Verdiar
Vårt verdigrunnlag er henta frå Bibelen. Kristendommen og kristenretten har danna grunnlaget for det samfunnet vi i dag lever i, og Hjelmeland KrF vil byggje vidare på kristne sanningar om mennesket og skaparverket.
Innleiing
Hjelmeland KrF ynskjer å vera til stades for deg som innbyggjar i kommunen, og legg vekt på at kommunen er tenesteytar. Kommunen er til for innbyggjarane. Målet er at innbyggjarane skal oppleva det som trygt og godt å leva i kommunen vår.
KrF trur på eit samfunn som er bygd nedanfrå der familien, som det minste og mest avgjerande fellesskapet, dannar fundamentet for samfunnet vårt. Familien, saman med dei mindre fellesskapa og nettverka, skapar gode oppvekst- og levevilkår for kvar einskild. Vi er for livet, og mot aktiv dødshjelp.
KrF ynskjer eit samfunn kor folk sine individuelle initiativ og prestasjonar vert belønna. Det er viktig at kommunen spelar på lag med dei som tek risiko for å få avkastning og nye arbeidsplassar.
For KrF er menneskeverdet heilt sentralt. Kvar einskild av oss er unike, og av uendeleg og ukrenkelig verdi.
Rammevilkår og økonomi gjer det naudsynt å føreta prioriteringar i forvaltninga. Då er det viktig for KrF å vera rettferdig, og arbeida for at dei rammevilkåra og midlane vi rår over vært nytta så rettferdig og effektivt som mogleg.
Hjelmeland Kommune er ein distriktskommune. God samferdsel er difor avgjerande for å oppretthalda og auka busetjinga.
Det er viktig for Hjelmeland KrF å skapa eit samfunn der det er godt å leva, der folk kan trivast, og kan føla seg trygge i forhold til at barnehagestruktur, skulestruktur og eldre-institusjoner blir verande slik som nå.
KrF er open for å arbeida vidare med ny kommunestruktur i Ryfylke, som til dømes samanslåing med Strand kommune.
Samferdsel
Hjelmeland er avhengig av god kommunikasjon. Både næringslivet og den einskilde innbyggjar treng eit godt vegnett og gode kollektivtrafikktilbod. Riksveg 13 er hovudferdselsåra i, og gjennom kommunen, og må få naudsynt opprusting og rassikring.
Barn og unge er både dagen og framtida sine trafikanter. Korleis dei opplever transportkvardagen og kva behov og ønsker dei har, er viktig i planlegginga av fremtidig transportsystem.
KrF sitt mål for samferdsel er:
- Kortast mogleg reisetid Hjelmeland – Stavanger.
- Betre kollektivtilbod med buss og hurtigbåt.
- God trafikktryggleik, særskilt for mjuke trafikantar.
- Barn og unge sine synspunkt skal takast omsyn til ved planlegging av trafikkløysingar.
- Leggja til rette for miljøtiltak.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- At «Årdalstunellen» vert bygd snarast råd.
- Utbetring/rassikring av Riksveg 13 Nesvik-Røldal.
- Fastlandssamband til Helgøy.
- At Hjelmeland Kommune vert med i «Hjem – jobb – Hjem» ordninga.
- Gang- og sykkelveg frå Årdalstunet til Årdal skule.
- Gang- og sykkelveg i Askvik.
- Utbetring/omlegging av vegen frå Viganeset/Hundsnes mot Rv 13.
- Å tilretteleggja busstilbodet slik at det vert meir nytta.
- Å oppretthalde dagens hurtigbåttilbod.
- Auka bruk av miljøvenlege energikjelder for buss og hurtigbåt.
- Tilretteleggja for nullutsleppsbilar.
- Arbeida for god fiber- og mobildekning.
Landbruk, Skogbruk og Fruktdyrking
Hjelmeland kommune er ein stor landbrukskommune med eit betydeleg skogbruk og ei fruktnæring som satsar stort for framtida. Primærnæringane sysselset flest i kommunen vår. Dei held i hevd, og nyttar både sjø og store landareal.
