Kristeleg Folkeparti vil at Øygarden kommune skal vere ein venleg, omsorgsfull og inkluderande kommune. Her skal det vere ein god plass for barn og unge å vekse opp og utfalde seg. Øygarden kommune skal vere ein trygg kommune for alle, rik på moglegheiter og opplevingar – ein stad der ulike menneske kan utvikle sitt positive potensiale. Øygarden kommune skal stille opp for dei som treng samfunnet si støtte og leggje til rette for gode og trygge arbeidsplassar.
Verdiar
Ideane og prinsippa Krf byggjer sin politikk på har vore avgjerande for utviklinga av likeverdstanken, menneskerettane og demokratiet i landet vårt. For svært mange har dei kristendemokratiske ideane gitt inspirasjon til politisk kamp for menneskeverd, omsorg for dei sårbare og vern om skaparverket. Kristne verdiar og kulturarv har i over 1000 år vore eit byggjande fundament for samfunnet vårt. Uavhengig av livssyn er dette trygge verdiar å basere livet og samfunnet på. Vi vil fremje og verne om dei.
Vi ber om di støtte slik at desse verdiane og politikken som følgjer av dei også i framtida kan vere eit positivt fundament i Øygarden kommune.
Øygarden KrF vil arbeide for å:
- Sikre det kristne fundamentet og den kristne kulturarven i kommunen vår
- Støtte opp om kristen verdi- og kulturformidling
- Sikre at kyrkja får gode økonomiske vilkår
- Oppretthalde eit godt vedlikehald av kyrker og gravplassar
- Tilby gudstenester for skular og barnehagar til jul og påske
- Styrkje tilskot til bedehus, forsamlingshus og leirstader
- Aktivt bruke lokale leirstader som Skjergardsheimen og Fjell-ly
- Hjelpe flyktningar ved å ønskje dei velkomen til nytt liv og integrering i Øygarden.
Omsorg
Øygarden kommune skal vere ein stad med rom for alle. Ein stad der menneske opplever verdigheit, uavhengig av kulturell bakgrunn, sosial status, helse og økonomi. Øygarden kommune skal fremje alle menneske si likeverd og lik rett til personleg utvikling. Tenestene skal nå ut til innbyggjarane i heile kommunen og gje omsorg til alle, innafor alle område av livet.
Familie og oppvekst
Familien er ein grunnleggjande byggjestein i samfunnet. Krf ynskjer at Øygarden kommune skal vere attraktiv for småbarnsfamiliar. Vi vil arbeide for gode oppvekstvilkår for barn og unge og sikre kvalifisert hjelp til heimar og einskildpersonar i heile kommunen. Kommunen skal sjå dei sårbare og utsette barna og fortsette kampen mot barnefattigdom.
Valfridom for foreldre til å kunne passe eigne born og fridom til val av barnehage og skule er viktig for Krf. Øygarden kommune skal ha gode leike-, aktivitets- og kulturtilbod for barn og unge.
Krf vil arbeide for å:
- Innføre eit kommunalt tilskot i tillegg til den statlege kontantstøtta på kr 2500/mnd for barn mellom 1 og 2 år
- Støtte arbeid med samlivskurs, ekteskapsrådgiving og familieterapi
- Halde barnetrygda utanfor når inntekta blir lagt til grunn for sosialstønad
- Auke fokus på barn i krise og styrkje barnevernet
- Evaluere og styrkje det rusrelaterte arbeidet også i samarbeid med ideelle aktørar
- Sikre eit godt arbeid mot mobbing i barnehage, skule og i fritidstilbod.
- Styrkje koordinering av og leggje til rette for auka frivillig innsats i kommune
- Sørge for at familiar med funksjonshemma barn får ein eigen kontakt som følgjer dei i kommunen
- Avlaste familiar med funksjonshemma barn og greie ut økonomisk stønad til å ha med følgje på feriereiser
- Leggje til rette for betre fritidstilbod til barn med særskilde utfordringar.
