VISJON
KrF sin visjon er eit varmt og verdiforankra samfunn bygd på dei kristne grunnverdiane. Eit samfunn der alle har lik verdi, opplever rettferd, og at ressursane vert forvalta ansvarleg til beste for alle menneske.
Luster KrF ynskjer at kommunen skal vera ein framifrå arbeidsplass. Luster KrF ynskjer å vera ein aktiv medspelar i utviklinga av kommunen også i komande periode. Med ei sterk kommunegruppe klarer me dette. Stem KrF.
Familie, heim og omsorg
Gode og trygge heimar er den viktigaste berebjelken samfunnet har, og den beste garantien for eit sunt folkeliv.
KrF vil arbeida for:
- Styrka stillinga til heimen og familien
- Ein trygg oppvekst for borna
- Leggja til rette for gode buplassar – bustadfelt / spreidd busetnad
- God integrering av flyktningar, t.d. felles møteplassar
- Tilbod om gratis samlivskurs for barnefamiliar
- Barnetrygd og kontantstøtte vert halde utanom utrekningsgrunnlaget for sosialhjelp
- Sikre familiar med born med spesielle behov tryggleik og støtte – gratis SFO etter fjerde trinn
- Eigedomsskatten på bustader i Luster må fjernast
Helse- og sosialpolitikk
KrF vil arbeida for at alle som treng omsorg, pleie og hjelp , skal vera trygge på å få det når dei treng det, og at eldre og hjelpetrengande kan få bu heime så lenge råd er.
- Ein verdig, trygg og god alderdom i Luster kommune
- At Luster skal bli ein «demensvenleg kommune»
- Redusere uønska små stillingar
Edruskapspolitikk
Auke i rusmisbruk, psykiske lidingar og familieoppløysing gjer at vi må styrka innsatsen innan rusomsorg, familievern og barnevern.
Lettare tilgang på rusmidlar fører til auka bruk av desse.
KrF vil arbeida for:
- Å redusera rusmiddelbruken i kommunen
- Prioritera førebyggjande ungdomsarbeid
- Legge til rette for rusfrie arrangement
- Ikkje gi skjenkeløyve i kommunale bygningar
Oppvekst og utdanning
KrF vil arbeida for:
- Kvalitetsrikt barnehage- og skuletilbod der borna står i sentrum
- Fokus på arbeid mot mobbing i skulen
- Vurdering av skulestruktur ut frå pedagogiske og sosiale omsyn
- Styrke samarbeidet med det lokale næringslivet om opplæring det er trong for
- Stimulera til fleire lærlingplassar kommunalt og i det private næringsliv
Natur- og miljøvern
Forvaltaransvaret forpliktar oss til å ta vare på natur og miljø, og til å forvalta dei avgrensa ressursane på ein god måte, slik at også komande generasjonar får nytte av dei.
KrF vil arbeida for:
- Ei ansvarleg forvaltning av miljø- og naturressursane våre
- Å redusera bruk av plast
- Stimulera til tiltak som reduserer attgroinga
- Forsvarleg utbygging av vasskraftressursane
Landbruk
Landbruket er framleis ei viktig næring i kommunen og grunnlaget for den spreidde busetnaden. Bygdekulturen er knytt til landbruket som næring, og lever vidare i den grad landbruket si framtid vert sikra
KrF vil:
- Verna om den beste dyrka marka i kommunen
- Gje ekstra støtte til unge brukarar
- Vidareføra eksisterande tilskotsordningar
- Påverka forvaltninga til raskare uttak av rovdyr
- Stimulera og premiera nytenking
- Gi støtte til tilleggsnæringar
- Sikra rettleiingstenesta
Næringspolitikk
KrF vil
- Stø eksisterande næringar og leggja til rette for nyetableringar og kompetansearbeidsplassar på ulike stader i kommunen.
- Stimulera til næringsutvikling gjennom aktivt bruk av Næringsfondet.
- Vera med og vidareutvikla turistnæringa i kommunen, og stø opp om nye tiltak
Samferdsle
Det er ei målsetting for KrF å halda oppe den spreidde busetnaden. Det føreset godt utbygd vegnett i og gjennom kommunen.
KrF vil arbeida for:
- Utbetring av Fv 55 Nes – Fortun
- Rassikring av utrygge vegparti
- Auka løyving til vedlikehald og opprusting av dei kommunale vegane
- Tunnel gjennom Sognefjellet
- Å oppretthalda ferja Solvorn – Ornes
- Behovsstyrte kollektivtilbod innan kommunen
Kultur
Det kristne livssynet er fundamentet i kulturpolitikken vår.
KrF vil:
- Stø opp om kyrkja og det frie organisasjonslivet
- Leggja til rette for eit trygt og rusfritt ungdomsmiljø.
- Stø opp om Sogn Skisenter og Lustrabadet
- Sikra nødvendig vedlikehald av kulturbygga
- Prioritera kulturmidlar mot born og unge
- Sikra gode vilkår for bibliotektenesta