Dei siste åra er det investert store ressursar i nyetableringar og utvidingar innafor fruktdyrking. KrF ser svært positivt på dette, og ynskjer å vera med på å oppretthalde trygge og føreseielege ramebetingelsar.
KrF sitt mål for Landbruk, Skogbruk og Fruktdyrking er:
- Eit allsidig, sterkt og bærekraftig landbruk, med fokus på vern av matjord.
- At kommunen skal vera ein fruktkommune med fruktdyrking, pakking og foredling av lokal frukt.
- Stimulera til at lokale ressursar vert utnytta og foredla.
- At kommunen skal vera tilretteleggjar og vera imøtekommande. Dette gjeld både rådgjeving, nyetableringar og utvidingar.
- Å støtta pelsdyrnæringa i kampen for å få fortsetja.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Oppretthalda eit sterkt fagmiljø innan landbruk og skogbruk.
- Å byggja opp kompetanse og fagmiljø blant fruktdyrkarar ved bruk av næringsfond.
- Målretta og føreseieleg politikk overfor næringane, med konkrete møtepunkt mellom kommune, politikarar og næringsliv.
- God service og rask sakshandsaming.
- Sikre vidare støtte til nydyrking av matjord.
- Arbeida for at flest moglege gardsbruk kan drivast som heiltidsbruk.
- Å oppretthalde den historisk viktige sauenæringa og vidareutvikle denne slik at komande generasjonar kan tene pengar på sauehaldet.
Næringsliv, Byggeråstoff og Havbruk
Privat initiativ og eigarskap har alltid vore ei av nøkkelfaktorane og grunnpilarane for utvikling av næringslivet. KrF vil arbeida for at næringslivet i kommunen får gode rammevilkår. Dette er avgjerande for at privat kapital blir investert i nye verksemder. Det er også viktig for å sikra god drift og vidareutvikling.
Eit blomstrande og levedyktig næringsliv er godt for lokalsamfunnet, og ein av dei viktigaste føresetnadene for at folk skal busetja seg i kommunen.
KrF sitt mål for Næringsliv, Byggeråstoff og Havbruk er:
- Eit allsidig og robust næringsliv
- Stimulera til at lokale ressursar vert utnytta og foredla.
- At kommunen skal vera tilretteleggjar og vera imøtekommande overfor næringsliv og havbruk.
- Ei sterk og miljøvenleg havbruksnæring i kommunen.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Tilretteleggja for meir nærings- og industriareal mellom anna på Svadberg i Årdal og Moldfallet ved Fister.
- Sikra havbruksnæringa lokalitetar og rambetingelsar for god drift og utvidingar.
- Sikra meir kraft til kommunen for framtidig nærings- og bustadutvikling blant anna med ny forsyningslinje frå Helmikstøl til Årdal.
- Målretta og føreseieleg politikk overfor næringslivet.
- Eit framleis godt samarbeid med Hjelmeland Handels- og Serviceforening.
- Styrka samarbeidet med Næringsforeningen i Stavanger og Greater Stavanger.
- At det vert teke omsyn til klima og miljø i all næringsutvikling.
- God service og rask sakshandsaming.
- Arbeida for god infrastruktur med god fiber- og mobildekning.
Turisme og Reiseliv
Turisme er ei næring i vekst. Hjelmeland har svært mange kvalitetar som turistar etterspør, både innan overnatting og naturopplevingar. I regionen er både Lysefjorden og Preikestolen mellom Norges mest besøkte turistattraksjonar.
KrF sitt mål for Turisme og Reiseliv er:
- At reiselivsnæringa i kommunen og regionen får utvikla seg og veksa.
- At reiselivsaktørar i kommunen kan få del i turismen til Preikestolen og regionen elles.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Tilretteleggja for reiseliv i kommuneplanen og arealplanar.