- Gje gratis SFO 5.-7. klasse til barn med nedsett funksjonsevne
Skule og barnehage
KrF vil leggje vekt på å skape mangfald, fleksibilitet og kvalitet i barnehagar, SFO og skule.
Barn og familiar har ulike behov, og tilbodet må organiserast på barna og familiane sine premisser. Kvaliteten må sikrast gjennom høg vaksentettleik, kompetent personale og gode lokale og uteområde.
Barnhagar og skular i kommunen skal ha god kvalitet og byggje vidare på den kristne kulturarven. Det bør vera eit mangfald, med både offentlege og private tilbod. Det er grunnleggjande positivt at foreldre har høve til å velgje skular med alternative pedagogiske arbeidsformer og livssyn.
Krf vil arbeide for:
- Å halde på og føre vidare gjeldande skulestruktur i samsvar med intensjonsavtalen
- Etablering av kristne barnehagar
- Ny Skålvik skule på vestsida av Sotra
- Trygge skulevegar
- Å styrkje symjeopplæringa i skulen
- Auka samarbeid mellom idrettslag og skule
- Å sikre vaksentettleik, tidleg innsats og tilrettelegging for dei som treng det
- Å sikre kapasiteten til helsesjukepleiarar i skulen, til å følge opp barn i kriser
- Løpende opptak i barnehage gjennom året
- Økonomisk likebehandling i kommunen for SFO i offentlege og private skular
- God kvalitet i SFO-tilbodet, for leksehjelp og god oppfølging
- Forsvarleg oppfølging av ungdom som droppar ut av skulen
- Å leggje til rette for dei fagleg sterke elevane gjennom heile skuleløpet
Seniorar og eldre
I Øygarden kommune skal våre seniorar kunne leve sjølvstendige, aktive og trygge liv med god livskvalitet. Det er viktig å motvirke einsemd og skape kontakt mellom generasjonane. Kommunen vår skal vera ein stad der det er godt å bli gammal. Vi skal ha nok sjukeheimsplassar, tilrettelagte omsorgsbustadar og ei god heimeteneste. Krf ynskjer å støtte og utvikle eldreomsorga slik at den vert tilrettelagt for alle. Dei eldre må få tilbod om ulike senioraktivitetar som gjev livskvalitet og livsglede. Førebyggjande tiltak er særs viktige for å skapa ein trygg kvardag slik at kvar enkelt kan få bu i eigen heim så lenge ein ynskjer det.
KrF vil arbeide for å:
- Sikre god kapasitet på tilrettelagte omsorgstilbod i alle deler av kommunen
- Involvere eldre som ressursar i frivillig sektor på tvers av generasjonane
- Sikre kvalitet ved livets slutt og samarbeid med pårørande
- Vidareføre “Sjef i eige liv”, med gode hjelpemidlar og tilrettelegging
- Utvikle og ta i bruk velferdsteknologi innanfor gode etiske rammer
- Undersøkje høvet for å etablere demenslandsby i kommunenDet er viktig å ha eit godt helsetilbod i heile kommunen.
Helse
Det er viktig å ha eit godt helsetilbod i heile kommunen.
Øygarden KrF vil:
- Sikre lokale lækjarkontor på Rong og i Skogsvåg
- Ha nok sjukeheimsplassar på noverande lokalitetar
- Jobbe for å få fleire tenester inn som del av lokalmedisinsk senter
- Sikre helsetilbodet for barn og unge, med særleg fokus på psykisk helse og utanforskap
Kristenliv og frivillig arbeid
Det er god oppslutning om frivillige organisasjonar, lag og foreiningar i kommunen. Vår nye kommune er avhengig av dei mange som stiller opp frivillig. Denne innsatsen gir stor gevinst til samfunnet og livskvalitet til den enkelte.
