å redusera klimaavtrykket.
Krf vil
- at bru over Esefjorden skal byggjast raskast mogleg, og at fylkesveg 55 vert tofeltsveg gjennom heile kommunen.
- arbeida aktivt for utbetring av vegen mellom Leikanger og Hella
- sikra born og unge trygg skuleveg og byggja eigen gang- og sykkelveg ved vegar med stor trafikk
- ha gode vegar til, og parkeringsplassar ved, turområde
- ha gode kollektive pendlarruter til og frå arbeid i alle delar av kommunen
- sikra nok ladestasjonar for elbil i alle tettstadane i kommunen
- rusta opp dei kommunale vegane, og ha tilskotsordning for bygging og vedlikehald av private grendevegar
- arbeida for å flytta gjennomgangstrafikken ut frå Sogndal sentrum