- Satsa vidare på tilrettelegging for turistar langs Riksveg 13, mellom anna med gode og informative skilt som viser veg til utsiktspunkt og attraksjonar.
- Vidareutvikla samarbeidet med Hjelmeland Turlag, Reisemål Ryfylke, Region Stavanger, Lysefjorden Utvikling, Stiftelsen Preikestolen og Stavanger Turistforening.
Barn og Familie
Gode relasjonar og trygge omgjevnader er avgjerande for barn si utvikling. KrF sin familiepolitikk legg forholda til rette for ein trygg og god oppvekst.
KrF sitt overordna barne- og familiepolitiske mål i Hjelmeland er:
- At alle barn kan få ein trygg og god oppvekst.
- Førebyggja familieoppløysing.
- Trygge og utviklande nærmiljø.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Støtte tilbod om samlivskurs for foreldre.
- God støttekontaktordning.
- Hjelp til familiar med rusproblem.
- Støtte abortførebyggande tiltak, som til dømes «I mors mage»
- Rask og rett hjelp frå barnevernet når det er naudsynt.
- Arbeide vidare med å etablere Barne- og Familiehjelpen i kommunen. Dette skal vera eit lågterskeltilbod for familiar, barn og unge som har små og store utfordringar.
- Støtte intergreringsarbeid i bygdene våre.
- Ta vare på borna sine behov ved planlegging og utbyggingar, til dømes ved involvering av Barn og unges kommunestyre
- Utvikle og halde leikeplassane ved barnehagane og skulane i god stand.
- Trygge skulevegar.
Skule, Barnehage og Skulefritidsordning (SFO)
KrF meiner at skule, barnehage og SFO skal bygga på dei kristne grunnverdiane.
Born i skule og barnehage har ulike evner, anlegg og bakgrunn. Det er skulen og barnehagen si største utfordring å sjå den einskilde og utruste kvar elev med dei kunnskapar og ferdigheiter som trengs for å delta i samfunnet. KrF meiner at ein god skule skal formidla kunnskap, verdiar og kulturarv som hjelper born og unge til meistring og sosial utvikling.
KrF sitt mål for Skule, barnehage og SFO er:
- Arbeide for at tilsette i barnehage og skule har god kompetanse og høve til vidare- og etterutdanning.
- Kommunen må satsa på tidleg innsats og støtte til born som har spesielle behov.
- God norskopplæring til born av innvandrarar.
- Oppretthalde full barnehagedekning
- SFO skal vera eit godt tilbod med god kvalitet. Born med spesielle behov må også ivaretakast i dette tilbodet.
- Arbeide for at elevar som går over i vidaregåande opplæring fullfører og får ei utdanning dei kan byggja vidare på.
- Nullvisjon mot mobbing på alle skular og barnehagar i kommunen.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
- Syta for god ressurstilgang til skular, barnehagar og SFO.
- Betalingsfri SFO til born med særskilte behov frå 5. til 7. klasse.
- Arbeida for varm lunsj til elevane i skulen. I første omgang ungdomsskuleelevane. Dette vil vere aktuelt å sjå i samanheng med oppretting av tilrettelagde arbeidsplassar i kommunal regi.
- Sikra elevane eit best mogleg opplæringstilbod, tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnad
- Satse på førebyggande tiltak ved å oppretthalde godt samarbeid med PPT, skulehelsetenesta, psykisk helse og barnevernet.
- Arbeide for at barnehagane, skulane og SFO fremjar trivsel og motverkar mobbing.
- Arbeide for gode uteområde på skular og barnehagar, som innbyr til fysisk aktivitet.
- SFO-tilbodet skal til ei kvar tid tilfredstilla dei krav som gjeld i høve til bemanning og storleik på areal.
- Arbeida for å få på plass fleire læreplassar i kommunen.
- Bevare skulestrukturen som i dag.