Å vera i aktivitet gir overskot og god helse. Krf vil støtte og leggje til rette for frivillig arbeid innanfor idrett, kultur, friluftsliv og kristent arbeid. Generelt ynskjer KrF å synleggjere og verdsette alt frivillig arbeid. Trua gir for mange ein stad å høyre heime og gir ei grunnleggjande meining i livet. Krf opplever difor å ha eit særskilt ansvar for å styrkje rammevilkåra for kyrkja og anna kristent arbeid.
Krf vil arbeide for å:
- Legge til rette for dugnad og positivt frivillig arbeid
- Styrkje det diakonale arbeidet
- Sleppe til ideelle organisasjonar som ynskjer å bidra
- Støtte Homestart sitt arbeid. Dei gjer ein viktig jobb med integrering av flyktningfamiliar og hjelp til andre familiar i sårbar livsfase.
- Støtte Basecamp og det arbeidet dei driv for ungdom.
- Støtte PitStop sitt viktige arbeid for ungdom som fell utafor
- Støtte lokale humanitære hjelpetiltak
- Opprette støtteordningar for integrering av ungdom i frivillig arbeid og idrett
- Hjelpe idrettslaga til å prioritere trenarkurs for ungdom som tar på seg oppgåver med å leie barn
Arbeid, næring og busetnad
Krf vil føre ein ansvarleg og berekraftig økonomisk politikk. Vi er opptekne av at det skal vere arbeidsplassar, busetnad og trivsel i heile Øygarden kommune. Krf vil difor arbeide for forutsigbare vilkår både for næringslivet og innbyggjarane.
I kommunen vår har vi både store og små verksemder. Mykje av næringslivet er prega av bedrifter med lokalt eigarskap og tilknyting. Mange av dei er familiebedrifter, berebjelkar i lokalsamfunnet og bygd opp i nøysemd over generasjonar. Dei tilbyr arbeidsplassar lokalt og bidreg med det til busetnad, stabilitet og tryggleik i heile kommunen. Dette gir gode bygder, mindre trafikk, kø og forureining.
Arbeid er viktig for levekår, helse og integrering. Krf er difor opptatt av å sikre at alle som kan, skal ha eit arbeid der dei kan få bruke sine evner, vere trygge og ha godt samspel med andre.
Forsking, innovasjon og gründerskap
Krf vil støtte utdanning, forsking, innovasjon og gründerskap som kan gje oss nyskaping og arbeidsplassar. Krf vil arbeide for gode framtidsretta arealplanar som tek omsyn til noverande og framtidige næringar. Vi vil sikre framtidig kompetanse og arbeidskraft ved å leggje til rette for læreplassar for dei som er under utdanning.
Krf vil arbeide for at:
- Kommunal drift og forvaltning skal vere pådrivar i å ta imot lærlingar, og at kommunen skal ta inn så mange lærlingar som mogleg i si drift og sine selskap
- Kontraktørar med meir enn 10 tilsette har lærlingordning
- Kommunen skal vere ein pådrivar for å få innvandrarar inn i offentleg og privat arbeidsliv
- Drifta av Gründerparken Vest vert sikra vidare
- Det vert gjeve kommunalt tilskot til nyetableringar og ny innovasjon
- Kommunen har regulerte område tilrettelagt for næring og næringsutvikling
- Kommunen skal utvikle næringsparkar i ulike deler av kommunen
- Arbeide aktivt for at Northern Light prosjektet for CO2-fangst i Naturgassparken vert realisert
Infrastruktur
Næringslivet og innbyggjarar er avhengige av effektive transportårer. Det grøne skiftet krev at ein legg opp til klima- og miljøvenlege alternativ på veg og sjø. Tenlege og trygge vegar må difor prioriterast. Krf skal vere ein pådrivar for berekraftige transportalternativ.
