Masfjorden – lokalsamfunn, vekst og utvikling
KrF sin politikk byggjer på det kristne menneskesynet, der alle er like viktige og har same verdi. Masfjorden KrF ønskjer eit lokalsamfunn med fokus på enkeltmenneske, der me saman utviklar gode bygdesamfunn til beste for kvarandre.
Forvaltaransvaret utfordrar oss til å ta ansvar for dei ressursar som Masfjorden kommune rår over på ein forsvarleg og bærekraftig måte.
Masfjorden KrF har fire hovedfokus for dei neste fire åra:
- Ta vare på naturområda våre
- Auka folketal
- Aktive lokalsamfunn
- Masfjordsambandet
Miljø
Tap av natur er ein like stor trussel som klimaendringane. Me har ein unik natur og eit rikt artsmangfald som me må ta vare på til beste for framtidige generasjonar. Naturopplevingar er viktig for fysisk og psykisk folkehelse.
KrF vil:
- ikkje tillata vindkraft på land
- samarbeida med nabokommunane for å sikra forvaltninga av fjordane våre, og utarbeida ein arealplan for sjø og strandsone
- arbeida for energiøkonomisering i kommunale bygg
- ha ladepunkt for elbilar på sentrale plassar / kommunale bygg i kommunen
- støtta opp om Nordhordland som biosfæreområde
Barn og unge
Gode oppvekstvilkår er ein grunnleggjande føresetnad for å sikra busetnad og auka folketal. Barna og dei unge er kommunen sin viktigaste ressurs. Eit godt oppvekstmiljø er difor den beste investeringa me kan gjera. Med noverande infrastruktur vil Masfjorden KrF ha tre skular. Når brua er på plass ynskjer KrF å slå saman ungdomsskulane på Sandnes og i Nordbygda.
KrF vil:
- utvikla dei tre oppvekstområda i kommunen
- ha nulltoleranse mot mobbing
- styrka samarbeidet mellom barnehage og skule for å sikra ein best mogleg overgang
- at alle som treng barnehageplass, skal få det
- ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse i barnehage og skule
- sikra rekruttering av pedagogar i barnehage og skule
- at barnehagen skal vera tenleg for brukarane også med høve til å kombinera barnehage og kontantstøtte
- ha gode tilbod og sikra bustad for barn og unge med funksjonsnedsetting
- at PPT skal styrkast
- at barnevernstenesta skal ha rammer til førebyggjande tiltak
- ha tilbod om samlivskurs
- ha foreldrerettleiingskurset «De utrolige årene» for småbarnsforeldre
- ha fleire lærlingeplassar for å sikra kompetanse og rekruttering
- støtta frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar
- leggja til rette for gode møteplassar for barn og ungdom på tvers av oppvekstområda
- sikra alkoholfrie soner rundt barn og unge sine oppvekstmiljø, og støtta tiltak som MOT
- arbeida for eit aktivt ungdomsråd. Engasjert ungdom er viktig for utviklinga av kommunen vår
- arbeida for å sikra skulevegar og tryggja leikeområde
Eldre
Det skal vera godt å bli gamal i Masfjorden. Eldre skal ha høve til ein meiningsfull kvardag, sosial kontakt og tilgang på fagleg hjelp når det trengst.
KrF vil:
- ha tenester som sikrar at pleietrengjande eldre får god hjelp og tryggleik i kvardagen
- støtta opp om møteplassar for eldre og samarbeida med organisasjonar, kyrkje, frivillige og frivilligsentral i omsorgsarbeidet
- vidareføre prosjektet «Heimetrening for kvardagshelse»
- ha fokus på førebygging, fagleg kompetanse og utvikling i tenestene
- vidareføre satsinga på velferdsteknologi
Helse
Masfjorden har gode helsetilbod. KrF vil ha fokus på psykisk helse, folkehelse, førebygging og rehabilitering.
KrF vil:
- gjennom tilsetjing av kommunepsykolog sikra eit godt lågterskeltilbod for psykisk helse
- sikra fagmiljø og tenester som kan møta nye utfordringar
- ha ei god lege-, jordmor-, helsesyster og fysioterapiteneste
- ha ei god sosialteneste og rusomsorg
- arbeida for å få attende tannhelsetenesta i kommunen
- at folkehelseperspektivet skal vere inkludert i alt planarbeid
- ha ein tverrfagleg / tverretatleg kultur som legg til rette for god folkehelse
Kyrkja
Kyrkja har ein sentral plass som formidlar av vår kristne arv, og driv eit omfattande arbeid for alle aldersgrupper. KrF ser på kyrkja som ein viktig medspelar både innanfor oppvekst, omsorg og kultur.