Eldre
Eldre er ein ressurs i familien, i det frivillige arbeidet, og i lokalsamfunnet ellers. Kommunen skal yta ei eldreomsorg som gjev innbyggjarane tryggleik og som er forutsigbar. Når ein eventuelt treng å få bu i eldrebustad eller omsorgssenter skal det vera godt, trygt og meiningsfullt.
KrF sitt overordna mål for eldreomsorg i Hjelmeland er:
- At innbyggjarane skal føla seg trygge også når dei vert eldre.
- Vi ynskjer at eldre skal få kunna bu heime så lenge som mogleg.
- Vi meiner livet er ukrenkeleg, og er difor for livet. Vi er derfor mot aktiv dødshjelp.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
- Å opne kjøkkenet i Årdal omsorgssenter, slik at maten til dei som bur der vert laga der dei bur.
- Musikkterapi i omsorgstenesten
- Å legge til rette turstiar for eldre og bevegelseshemma med kvilebenker og kvilesteinar i samband med omsorgssentera og omsorgsbustadane.
- Å kunna tilby kurs og opplæring i det digitale samfunnet.
- Eit betre kollektivtilbod som gjer det mogleg for eldre å reise utan bil.
- Gode heimetenester, slik at dei som ynskjer det kan bu lengst mogleg heime. Blant anna ved smarthusteknologi/kvardagsrehabilitering.
Helse og Omsorg
God helse er viktig for oss alle. Ei helse- og omsorgsteneste som kan hjelpe når det er behov for det, er difor heilt sentralt for Hjelmeland KrF. Dette gjeld for alle fasar i livet. For å oppretthalda og styrkja ei god folkehelse er førebygging viktig.
KrF sitt overordna mål for helse og omsorg i Hjelmeland er:
- Innbyggjarane er trygge på at dei får den hjelpa dei treng.
- Oppretthalda god folkehelse gjennom satsing på helseførebyggjande tiltak og psykisk helse.
- Høg kvalitet og kompetanse i alle ledd.
- Vere med å bidra til meiningsfulle aktivitetar for innbyggjarar som fell utanfor det ordinære arbeidslivet.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
- Å prioritera førebyggande arbeid på alle nivå og for alle aldersgrupper.
- Å prioritera arbeid for psykisk helse i alle aldrar, og særskilt blant born og unge. Ei god skulehelseteneste er difor viktig i førebyggingsarbeidet.
- Behalde omsorgssentera i Årdal og på Hjelmeland.
- Ein restriktiv alkoholpolitikk der dei sosiale og helsemessige sidene ved alkohol også vert vurdert. Alkoholpolitikk er først og fremst eit område innan helse og omsorg, og ikkje næringspolitikk.
- Støtta haldningsskapande arbeid og tiltak mot rus.
- Tilbod om rusbehandling i både private og offentlege institusjonar.
- Sikra god tannhelseteneste i kommunen.
- Sikra god legevaktsordning i kommunen.
- Sikra god jordmorordning i kommunen.
Kultur, tru og livssyn
Kultur har eigenverdi. Den medverkar til auka livskvalitet og god folkehelse, og gjev oss noko å leva for og ikkje bare leva av. KrF er oppteken av å ta vare på den kristne og nasjonale kulturarven og samtidig gje rom for nye impulsar.
Frivillige organisasjonar representerer mangfaldet i kommunen, og er viktige for å skapa gode lokalsamfunn. Dei frivillige organisasjonane dannar fellesskap og samhald på tvers av generasjonar og samfunnslag, og bidreg til å skapa viktige treffpunkt.
KrF sitt overordna kulturmål er:
- Gje det frie og sjølvstendige lag- og organisasjonsarbeidet god støtte, med særleg vekt på barne- og ungdomsarbeid.
- Styrkja integrering og fleirkulturell samhandling.
- Styrkja Kulturskulen.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Auka satsinga på Kulturskulen.
- Gje Kyrkja gode rammevilkår.
- Gje gode rammevilkår for Frivilligsentralen.