Krf vil arbeide for:
- God utbygging av breiband og mobildekning i heile kommunen
- Ny veg frå nord til sør på Sotra
- 4 felts motorveg fram til Ågotnes
- Å få opprusta vegen på vestsida av Sotra – vestsidevegen
- Å ferdigstille utbetring av vegen frå Hjelme kyrkje til Hellesund/ Kalfaret
- Båtrute mellom Ågotnes og Bergen ved auke i køane under bygginga av det nye Sotrasambandet
- Fleire gratis parkeringsplassar ved kollektivknutepunkta, både for bilar og syklar
Busetnad og turisme
Øygarden er ein unik kystkommune med bygder, landskap og område som vekkjer interesse regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Kommunen har mange fantastiske natur- og kulturbaserte opplevingar å tilby både til innbyggjarar og tilreisande.
For Krf er det eit mål å ta vare på og leggje til rette naturområda våre for god bruk, oppretthalde lokal kultur og livskraftig busetnad i bygdene våre. Turisme kan bidra til dette med eksisterande og nye arbeidsplassar.
KrF vil jobbe for:
- At Øygarden kommune skal vere attraktiv for turistar
- Gode informasjonstavler for turistar og tilreisande
- Å gjere det lettare å få byggje på eiga tomt der eigenarten til etablerte bygder blir tatt vare på
- Nye buområde nær trafikk- og kollektivknutepunkt
- Å leggje til rette for småbåthamner i den nye kommuneplanen
- Ladestasjonar for elbilar på viktige turiststader
- God kapasitet på toalett, bosslevering og tømmestasjonar for bubilar i heile kommunen
Skaparverket
I KrF ser vi på jorda og universet som ein heilskap i fint samspel, skapt av Gud i visdom og kjærleik. Skaparverket er ei gåve til mennesket. Berekraftig forvaltning og vern om livet skal vere eit avgjerande fokus i vår politikk. Lokalt i Øygarden kommune skal dette vere styrande når politiske prioriteringar skal gjerast.
Det å ta vare på det lokale miljøet i sjø og på land og redusere den negative klimautviklinga er ei avgjerande oppgåve.
Miljø
Øygarden er eit fantastisk kystparadis. KrF vil ta vare på dette ved å:
- Arbeide for å rydde og halde kyststripa vår rein for all forureining.
- Arbeide for mindre spreiing av rusk og boss langs ferdselsårer.
- Arbeide aktivt for å fjerne ubåten ved Fedje
- Leggje til rette for og støtte berekraftig forvaltning i landbruk, havbruk, fiske og fangst.
- Sikre at alle får moglegheit til å drive friluftsliv som helsefremmande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i naturen og nærmiljøet
- Arbeide for at alle folketette område i kommunen har nærleik til urørt natur og andre friareal både på land og sjø.
- Sørge for at område av verdi for rekreasjon og friluftsliv vert sikra og forvalta slik at naturgrunnlaget vert tatt vare på. Ta vare på og verne det siste store friluftsområdet på Litle-Sotra; området mellom Knarvik – Hjelteryggen, Foldnes og Våge
- Definere avgrensa friluftsområde utan bandtvang for hund.
- Arbeide for støyskjerming ved vegutbygging og redusert helikopterstøy
- Gjere friområde tilgjengelege med fleire parkeringsplassar
- Byggje ut friluftstilbod med universell utforming
Klima
Den nye kommunen vår har eit stort ansvar for påverknad i forhold til klima. Dette fordi vi generelt har stor aktivitet i mange og ulike sektorar.
- KrF vil difor aktivt arbeide for å:
- Gjere kommunen sine tenester og drift klimavenlege
- Stimulere til at arbeidsplassar og fritidsaktivitet for folk flest vert mest mogeleg klimavenlege
- Gje tilbod for rekreasjon og fritidsaktivitetar lokalt
- Stimulere og leggje til rette for klimavenleg transport
- Leggje til rette slik at næringsverksemd med tilhøyrande arbeidsplassar på ein god måte kan verta fasa over til berekraftige og framtidsretta næringar
- Etablere kompetanse på og stimulere til å ta i bruk solcelleteknologi