Saman for eit varmare lokalsamfunn
KrF trur på eit samfunn bygd nedanfrå, i eit godt samspel mellom enkeltmennesket, familien, frivillig sektor, privat- og offentleg verksemd og offentlege styresmakter. KrF byggjer politikken sin på den kristendemokratiske ideologien. Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggjande menneskerettar. Vår verdiforankring i kristne røter og kulturarv gir tryggheit. Eit samfunn i forandring treng forankring.
Hyllestad KrF ynskjer eit lokalsamfunn der ein blir sett og respektert for den ein er, – eit raust samfunn, der grunntonen er at likeverd, likestilling og respekt for ulikheiter er sjølvsagt og alle sitt ansvar. Ved å slå ring om menneskeverdet får ein eit varmare samfunn.
OPPVEKST – ein god barndom varer heile livet.
Familien er den mest grunnleggjande fellesskapen i samfunnet vårt, og vi må legge til rette for at barna våre får ein trygg og god oppvekst.
KrF vil:
- styrkje familien – ikkje STYRE den, familiar må ha høve til å gjere ulike val
- gjennom « Fritidskortet» legge til rette for at alle barn får høve til å delta på fritidsaktivitetar, uavhengig av familien sin økonomi
- at økonomiske ordningar retta mot barn, td barnetrygd og kontantstøtte, skal haldast utanfor berekningsgrunnlaget for sosialhjelp
- skrote dagens ordning med tredeling av foreldrepermisjon. KrF vil avgrernse kvotane til 10 veker til far og 10 veker til mor, resten til fri fordeling mellom dei.
- ha eit endå betre tilbod innanfor familievern, og eit godt barnevern der familien ikkje fungerer. Rekruttere fleire til å bli fosterfamiliar.
- oppretthalde kulturskulen med eit breitt tilbod
- halde fram å støtte skuleturar til Polen.
- tilby sommarjobb for ungdom.
- ha nulltoleranse for mobbing og styrkje skulane i sitt arbeid med dette.
- arbeide for trygg skuleveg.
- bruke Kvernsteinsparken som identitetsbyggjar gjennom skuleprosjekt
HELSE OG OMSORG- ein trygg, aktiv og god alderdom.
Mange eldre opplever ein kvardag prega av einsemd. Dette er ei utfordring som offentleg sektor, ideell sektor og den enkelte sin familie og nettverk må løyse saman. Hyllestad er ein kommune med spreidd busetnad, og det er viktig med sosiale møtestader også for dei eldre. Her vil KrF støtte opp om det frivillege arbeidet som vert lagt ned.
KrF vil:
- byggje eit seniorvennleg samfunn – der eldre blir brukt som ressurs og får den omsorga dei har krav på når dei treng det
- arbeide for ei teneste som tek den enkelte brukar og pårørande med på avgjerder om brukaren sine behov, og hjelper den enkelte til å meistre eige liv.arbeide for rett bemanning med rett kompetanse på sjukeheim og heimetenester basert på helse- og omsorgsbehov.
- satse på velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering der dette er beste løysinga
- oppretthalde eit tilbod på Eiklund der både pårørande og mottakarar av omsorgstenester kan møtast
- tilretteleggje for betre behovsretta skyss-tenester der kollektivtilbodet er dårleg.
Helsetenester
Gode helsetenester, samtidig som ein fokuserar meir på helseførebyggjande tiltak både blant unge og eldre, vil gje betre livsmeistring i alle livsfasar.
KrF vil:
- prioritere viktige velferdstenester som lege, jordmor, helsestasjon og barnevern
- sikre gode helsetenester for ungdom.
- styrke psykiatritenesta som støttar/ behandlar sårbare barn/ unge og deira foreldre.
- gje god oppfølging og helsehjelp til barn og unge med innvandrarbakgrunn
- støtte helseførebyggjande arbeid
Kyrkja
Kyrkja er ein viktig del av lokalsamfunnet, både som trussamfunn, folkekyrkje og kulturberar. Kyrkja og kyrkjegardane har ei viktig rolle i lokalsamfunnet, og kyrkja må gjevast rammer som gir høve til utvikling tilpassa det moderne samfunnet vi lever i.
KrF vil:
- halde fram samarbeidet med barnehage og skule om skulegudstenester og ulike samarbeidsopplegg i kyrkja kring høgtidene
- sikre økonomiske midlar til vedlikehald og utbetring av kyrkjene og kyrkjegardane
- støtte opp om det frivillege arbeidet som blir lagt ned, særleg blant barn og unge
NÆRING, KLIMA OG MILJØ:
Ei berekraftig utvikling med eit variert næringsliv, havbruk og levande landbruk, der ein ivaretek natur og miljø og tilrettelegg for god forvaltning av skaparverket.
KrF vil:
- tilrettelegge for næringsutvikling for små og mellomstore verksemder
- støtte opp om ei positiv utvikling av hjørnesteinsbedrifta Havyard
- arbeide for redusert plastforbruk i kommunen i tillegg til innsamling og gjenvinning
- arbeide for ei berekraftig utvikling for havbruksnæringa
- sikre at midlar frå havbruksfondet tilgodekjem kommunen og kan forvaltast lokalt
- satse på havvind framfor utbygging på land
- vurdere vindkraftutbygging på land i lys av det grøne skiftet, men med strenge krav opp mot miljø-og naturinngrep.
- at lokalsamfunnet ved ei utbygging må vere sikra ein varig del av verdiskapinga, som veg opp for ulempene, og vertskommunen sitt syn må tilleggas stor vekt ved konsesjonstildeling.
- støtte opp om landbruksnæringa og arbeide for gode rammevilkår for alle som driv med matproduksjon, der variert bruksstruktur vert ivareteken
- arbeide for eit strengt jordvern, der den produktive jorda vert teken vare på
- støtte opp om vidare utvikling av Kvernsteinparken med sine unike kulturminne i lag med ulike samarbeidspartnarar
- bidra til at Kvernsteinparken vert Hyllestad sitt varemerke når det gjeld historie og identitetsbyggjing
Inkluderande og attraktiv kommune
KrF vil:
- støtte tiltak for rekruttering og tilflytting
- støtte tiltak for kompetanseheving og utvikling i kommune-organisasjonen
- støtte tiltak både for å rekruttere og behalde arbeidskraft
- vere open for nye diskusjonar kring kommunesamanslåing
- støtte og samarbeide med frivillege organisasjonar i deira medverknad til gode og inkluderande lokalsamfunn
- tilretteleggje for at Hyllestad-hallen vert den møteplassen som Hyllestad treng, både for fysisk trening, kulturell aktivitet og som ein sosial møteplass for alle aldersgrupper