- Gje støtte til arbeid med fleirkulturell samhandling.
- Leggja til rette for gode og varierte tilbod innan idrett og friluftsliv, inkludert turstiar.
- Verna om kulturminna, t.d. Årdal gamle kyrkje og Vigatunet.
- Gode støtteordningar til alle forsamlingshus som er jamleg i bruk.
- At det skal vera mogleg å kjøpa ein kopp kaffe eller ein kopp te i sentrumsområda på Fister, i Årdal og på Hjelmeland.
Arealforvaltning
Hjelmeland Kommune er rik på areal og naturressursar.
Desse må forvaltast til beste for noverande og komande generasjonar.
KrF sitt overordna mål i den samanheng er:
- Ei langsiktig arealplanlegging bl.a. i ny kommuneplan, der innspel frå grunneigerar skal lyttast til.
- At planarbeidet skal ta omsyn til miljø, natur og jordvern på ein balansert måte.
- Sikra ei god forvaltning av fallrettar og vasskraft.
- Ta omsyn til born og unge sine behov.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- At det til ei kvar tid er nok attraktive bustadtomter og næringsareal.
- At spreidd bustadbygging framleis skal vere mogleg.
- Rett og rask sakshandsaming i kommunen, særskilt i byggjesaker.
- Innføring av «funksjonell strandsone» i ny kommuneplan, og elles ta vare på strandsona for allmenn ferdsel og god estetikk.
- At naturvernområda må åpnast for forsvarleg bruk og mest mogleg lokal forvaltning.
- At landbruksarealet vert auka gjennom tilskot til nydyrking.
- Sikre beskatning av kraftressursane til beste for lokalsamfunnet.
- At omsyn til born og unge sine behov vert vurdert i alle saker der det er aktuelt (til dømes gjennom resultat frå Barnetråkk-registreringar)
Klima og Miljø
Hjelmeland Kommune er ein del av ein større samanheng og eit lite samfunn i verda.Som del av forvaltaransvaret er det likevel viktig å sjå til at vi tek klimautfordringane me står overfor på alvor.
KrF sitt overordna mål i den samanheng er:
- Ei klimasatsing der konkrete miljøtiltak vert teke med i planar og investeringar for å sikre lokale og globale levevilkår for noverande og framtidige generasjonar.
For å oppnå dette vil KrF arbeida for:
- Utarbeide ein langsiktig klimaplan for kommunen.
- Klimamål inn i kommuneplanen.
- Vurdere eit klimarekneskap for den kommunale forvaltninga.
- At klimaengasjementet som no kjem frå ungdommen blir tatt på alvor og støtte opp under.
- At alle nye kommunale køyretøy (person- og varebilar) skal vera nullutsleppskøyretøy.
- At alle nye kommunale bygg skal vera lav- eller plussenergibygg.
- Leggja til rette for fleire ladestasjonar for el-bilar
- Å sjå på tiltak for å hindra insekts død, spesielt med tanke på pollinerande insekt.
- At me som kommune skal vera positive til berekraftig energi, men unngå utbygging av vindmøller i heiane våre.
Kommunal Personalpolitikk
Kommunen skal gi best mogleg tenester til innbyggjarane sine. Til å utføra desse tenestene, er dei tilsette den viktigaste ressursen kommunen rår over.
Målet er trygge og motiverte tilsette som gjev innbyggjarane rett og god bistand og hjelp.
For å oppnå dette vil KrF arbeide for:
- Respekt for, og oppfylgjing av gjeldande regelverk for arbeidstakarar.
- Fagleg styrking og personleg utvikling. (kurs og liknande.)
- Ekstra fokus på tilsette ved omstillingar.
- Gode velferdsordningar.
- Tilrettelegging av gode arbeidsforhold for tilsette med nedsatt funksjonsevne.
- Opprette varig tilrettelagde arbeidsplassar i kommunal regi, blant anna gjennom samarbeid med «Helt med»-ordninga.