Program for Osterøy KrF 2019-2023

Det som betyr noko!

Ordførarkandidaten har ordet

Eit samfunn der kvar og ein kjenner seg heime, og vert sett, møtt og meistrar kvardagen – der ein er. Eit varmt samfunn som omsluttar. Eit grønt samfunn som gjev berekraft. Eit skapande samfunn som gjev utvikling. Eit ope og inkluderande samfunn, der den einskilde, dei frivillige, det offentlege og næringslivet løftar i lag.

Osterøy er ein kommune med ein variert og vakker natur, rik historie og kultur, og eit sterkt næringsliv. Og mest av alt, ein kommune med mange engasjerte, kompetente og skapande innbyggarar. I Osterøy vil me byggja framtida vår!

KrF er kristendemokratisk parti som løftar verdiane menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar – og på desse verdiane skal me saman byggja eit varmare samfunn. På Osterøy vil me gjera dette gjennom å satsa på familiane, barna, dei unge – og dei eldre. Me løftar den lokale frivillige innsatsen og vil styrka lokalt forankra næringsliv. Osterøy skal vera leiande i kampen for miljø og klima – for ei berekraftig framtid for alle. Ja, me vil vera med a skapa «det gode liv» på Osterøy.

Næringsliv

Osterøy har eit mangfaldig og livskraftig næringsliv – ein berebjelke i lokalsamfunnet. KrF vil styrka lokal verdiskaping og samstundes leggja til rette for nyskaping og etablering av ny næring innan industri, landbruk, havbruk, reiseliv og andre tenesteytande næringar gjennom:

  • Ei sterk satsing på lokal næringsutvikling (mellom anna gjennom «Arena-initiativet»)
  • Fokusert satsing på «Det grøne skiftet» og fornybar energi
  • Effektive planprosessar og sakshandsaming
  • Tilrettelegging av areal og infrastruktur (VA, veg og breiband)

Klima og miljø

KrF vil at Osterøysamfunnet skal ta gode, målretta steg mot ei berekraftig framtid. Korleis du og eg forvaltar naturen, energien, og alt me har, er viktig for oss som lever i dag og dei som kjem etter oss.

Forvaltaransvaret er ein av KrF sine grunnverdiar. Me vil difor arbeida for at:

  • Kommunal verksemd vert miljøsertifisert innan 2021
  • «Berekraftig liv» skal vere eit gjennomgripande tema i barnehage og skule
  • Spara miljø og ressursar ved å oppretta ein utlåns-/gjenbrukssentral
  • Kommunen vert leiande i bruk av ny teknologi og gode material i alle bygg for å sikra eit godt
  • miljø, låg energibruk og redusera samla klimaavtrykk (sirkulærøkonomi)
  • Etablera «skulehage» – for å læra barn å gle seg over natur, og å dyrka og å laga mat
  • Stimulera lokalt næringsliv gjennom offentleg innkjøp av varer og tenester

Levande bygder

KrF vil løfta fram lokalt engasjement og leggja til rette for aktiviteter i bygdene. Frivillig arbeid spring ut frå engasjement, samhald og ønskje om å nå felles mål. For å styrka dette trengst gode møteplassar og felles, gode opplevingare som gjev energi og påfyll til vidare arbeid. KrF vil:

  • Bidra til auka mangfald av aktivitetar, verksemder og arbeidsplassar i bygdene
  • Leggja til rette for bustadbygging og mindre byggefelt i alle bygdene
  • Arbeida for at ein skal kunne ferdast trygt til fots og på sykkel.
  • Etablera frivilligsentral og eit kommunalt frivilligfond – for styrking av det frivillige arbeidet

Helse og omsorg

KrF vil arbeida for at helse- og omsorgstenestene vert tilpassa den einskilde sitt ynskje og trong forhjelp. Det handlar om å visa respekt og ta livskvalitet på alvor. Helse og omsorgstenester må gje tryggleik i heimen og valfridom på institusjon.

KrF vil:

  • Arbeida for å realisera bustadar for heildøgn omsorg (Omsorg+) snarast mogeleg
  • Auka kompetansen og forsterka satsinga innan rus og psykiatri
  • Sikra bustader og god omsorg i bu- og avlastningstenesta
  • Etablera legevakt i Arna
  • Sertifisera Osterøytunet som livsgledesjukeheim
  • Gje rett til, sjølvsagt etter eige ønskje, å døy i sin eigen heim 

Barn og familie

«Ein god barndom varer heile livet» KrF vil arbeida for at alle barn skal få ein god og trygg oppvekst i heimen, i barnehagen, på skulen og på fritida. Familien er samfunnet sin viktigaste byggestein. Vi vil styrka familien, ikkje styra den. KrF satsar på familiane og vil:

  • At alle born, uansett utrustning eller bakgrunn, skal kjenna seg likeverdige
  • Auka kompetansen til alle som arbeider med barn for å kunna avdekka omsorgssvikt, vald og overgrep
  • Tilby gratis samlivskurs for dei som ventar sitt første barn
  • Gje fritidskort til alle barn mellom 6 og 18 år
  • I samarbeid med frivillige – skapa fleire gode, trygge og spennande møteplassar for ungdom 

Viktige KrF-verdiar

Me vil arbeida for at alle skal oppleva tryggleik og medverknad i kvardagen.

Trygge familiar gjev trygge barn. Me vil gje familiane fridom til å velja løysingar som er best for seg og sine barn. Ja til gode, offentlege og ideelle skular og barnehagar.

Trygg skulekvardag – at ingen skal kjenna seg mobba eller utestengde. 

Ein verdig alderdom med respekt for eldre. Tryggleik for at ein får vera med å avgjera kva hjelp ein treng.

Trygg kvardag på vegen – trygg skuleveg for barna og trygg reiseveg for alle.

Å skapa ein kommune kor den einskilde vert møtt, høyrt på og respektert, og der ein kjenner seg som ein del av eit større fellesskap. 

Osterøy KrF vil arbeida for:

  • Meir tid til det viktigaste – enten det er barna i familien, den enkelte elev, eller omsorg for dei eldre og dei som treng det mest
  • Eit berekraftig samfunn der vi ikkje lever over evne, og tar klimautfordringane på alvor