KrF vil styrkja og vidareføra Noregs kristne kulturarv. Me vil føra ein politikk som blir forankra i dei kristne verdiane, det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar.
Kristen kulturarv
Klepp KrF vil styrkja og vidareføra Noregs kristne kulturarv gjennom:
- At familien er det bærande element i samfunnet. Styrkja arbeidet med familierettleiing
- Ny kyrkje på Kleppe innan 2023
- At skulane i Klepp tilbyr skulegudstenester i samband med høgtider.
- Å støtta opp under det kristne lagsarbeidet
Samfunn med plass til alle
Klepp KrF meiner at alle menneske har lik verdi og vi vil derfor:
- Arbeida for betre samhandling for tenester/ tilbod til barn- og unge. Ha fleksible løysingar for å tilpassa opplegg individuelt. Taushetsplikta må ikkje vera til hinder for samhandling mellom instansane.
- Arbeida for at Klepp kommune må leggja til rette for fleire arbeidsplassar for folk som av ulike årsaker har nedsett arbeidsevne. Kommunen kan oppretta fleire praksisplassar og få til samarbeid med frivillige organisasjonar og næringslivet.
- Oppretthalda og vidareutvikla eit godt dagtilbod for psykisk utviklingshemma.
- Arbeida for at brukarar og pårørande vert høyrt når det gjeld tilbodet til den einskilde.
Trivsel og livsglede i Klepp
Klepp KrF vil arbeida for eit trygt og aktivt lokalsamfunn ved å :
- Setja av areal til framtidig bydelssenter og sjukeheim på Orstad
- Realisera kommunehuset som eit berekraftig prosjekt, enten det er snakk om nytt eller renovering av eksisterande bygg.
- Arbeida for framtidig interkommunal symjehall på Orstad i lag med private aktørar.
- Arbeida for å realisera fotballbane og idrettshall/bygdehus på Klepp stasjon i nærleiken av Engelsvoll skule.
- Arbeida for eit aktivt og pulserande Klepp sentrum med mange positive møtestadar for innbyggjarane.
- Sikra gode bumiljø ved fortetting. Utarbeida nye reguleringsplanar i eldre felt.
- Verna om dyrka jord.
- Leggja til rette for god næringspolitikk. Sikra næringsareal til rett type verksemd i tråd med regionalplan for Jæren.
- Arbeida for å auka kommunal støtte til frivillige lag og organisasjonar.
- Leggja til rette for frivillig innsats i kommunale tenester, der det er tenleg.
- Arbeida for at folk kan bu heima lengst mogleg. Kommunen må kartleggja behov og ta i bruk ny teknologi. Utvida talet på institusjonsplassar.
- Arbeida for at kommunen skal bli ein «Av- og til-kommune» www.av-ogtil.no
- Seia nei til utkøyring av alkohol i Klepp.
- Seia nei til døgnopne serveringsstadar.
Skule og barnehage
KrF vil arbeida for at barn i skule og barnehagar skal oppleva ein trygg kvardag som legg til rette for god læring ved å:
- Arbeida for at lærarnormen i skulen vert oppretthalden.
- Flytta ressursar frå PPT-kontoret ut til skule- og barnehagenivå.
- Ha mobilhotell i skulen
- Arbeida for at skule- og helsesektoren gir tidleg hjelp til barn og unge som slit med psykisk helse.
- Ha nullvisjon for mobbing i kommunen.
- Læra elevar eit reflektert forhold til sosiale mediar og digitale verktøy.
Samferdsle
KrF vil arbeida for gode løysingar som tener folk og miljø gjennom:
- Dobbeltspor Sandnes – Nærbø
- Forbetring av busstilbod i kommunen
- Å arbeida for at bedrifter i Klepp skal bli ein del av «HjemJobbHjem»