KrF vil:
- syta for at kommunen fylgjer opp sitt økonomiske ansvar for kyrkja sitt arbeid i soknerådet
- at kommunen fortsatt skal ha eigen prest, td gjennom samarbeid med Gulen, Solund og bispedømmet
- samarbeida med kyrkja om gode tiltak og møteplassar for barn og ungdom
- samarbeida med kyrkja om meldingsbladet «Masfjordingen» slik at det vert eit tenleg, lettlest og informativt blad for folk som bur og høyrer til i Masfjorden.»
Kultur, idrett og frivilligheit
Fellesskap og opplevingar gjennom kulturaktivitetar og idrett skapar samhald og aukar livskvaliteten. KrF vil at Masfjorden skal vera ein kommune med gode idrettstilbod og kulturtenester med t.d. idrettsskule, bibliotek, kulturskule og museumsdrift. Det frivillige arbeidet som skjer i kommunen er av uvurderleg verdi for bygdene våre.
KrF vil:
- at barne- og ungdomskultur skal prioriterast
- sikra høg kvalitet og mangfald i kulturskulen
- utvikla kulturbasert næring
- at kommunen skal ha god kompetanse innanfor kulturaktivitetar
- skapa møteplassar mellom amatørar og profesjonelle kulturformidlarar
- at kommunen aktivt arbeidar for å skaffa eksterne kulturmidlar
- arbeida for å skapa aktivitet rundt musea våre
- at søndagen framleis skal vera «ein annleis dag»
- støtta opp om frivillige lag, organisasjonar og eldsjeler
- ha ein gjennomgang og spissing av Frivilligsentralen sitt mandat, oppgåver og organisering
Infrastruktur og bustadtilbod
God infrastruktur og attraktive bustader er viktige føresetnader for folketalsauke.
KrF vil:
- ha Masfjordsambandet som hovudsatsing
- arbeida aktivt for tilbakeføring av konsesjonskraftmidlar for å byggja ut infrastrukturen
- arbeida tett mot fylkeskommune og vegvesen for utbetring av riksvegnettet
- styrkja vedlikehald av kommunale vegar
- vera ein pådrivar for betre koordinering mellom buss- og ferjetilbod
- ha god mobildekning i heile kommunen
- leggja til rette for attraktive tomter og varierte bustadtilbod
Aktivt næringsliv
Eit livskraftig næringsliv er viktig for levande lokalsamfunn. KrF vil vera med å leggja til rette for gode og føreseielege rammer for næringslivet, både for små og store verksemder, og vil særleg stø opp under dei som vil etablera eiga verksemd i kommunen.
KrF vil:
- gjennom kraftfond og kommunal tilrettelegging støtta næringsutvikling og stimulera til nyetablering
- ha eit nært samarbeid med Gulen og Masfjorden Næringsråd
- at næringslivet opplever Masfjorden som ein god vertskommune
- at kommunen skal ha gode og strategiske næringsareal til disposisjon
- at landbruksareal blir ivaretatt og at næringa skal sikrast tilgang på fagleg oppfylging
Personalpolitikk, drift og utvikling av kommunen
Dei tilsette i Masfjorden er ein viktig ressurs for kommunen. KrF- politikarar vil vera medvitne sitt arbeidsgjevaransvar. Det er viktig å medverka til godt samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar. Geografien er med på å gjere Masfjorden dyr å drifte. Effektivisering av tenestene utan at å redusere kvaliteten er ei viktig utfordring for vidare drift. Dialog og samarbeid med dei andre randkommunane er avgjerande for ei god tenesteutvikling i kommunen.
KrF vil:
- at Masfjorden kommune skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar som evnar å rekruttera tilsette med god fagleg kompetanse
- ha auka fokus på relasjonell kompetanse
- at arbeidsgjevar gjennom godt samarbeid med tilsette og deira organisasjonar utviklar eit godt arbeidsmiljø med høve til fagleg utvikling
- erstatte ufrivillig deltid i kommunal sektor med tilbod om heiltid
- sjå flyktningar som ein ressurs for kommunen og arbeide for god integrering
- prioritera vaktmeisterteneste på kommunale bygg
- stimulera tiltak som hindrar attgroing av kulturlandskap og langs vegane
- arbeida for at vertskommunar for fiskeoppdrett får økonomisk kompensasjon
- at alle som tek kontakt med kommunen får eit positivt møte.