Menneskeverd i sentrum
Grunnlag og mål
KrF byggjer politikken på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken, forvaltaransvaret og dei ti boda. Samfunnet må verna om ekteskapet som tryggaste samlivsform og gje alle gode levevilkår.
KrF vil leggja vekt på eit godt samarbeid mellom dei ulike bygdene i heradet, og eit aktivt samspel mellom offentleg, privat og frivillig arbeid.
Det er viktig for Kvam KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast, og der nye innbyggjarar opplever seg velkomne.
Oppvekst
Barnehagen er ein viktig samfunnsinstitusjon som i samarbeid med heimen skal gje born gode vilkår for leik, læring og omsorg. Barnehage og skule skal vera dannings- og utdanningsinstitusjonar med eit sosialt og verdimessig trygt miljø.
KrF vil:
- jobba for forpliktande samarbeid mellom barnehagar, skular og eldreinstitusjonar.
- gje alternative skuletilbod eller arbeid til ungdom som fell utanfor.
- ha skulehelsetenesta, skulelege, helsesøster, psykolog m-fl. meir inn i skulen med fleire faste møtedagar.
- styrke opplæring i psykisk helse på alle nivå for elevar, lærarar og føresette, frå barnehage til og med vidaregåande skule.
- oppretthalda eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og kyrkja, særleg ved dei kristne høgtidene.
- vera ein pådrivar for Kvam vidaregåande skule.
- arbeide for å etablera faste skulemåltid.
- at Kvam framleis skal ha eit velfungerande barnevern med høg kompetanse.
Helse og velferd
Alle menneske har unik verdi og har derfor krav på livskvalitet i alle aldrar. KrF vil arbeida for gode velferdsordningar og vera ein pådrivar for tiltak som fremmar folkehelsa.
KrF vil:
- at Kvam skal ha gode lågterskeltilbod for born og unge.
- sikra godt tilbod innan psykisk helsevern, særleg for born og unge.
- arbeide for å gje rusavhengige og deira pårørande rask hjelp og støtte.
- arbeida for at russkadar vert reduserte ved haldningsskapande arbeid, og ein restriktiv alkoholpolitikk.
- at det ikkje skal nyttast alkohol i kommunale bygg og ved kommunal representasjon og arrangement.
- styrke privat og offentleg samarbeid om utbygging av bustader for menneske med ulike behov, slik at dei som ynskjer det kan bu heime så lenge som mogleg.
- ha etablert eit kompetansesenter for demens i Kvam.
- etablera demenslandsby.
- styrka rehabiliteringstilbodet.
- utvikla eit godt samarbeid mellom Helse i Hardanger og Kvam herad for å utvikle kompetansearbeidsplassar i Hardangerbadet.
- i samband med oppretting av institusjonskjøken i Kvam, arbeide for fleirbruk, gjerne i samarbeid med skule.
- gje tilbod om tilrettelagt arbeid for menneske med nedsett funksjonsevne.
Kultur og frivillig arbeid
Kvam skal vera ein kulturkommune. Kunst og kultur har verdi i seg sjølv og er grunnleggjande viktig for oss menneske. Kulturlivet i Kvam må bera preg av den kristne arven og dei historiske tradisjonane våre. KrF ynskjer ei samfunnsutvikling som tek vare på og støttar opp om frivillig arbeid.
KrF vil:
- at kulturskulen framleis får gode arbeidsvilkår.
- jobbe for å tilsette kulturutviklar.
- leggja til rette for kulturfestivalar.
- stimulera arbeid ved å gje økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar.
- at Grannehjelpa skal ha gode rammer.
- jobba for at Hardanger fartøyvernsenter skal få realisera nye prosjekt.
- styrke integreringsarbeidet lokalt i samspel mellom offentleg og frivillig innsats.
- at Kvam herad innfører nasjonalt fritidskort i samarbeid med dei frivillige organisasjonane.
- legge til rette for å etablere anlegg for motorsport.
Kyrkja
Kyrkja og andre trussamfunn er dei fremste kulturberarane og formidlarane av kristen tru og kultur. Saman spelar dei ei viktig rolle i lokalt samfunnsliv.
KrF vil:
- sikra kyrkjeleg fellesråd økonomi til å gjennomføra lovpålagte oppgåver.
- arbeida for at kommunen skal ha godt vedlikehaldne kyrkjer og velstelte kyrkjegardar.
Bustadbygging og bygdeutvikling
Kvam herad skal vera ein god kommune å bu i. Heradet må planleggja slik at det er tilstrekkeleg areal for bustader, landbruk og næring.
KrF vil:
- at Kvam herad skal vera ein aktiv tilretteleggjar for byggeklare tomter, både kommunale og private.
- at grendeutvala vert nytta av heradet slik at det stimulerer til lokale initiativ.
- at kulturlandskapet vert teke godt vare på.
- at Kvam herad i større grad skal prioritere vedlikehald av kommunale bygg eller eventuelt selja dei.
- utvikle lokalsentra og regionsenteret vidare.
Næring og samferdsel
Eit velfungerande, lønsamt og mangfaldig landbruk og næringsliv er ein føresetnad for å sikra velferdssamfunnet og busetnad i bygdene våre. Eit tenleg vegnett er viktig for utvikling av både busetnad og næringsliv.
KrF vil:
- vera pådrivar i å skapa nye arbeidsplassar, med særleg vekt på gründerverksemd.
- at Kvam herad skal tilretteleggja næringsareal.
- stimulera til eit natur- og kulturbasert reiseliv.
- at Kvam herad skal vera aktive når det gjeld å oppretta lærlingplassar.
- jobbe for eit godt samarbeid mellom skule og næringsliv.
- rullera Kvamskogplanen snarast.
- styrka samarbeidet med nabokommunane våre, særleg Bergen og omegn.
- seie nei til sundagsopne butikkar.
- ha «Gul stripe» Norheimsund – Granvin.
- at Kvam herad må vera ein aktiv pådrivar i samferdselsprosjekt om kortast mogleg veg til Bergen.
- arbeida for tunell utanom Norheimsund sentrum.
- arbeida for samanhengande gang- og sykkelveg frå Vikedal til Tyrvefjøra i Ålvik.
- ha samanhengande sykkelvegnett på strekninga Laupsa – Lid – Aksnes.
- at fylkesveg 49 vert utbetra frå Tørvikbygd til Mundheim.
- vedlikehalda, rassikra og opprusta kommunale og fylkeskommunale vegar i sentrumsstrøk og byggjefelt vidare.
- vil arbeida for sikre skulevegar.
- betra kollektivtilbodet.
Natur og miljø
Forvaltaransvaret er heilt grunnleggjande i miljøpolitikken vår. Derfor skal me forvalta naturen på ein god måte og sikra ei berekraftig utvikling.
KrF vil:
- at heradet skal bruke anbuds- og innkjøpsregelverket aktivt for å sikre klima og miljø.
- at Kvam herad i størst mogleg grad skal handle lokalt.
- stimulera grendelag og frivillige organisasjonar til engasjement i kampen for betre klima og miljø.
- arbeide for gjenbruk og gjenvinning av ressursar.
- sikra nærområde til friluftsliv, også for dei med nedsett funksjonsevne.
- støtta det frivillige arbeidet for opparbeiding og vedlikehald av turløyper.
- arbeida for å knyta saman området frå Kvamskogen til Fitjadalen med eit turløypenett.
- at det skal leggjast stor vekt på jordvern, naturvern og miljøomsyn i all planlegging
- stimulera til fleire ladestasjonar.